SAMAN Studentbarnhage Sogndal vert frå 1. august 2026 kommunal, då under namnet Kyrkjebakken barnehage. I oktober 2026 vedtok styret i SAMAN at dei ikkje skulle ha barnehagen i Sogndal lenger. Det var og eit ynskje om at Sogndal kommune skulle overta den gjennom verksemdsoverdraging. Sogndal kommunestyre vedtok i november at Sogndal kommune verksemdsoverdreg barnehagen frå 01.08.2026.
Sidan den gong har prosessen gått føre seg med konstruktive drøftingar og godt samarbeid, og torsdag 30.04.2026 vart kontrakten signert i SAMAN Studentbarnehage Sogndal. Dette vart markert med song frå barnehagebarna, talar og gode ord. Ordførar Stig Ove Ølmheim signerte kontrakten på vegne av Sogndal kommune. Til stades i barnehagen var SAMAN sitt styre med administrasjon og tilsette. Frå Sogndal kommune var kommunalsjef Kenth Rune Teigen Måren og tenesteleiar for barnehage Kjell Ertesvåg på plass. Representantar frå dei føresette var og på plass.
SAMAN serverte nydeleg bollar og saft og hadde pynta barnehagen med ballongar og flagg, og gjorde dette til høgtidleg og flott markering.
Kyrkjebakken barnehage er ikkje ferdig renovert til 01.08.2026, så barnehagen vert i lokala ved Studentheimen til Kyrkjebakken er klar.
Me takkar SAMAN for godt samarbeid, og ynskjer barnehagen velkomen til Sogndal kommune.

