Her skal barnet ditt gå på skule 

Infografikken under viser kva opplæringsstad elevane vil ha i perioden 2026–2031. 

Slik les du oversikta: 

  1. Finn fødselsåret til barnet ditt i venstre kolonne  
  2. Les bortover raden for å sjå kvar barnet går på skule dei ulike åra  
  3. Oversikta gir eit samla bilete av korleis skuledrifta er planlagt gjennom heile byggeperioden. 
     
skuletrapp trudvang

 

Ei løysing med vekt på stabilitet og tryggleik 

Å bygge ny skule samstundes som skulen er i drift, krev gode løysingar. Kommunen har vurdert fleire alternativ for organiseringa av skuledrifta i perioden, med ulike konsekvensar for kapasitet, tryggleik og talet på bytte av opplæringsstad. 

Den valde løysinga er vurdert som den beste samla sett. Ho gir ein mest mogleg stabil skulekvardag for elevane, samstundes som vi tek omsyn til kapasitet, tryggleik og framdrift i byggeprosjektet. 

I vurderingane har vi særleg lagt vekt på: 

  • ein mest mogleg stabil opplæringsstad, med færrast mogeleg  bytte  
  • tilstrekkeleg kapasitet og gode uteområde ved skulane  
  • færrast mogleg elevar med skuledag tett på byggeplassen  
  • å ta høgde for mogelege forseinkingar i prosjektet  
  • ei forsvarleg belastning for dei tilsette  

Fleire alternativ vart vurderte, men dei gav samla sett større utfordringar knytt til hyppige bytte av skule, kapasitet og nærleik til byggeplassen. 

Skuledrift medan vi bygger 

Å drive skule i ein slik periode er krevjande. Når delar av den eksisterande skulen blir riven, må undervisnings- og aktivitetsareal erstattast andre stader. For dei nærare 1000 elevane i Sogndal sentrum inneber dette behov for alternative løysingar for mellom anna klasserom, spesialrom og kroppsøving. Det er lagt ned eit omfattande arbeid i å planleggje skuledrifta i denne perioden.    

I byggeperioden vil undervisninga gå føre seg ved tre godkjende undervisningsstader i sentrum: 

  • Trudvang  
  • Guridalen  
  • Kvåle  

Når nye Trudvang står ferdig, vil Kvåle skule bli ein rein ungdomsskule for 8.–10. trinn. 

Slik har vi jobba med planen 

Planen er utarbeidd i samarbeid mellom oppvekstadministrasjonen, rektorane ved skulane, tillitsvalde og miljøretta helsevern. FAU og fleire fagmiljø har også vore involverte i arbeidet. 

Har du spørsmål? 

Vi har forståing for at endringane kan opplevast ulikt for elevar, føresette og tilsette. Samstundes er vi trygge på at den valde løysinga gir ein god og forsvarleg skulekvardag i perioden fram til den nye skulen står klar. 

Har du spørsmål om skuledrifta i byggeperioden, kan du ta kontakt med kommunen gjennom eDialog, skulen din eller kontaktperson for kommunen Frode Grøttebø.