"Quick-guide" for Teams gir ei fin oversikt (på engelsk) over innhaldet i Teams, og viser korleis du kan planlegge eit møte med teamet eller klassen din, korleis du kan bli med og delta aktivt i eit møte, korleis du kan lage oppgåver og innleveringar til elevane, gi tilbakemeldingar og halde oversikt over vurderingar, bruke klassenotatblokk, chatte og poste innhald i ein kanal - med meir! I "Guide for Educators" kan du melom anna lese om koleis du kan tilpasse teamet til akkurat ditt fag eller din klasse, lage kanalar med ulikt innhald, sende e-post til ein kanal, samt opprette innleveringsoppgåver.

Her finn du ei oversikt over korleis du kjem i gang med Teams og gjennomfører undervisning. Engelsk ressurs med mellom anna artiklar for korleis undervise i Teams, 1t online-kurs som viser korleis du kan bruke Teams i klasserommet, 1t online-kurs som vider korleis ein kan samarbeide og engasjere via Teams, samt rettleiing for fjernundervisning og læring via O365 for både elevar, lærarar og føresette.

Om du ynskjer å lære enno meir kan du bli med på ulike webinar frå Microsoft, også desse på engelsk. Nokre av dei er lagra som opptak, som kan sjåast når det passar best for deg. Kanskje vil du heller sjå nærare på eit enkelt og konkret døme på korleis du kan organisere ein arbeidsdag for elevane dine i Teams? Randi og resten av Team2012 ved Trudvang Skule har valgt å gjere dette slik. Eit godt døme på korleis dette kan gjerast! 

Nokre vil gjerne helst ha ei innføring på norsk. Ei veldig enkel oversikt over korleis du kan starte videomøter med klassen din og ev.ta opp enkle videoleksjonar finn du her. Det finnast også mange fine videoar på YouTube som gir mykje god informasjon. Det er mellom anna laga ein flott serie på 8 korte videoar som gir ei grundig innføring. I tillegg kan eg anbefale Facebook-gruppa "Microsoft Teams i skolen".

I tillegg til alt dette kan du, om du verkeleg ynskjer å bli Teams-ekspert, sjekke ut denne sida eller gå til Microsoft Educator Center for å lære meir.

Fantastiske Elling frå Kvåle Skule har laga desse instruksjonsvideoane for funksjonalitet i Teams, slik at flest mogeleg skal få enno meir glede av dette verktøyet. Sjå og lær!

Video om møtefunksjonalitet i Teams:

(Video © Elling Bjarneson Venjum)
 

Video om chatfunksjonalitet i Teams:

(Video © Elling Bjarneson Venjum)
 

Video om oppgåvefunksjon og publisering fram i tid i Teams:

(Video © Elling Bjarneson Venjum)


Video om gjennomgang av elevarbeid i Teams:

(Video © Elling Bjarneson Venjum)