Samfunnsplan
Samfunnsplanen er den mest overordna planen i kommunen, og legg føringar for alt kommunen skal gjere dei neste ti åra. Samfunnsplanen for Sogndal kommune 2021-2030 vart vedteken i Kommunestyret 24.06.21.

Du finn han oppdatert på utfordrarbygda.no. Dokumenta i saka ligg under planar og kunngjeringar på nettsida til kommunen.

Planstrategi
Planstrategien viser kva planar som skal utarbeidast dei neste fire åra. Strategien vart handsama i Formannskapet 09.06.21 og vert no offentleggjort, jf. pbl. § 10-1, før vedtak i Kommunestyret 16.09.21.

Du finn han her: Planstrategi for Sogndal kommune 2021-2024

Arealplan
Kommunestyret vedtok 17.06.21 at arbeidet med arealplanen for Sogndal kommune har starta. Arealplanen skal konkretisere føringane i samfunnsplanen og fastsette arealbruken i heile kommunen.

Korleis planprosessen skal føregå er skildra i planprogrammet, som no er lagt ut til offentleg ettersyn. Det betyr at offentlegheita kan komme med innspel om kva som skal skje når i planprosessen.

Du finn planprogrammet her: Oppstart av arbeidet med arealplanen for Sogndal kommune 2022-2032 

Innspel til korleis planprosessen skal føregå kan du gje via digitalt skjema på nettsida til kommunen.

Høyringsfristen er 20.08.21

Medverknadsopplegga for arealplanen er ikkje detaljert skildra i planprogrammet, men vil føregå fysisk og digitalt hausten 2021. Då vil offentlegheita kunne komme med konkrete innspel til arealbruken i kommunen. Innspel som kom inn til i innspelsrunden til samfunnsplanen, men som høyrer heime i arealplanen vert vurdert då. Det same vil innspel som kom inn til gamle Sogndal kommune sin arealplanprosess i 2017. Desse innspela treng derfor ikkje å sendast inn på nytt.