Er de på leit etter tilskot til prosjekt eller tiltak, vil Tilskuddsportalen gi oversikt over alle tilskotsordningar som er tilgjengelege for frivillig sektor. Tilskuddsportalen har oversikt over ca. 1500 tilskotsordningar som de kan søkje på, og i portalen kan de filtrere tilskot i ulike kategoriar.

Det er gratis for lag og organisasjonar i Sogndal å bruke portalen.

Ved å registrere dykk i portalen, kan de

  • finne tilskot å søkja på
  • lese siste nyhende om tilskot
  • motta viktig informasjon frå kommunen 
  • få eit månadleg nyheitsbrev med tips om tilskot

Det blir kurs for lag og organisasjonar i bruk av Tilskuddsportalen:

Digitalt kurs for lag og forening i Sogndal kommune
Tid: 13. 04. 2021 kl. 18.00-20.00
Stad: Zoom
Møte ID: 978 3162 8695
Kurshalder: Anne-Grethe de Geus
På dette digitale kurset får du ei innføring i korleis tenkje nytt rundt 
tilskotssøk, søknadsskriving og korleis bruke Tilskuddsportalen meir hensiktsmessig. Tilskuddsportalen er eit verktøy for deg som vil jobbe meir effektivt og lykkast betre i å søke tilskot til prosjekta dine. Her får du oversikt over alle tilskotsordningar som vert tilbydd norske organisasjonar og kommunar. 

Meld deg på her

Vil du ha tilgang til Tilskuddsportalen som representant for frivillige lag og organisasjonar, kan du følgje denne lenka.

Les meir i informasjonsbrosyren til Tilskuddsportalen