Guiden skil mellom:
- Tilbod og aktivitetar du kan bruke utan vedtak, som frivillige tilbod, lag og organisasjonar og kommunale lågterskeltenester.
- Tenester som krev vedtak, med informasjon om kriterium og saksgang.
Du finn også informasjon om korleis kommunen jobbar med tidleg innsats, førebygging og brukarmedverknad, samt ulike tenester og tiltak kan støtte deg i å meistre kvardagen best mogleg.
Tenesteguiden er eit levande dokument og blir oppdatert fortløpande. Kom gjerne med innspel dersom guiden manglar noko eller du finn feil. Tenesteguiden er per no ikkje klikkbar, men vi jobbar med å gjere den meir brukarvennleg og lettare å navigere i. Dersom du brukar Microsoft Edge, kan du nytte søkefeltet øvst til høgre på nettsida for raskt å finne fram til innhald i guiden.
Du kan også kontakta helsetorget for å få hjelp til å finna rett tilbod
