Tidlegare har dette vorte fakturert to gonger i året, med forfall 15. april og 15. oktober. 

Du kan velje mellom desse intervalla

  • Månadleg faktura 
  • 6 faktura pr. år (januar, mars, mai, juli, september og november) 
  • 2 faktura pr. år (mars og september) 

Endringa vil bli registrert i systemet, nye fakturaintervall trer i kraft slik: 

Døme: 

  • Endrar du intervall i januar, får du månadleg faktura frå februar.
  • Endrar du intervall i februar eller mars, får du månadleg faktura frå april.
  • Endrar du intervall i juni, får du månadleg faktura frå juli. 
  • Endrar du intervall i november, får du månadleg faktura frå januar. 

Slik endrar du

Fyll ut skjema: Fleksibel fakturering av kommunale eigedomsgebyr - Påmelding (kf.no)

Du treng ikkje gjera noko om du ynskjer å bli fakturet to gonger i året, som før.

Viktig informasjon ved månadleg faktura:

  • Eigedomsskatten skal skrivast ut før 1. mars. Eventuelle nytakseringar eller endringar vil ikkje komme med før faktura for mars. Faktura for mars utgjer skattesetel for eigedomsskatt.
  • For abonnentar med vassmålar, vil fakturaen for januar og februar berre innehalde faste avgifter. Etter avlesen vassmålar, vert det berekna rett avgift etter forbruk som vert med på faktura frå mars. Det betyr at fakturaen i mars har vassmålaroppgjer for 2023, i tillegg til a-konto (forskotsbetaling av forventa forbruk av vatn/avløp i 2024) for januar, februar og mars.
  • Avgiftene vert fordelt ut over dei faktura som står att i kalenderåret.
  • Avtale om månadleg fakturering vil gjelde til den vert sagt opp.
  • Ved overdraging av eigedom til ny eigar vert det nytta standard fakturaintervall, 2 gonger i året. Ny eigar må eventuelt fylle ut eige skjema om fleksibel fakturering.

Meir informasjon om utsending av faktura