Vandringane har vore ein del av kulturprogrammet for markeringa av nye Sogndal kommune.

4. januar var det guida tur i Sogndal med Gunnar Yttri som vert. 11. januar gjekk turen i Leikanger, der Knut Henning Grepstad synte fram bygda og fortalde. 18. januar var turen komen til Balestrand, der Eli-Grete Høyvik gav dei frammøtte ein smakebit av reiselivsbygda vest i kommunen.

- Målet har vore å syna fram bygdene våre og gje folk sjansen til å bli betre kjend med den nye kommunen. Dette har vore ein sjanse til å læra meir om si eiga heimbygd, men også til å bli betre kjend med bygder ein ikkje er i til dagleg, seier ordførar Arnstein Menes.

Ordføraren har delteke på alle dei tre tettstadvandringane og fortel at han tykkjer det har vore lærerike og fine opplevingar.

- Me har fått veldig mange positive tilbakemeldingar, og det kan godt henda me kjem til å arrangera fleire slike vandringar på seinare tidspunkt, kanskje på Kaupanger eller i Fjærland, der me ikkje har vore enno, seier Menes.

I forkant av tettstadvandringane vart det arrangert minikonsertar med lokale artistar. Tanken bak var å bringa kulturen dit folk ferdast.

- Mange dyktige artistar bidrog på desse konsertane. Det er flott at me gjennom kultur og historie kan byggja ein sterkare fellesskap i den nye kommunen, seier Menes.

Sjå fleire bilete under. (Klikk på bileta for større vising)