Fleksibel fakturering

Sogndal kommune tilby fleksibel fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt. Du kan sjølv velja tal fakturaterminar. Eigedomsskatt for januar og februar vil koma på faktura utsend i februar med forfall i mars uansett kva løysing du vel. Har du fleksibel fakturering, vil faktura for mars verta høgare enn dei andre månadane.

Du kan velja mellom desse intervalla: 

  • månadleg faktura
  • 6 faktura per år (januar, mars, mai, juli, september og november)
  • 2 faktura per år (mars og september) 

Fyll ut skjema: Fleksibel fakturering av kommunale eigedomsgebyr - Påmelding (kf.no)
Du treng ikkje gjera noko om du ynskjer å bli fakturet to gonger i året.

Kven avgjer korleis ein faktura blir distribuert?

Kommunen som fakturautstedar kan ikkje påverka korleis du som kunde får fakturaen, dette styrer du sjølv. Fakturasystemet gjer eit oppslag mot dei ulike betalingskanalane i ei prioritert rekkefølgje, og sender fakturaen i den først prioriterte kanalen det får treff i.

AvtaleGiro

Når du har oppretta avtalegiro i banken, vert beløpet trekt frå konto på forfallsdato.

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal, og me vil anbefala alle kundane våre å oppretta eFaktura-avtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, og at han er ferdig utfylt så du slepp å tasta kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps

Dette føreset at du brukar Vipps, og har aktivert Vipps regninger inne i appen. I tillegg må du vera registrert med gyldig mobiltelefonnummer i kunderegisteret vårt. Dersom fakturaen kjem på Vipps utan at du veit om at du har valt det, er det fordi du har samtykka til å få faktura i Vipps når du har lasta ned oppdatering.

Faktura i Digipost /eBoks

For å få faktura på Digipost/eBoks, må du ha oppretta ein digital postkasse hjå ein av desse leverandørane. Dersom du alt har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen, vil desse verta føretrekte før digital postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønskjer du å få fakturaen tilsend som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakta oss for å få registrert e-postadressa di i systemet vårt. Men dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vipps-faktura eller digital postkasse, vil desse bli føretrekte framfor e-post.

Faktura levert i postkassen

Dersom me ikkje får treff i nokon av dei digitale kanalane ovanfor, vil fakturaen bli levert i postkassen din.