Ved å ta i bruk dette systemet, vil me gjera det enklare for innbyggarane å melda frå om gatelys som ikkje verkar. Du kan søka på adresse og finna det aktuelle gatelyset på kartet. Dersom feilen allereie er meldt inn, vil du sjå det på kartet.

Meld frå om gatelys som ikkje verkar

Me vil ikkje reisa rundt og ordna eitt og eitt gatelys, men samla opp slik at arbeidet kan gjerast effektivt. Likevel er det i perioden frå oktober til april sett ein frist på ein månad for å ordna feil. Dette gjeld enkle jobbar der det berre er snakk om skifte av pærer. 
Skifte av lyspærer langs riksvegen er ein større jobb som krev bruk av ledebil, og kjem difor ikkje inn under ein månads-fristen.
Gater med mindre enn fem mørke lamper vert ikke sett på som akutt.