Saman samtidig
Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune har tre prioriterte satsingsområde
- Støtte til føresette
- Motverke utanforskap
- Førebygge vald og seksuelle overgrep
Eit overordna mål for det førebyggande arbeidet er at det skal vera trygt og godt å veksa opp i kommunen vår, og at alle barn og unge skal få den hjelpa dei treng. Barn og unge skal få oppleva tryggleik, tilhøyrsle, trivsel og meistring både i barnehage, skule og på fritida. For å lukkast i det førebyggjande arbeidet, må samarbeidet og samhandlinga mellom sektorar som har ei rolle og eit ansvar styrkast.

Denne tiltaksplanen vil ta for seg området «Støtte til føresette».
1.2 Mål og strategiar
Mål: Føresette til born og unge i Sogndal kommune skal få den støtta dei treng til å vere trygge og gode omsorgsutøvarar.
Prioriterte strategiar
Sogndal kommune har universellførebyggande tiltak som virkar og gjev føresette best mogleg føresetnader for å meistre foreldrerolla.
1.3 Førebyggjande arbeid i Sogndal – grunnleggande prinsipp
Godt førebyggjande arbeid krev at me startar tidleg og tenkjer og handlar langsiktig. Gode fellesskapsløysingar er eit godt utgangspunkt for eit inkluderande oppvekstmiljø.Ei av dei viktigaste utfordringane er å tenkja heilskapleg og å samordna innsatsen på tvers av fagområde. Godt førebyggjande arbeid fokuserer ikkje først og fremst på symptom, men er generelt orientert med sikte på å fremja sunne barn og unge som handterer framtidige utfordringar og risikoar. Det krev heilskaplege planar som blir sette i verk i praksis.
I Sogndal ønskjer me å jobba heilskapleg og systematisk for å sikra at barn og unge får ein trygg oppvekst, og at dei har det bra både heime, i barnehagen, på skulen og i fritida. Desse arenaene er dei viktigaste når barn skal få dekt dei grunnleggjande behova sine for tryggleik og kjærleik, faglege og sosiale ferdigheiter, god psykisk og fysisk helse. Slike viktige vernefaktorar bidreg til at barn blir meir robuste i møte med belastningar seinare i livet.
Det overordna målet for den førebyggjande innsatsen til kommunen for barn og unge vart vedteke i 2018, då me starta satsinga på Betre tverrfagleg innsats (BTI).
1.4 Kunnskapstrekanten: Barn og unge sin oppvekst i ein heilskapleg samanheng
Me ser at målsetjinga heng godt saman med kunnskapstrekanten. Den tek utgangspunkt i at barn og unges utvikling må sjåast i samanheng både med kapasiteten og oppvekstmiljøet til foreldra.

Den nedste sida i trekanten omhandlar utviklinga til barn og unge, og behova deira knytt til helse, læring, utvikling av kjensler, åtferd og sosiale relasjonar.
Skal me lykkast, må me jobba styrkebasert.
1.5 Styrkebasert tilnærming og felles fagleg forståing
For å lukkast med førebyggjande arbeid, er det avgjerande at vi har ei felles og kunnskapsbasert forståing. Dette handlar om å utvikle ein kollektiv praksis og eit tankesett som støttar tidleg innsats og rett hjelp til rett tid.
Det viktigaste grepet er å gå:
- Frå tenestefokus til behovsfokus
- Frå observasjon av teikn og signal til ei meir målretta forståing av risikofaktorar
- Frå sein intervensjon til tidleg innsats
- Frå tilfeldige tiltak til ein heilskapleg tilnærming som reduserer risiko og styrke beskyttelsesfaktorar
Styrkebasert fokus
Ein felles fagleg forståing betyr òg å ta utgangspunkt i ressursane til barn, unge og familiar.
Å jobbe styrkebasert inneber å:
- Sjå etter og byggje vidare på det som fungerer
- Skape meistring og motivasjon
- Løfte fram det positive i kvardagen
Forsking viser at tiltak og innsats retta mot meistring i møte med barn og unge motverkar utanforskap og vernar mot overgrep.
- Frå tenestefokus til behovsfokus
- Frå teikn og signal til kunnskap om risikofaktorar
- Tidleg innsats
- Korleis tiltak kan organiserast ut frå å redusera risiko og styrka beskyttelsesfaktorane
Å ha ei felles, kollektiv forståing av kva førebygging er, er avgjerande:
Førebygging er å styrka beskyttelsesfaktorane og redusera risikofaktorane. Førebyggjande innsats og gode tenester for å skape trygge familiar er viktig for å hindre utanforskap, og for å redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv. Tidleg oppdaging, rask innsats og god oppfølging av utsette barn, unge og føresette er ein nøkkel for å fremje helse og trivsel i kommunen. Kommunen har eit overordna ansvar for å sikre dette.Dei ulike tenesteområda i kommunen som arbeider med barn og unge har ansvar for tidleg oppdaging og oppfølging – og dette ansvaret ligg òg på kvar enkelt tilsett.

For å jobbe førebyggjande må tilsette ha kunnskap om risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar og kompetanse til å handle føremålstenleg når det er naudsynt
1.6 Beskyttelsesfaktorar
- At barn får hjelp til å fungere som jamgamle barn både kognitivt, språkleg, emosjonelt, sosialt og motorisk
- At barn får hjelp til vennskap og kjenne seg som del av eit sosialt fellesskap
- At barn frå 8-års alderen har ein hobby eller fritidsinteresse som barnet kan oppleve meistring med
- At barnet får hjelp til å tilpasse seg godt til barnehage og skule, innordnar seg rutinar, godtek grensesetjing, er sosialt inkludert og har aldersadekvate skulefaglege prestasjonar
- At føresette har god omsorgsutøving
- At føresette er godt integrert i samfunnet, er i jobb eller utdanning, og har eit sosialt nettverk
1.7 Risikofaktorar
- At barn vert utsett for skadeleg omsorg
- At barn opplev alvorlege krenkingar
- At føresette er emosjonelt utilgjengeleg for barnet
- At føresette misbruk rusmidlar
- At barn og føresette har store utfordringar med psykisk helse
- At barn har utviklingsvanskar som ikkje vert forstått av dei vaksne, slik at dei kan få riktig hjelp
- At barn oppheld seg i skadeleg psykososialt miljø i barnehage og skule
- Utfordringar med levekår (manglar i bustadforhold, relativ fattigdom, multistressande miljø)
2.1 Kvifor foreldrestøtte er viktig
Foreldrestøtte er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet, og er lønnsamt både for kommunen og samfunnet samla sett. Verdshelseorganisasjonen (WHO) vurderer foreldrestøtte som eitt av dei viktigaste førebyggjande tiltaka for å redusera vald, overgrep og omsorgssvikt. Alle barn og unge i Noreg skal ha dei same høva til utvikling – uavhengig av foreldra og familien sitt utgangspunkt. Dette følgjer av FNs barnekonvensjon og norsk lov.Alle barn og unge har rett til ein trygg oppvekst. Foreldre og andre omsorgspersonar spelar den viktigaste rolla i barns liv. Barn har krav på gode omsorgspersonar, og det er foreldra sitt ansvar å gi barna tryggleik, omsorg og kjærleik. Foreldre skal gi følelsesmessig støtte, sørgja for dei ulike behova til barna, og utvikla positive relasjonar til dei. Evna foreldra har til å yta omsorg, og samspelet mellom barn og foreldre, har mykje å seia for barns utvikling og korleis dei meistrar utfordringar i livet. Gjennom gode samspel med foreldra får barna eit trygt fundament å utvikla seg på – slik at dei kan leva gode liv, takla motgang og etter kvart klara seg sjølve.
Alle foreldre har behov for støtte og hjelp i foreldrerolla. Mange kan oppleva at foreldrerolla er utfordrande frå tid til anna, og utfordringane kan variere ut frå kvar i utviklinga barnet er.I alvorlege tilfelle kan utfordringar i foreldrerolla føra til omsorgssvikt og vald. Nemninga «1000 dagar» blir brukt om den viktige perioden frå unnfanging til barnet er to år. Denne omfattar mellom anna psykisk helse hos mor under svangerskapet og det første året etter fødsel.Foreldrestøttande arbeid er viktig for å førebyggja at utfordringar veks til alvorlege problem som rammar barnet, og er derfor ein sentral del av det valdsførebyggjande arbeidet. Stress i familien – som kjem av rusmiddelbruk, psykisk eller fysisk sjukdom, levekårsutfordringar som låg inntekt eller arbeidsløyse, eller svak tilknyting til arbeidslivet – kan påverka relasjonen mellom foreldre og barn. Barn og ungdom som opplever manglande omsorg eller belastningar i heimen, er utsette for å utvikla problem på andre område. Foreldreinvolvering er avgjerande.
Foreldrerolla og barnets tilknyting til omsorgspersonane
Den tidlege tilknytinga til barnets omsorgspersonar påverkar utviklinga vidare på fleire område gjennom livet, som til dømes:
- Sjølvbilde – kjensla av å ha ei verdi
- Opplevinga av å høyre til
- Psykisk helse
- Sosial og emosjonell kompetanse
- Noverande og framtidige relasjonar
- Korleis ein presterer i skulen eller i arbeidslivet
Vi veit at den absolutt viktigaste tida i barnets liv er dei tre fyrste leveåra. Då er hjernen mest formbar og utviklar seg i rekordfart. Born lærer mykje på kort tid, noko som legg grunnlaget for resten av livet. Er grunnlaget godt i desse åra, aukar sannsynet for god utvikling vidare. Det aller viktigaste for born i denne perioden er kommunikasjonen, relasjonen og samspela med omsorgspersonane rundt seg. Barn er heilt avhengige av omsorgsfulle vaksne som responderer på signala deira og hjelper dei med å takle utfordringar i livet. Barn treng å bli stimulerte, få hjelp til å regulere kjenslene sine og å oppleve nærleik, beskyttelse og trøyst. Foreldre eller andre med foreldrerolla er heilt essensielle i barnets liv, og spesielt i denne sårbare perioden (Meld. St. 6 (2019–2020) s. 22).
Familien er den viktigaste ramma rundt barns liv og utvikling. I familien skal barn få kjærleik, tryggleik til å vera seg sjølv, og støtte til å veksa og utforska verda på eiga hand. Her blir grunnlaget lagt for framtidig samfunnsdeltaking og for overføring av verdiar mellom generasjonar.. Omsorg og oppseding er kjernen i foreldreskapet. Ansvaret som ligg i foreldrerolla er tydeleg definert i barnelova kapittel 5, men foreldre/føresette har ulike føresetnader for å kunne følgje opp barna sine. Å støtta opp om familien som institusjon har derfor mykje å seia i det førebyggjande arbeidet.
Alle foreldre møter dilemma, vanskar og små og store kriser i kvardagen, på ferie, gjennom småbarns- og ungdomsfasar. Det er heilt naturleg å føla at ein ikkje alltid strekk til som forelder.
For somme er situasjonen meir alvorleg. Foreldre som ikkje maktar å gje barna sine det dei treng og har krav på, må få hjelp så tidleg som mogleg. Det er eit svik å la barn som har det vanskeleg i familien bli overlatne til seg sjølve. Ein barndom prega av utryggleik og stress hos foreldra kan få alvorlege og uopprettelege konsekvensar for barns helse og personlege utvikling. Det er ikkje utan grunn at Verdshelseorganisasjonen (WHO) tilrår foreldrestøtte som eitt av dei viktigaste verkemidla for å førebyggje vald, overgrep og omsorgssvikt
Tilsette i Sogndal kommune skal ha fokus på tidleg innsats, framheve ressursane hjå foreldre/føresette og gje støtte og oppfølging ved behov. Målet er at foreldre/føresette i størst mogleg grad skal vere i stand til å meistre foreldrerolla og leggja til rette for at born i Sogndal kommune får ein god oppvekst.
Me skal fremja god helse og førebygger negativ utvikling.
2.2 Kva er foreldrestøtte?
Med foreldrestøtte meiner vi alle typar støtte som kan hjelpa og styrkja foreldre i foreldrerolla.
Formålet er å:
- styrkja relasjonen mellom foreldra,
- styrkja relasjonen mellom foreldre og barn
- styrkja omsorgsvilkåra for barns oppvekst
Det foreldrestøttande arbeidet har som mål å gjera foreldre tryggare i rolla si, bidra til at dei blir gode omsorgspersonar, og førebyggja vald, overgrep og omsorgssvikt.
Kommunen har det overordna ansvaret for at det finst tilgjengelege foreldrestøttetiltak på alle førebyggingsnivå. Kommunen skal òg sikra samarbeid mellom ulike aktørar.
2.3 Nivå for tiltak: Universelle, selektive og indikative
Foreldrestøtte varierer i form og innhald – frå støtte frå eigen familie og uformelle nettverk, til råd, rettleiing og kunnskapsbaserte program i offentleg, frivillig og privat regi. Nokre former for foreldrestøtte er retta mot foreldre flest, medan andre tiltak er særleg tilpassa foreldre med spesifikke behov.
Tiltaka kan delast inn i tre førebyggingsnivå:
- universelle tiltak rettar seg mot alle foreldre.
- selektive tiltak rettar seg mot foreldre som strevar, eller har utfordringar som kan utvikla seg til større problem.
- indikative tiltak rettar seg mot foreldre med store og meir langvarige utfordringar.
Me kan gi effektive tiltak på ulike måtar
Døme: Ole (9) har ADHD. Ein kan gi tilbod direkte til Ole, ein kan gi foreldra støtte og rettleiing, og skulen kan få støtte for å møte behova hans.
Tilbod retta mot foreldra (foreldrestøtte)
Foreldrestøtte er tilbod som blir gitt direkte til foreldra eller den som har omsorga.
Tilbod retta mot system/fagpersonar
Modellar som er innretta mot å sikra god samhandling mellom instansar, som t.d. BTI (Betre tverrfagleg innsats).
Kompetansehevande tiltak er retta mot tilsette i tenester med ansvar for arbeid med barn og foreldra deira.
Tilbod retta mot barnet
Det finst mange tilbod, tiltak og program som blir retta direkte mot barnet i dei ulike instansane.
2.4 Arenaer for foreldrestøtte
Foreldrestøtte går føre seg på mange arenaer, mellom anna:
- i barnehagen og på skulen
- gjennom helsestasjon og skulehelsetenesta
- psykisk helseteneste for barn og unge
- via familievern og barnevern
3.0 Føresette til born og unge i Sogndal kommune skal få den støtta dei treng til å vere trygge og gode omsorgsutøvarar
3.1 Strategi 1: Føresette som treng hjelp, støtte og rettleiing skal oppleve “open dør” i tenestene i Sogndal kommune
Føresette som treng hjelp, støtte og rettleiing skal oppleve at det er enkelt å ta kontakt med tenestene i kommunen. Tiltaka skal senke terskelen for å søkje hjelp og styrke dialogen mellom føresette og fagpersonar. Vi veit at ein trygg og støttande vaksenperson er det viktigaste eit barn kan ha. Difor jobbar vi for å vere ein kommune der det er lett å be om hjelp – og lett å få hjelp.
I Sogndal kommune skal alle føresette få den støtta dei treng for vere trygge og gode omsorgsutøvarar. Me
3.2 Strategi 2: Sogndal kommune har universellførebyggande tiltak som virkar og gjev føresette best mogleg føresetnader for å meistre foreldrerolla.
Tilsette i Sogndal kommune skal ha fokus på førebygging, tidleg innsats, å framheva ressursane hjå foreldre og føresette, gje støtte og oppfølging ved behov. Målet er at foreldre og føresette i størst mogleg grad skal vere i stand til å meistre foreldrerolla, og leggje til rette for at born i Sogndal kommune får ein trygg og god oppvekst.
Sogndal kommune har etablert fleire universelle førebyggande tiltak som skal gje føresette best mogleg føresetnader for å meistre foreldrerolla. Desse tiltaka er tilgjengelege for alle familiar, og har som mål å styrkje tryggleik, meistring og samspel i kvardagen. Kommunen arbeider etter prinsippet om “open dør”, der føresette skal oppleve låg terskel for å ta kontakt med tenestene – anten det gjeld helsestasjon, barnehage, skule eller andre støttefunksjonar. Gjennom informasjon, rettleiing og dialog får føresette hjelp til å forstå barnet sine behov og utvikling, og til å finne gode løysingar i foreldrerolla. Tiltaka er ein del av kommunen sitt førebyggande arbeid, og skal bidra til å skape trygge oppvekstmiljø og styrkje samarbeidet mellom heim og offentlege tenester.
Universelle tiltak er tiltak som er retta mot alle foreldre – uavhengig av bakgrunn og utfordringar. Foreldrestøttande arbeid er eit døme på slike tiltak. Hjelp til foreldra er – viktigast av alt – ei utstrekt hand til barna.Foreldrestøttande tiltak er viktige for å hindre at utfordringar hos foreldre utviklar seg til alvorlege problem som går utover barna. Dette gjer foreldrestøtte til ein sentral del av det valdsførebyggjande arbeidet.
Universelle ordningar og tenester
Tenester og ordningar som helsehjelp før, under og etter svangerskap, barnehagetilbod og økonomiske støtteordningar til barnefamiliar er viktige for å gi alle barn ein god start i livet.Fastlegar og helsestasjons- og skulehelsetenesta har ei særleg viktig rolle i oppfølginga i svangerskapet, barselperioden og gjennom barne- og ungdomsåra.
Samordna innsats for familien
Helsestasjons- og skulehelsetenesta, fastlegar, NAV, barnevern, skular og barnehagar skal ha eit tydeleg familieperspektiv og god oversikt over dei tiltaka foreldre kan nytte seg av. God informasjonsflyt, samarbeid og samhandling mellom tenestene er avgjerande for at familiar får rett hjelp til rett tid.
Sogndal helsestasjon- og skulehelseteneste- universellførebyggande tiltak
Vordande foreldre møter jordmor i svangerskapet og får «si jordmor» som følgjer barnet og føresette fram til fødsel. Jordmor kan kople på andre tenester ved behov og sørgje for at foreldre får møte helsesjukepleiar, som skal følgje opp barnet etter fødsel, alt i svangerskapet.
Helsesjukepleiar følgjer opp barnet frå det kjem heim etter fødsel. Foreldre får «sin helsesjukepleiar» som følgjer barnet fram til 5-årsalder. Både jordmor og helsesjukepleiar kan kontaktast via jobbmobil eller digitalt gjennom Helsenorge.
Foreldre kan gjennom helsestasjonen få informasjon og råd om å søkje hjelp frå andre tenester i kommunen – til dømes fysioterapeut, kommunepsykolog, fastlege, koordinerande eining, barnehage, PPT, barnevern, familievernkontor, tannhelseteneste, psykisk helseteneste for barn og unge, eller barnekoordinator.
Helsesjukepleiar sørgjer også for gode overgangar og god samhandling mellom tenester.
Mange familiar har behov for fleire konsultasjonar enn det som er fastsett i helsestasjonsprogrammet. Ofte er helsesjukepleiar den som kjenner familien best, og som dei vender seg til ved behov. Samtidig er alle familiar ulike, og det er store forskjellar på kva ressursar dei har i seg sjølve og rundt seg, for å kunne meistre livet og foreldrerolla best mogleg.Tenesta følgjer opp mange familiar med ulike og samansette problemstillingar, som forseinka utvikling, åtferdsutfordringar, samlivsbrot, psykisk helse hjå føresette, undervekt, overvekt og samspelsutfordringar.
3.3 Tiltak
Gjennom to hovudstrategiar og tilhøyrande tiltak skal me sikre at hjelpa er tilgjengeleg, relevant og førebyggjande, og at Sogndal kommune arbeider målretta for å styrke føresette si rolle som trygge og gode omsorgsutøvarar.
Mål:
Føresette i Sogndal kommune skal oppleve støtte, rettleiing og hjelp i foreldrerolla gjennom tilgjengelege og samordna tenester.
Tiltak:
- Føresette som treng hjelp, støtte og rettleiing skal oppleve “open dør” i tenestene i Sogndal kommune. Det skal vere låg terskel for å ta kontakt, og føresette skal bli møtt med respekt, forståing og tilgjengelege fagpersonar.
- Sogndal kommune har etablert universelle førebyggande tiltak som verkar, og som gjev føresette best mogleg føresetnader for å meistre foreldrerolla. Dette omfattar mellom anna:
- Rettleiing og støtte frå helsestasjon og skulehelseteneste
- Foreldresamtalar og samarbeid i barnehage og skule
- Tilbod om foreldrekurs og temakveldar
- Tverrfagleg samarbeid gjennom BTI-modellen
Me skal:
Gjennom samarbeid mellom barnehagar, skular, helsestasjon og andre tenester skal vi tilby:
- Tidleg innsats, støtte og rettleiing i kvardagen
- Tenestene skal ha eit tydeleg familieperspektiv og god oversikt over dei tiltaka foreldre kan nytte seg av.
- Den viktige kvardagsstøtte i barnehage og skule
- Kurs og samtalegrupper for føresette
- Tilgang til lågterskeltilbod og møteplassar
- Individuell oppfølging ved behov
Heilskap og metodar i foreldrestøttearbeidet
- Lavterskeltilbod, kvardagssamtalar og kvardagstøtte utgjer grunnmuren i førebyggjande arbeid. Barnehage og skule skal vere trygge og lett tilgjengelege møteplassar for foreldre.
- BTI-modellen blir nytta som samhandlingsmodell for heilskapleg og effektiv oppfølging. BTI sikrar at barn og familiar får rett hjelp til rett tid gjennom tverrfagleg samarbeid og god koordinering.
- Ressursteam i kommunen fungerer som koordinerande og rådgjevande instans ved behov for meir omfattande tiltak.
- Det er eit mål at alle tenester samarbeider tett for å møte barna og familiane sine behov samla, og unngå silo-tenking.
- Foreldrenettverk
Ansvar: Barnehage, skule, helsestasjon, PPT og andre relevante tenester
Tidsrom: Kontinuerleg
Forventa effekt: Auka oppleving av støtte blant føresette, betre samarbeid mellom heim og tenester, og tidleg innsats for barn og familiar med behov.
Strategi 1: Føresette som treng hjelp, støtte og rettleiing skal oppleve “open dør” i tenestene i Sogndal kommune
Tiltak |
Organisering / Korleis får me det til |
Mål |
Resultat |
Synleggjere lågterskeltilbod som foreldrekafé, kurs og samlingar via nettside, sosiale medium og informasjon frå barnehage/skule. |
Ansvar: Psykisk helseteneste / Helsestasjon – Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen Hausten 2025 |
Gjere foreldrekafé, kurs og samlingar lett tilgjengelege og kjende for alle foreldre.
Auke deltakelse ved å tilby tydeleg, enkel og inspirerande informasjon.
Fremje eit inkluderande miljø der foreldre kjenner seg velkomne og trygge.
|
Auka kjennskap og deltaking på lågterskeltilbod blant foreldre.
Større inkludering og fellesskap i foreldremiljøet.
Foreldre opplever lett tilgang til støtte og kunnskap.
Positiv påverknad på barna sitt trivsel og oppvekstmiljø gjennom engasjerte foreldre.
|
Tenestene skal ha eit tydeleg familieperspektiv og god oversikt over dei tiltaka foreldre kan nytte seg av. |
Alle tenester som møter barn, unge, gravide og føresette |
Styrke familieperspektivet i alle relevante tenester, slik at barnet og familien vert sett som ein heilskap.
Sikre at foreldre lett finn og forstår kva for tiltak, kurs og tilbod som er tilgjengelege i kommunen.
Legge til rette for at tenestene samarbeider og formidlar samordna og oppdatert informasjon til foreldre.
Auke bruken av lågterskeltilbod gjennom betre synleggjering og tilgjengelegheit.
|
Foreldre gir tilbakemelding om at dei lettare finn fram til og forstår tilboda.
Auka interesse og førespurnad frå foreldre om kurs, samlingar og andre lågterskeltilbod.
Tenestene rapporterer om betre samarbeid og informasjonsflyt.
|
Etablere foreldrekafé som uformell møteplass med fagleg innhald. |
Ansvar: Psykisk helseteneste barn og unge Frå hausten 2025 |
Ansvar: Psykisk helseteneste barn og unge Frå hausten 2025
|
Ansvar: Psykisk helseteneste barn og unge Frå hausten 2025
|
Lågterskeltilbod helsestasjonen: Tilby samtalar (fysisk eller på telefon) ved behov |
Ansvar: Helsestasjonen – Kontinuerleg |
Gjere helsestasjonens samtaletilbod lett tilgjengeleg for foreldre og familiar.
Tilby fleksible samtaleformer (fysisk møte eller telefon) som tilpassar foreldra sine behov og livssituasjonar.
Støtte foreldra i utfordringar knytt til foreldrerolla, barnets utvikling og familiehelse gjennom lågterskel samtalar.
Fremje tidleg hjelp og førebygging ved å fange opp behov innan psykisk helse og trivsel.
|
|
Informere om tilbod ved faste kontaktpunkt som foreldremøte og helsekontrollar. |
Ansvar: Barnehage/skule/helsestasjon – Løpande |
Sikre at foreldre får informasjon om lågterskeltilbod og støtte ved faste og trygge møtepunkt.
Auke foreldra sin kunnskap om aktuelle tenester og korleis dei kan nytte seg av dei.
Styrkje dialogen mellom foreldre og fagpersonar gjennom planlagde møtepunkt.
Legge til rette for at foreldre opplever å bli møtt med relevant og tilpassa informasjon.
|
Informasjon om lågterskeltilbod blir systematisk delt på foreldremøte, helsekontrollar og andre faste kontaktpunkt.
Foreldre opplever å få relevant og forståeleg informasjon.
|
Tverrfagleg samarbeid (BTI-modellen) Opplæring i BTI-modellen til alle relevante tilsette |
Identifisere barn og familiar som kan ha behov for ekstra støtte. Drøfte saker i ressursteam og sikre god informasjonsflyt og samordna tiltak. Kople på andre tenester ved behov – t.d. helsesjukepleiar, PPT, psykisk helsetea |
Sikre tidleg og effektiv identifisering av barn, unge og familiar som treng støtte. Styrkje samarbeid og informasjonsdeling mellom ulike tenester for å gi heilskapleg hjelp. Gjere BTI-modellen til ein integrert arbeidsmetode i kommunen for betre oppfølging. Auke brukarinnvolvering og tryggleik gjennom tidleg dialog og samordna innsats.
|
Raskare og meir presis identifisering av behov hjå barn og familiar. Betre koordinering og mindre dobbeltarbeid mellom tenestene. Foreldre opplever større tryggleik og medverknad i oppfølginga. Redusert risiko for at barn og familiar fell utanfor hjelpeapparatet. Effektiv bruk av ressursar med betre målretta innsats.
|
Vere observant på behov for støtte og rettleiing i foreldrerolla, og ta initiativ til samtalar der det trengst. |
|
Sikre at tilsette i barnehage, skule og helsestasjon er merksemd på foreldra sine behov for støtte og rettleiing. Legge til rette for tidleg dialog og samtalar med foreldre for å styrkje foreldrerolla.
|
Tidleg oppdaging av foreldre som treng ekstra støtte. Auka dialog og tillit mellom foreldre og tilsette. Foreldre opplever større meistring og tryggleik i foreldrerolla. Forbetra samarbeid mellom heim og barnehage/skule/helseteneste.
|
Vere ein lågterskelarena der føresette opplever at det er "open dør" – det skal vere lett å ta kontakt. |
Vi skal vere tilgjengelege og lette å snakke med. Vi lyttar, viser respekt og tek bekymringar på alvor. |
Skape eit inkluderande og tilgjengeleg miljø der føresette føler seg velkomne og trygge til å ta kontakt. Sikre at foreldre opplever at det er enkelt å få kontakt med barnehage, skule eller helseteneste utan store tersklar. Legge til rette for tidleg dialog og støtte gjennom open og tilgjengeleg kommunikasjon.
|
Foreldre opplever større tillit og tryggleik i kontakten Auka bruk av lågterskeltilbod og tidlegare hjelp ved utfordringar. Forbetra kommunikasjon og samarbeid mellom foreldre og fagpersonar. Redusert risiko for at problem veks utan at foreldra får støtte. Positiv påverknad på barna sitt trivsel og utvikling gjennom støttande heim- og barnehagemiljø.
|
Vurdering rundt å kartlegge opplevd tilgjengelegheit blant føresette gjennom undersøkingar. |
Ansvar: Oppvekstadministrasjonen – Våren 2026 |
Ansvar: Oppvekstadministrasjonen – Våren 2026 |
Ansvar: Oppvekstadministrasjonen – Våren 2026 |
Jobbe ute på einingane: Arbeid med strategien «Open dør” – kva betyr det for oss i skule og barnehage |
Vi veit kven vi kan samarbeide med, og hjelper familiar vidare Opnar for dialog tidleg – små bekymringar kan vere starten på god støtte. Støtte og rettleier og viser veg – vi skal gi støtte der vi kan, og koble på andre tenester ved behov. Samarbeider godt internt og tverrfagleg – BTI gir struktur og tryggleik i samarbeidet. Føresette skal kjenne seg velkomne og trygge på at dei får støtte – når dei treng det |
Skape eit inkluderande og tilgjengeleg miljø der føresette føler seg velkomne og trygge til å ta kontakt. Sikre låg terskel for kommunikasjon og dialog mellom føresette og tilsette. Fremje tidleg støtte og rettleiing til familiar Auke tillit og samarbeid mellom heim og eining
|
Betre samarbeid og tillit mellom heim og barnehage/skule. Tidlegare oppdaging av behov for støtte i familiar. Auka deltaking i lågterskeltilbod og rettleiing. Positiv påverknad på barna si trivsel og utvikling gjennom styrka heim-institusjon-samarbeid.
|
Styrkebasert tilnærming: Vi ser etter det som:
|
Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen og andre tenester som møter barn, unge og familiar. |
Fokusere på ressursar og positive sider hjå barn, familiar og tilsette. Bygge vidare på det som fungerer godt for å styrkje meistring og motivasjon. Skape eit miljø der det positive i kvardagen blir synleggjort og løfta fram.
|
Eit meir inkluderande og støttande miljø i barnehage og skule. Redusert utfordringar knytt til åtferd og læring gjennom styrka sjølvkjensle og motivasjon. Foreldre og barn opplever auka trivsel og robustheit i kvardage
|
Arbeide med å få felles fagleg forståing:
|
Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen og andre tenester som møter barn, unge og familiar. |
Utvikle ein felles fagleg forståing blant alle tilsette som byggjer på behovsfokus framfor tenestefokus.
Sikre at observasjonar og signal blir brukt til målretta vurdering av risikofaktorar.
Leggje vekt på tidleg innsats framfor sein intervensjon for å betre resultat for barn og familiar.
Implementere ein heilskapleg tilnærming som reduserer risiko og styrkjer beskyttelsesfaktorar.
|
Auka kunnskap og forståing blant tilsette om behovs- og risikofokus.
Betre kvalitet i observasjonar og vurderingar.
Tidlegare og meir målretta innsats i saker som krev støtte.
|
Skular og barnehagar vert sentrale aktørar i å oppdage og følgje opp barn og familiar som treng støtte |
|
Gjere skular og barnehagar til nøkkelaktørar i tidleg identifisering av barn og familiar med behov for støtte.
Sikre god oppfølging og samarbeid mellom skule, barnehage og andre relevante tenester.
Styrkje kompetansen hjå tilsette i å oppdage signal og handtere oppfølging på ein heilskapleg og samordna måte.
|
Fleire barn og familiar får tidleg og tilpassa hjelp.
Redusert risiko for langvarige problem og auka trivsel og utvikling hos barna.
Forbetring i samarbeid og koordinering mellom ulike aktørar i kommunen.
|
Foreldrenettverk: nettverk som legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med barna i barnehagen eller i klassen. |
Vidareføring i Sogndalsbarnehagen og Sogndasskulen |
Skape trygge og inkluderande nettverk der foreldra blir betre kjende med kvarandre. Styrkje relasjonar mellom foreldra og mellom foreldra og barna i barnehagen eller klassen. Fremje eit godt samarbeid og sosialt fellesskap som støttar barna si trivsel og utvikling.
|
Styrka sosialt nettverk som kan gi støtte i foreldrerolla. Positiv påverknad på barnas trivsel og inkludering gjennom betre samarbeid mellom heim og institusjon. Eit levande og støttande foreldremiljø som bidreg til eit godt miljø for barna.
|
Strategi 2: Sogndal kommune har universellførebyggande tiltak som virkar og gjev føresette best mogleg føresetnader for å meistre foreldrerolla.
Alle føresette skal få tilgang til kunnskap og verktøy som styrkar foreldrerolla og førebyggjer utfordringar i familien.
Tiltak: |
Organisering / Korleis får me det til |
Mål |
Resultat |
Implementere Trygghetssirkelen i barnehage |
Oppstart: planleggingsdag august 2205 Ansvar: Kommunepsykolog – Sogndalsbarnehagen |
Styrke barna si tryggleik og tilknyting til omsorgspersonar i barnehagen.
Auke kompetansen til personalet i å tolke og møte barna sine emosjonelle behov.
Skape eit trygt og støttande miljø som fremjar utforsking og læring hos barna.
|
Auka merksemd hos tilsette om barna sine følelsesmessige behov.
Betre observasjon og refleksjon rundt barna sine signal.
Betre relasjonar mellom barn og vaksne i barnehagen. |
Universelle førebyggande tiltak som verkar i Sogndasbarnehagen og Sogndalsskulen |
Vi tilbyr god informasjon, gode overgangar og føreseielegheit Vi jobbar for trygge relasjonar og tett samarbeid med føresette – frå første møte. Vi set inn støtte tidleg – før utfordringar veks seg store. Vi gir foreldra verktøy og støtte til å meistre kvardagen. |
Fremje tryggleik, inkludering og trivsel blant alle barn og elevar.
Forebygge mobbing, psykiske vanskar og fråvær gjennom tidleg innsats.
Styrke samarbeidet mellom heim, barnehage/skule og helsetenesta for å sikre heilskapleg oppfølging.
|
Auka bevisstheit og kompetanse hos tilsette om førebygging og inkludering. |
Tilgjengelege digitale ressursar:
|
|
Styrke det førebyggjande arbeidet gjennom bruk av digitale verktøy |
|
Gjennomføre oppstartssamtalar med alle nye foreldre |
Sogndalsbarnehagen Sogndalsskulen |
Skape ein god og tillitsfull relasjon mellom foreldra og barnehage/skule. Gi foreldra informasjon om barnehagen/skulen sin kvardag, verdiar og tilbod. Få innsikt i barnet sitt behov, interesser og bakgrunn. Sikre at foreldra føler seg trygge og inkluderte i overgangen for barnet. Kartleggje eventuelle særlege behov eller utfordringar tidleg |
Foreldra føler seg trygge og godt informerte om barnehage-/skuledagen og rutinar.
Skapt ein god og tillitsfull relasjon mellom foreldra og personalet.
Tidleg avdekking av barnets behov, interesser og eventuelle utfordringar.
|
Utvide ICDP-tilbodet til foreldre til ungdom
|
Ansvar: / Psykisk helse – Vår 2026 |
Ansvar: / Psykisk helse – Vår 2026 |
Ansvar: / Psykisk helse – Vår 2026 |
Temasamlingar for føresette til ungdom om skjermbruk, stress, kosthald og psykisk helse. |
Ansvar: Frisklivssentralen / Psykisk helse – Frå hausten 2025 |
Ansvar: Frisklivssentralen / Psykisk helse – Frå hausten 2025 |
Ansvar: Frisklivssentralen / Psykisk helse – Frå hausten 2025 |
Foreldrenettverk |
Implementering og vidareføring i barnehage og skule Meir informasjon finne du her :Foreldrenettverk — Robuste barn |
Auke foreldreinvolvering og styrkje samarbeidet mellom heim og barnehage/skule.
Skape ein arena for foreldre til å dele erfaringar og støtte kvarandre.
Fremje eit inkluderande, trygt og godt oppvekstmiljø for barna.
Heve foreldra si kompetanse på relevante tema som oppvekst, psykisk helse og digital tryggleik.
|
Auka engasjement og deltakelse frå foreldra i barnehage-/skulelivet.
Styrka nettverk og sosial støtte blant foreldre.
Foreldra opplever større tryggleik og meistring i foreldrerolla.
Positiv påverknad på barna sitt trivsel, tryggleik og utvikling gjennom ein støttande heim- og skulekultur.
|
4.1 Helsestasjons- og skulehelsetenesta
Helsestasjonen i Sogndal kommune er ein sentral del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn, unge og føresette. Gjennom tilbod som helsestasjon for barn 0–5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom, får familiar tilgang til lågterskel rettleiing, oppfølging og støtte. Målet er å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling, og å avdekke behov for vidare hjelp på eit tidleg tidspunkt. Helsestasjonen tilbyr samtalar, heimebesøk, vaksinasjonar og foreldrekurs, og er ein trygg stad der føresette kan få støtte i foreldrerolla. Tenesta arbeider etter prinsippet om “open dør”, og samarbeider tett med barnehage, skule og andre kommunale tenester gjennom BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats) for å sikre heilskapleg oppfølging av barnet og familien
Tenesta tilbyr planlagde helsekontrollar, rettleiing og oppfølging, og har som mål å:
- førebyggja sjukdom
- fremme god fysisk og psykisk helse
- jamne ut sosiale helseforskjellar
- avdekkja, førebyggja og forhindre vald, overgrep og omsorgssvikt
Eit viktig mål er også å fremme helsekompetanse og eigenmeistring hos både barn, ungdom og foreldre, slik at dei er betre rusta til å ta gode val og møte livets utfordringar.
Helsestasjon – eit lågterskeltilbod for barn 0–5 år og deira føresette.
Kjerneoppgåver ved helsestasjonen
Samspel og grensesetting:
Helsesjukepleiar observerer samspel mellom barn og foreldre, og spør om omsorg og grensesetting. Det vert samtala om korleis foreldra reagerer når barnet græt, og korleis dei handterer krevjande situasjonar.
Trøyst og omtale:
Fokus på korleis foreldra snakkar til og trøystar barnet, og på kvaliteten i relasjonen og tilknytinga mellom foreldre og barn gjennom fleire konsultasjonar.
Foreldra si helse:
Den psykiske helsa til foreldra blir kartlagt, spesielt på 6-vekerskontrollen, der EPDS-skjema blir brukt. Informasjon blir gitt om korleis foreldres psykiske helse påverkar barnet.
Rus og alkohol:
Foreldra blir spurt direkte om rusmiddelbruk og informert om skadeverknader dette kan ha for barnet. Ved mistanke om rusproblem blir vidare oppfølging vurdert.
Psykisk helse:
Det er tett samarbeid med psykisk helseteam. Ved behov kan foreldre bli tilvist til psykolog eller psykiatrisk helsesjukepleiar. Samtalar inkluderer trivsel i permisjon, nettverk og fritidsaktivitetar.
Tillit og samarbeid:
Det vert lagt vekt på å bygge tillit til foreldra for å sikre open dialog og samtykke til eventuell vidare oppfølging. Målet er at foreldra skal oppleve samarbeid – ikkje vurdering.
Samarbeid med barnehage og skule:
Ved bekymringar for barnet sitt miljø i barnehage eller skule blir det etablert samarbeid med aktuelle aktørar (styrar, lærar, pedagogisk leiar, sosiallærar). Målet er å finne gode løysingar.
Heile barnet og familien:
Helsesjukepleiar ser heile familien. Det kan også inkluderast samtalar om økonomi og tilgang på nettverk. Informasjon om støtteordningar gjennom NAV, hjelpemiddelsentralen, Røde Kors og Frivilligsentralen blir gitt ved behov.
4.2 Sogndalsbarnehagen
Barnehagen er ein viktig arena for tidleg innsats og foreldrestøtte og er ein del av det universelle førebyggande arbeidet, der føresette møter trygge, kompetente og tilgjengelege vaksne. Gjennom dagleg kontakt, foreldresamtalar og samarbeid med andre tenester, skal barnehagetilsette bidra til å styrkje føresette si meistring i foreldrerolla. Barnehagen skal vere ein stad der det er lett å be om råd, stille spørsmål og få støtte – uavhengig av utfordringar. Med låg terskel og “open dør”-haldning skal barnehagen vere ein del av eit heilskapleg system som ser heile familien og samarbeider for barnet sitt beste.
Tryggleikssirkelen som verktøy for å fremje tilknyting
Frå hausten 2025 vil tilsette i Sogndalsbarnehagen nytte Tryggleikssirkelen aktivt i det daglege arbeidet. Tilsette i barnehagen er viktige vaksenpersonar for barna medan dei er i barnehagen, og deira relasjon til barna spelar ei sentral rolle i utviklinga av trygg tilknyting. Tryggleikssirkelen er ein modell som viser korleis barn veks gjennom tryggleik og utforsking. Barn treng ein trygg vaksen som gir støtte når dei treng trøyst, og som samstundes oppmuntrar dei til å utforske verda rundt seg. Den vaksne skal vere større, sterkare, klokare og god – ein trygg base barnet kan vende tilbake til. Sirkelen hjelper vaksne å forstå og møte barns emosjonelle behov på ein varm og støttande måte.Modellen hjelper vaksne å forstå korleis dei best kan støtte barnet i desse to dimensjonane av tilknyting. Å møte barna sine behov for både nærleik og fridom til å utforske, legg grunnlaget for god utvikling og trygg identitet.
Barnehagetilsette kan nytte Tryggleikssirkelen som eit verktøy i samtalar med foreldre og føresette for å fremje forståing av barns emosjonelle behov. Ved å forklare modellen på ein enkel og varm måte, kan dei hjelpe foreldre til å sjå kor viktig det er å vere ein trygg base for barnet – både når barnet treng trøyst og når det vil utforske verda. Gjennom foreldresamtalar, foreldremøte eller rettleiing kan tilsette bruke sirkelen til å styrkje samarbeidet mellom heim og barnehage, og bidra til å byggje trygge relasjonar rundt barnet. Dette kan også førebyggje misforståingar og skape eit felles språk for å snakke om barns utvikling og behov.
Ved å rettleie føresette i bruk av tryggleikssirkelen, bidreg vi til auka foreldrekunnskap og til å styrke det viktige samspelet mellom barn og føresette. Dette gir eit godt utgangspunkt for livslang meistring og trygg tilknyting.
Eit styrkebasert fokus
I Sogndalsbarnehagen skal vi ha eit styrkebasert fokus. Det betyr at tilsette legg vekt på å sjå og løfte fram det som fungerer godt i relasjonen mellom barn og vaksne – både i barnehagen og heime. Ved å bruke Tryggleikssirkelen som ramme, kan dei tilsette støtte foreldre i å bli meir medvitne om eigne styrkar som omsorgspersonar, og hjelpe dei til å byggje vidare på desse. I møte med foreldre vert det lagt vekt på anerkjenning, samarbeid og felles forståing av barnet sine behov, slik at både barn og vaksne opplever meistring og tryggleik i kvardagen.
Arbeidet med tryggleikssirkelen i Sogndalsbarnehagen skal ha eit styrkebasert fokus. Det betyr at vi skal :
- Sjå etter det som fungerer
- Løfter fram barn og foreldres ressursar
- Byggjer vidare på det som allereie er bra
Gjennom anerkjennande kommunikasjon og vektlegging av relasjonar vil vi bidra til at både barn og vaksne opplever meistring, tryggleik og trivsel.
4.3 Sogndalsskulen
Skulen har ei viktig rolle i det universelle førebyggande arbeidet retta mot familiar og føresette.Som ein sentral arena i barn og unge sitt daglege liv, er skulen godt posisjonert til å fange opp behov og bidra til tidleg innsats. I Sogndal kommune skal skulen vere ein aktiv del av det tverrfaglege samarbeidet, og bidra til at føresette opplever ei “open dør” inn til støtte og rettleiing. Gjennom foreldresamtalar, informasjonsmøte, samarbeid med helsesjukepleiar og andre tenester, kan skulen styrkje føresette si meistring i foreldrerolla. Skulen skal møte føresette med respekt og anerkjenning, og bidra til å byggje tillit og tryggleik – slik at både barn og vaksne får gode føresetnader for utvikling og læring.
Skulen spelar ei viktig rolle i å støtte foreldre og føresette i deira omsorgsrolle.Foreldrestøtte i skulen handlar om å byggje eit godt samarbeid mellom heim og skule, der begge partar arbeider saman for å fremje barnet si trivsel, læring og utvikling. Skulen kan vere ein viktig arena for å styrkje foreldra si rolle gjennom informasjon, rettleiing og dialog. Dette kan skje gjennom foreldresamtalar, temakveldar eller møtepunkt der foreldre får høve til å dele erfaringar og stille spørsmål. Gjennom godt samarbeid og open dialog kan skulen bidra til å styrkje foreldra si forståing av barnet si utvikling og behov. Foreldrestøtte i skulen handlar om å møte foreldre med respekt, anerkjenne deira innsats og byggje vidare på det som fungerer. Ved å tilby støtte, rettleiing, foreldresamtalar og felles møtepunkt er skulen ein viktig ressurs for å skape trygge og støttande rammer rundt barnet – både heime og på skulen.
Eit godt samarbeid med føresette kan også bidra til å fange opp utfordringar tidleg og finne løysingar saman, til beste for barnet. Skulen si rolle i foreldrestøtte er sentral, særleg når føresette har behov for hjelp, støtte eller rettleiing. I Sogndal kommune skal føresette oppleve at det er låg terskel for å ta kontakt – ei “open dør” inn til tenestene. Skulen skal vere ein trygg og tilgjengeleg samarbeidspartnar som ser heile barnet, og som aktivt bidreg til å fange opp behov og formidle vidare støtte der det trengst. Gjennom tett samarbeid med andre kommunale tenester, som helsestasjon, PPT og barnevern, kan skulen vere ein viktig inngangsport til rett hjelp til rett tid. Dette krev at tilsette i skulen har kompetanse og system for å møte føresette med respekt, lyttande haldning og vilje til samarbeid.
5.1 Samhandlingsmodell som viser arbeidet på kommunenivå, tenestenivå og individnivå
For at innbyggjarar og tilsette i Sogndal kommune skal ha tilgjengeleg informasjon om korleis kommunen jobbar heilskapleg med tenester for born og unge er det utarbeidd ein samhandlingsmodell som viser arbeidet på kommunenivå, tenestenivå og individnivå.
5.2 Samordna innsats- gode kommunale tenester og system- BTI modellen
Gode kommunale tenester skal bidra til at innbyggjarane får overskot og rom til å leva gode liv. Godt førebyggjande arbeid har som mål å sikra gode oppvekstvilkår og å hindra problemutvikling.Samtidig veit vi at ikkje all motgang og alle vanskar kan førebyggjast. Difor må kommunen ha gode system for å fanga opp når nokon ikkje har det bra. Då skal det vera lett å få hjelp – og hjelpa skal komma tidleg og med god oppfølging.
Kompetente tilsette – eit lag rundt barn og deira familie
Førebygginga skal starte allereie i mors liv og vare livet ut, og er alle dei kommunale tenestene sitt ansvar. Det betyr at helsestasjons- og skulehelsetenesta, barnehagane, skulane, PP-tenesta og resten av det kommunale støtteapparatet må danne eit lag rundt barnet, ha gode rutinar for samhandling og samarbeid, vere rusta til å fange opp sårbare barn og setje inn tiltak tidleg.
Tverrfagleg samarbeid, kunnskap om kvarandre sine tenester, tillit på tvers av sektorane, og ein kultur og vilje til å finna gode løysingar i den enkelte situasjonen – dette er avgjerande faktorar for at kommunen byggjer eit sterkt og støttande lag rundt barnet og familiane.
Ressursteam
Målet med ressursteam er å bidra til at barn som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging, stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp. Ressursteama skal gjere det enklare å ta kontakt for råd og rettleiing før vanskane vert for store, og gjere hjelpetenestene meir synlege for samarbeidspartnarar og brukarar.
Frå kunnskap til handling hos tilsette som arbeider med barn og unge - Tidleg innsats og identifisering – tiltak og oppfølging
Tidleg innsats handlar om å arbeide systematisk for å førebyggje utfordringar hos enkeltpersonar eller grupper, og å setje inn tiltak straks utfordringar vert avdekte.
Tidleg innsats må basera seg på (Imenes, A-K., 2023):
- Kjennskap til risiko- og beskyttelsesfaktorar
- Vurdering av kvaliteten i samspel mellom føresette
- Kunnskap om barns utvikling og milepålar
- Vurdering av føresette si fungering
- Samarbeidsstrukturen i Sogndal kommune= BTI- Betre tverrfagleg innsats
5.3 BTI – Betre tverrfagleg innsats i Sogndal kommune
Sogndal kommune har innført BTI-modellen for arbeid med gravide, familiar, barn og unge. Modellen omfattar utfordringar av ulik art og alvorlegheitsgrad, og legg til rette for god oppfølging – der det er tenleg også tverrfagleg samarbeid.
Felles kjenneteikn for all oppfølging:
- Tydelig systematikk i utvikling, utprøving og evaluering av tiltak
- Brukarmedverknad – barnet, ungdommen og føresette skal alltid involverast
- Samarbeid på tvers av tenester – utan brot i oppfølginga
BTI-modellen skal bidra til:
- Tidleg innsats
- God koordinering mellom tenester
- Kvalitetssikra samhandling
- Felles forståing og kompetanseløft for tilsette
BTI stiller krav om at alle tilsette som møter gravide, barn, unge og føresette, kjenner til og nyttar dei felles rutinane for å gå frå bekymring til handling. Dette blir støtta av handlingsrettleiaren i BTI. For å sikre at barn og unge blir sett, høyrt og får rett hjelp til rett tid, er det avgjerande med god organisering og tydeleg rolle- og ansvarsfordeling mellom aktørane.I Sogndal kommune følgjer vi prinsippa i BTI-modellen – som legg til rette for systematisk og koordinert samarbeid mellom tenestene rundt barnet. BTI-modellen viser steg for steg korleis tilsette skal gå fram når det oppstår bekymring for eit barn, ein ungdom, ein føresett eller ein familie.
BTI i praksis
BTI-rettleiar gir ein felles metodikk for tidleg identifisering, oppfølging og samordna innsats for barn og unge med behov for ekstra støtte. Gjennom BTI sikrar vi trygg og effektiv informasjonsflyt mellom barnehage, skule, helsestasjon, PPT, barnevern og andre relevante tenester.Alle partar har eit ansvar for å handle raskt og målretta, slik at utfordringar blir fanga opp før dei utviklar seg vidare.
Rolle- og ansvarsfordeling:
- Barnehage og skule: Observerer og fangar opp behov, og tek kontakt med aktuelle støttetenester via BTI.
- Støttetenester: Yter spesialisert bistand og gir råd til barnehage, skule og familiar.
- Føresette: Skal involverast aktivt i oppfølginga og vere samarbeidspartnarar i tiltaksarbeidet.
- Leiarar: Har ansvar for opplæring i BTI, å sikre tid og ressursar til tverrfagleg arbeid, og at rettleiar vert brukt.
🔗Handlingsrettleiaren i BTI-modellen: sogndal.betreinnsats.no
Handlingsrettleiaren fungerer som ei felles oppskrift for korleis ein går fram ved bekymring, og korleis ein sikrar koordinert samarbeid utan brot. Symbolet for BTI – puslespelbrikka – illustrerer koordineringsansvaret, også kalla stafetthaldaren, som bind saman dei fire nivåa i modellen og sikrar kontinuitet i oppfølginga.

For å lukkast med BTI og stafettloggen må følgjande vera på plass:
- Det må setjast av tid og ressursar til opplæring og implementering i både oppvekst, helse og kultur
- Nettsidene må alltid ha oppdatert informasjon og nødvendige verktøy tilgjengelege
- Leiarar må ha eit tydeleg ønskje om, forventing til, og leggje til rette for tverrfagleg samarbeid
- Søk opp “Drift av BTI og stafettlogg- rutinar, rolla og ansvar for leiarane” i kvalitetssystemet TQM for tilgang til prosedyre eller trykk på lenka under.
6.1 Vurdering av behov og vidare retning: DUÅ, COS, ICDP og lågterskeltiltak
Familiestøtte i Sogndal kommune – satsing med støtte frå Bufdir
Sogndal kommune har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for å styrke det familiestøttande arbeidet i kommunen. Tilskotet gjeld for ein treårsperiode og er forankra temaplanen Saman samtidig. Satsinga omfattar fire tiltak: DUÅ, COS, ICDP-rettleiing og foreldrekafe, og har som mål å gi føresette betre støtte og verktøy i foreldrerolla.
Tiltaka i satsinga:
DUÅ – Dei utrulege åra
DUÅ er eit utviklingsstøttande, førebyggande og behandlande program for barn og føresette, med særleg fokus på barn med åtferds- og sosiale vanskar.
- Målgruppe: Familiar med barn frå 3-årsalder (0–5 år).
- Forankring: Helsestasjonen.
- Tilskotet skal gå til sertifisering av helsesjukepleiarar og gjennomføring av kurs, i tråd med kapasitet.
COS – Circle of Security
COS er eit foreldrekurs som skal hjelpe foreldre å forstå og møte barn sine behov for tryggleik og tilknyting, gjennom bruk av "tryggleikssirkelen".
- Målgruppe: Foreldre med små barn.
- Forankring: Barne-, ungdoms- og familiestøtte i helsestasjonen, samt utvalde barnehagar.
- Midlane vil bli nytta til sertifisering og implementering av kurset.
ICDP – Internasjonalt barneutviklingsprogram
ICDP er eit helsefremjande og førebyggande program som styrker omsorgskompetansen hos foreldre og andre omsorgsgivarar.
- Målgruppe: Familiane i introduksjonsprogrammet og etter kvart alle familiar med behov.
- Forankring: Barne- og familietenestene.
- Tilskotet vil bli brukt til å utvide tilbodet og utdanne ein ny rettleiar.
Foreldrekafe
Foreldrecafeen er ein møteplass for føresette der ein kan dele erfaringar, støtte kvarandre og få informasjon om andre støttande tiltak i kommunen.
- Målgruppe: Føresette til ungdomsskuleelevar.
- Forankring: Livsmeistringsprosjektet i samarbeid med Luster kommune.
- Fokuset vil vere på foreldrerolla, nettverksbygging og styrking av foreldrekompetanse.
Mål for satsinga
Gjennom desse tiltaka ønskjer Sogndal kommune å:
- Styrke foreldrerolla i ulike livsfasar.
- Gi tidleg støtte til familiar med utfordringar.
- Fremje god oppvekst og utvikling for barn og unge.
- Arbeide heilskapleg og tverrfagleg i tråd med planen Saman samtidig.
7.1 Frå plan til praksis – starten på eit langsiktig arbeid
«Alt heng saman med alt» – det gjeld også innsatsen for barn og unge i Sogndal kommune. I møte med barn og unge må vi sjå heilskapen: Barn lever ikkje liv i sektorar. Dei flyttar seg ikkje mellom barnehage, skule, fritid og heim med eigne “kapittel”. For dei er alt del av ein og same kvardag. Difor må også vår innsats vere samanhengande og koordinert – uavhengig av kven som har ansvar for tiltaka og oppfølginga.
Tre innsatsområde – eitt felles mål
Satsingsområda våre – førebygging av utanforskap, foreldrestøtte og arbeid mot vald og overgrep – er tre sider av og mot same mål: Å sikre ein trygg og god oppvekst for alle barn og unge i Sogndal. Tiltaksplanane er ikkje ei ferdig oppskrift, men eit startpunkt og rettesnor for det vidare arbeidet. Dei seier noko om kvar vi står, kva vi ønskjer å oppnå – og korleis vi kan kome dit.
Men ein plan i seg sjølv skaper ikkje endring, det er no det viktige arbeidet tek til.
Vi står ved starten på eit langsiktig arbeid med implementering og utvikling. Skal planane verke i praksis, må dei levandegjerast i kvardagen:
- i barnehagen, klasserommet og på fritidsarenaene
- i leiing, samarbeid og strukturar
- i haldningar, fagleg refleksjon og i møtet med barn, unge og føresette
Det krev forpliktelse, kontinuitet og ein felles innsats – på tvers av tenester, nivå og fagmiljø. Vi må arbeide systematisk, evaluere undervegs og justere kursen når det trengst.
Samarbeid er nøkkelen
Innsatsområda handlar ikkje berre om kva kvar eining skal gjere, men om korleis vi jobbar saman:
- Skulen må vite kva helsestasjonen gjer – og omvendt
- Kultur og frivillige lag må vere medspelarar, ikkje tillegg
- Barnevern, barnehagar, SFO, PPT og NAV må stå på same grunnmur: barnets beste
- Føresette må bli involvert – ikkje berre informert
Når vi jobbar saman – samtidig – får vi betre forståing, meir presise tiltak og færre barn som «fell mellom stolane».
Saman samtidig – for barn og unge
Å arbeide saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune er grunnlaget for alt førebyggande arbeid. Vi må gjere meir av det vi veit verkar – og vi må gjere det saman og samtidig.