Siste oppdateringar
30.03.2023: Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ny oppfriskingsdose med koronavaksine til dei som er 75 år eller eldre, og sjukeheimsbebuarar der det har gått meir enn 6 månader sidan førre dose. Me har sett opp tidspunkt for slik vaksinering ulike stader i kommunen: Tilbod om koronavaksine til personar over 75 år - SOGNDAL KOMMUNE
11.01.2023: Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar: Behandling av korona med tablettar - SOGNDAL KOMMUNE
25.11.2022: Det er no opna for at også personar i alder 18-64 år utan kronisk sjukdom kan få oppfriskingsdose med koronavaksine: Moglegheit for oppfriskingsdose - SOGNDAL KOMMUNE
02.09.2022: I starten av september vil Sogndal kommune gje tilbod om 4. dose korona-vaksine til aldersgruppa 65-75år. Koronavaksinering - 4. dose - SOGNDAL KOMMUNE
10.08.2022: FHI legg ned Smittestopp-appen, og alle brukarar kan sletta appen. FHI legger ned Smittestopp - FHI
15.06.2022: Det er ikkje lenger naudsynt å registrera positive sjølvtestar. Kommunen tek difor bort registreringsløysinga me har hatt på nettsida.
27.04.2022: Frå 1. mai vil me avvikla nettløysinga c19.no for bestilling av PCR-test. Om du treng PCR-test etter dette, må du ta kontakt med legekontoret på telefon.
16.03.2022: Korona og utanlandsreiser
Siste nytt frå regjeringa om koronasituasjonen: Koronasituasjonen - regjeringen.no
Behandling av korona med tablettar
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar.
Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Tablettane kan du få på resept, og det er legen som vurderer om behandling med Paxlovid er aktuelt for deg.
Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du testa deg for korona.
Vaksinering mot korona
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår våren 2023 ny oppfriskingsdose med koronavaksine til dei som er 75 år eller eldre, og sjukeheimsbebuarar der det har gått meir enn 6 månader sidan førre dose. Me har sett opp tidspunkt for slik vaksinering ulike stader i kommunen: Tilbod om koronavaksine til personar over 75 år - SOGNDAL KOMMUNE
Alle som er tilrådde å ta koronavaksinen, bør ta han. Vaksinen er gratis. Du kan framleis få vaksine sjølv om du har takka nei tidlegare - ta då kontakt med legekontoret ditt for å få vaksine.
Meir informasjon om vaksinering i Sogndal kommune: Moglegheit for oppfriskingsdose - SOGNDAL KOMMUNE
Generell informasjon om koronavaksine: Koronavaksine - helsenorge.no.
Sjølve vaksinen og vaksinasjonen er gratis.
Dersom du er sjuk den dagen du skal vaksinerast, vil du få eit nytt tidspunkt for vaksinasjon når du er frisk att.
Tidlegare statusoppdateringar på vaksineringa i Sogndal kommune:
24. juni: Personar over 80 år kan få dose 4 om dei ynskjer det. Dei kan ikkje ha hatt korona etter dose 3, og det må gå 4 månader etter dose 3 før dose 4. Kommunen vil ikkje kalla inn folk til slik vaksinering. Det er mest aktuelt for dei som skal ut og reisa til område der koronasituasjonen er annleis enn i landet vårt. Dei over 80 år som ynskjer dose 4, kan ta kontakt med sitt legekontor.
1. mai avvikla me nettløysinga c19.no for bestilling av PCR-test. Om du treng PCR-test etter dette, må du ta kontakt med Sogndal legesenter på tlf. 57629700, Leikanger legesenter på tlf. 57 65 27 20 eller Balestrand legekontor på tlf. 57 65 13 00. PCR-test ved utanlandsreise må skje på flyplassen.
27. april: Her er datoane for koronavaksinering ved legekontora i Sogndal kommune fram til sommaren. Personar over 80 år kan få dose 4 om dei ynskjer det: Koronavaksinering våren 2022
7. januar: Du vil få melding på telefonen når du kan få 3. dose med koronavaksine. Har du ikkje fått 1. eller 2. dose, kan du ta kontakt med legekontoret for time. Vaksinering mot korona
20. desember: Det blir fleire dagar med koronavaksinering før nyttår. Dei som kan få vaksinen no, vil få melding på telefonen.
15. desember: Sogndal kommune er snart ferdig med vaksinering med 3. dose til personar over 65 år og kallar fortløpande inn nye etter kvart som intervallet på 4,5 månader etter 2. dose vert nådd.
Status 13.09.2021: Veke 36: Vaksinerte: 439, totalt vaksinerte med 1 dose: 9012, totalt vaksinerte med 2 dosar: 7817. Regjeringen har vedteke at 12-15-åringar skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet anbefaler. Aldersgruppa vil i første omgang få tilbod om ein vaksinedose. Sogndal kommune vaksinerer denne aldersgruppa i veke 37 og 38.
Status 06.09.2021: Veke 35: Vaksinerte: 614, totalt vaksinerte med 1 dose: 8725, totalt vaksinerte med 2 dosar: 7655. Det vert dropp inn-vaksinering ved Sogndal helse og omsorgssenter torsdagar.
Status 11.08.2021: I løpet av sommaren var det ein del som ikkje tok i mot tilbodet om vaksine, dette var forventa grunna ferietida. Me er omtrent ferdige med å tilby 1. dose til alle over 18 år. Dersom nokon ikkje har fått tilbod eller har ombestemt seg kan dei kontakta legekontoret dei tilhøyrer og bli sett opp til time.
Kommunen har fått fleire vaksinedosar enn planlagt og arbeider no med å gje tidlegare 2. dose til dei som har venta lengst. I første omgang gjeld det personar over 45 år.
Det er planlagt eiga studentvaksinering på Campus i september, og studentane vil få informasjon om dette på studiestaden.
Status 30.06.21: Me er i gang med gruppa 18-45 der me startar samtidig med aldersgruppene 40-44 og 18-24, og så kjem gruppa 25-39 år aller sist. Me startar truleg på den siste gruppa siste veka i juli.
Nesten alle over 40 år har no fått tilbod om vaksine. Dersom du bur i Sogndal kommune, er over 40 år og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du kontakta det lokale legekontoret eller koronatelefonen 57 65 28 00.
Til no er det totalt sett 8965 vaksinedosar i Sogndal kommune. Det er veldig få som ikkje tek imot tilbodet om vaksine.
Prognosen for vaksineleveransar i sommar syner at Sogndal kommune er venta å få tildelt
- 364 dosar i veke 28
- 628 dosar i veke 29
- 860 dosar i veke 30
- 728 dosar i veke 31
- 812 dosar i veke 32
- 90 dosar i veke 33
(Tala frå veke 30 og utover er usikre)
Status 11.06.2021: Sogndal kommune har no starta å vaksinera personar i gruppa 45-54 år. Me får om lag 700 dosar kvar veke dei neste to vekene og nesten alt går til første dose til nye personar. På grunn av ulik fordeling av aldersgruppene ligg Balestrand litt etter i alder, men her ligg me framfor i prosentandel vaksinerte.
Dersom leveringa av vaksinane held fram som no, vil vil kunne starta med gruppa 18-24 år og 40-44 år i slutten av juni månad og frå midt i juli startar me så med siste aldersgruppa 25-39 år.
Det er god oppslutnad om vaksineringa, og det er ingen problem med at folk ikkje møter opp til avtalar.
Status 20.05.2021: I veke 20 og 21 får Sogndal kommune tilsendt ca. 600 dosar som skal gå til 2. dose for personar i risikogruppene og 2. dose til helsepersonell. Det er desse vekene berre om lag 30 dosar til nye som skal ha 1. dose. I veke 22 får me over 1000 dosar. Dei vert fordelte på 560 til 2. dose og 450 dosar til 1. dose. Dosane vert fordelte etter folketalet til Sogndal, Leikanger og Balestrand. Det er gruppa friske mellom 55 og 64 som no skal vaksinerast. Personane får anten telefon eller SMS der det vert gjeve tilbod om vaksine.
Status 28.04.2021: Sogndal kommune held no på med vaksinering av personar med auka risiko i alderen 18-54 år, det tilsvarer prioriteringsgruppe 6 og 7. I starten av mai startar me med alle i aldersgruppa 55-64 år. Det er etterkvart planlagt overgang til at det blir sendt ut melding på SMS med tilbod om vaksinasjon og så kan den enkelte bestilla time sjølv. Dette vil det koma meir informasjon om.
Status 07.04.2021: Sogndal kommune held på med vaksinering av aldersgruppa 65-74 år og personar med spesielt høg risiko 18-65 år, mellom anna dei som er organtransplanterte og nokre med alvorlege sjukdomar.
Status 25.03.2021: Sogndal kommune held på med vaksinering av aldersgruppa 75-84 år.
Status 15.03.2021: I Sogndal kommune er det no sett 1603 vaksinedosar, 578 har fått 2 dosar, 1025 har fått 1 dose. No driv me med vaksinering av aldersgruppa 75-84 år.
Status 01.03.2021: Sogndal kommune har no passert 1000 sette vaksinar, og ca. 350 personar har fått 2 dosar.
Status 15.02.2021: Sogndal kommune har vaksinert 594 personar, 140 har fått 2 dosar, 454 har fått 1 dose. Me er ferdige med alle bebuarar på sjukeheimane og er også ferdige med dei over 85 år. No driv me med vaksinering av årsklassane 80-85 år. I tillegg har ca. 90 prioritert helsepersonell fått vaksine.
Status 07.01.21: Sogndal kommune starta med vaksinering på sjukeheimane 7. januar.
Koronatest
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.
I Sogndal kommune kan du få sjølvtestar på legekontora. Det er også mogeleg å kjøpa sjølvtestar på apotek og i enkelte butikkar.
Dersom du ikkje er i risikogruppa, treng du ikkje testa deg for korona sjølv om du har luftvegssymptom.
Meir informasjon finn du her: Koronavirus - helsenorge.no
Smittesituasjonen i kommunen
Sidan det ikkje lenger er registrering av tal koronasmitta, har me ikkje oversikt over kor mange som er smitta i Sogndal kommune.
Tidlegare meldingar om tal smitta:
2.-8.mai 2022: 4 registrerte tilfelle av koronasmitte.
25. april-1. mai: 15 registrerte tilfelle av koronasmitte.
18.-24. april: 39 personar registrerte seg på nettsida til kommunen som smitta av korona.
11.-17. april: 36 personar registrerte seg som smitta av korona.
4.-10. april: 36 personar registrerte seg som smitta av korona.
28. mars-3. april: 93 personar registrerte seg som smitta av korona.
21.-27. mars: Påvist smitta i Sogndal kommune: 171.
14.-20. mars: Påvist smitta i Sogndal kommune: 286.
7.-13. mars: Påvist smitta i Sogndal kommune: 434.
28. februar-6. mars: Påvist smitta i Sogndal kommune: 644.
21.-27. februar: Påvist smitta i Sogndal kommune: 539.
14.-20. februar: Påvist smitta i Sogndal kommune: 417.
7.-13. februar: Påvist smitta i Balestrand: 4, Leikanger: 34, Sogndal: 325, totalt: 363.
31. januar-6. februar: Påvist smitta i Balestrand: 1, Leikanger: 9, Sogndal: 264, total: 274.
24.-30. januar: Påvist smitta i Balestrand: 1, Leikanger: 22, Sogndal: 320, totalt: 343
17.-23. januar: Påvist smitta i Balestrand: 9, Leikanger: 45, Sogndal: 168, totalt 222.
10.-16. januar: Påvist smitta i Balestrand: 1, Leikanger: 10, Sogndal: 63, totalt: 74
3.-9. januar: Påvist smitta i Balestrand: 1, Leikanger: 6, Sogndal: 38, totalt: 45.
27. desember til 2. januar: Påvist smitta i kommunen: 60 (ingen påvist smitta i Balestrand etter 22. desember). 4 skuleelevar testa positivt søndag ettermiddag under testinga før skulestart.
20.-26. desember: Smitta påvist: Balestrand: 4, Leikanger: 2, Sogndal: 33, total: 39.
13.-19. desember: Smitta påvist: Balestrand: 10, Leikanger: 0, Sogndal: 12, total: 22.
05.12.2021: Ingen nye smitta påvist.
04.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 2, totalt 2.
03.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 1, Sogndal: 5, totalt 6.
02.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 1, Leikanger: 0, Sogndal: 3, totalt 4.
01.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 1, totalt 1.
30.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 6, Leikanger: 1 og Sogndal: 2, totalt 9.
29.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 11, Sogndal: 4, totalt: 15.
28.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 3, totalt 3. Til saman har det vorte påvist 67 smitta i kommunen frå 19. november. (Balestrand: 44, Leikanger: 4 og Sogndal 19).
27.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 5, totalt 5.
26.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 3, Leikanger: 1, Sogndal 3, totalt 7.
25.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 5, Leikanger: 1, Sogndal 3, totalt 9.
24.11.2021: Onsdag er det påvist 8 nye smitta i Balestrand, 2 på Leikanger, 10 i Sogndal og 1 i Fjærland, og det er smitte i fleire kommunale institusjonar. Kommunen oppmodar no til ekstra innsats gjennom å koma med fleire tilrådingar.
23.11.2021: Tysdag har ytterlegare 5 personar i Balestrand testa positivt på korona.
22.11.2021: Me har utbrot av korona i Balestrand. Det er påvist 14 koronasmitta i Balestand, 6 av desse er born.
Sogndal kommune vil framover ikkje leggja ut faste oppdateringar om smittesituasjonen i kommunen. Skulle det bli eit utbrot av koronasmitte i kommunen, vil me informera om det.
Status 20.09.2021:
Det er ikkje påvist nye tilfelle av covid-smitte i Sogndal kommune sist veke.
Veke 37: Nye tilfelle: 0
Testa for covid: 130
Vaksinerte: 281
Totalt vaksinerte med 1 dose: 9103
Totalt vaksinerte med 2 dosar: 8012
Status 13.09.2021:
Me har ikkje utbrot i kommunen. Sogndal kommune er på risikonivå 1.
Veke 36:
Nye tilfelle: 3
Testa for covid: 202
Vaksinerte: 439
Totalt vaksinerte med 1 dose: 9012
Totalt vaksinerte med 2 dosar: 7817
Status 06.09.2021:
Me har ikkje utbrot i kommunen. Sogndal kommune er på risikonivå 1.
Smittesituasjonen med covid-19 i Sogndal kommune i veke 35:
Nye tilfelle: 6
Testa for covid: 205
Vaksinerte: 614
Totalt vaksinerte med 1 dose: 8725
Totalt vaksinerte med 2 dosar: 7655
Status 30.08.2021:
Det er påvist ein smitta student måndag. Smitten kjem frå Bergen. Kommunen driv smittesporing og planlegg testing av nærkontaktar.
Status 21.08.2021:
3 nye covid-positive laurdag. Alle har vore i karantene som nærkontaktar. Smittevegen er kjend. Ingen nye nærkontaktar utifrå desse nye tilfella i dag.
Status 18.08.2021:
Det vart påvist ein ny covidsmitta med hurtigtest onsdag. Personen, som er fullvaksinert, er tilsett i Sogndal kommune og var på arbeid på Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS) 16/8 og 17/8. Det er gjennomført testing av kollegaer og nokre pasientar onsdag kveld, og alle hurtigtestane var negative. Smittesporing er gjennomført, og nærkontaktar er sette i karantene. Smittevegen er kartlagd, og smitten kjem frå ein annan kommune. Det er innført besøkskontroll på SHOS fram til 24/8.
Status 17.08.2021 kl. 23:
Melding om 1 positiv prøve til seint tysdag kveld. Smitten kjem etter reise til utlandet. Ingen nærkontaktar i vår kommune. Smittesporinga er avslutta.
Status 17.08.2021 kl 21:
1 ny positiv prøve tysdag. Smitten er påvist ved innreise frå utlandet. 3 nærkontaktar er sette i karantene.
Status 17.08.2021:
1 ny positiv Covid-prøve måndag, prøve teke 13/8. Den smitta er ein nærkontakt som ikkje har symptom. Smittesporinga er avslutta, ingen nye nærkontaktar. Me har per i dag 16 smitta som er isolerte i kommunen.
Status 14.08.2021 kl. 13:
Kommunen fekk melding om 1 ny smitta i går kveld. Smittevegen er kjend, og 3 nærkontaktar er sette i karantene. Den smitta arbeider i barnevernet, og det har vore utført hurtigtesting av omlag 20 personar i dag. Ingen av testane var positive.
Status 12.08.2021:
Kommunen har fått melding om 6 positive covidtestar i kveld. 5 av dei var på personar som vart registrerte som smitta i går etter positiv hurtigtest i kommunen. Den siste personen har vore i karantene som nærkontakt på grunn av smitte i familien. Smittevegen er kjend og smittesporinga er avslutta.
Status 12.08.2021:
Seint på kvelden i går fekk me melding frå Førde om 6 nye smitta. 3 av desse var nærkontaktar i ein familie med kjent smitteveg frå Bergen. Dei 3 andre var i ein annan familie med kjent smitteveg innad i kommunen. Smittesporinga er avslutta. Kommunen har no 26 smitta som er isolerte i kommunen.
Status 11.08.2021:
Kommunen har påvist 5 nye covidsmitta onsdag med hurtigtestar. Alle har vore definerte som nærkontaktar og er smitta innad i husstanden. Kommunen driv kartlegging, og det er usikkert om det blir nye nærkontaktar som må i karantene. Resultata av testinga viser at viruset smittar lett. Det er no god grunn til å halda på gode smittevernrutinar med nødvendig avstand og handvask.
Status 11.08.2021:
Kommunen fekk melding om ein ny smitta seint tysdag kveld. Smittesporing er starta, og 6 nærkontaktar er pålagt karantene og vert testa i dag. Smittevegen er kjend.
Det vart ikkje påvist nye smitta i kommunen i prøvane som vart analyserte i går 9/8. Det var ein positiv prøve, men det var ein person som hadde positiv hurtigtest frå før.
Det tyder på at smittesituasjonen før helga er avgrensa i omfang, og det er gledeleg. Nokre av smittetiltaka frå før helga vart avvikla i går ettermiddag.
Status 08.08.2021
Status 06.08.2021
Det vart i kveld meldt om 4 nye smitta. Den eine av desse var positiv på hurtigtest i går med kjent smitteveg frå Bergen. Ingen relasjon til tidlegare utbrot i Sogndal. Den smitta er isolert. Smittesporing er gjennomført. Nærkontaktar er varsla og testa. To andre er nærkontaktar med kjent smitteveg.
Den fjerde er tilsett på SFO på Trudvang skule. Vedkommande var på jobb måndag, tysdag og onsdag denne veka. Me ynskjer å tilby test til barn og tilsette ved SFO laurdag frå kl. 11 ved Sogndal legesenter. Test må bestillast av kvar enkelt på c19.no for at me skal kunne få registrert alle. Sannsynleg smitteveg frå Oslo og smittesporing er sett i verk
Status 05.08.2021
Status 05.08.2021
Seint i går kveld vart det meldt om 2 nye smitta. Den eine er kjent nærkontakt av tidlegare smitta. Den andre har antatt kjent smitteveg.
Ny smittesporing pågår. Nærkontaktar blir testa i dag.
Status 04.08-2021
To av dei smitta frå i går har kjent smitteveg via nærkontaktar til Meat Point-utbrotet.
25 nærkontaktar testa og sett i karantene. Smittesporing førebels avslutta for desse.
For dei andre to er smittevegen ukjend og det er her ingen relasjon til utbrotet på Meat Point.
Det er i dag teke totalt ca. 70 PCR-testar og ca. 40 hurtigtestar. Alle hurtigtestane er negative.
Status 03.08.2021
4 nye smitta. Nærkontaktar vert testa og smittesporing er iverksett. Fleire i karantene.
Status 31.07.2021
2 nye positive prøvar. Den eine er ei stadfesting av hurtigtest, den andre har vore isolert i fleire dagar.
Status 30.07.2021
Sogndal kommune har i kveld fått melding om 1 ny smitta. Ingen nærkontaktar i Sogndal.
Status 29.07.2021
Sogndal kommune har i kveld fått melding om 1 ny smitta. Smittetilfellet er ikkje direkte knytt til det pågåande utbrotet men mogleg samanheng blir undersøkt. Den smitta er sett i isolasjon og smittesporing er iverksett. Nærkontaktar blir testa i morgon
Status 28.07.2021
Det er meldt om 1 ny smitta. Dette smittetilfellet har ikkje relasjon til Meat Point-utbrotet.
Status 27.07.2021
Me har fått melding om 1 ny smitta med relasjon til Meat Point-utbrotet. Vedkommande var ikkje sjølv på Meat Point men er nærkontakt til ein person som vart smitta der. Den nye smitta er fullvaksinert og har difor vore friteken frå smittekarantene. Ny smittesporing er gjennomført. Det er 9 nye nærkontaktar.
Status 26.07.2021
Alle prøvane som vart tekne søndag er negative. Dette var prøvar frå nærkontaktar.
Måndag kveld har me fått stadfesta at det i det pågåande utbrotet dreiar seg om Delta-varianten slik me har hatt mistanke om.
Sogndal kommune har i dag fått melding om 1 ny smitta. Smittesporing er gjennomført.
Status 25.07.2021:
Sogndal kommune har i kveld fått melding om 1 ny smitta. Vedkommande hadde status som nærkontakt og var alt i karantene.
Me er letta over svært mange negative prøvar og oppmodar igjen om låg terskel for å bestille test på c19.no dersom du har symptom eller av andre årsaker mistenkjer at du kan vere smitta.
Det kjem ikkje fleire prøvesvar i kveld. Neste planlagde informasjon frå kommunen blir i samband med nye prøvesvar som er venta mandag kveld.
Status 24.07.2021:
Me har i kveld fått 7 nye positive prøvar. Alle dei 7 smitta hadde status som nærkontaktar til personar som er antatt smitta ved Meat Point frå tidlegare og har vore i karantene. 1 av desse er vaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan, 6 er uvaksinerte. Me ser på dette som kontrollert smitte og forventa utvikling. Smittesporingsarbeid blir gjennomført no. Det er 12 nye nærkontaktar til dei som no er bekrefta smitta som vil få tilbod om test i morgon. Det er kommunisert frå mikrobiologen at det ikkje kjem fleire prøvesvar i kveld. Neste moglegheit for ordinær testing i Sogndal kommune blir mandag 26/7. Test kan bestillast på C19.no. Neste tidspunkt for informasjon frå kommunen vil vere i samband med prøvesvar søndag ettermiddag.
Status 23.07.2021:
Me har i kveld fått informasjon om 2 nye smitta. Begge var på Meatpoint laurdag 17/7 og vart testa i går. Smittesporing er igangsett.
Status 23.07.2021:
Det er no i alt bekrefta 9 smitta som oppheld seg i kommunen. Alle har relasjon til utbrotet på Meat Point. I tillegg er det bekrefta smitta 1 i Vik og 5 i Luster med relasjon til same utbrotet. Alle kommunane har god kapasitet på testing og smittesporing og me har så langt god oversikt.
Det er innført besøksforbod på sjukeheimane i Leikanger, Sogndal og i Prestahagen inntil vidare.
Status 22.07.2021:
Smittesporinga er godt i gang. Me har førebels 5 nye positive testar i dag. 4 av desse bur i Sogndal og blir smittespora her. 1 bur i Luster og blir smittespora der. Dei 4 som er smittespora i Sogndal har til saman 69 nærkontaktar. Det blir arrangert testing for nærkontaktar ved Sogndal legesenter frå kl. 19 i kveld. Nærkontaktar bestiller test på c19.no.
Status 21.07.2021:
Det har