Kommunestyret gjorde følgjande vedtak:

  1. Skuleslaga skal følgje ordinær inndeling for grunnskulen
  1. Leikanger ungdomsskule 8-10 frå hausten 2022
  2. Leikanger barneskule 1-7 frå hausten 2022
  3. Kvåle skule vert 8-10 skule når ny barneskule i Sogndal sentrum vert teken i bruk
  4. Fjordtun oppvekstsenter held fram som 1-4 skule
  1. Det skal byggjast ny 1-7 barneskule på Kvåle som erstatning for Trudvang skule
  1. Det skal gjennomførast moglegheitsstudie for området på Kvåle innan april 2022.
  2. Skulen skal stå klar til bruk skuleåret 2025-26
  3. Det skal byggast basis- og fleirbrukshall som del av prosjektet med ny barneskule
  1. Det skal gjennomførast ein moglegheitsstudie for ein eventuell 1-10 skule i Leikanger (innan april 2022).
  2. Kommunedirektøren skal kome attende med saker om framtidig bruk av Trudvang skule og Leikanger ungdomsskule.
  3. Kommunedirektøren tek kontakt med FAU og Kaupanger næringsforeining for å arbeida vidare med FAU sine planar kring idrett og kulturbygg ved Kaupanger skule.
  4. Det skal vere god informasjon og høve til involvering for tilsette og føresette i prosessane framover. I dei konkrete prosjekta rundt skulane skal elevråda og Ungdomsrådet involverast.

I tråd med målet om miljømedvit og klimanøytral kommune, legg alle prosjekta opp til at flest mogleg skal kunne sykle eller gå til skule og barnehage.

Du kan sjå møtet i opptak i nett-TV

Slik vart vedtaket om barnehagane