Saman samtidig

Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune har tre prioriterte satsingsområde

  • Støtte til føresette
  • Motverke utanforskap
  • Førebygge vald og seksuelle overgrep

Eit overordna mål for det førebyggande arbeidet  er at det skal vera trygt og godt å veksa opp i  kommunen vår, og at alle barn og unge skal få den hjelpa dei treng. Barn og unge skal få oppleva tryggleik, tilhøyrsle, trivsel og meistring både i barnehage, skule og på fritida. For å lukkast i det førebyggjande arbeidet, må samarbeidet og samhandlinga mellom sektorar som har ei rolle og eit ansvar styrkast. 

 

Førebygging forankring

Denne tiltaksplanen vil ta for seg området «Motverke utanforskap».

1.1 Mål

Barn og unge i Sogndal kommune skal ha ein kvardag prega av deltaking og tilhøyrsle.

Prioriterte strategiar:

  • Alle barn og unge går i barnehage, skule og SFO der dei blir sett, høyrt og forstått
  • Alle barn og unge har tilbod om ein organisert aktivitet på fritida si
  • Sogndal kommune har innsikt til å systematisk styrkje beskyttelsesfaktorar mot utanforskap i utsette grupper: fleirkulturelle, flyktningar, arbeidsledige og låginntektsfamiliar

1.2 Nasjonale føringar

Offentlege myndigheiter er i stor grad einige om at førebygging av utanforskap er noko av det viktigaste me kan arbeide med for å sikre ein berekraftig velferdsstat. Ein god barndom er ei investering.

Viktige nasjonale mål er å sikre gode oppvekstmiljø som gir barn og unge tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. I tillegg må miljøa ha fysiske, sosiale og kulturelle kvalitetar som er i tråd med kunnskap om barn og unge sine behov.

1.3 Lokale utfordringar og moglegheiter – kunnskapsgrunnlag

Verda endrar seg raskt, og det krev at vi er førebudde på stadige omstillingar. Viktige utviklingstrekk er mellom anna globalisering, digitalisering, større krav til arbeidslivet, endringar i familierelasjonar og aukande sosial mobilitet. Innan oppvekstfeltet må vi legge til rette for gode tenester som gir barn og unge høve til å utvikla relasjonelle og faglege ferdigheiter. Dette gjer dei betre rusta til å møte vaksenlivet og framtidige krav. Sidan 2018 har Sogndal kommune arbeidd målretta med å byggje opp ei lokal «verktøykasse» for førebygging og tidleg innsats. Dei siste åra har vi styrkt dei kommunale einingane som arbeider med gravide, barn, unge og familiar, for å sikre betre samordning, samhandling og samarbeid mellom tenestene. Denne innsatsen skjer gjennom samhandlingsmodellen Betre tverrfagleg innsats (BTI).

 

1.4 Felles syn på born, læring og utvikling

Barn utviklar seg i samspel med omgjevnadene og lærer gjennom opplevingar og erfaringar. Dei har ressursar og rettar, og bidreg aktivt i eigne liv og i samfunnet. Alle barn treng å bli sett, høyrt og verdsett for å utvikle god sjølvkjensle og sjølvtillit. Foreldre og andre omsorgspersonar er dei viktigaste støttespelarane for at barn skal få dekka behova sine og utvikle seg. Barn er avhengige av gode relasjonar og omsorgsfulle vaksne som responderer på signala deira og hjelper dei å meistre utfordringar
(Meld. St. 6 (2019–2020), s. 22).Tilsette i kommunale tenester er nesten like viktige. Dei utgjer «laget rundt barnet» og har som hovudoppgåve å gje barn moglegheiter til å oppleve meistring og tru på eigne evner. Barnehage- og skulemiljøet er særleg viktig for læring, trivsel, utvikling og helse (Meld. St. 6 (2019–2020), s. 24).

 

1.5 Barn og unge sin oppvekst i ein heilskapleg samanheng – kunnskapstrekanten

Godt førebyggjande arbeid må starte tidleg og skje langsiktig. Gode fellesskapsløysingar gir eit inkluderande oppvekstmiljø. Ei av dei viktigaste utfordringane er å tenkje heilskapleg og å samordne innsatsen på tvers av fagområde. Det handlar ikkje berre om å løyse problem, men å fremje sunne barn og unge som meistrar framtidige utfordringar og risikoar. Dette krev heilskaplege planar som blir sette i verk. I Sogndal ønskjer vi å jobbe systematisk for å sikre at barn og unge har det trygt både heime, i barnehagen, på skulen og i fritida. Desse arenaene er sentrale for å dekke grunnleggjande behov for tryggleik, kjærleik, sosial og fagleg utvikling samt god helse. Slike beskyttelsesfaktorar gjer barn meir robuste i møte med belastningar seinare i livet. Det overordna målet for kommunen sin førebyggjande innsats vart vedteke i 2018 med innføringa av BTI-satsinga.

Barnet sitt behov i sentrum

Målsetjinga heng saman med kunnskapstrekanten, som viser at utviklinga til barn må sjåast i samanheng med både føresette sine ressursar og oppvekstmiljøet rundt. Den nedste sida i trekanten handlar om utviklinga til barnet – helse, læring, kjensler, åtferd og sosiale relasjonar.

Kunnskapsmodell 1

Skal vi lukkast, må vi jobbe styrkebasert.

Forsking viser at tiltak som gir meistring til barn og unge, motverkar utanforskap og vernar mot overgrep.

Det handlar om å:

  • identifisera styrkar
  • byggje vidare på det som fungerer
  • skape meistring og motivasjon

 

2.1 Inkluderande fellesskap og mangfald

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge omgjevnader, med gode levekår og høve til å utvikle seg i barnehagen, på skulen, i nabolaget og gjennom fritidsaktivitetar. Gode og tilgjengelege tenester innan helse, barnehage og skule bidreg til å skape like moglegheiter og reduserer sosiale forskjellar. Likevel er det mange barn og unge som har ein oppvekstsituasjon som gjer at dei opplever utanforskap. Barn og unge som manglar omsorg eller lever med store belastningar heime, har auka risiko for å utvikle problem på andre livsområde. Difor bør arbeidet med å skape gode oppvekstvilkår også i stor grad involvere føresette. Innsatsen for å førebyggje utanforskap og fremje inkludering i samfunns- og arbeidsliv må starte tidleg. Målet er at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, som legg grunnlaget for å bli sjølvstendige og trygge vaksne – med evne og vilje til å bidra i samfunnet og fellesskapet.

Omgrepet utanforskap blir ofte brukt om manglande sosial tilknyting til samfunnet. Det viser gjerne til situasjonar der enkeltpersonar eller grupper står utanfor fellesskapet til dømes ved å ikkje delta i arbeidslivet, vere utan utdanning, eller mangle språkleg og kulturell tilknyting (NTNU, u. å., forskingsgruppa "Oppvekst og utenforskap").

Å vere inkludert handlar om at alle barn skal oppleve at dei har ein naturleg plass i fellesskapet. Mangfald er ein styrke i oppvekstmiljøet. Det gjev barn moglegheit til å utvikle toleranse og respekt for at vi alle er forskjellige. Barnehage, skule og SFO er sentrale arenaer i dette arbeidet (Meld. St. 6 (2019–2020), s. 11). At kommunen legg til rette for mangfald og tek vare på ulikskapane, gir det beste utgangspunktet for å motverke utanforskap og fråfall frå utdanningsløpet. Dette er viktig for den enkelte – men òg for samfunnet som heilskap, også i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Barn og unge skal kjenne seg trygge og erfare at dei har ein verdi og ei stemme i heimen, barnehagen, skulen og lokalsamfunnet. Alle barn er forskjellige. Dei har ulik bakgrunn, interesser, erfaringar og føresetnader og dei utviklar seg i ulikt tempo.

3.1 Å førebyggje

Å førebyggje handlar om å styrkje beskyttande faktorar og redusere risikofaktorar rundt barnet og i samfunnet. Kunnskap om risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar er avgjerande når ein skal planleggje førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Det er viktig å kjenne til kva slags teikn og symptom sårbare barn og unge kan vise – men det må også vere klart at mange barn ikkje viser synlege teikn, eller at teikna kjem først etter lang tid(Helsedirektoratet, 2019; Imenes, A.K., 2023; Reinar et al., 2018).

Difor er det meir føremålstenleg å rette innsatsen mot barn og familiar der vi veit at det finst éin eller fleire risikofaktorar, eller der barnet høyrer til ei kjend risikogruppe. Vi må jobbe aktivt og systematisk for å styrkje vernefaktorane – gjennom tiltak som verkar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Førebyggjande innsats og gode tenester for å skape trygge familiar er viktig for å hindre utanforskap, og for å redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv.

Tidleg oppdaging, rask innsats og god oppfølging av utsette barn, unge og føresette er ein nøkkel for å fremje helse og trivsel i kommunen. Kommunen har eit overordna ansvar for å sikre dette.

Dei ulike tenesteområda i kommunen som arbeider med barn og unge har ansvar for tidleg oppdaging og oppfølging – og dette ansvaret ligg òg på kvar enkelt tilsett

Førebygging

For å jobbe førebyggjande må tilsette ha kunnskap om risikofaktorar og vernefaktorar, og kompetanse til å handle føremålstenleg når det er naudsynt.

3.2 Felles forståing

For å lukkast med førebyggjande arbeid, er det avgjerande at vi har ei felles og kunnskapsbasert forståing. Dette handlar om å utvikle ein kollektiv praksis og eit tankesett som støttar tidleg innsats og rett hjelp til rett tid.

Det viktigaste grepa er å gå frå:

  • tenestefokus til behovsfokus
  • observasjon av teikn og signal til ei meir målretta forståing av risikofaktorar
  • sein intervensjon til tidleg innsats
  • tilfeldige tiltak til ein heilskapleg tilnærming som reduserer risiko og styrker beskyttelsesfaktorar

 

Me må ha eit styrkebasert fokus

Ei felles fagleg forståing betyr òg å ta utgangspunkt i ressursane til barn, unge og familiar.

Å jobbe styrkebasert inneber å:

  • Sjå etter og byggje vidare på det som fungerer
  • Skape meistring og motivasjon
  • Løfte fram det positive i kvardagen

3.3 Beskyttelsesfaktorar

 

  1. At barn får hjelp til å fungere som jamgamle barn både kognitivt, språkleg, emosjonelt, sosialt og motorisk 
  1. At barn får hjelp til vennskap og kjenne seg som del av eit sosialt felleskap 
  1. At barn frå 8-års alderen har ein hobby eller fritidsinteresse som barnet kan oppleve meistring med 
  1. At barnet får hjelp til å tilpasse seg godt til barnehage og skule, innordnar seg rutinar, godtek grensesetjing, er sosialt inkludert og har aldersadekvate skulefaglege prestasjonar  
  1. At føresette har god omsorgsutøving 
  1. At føresette er godt integrert i samfunnet, er i jobb eller utdanning, og har eit sosialt nettverk

På denne sida finne du meir informasjon om beskyttelsesfaktorane: Saman samtidig (intranettside)

3.4 Risikofaktorar

  1. At barn vert utsett for skadeleg omsorg 
  1. At barn opplev alvorlege krenkingar 
  1. At føresette er emosjonelt utilgjengeleg for barnet 
  1. At føresette misbruk rusmidlar 
  1. At barn og føresette har store utfordringar med psykisk helse 
  1. At barn har utviklingsvanskar som ikkje vert forstått av dei vaksne, slik at dei kan få riktig hjelp 
  1. At barn oppheld seg i skadeleg psykososialt miljø i barnehage og skule  
  1. Utfordringar med levekår (manglar i bustadforhold, relativ fattigdom, multistressande miljø) 

4.1 Strategi 1: Alle barn og unge går i ein barnehage, skule og SFO der dei blir sett, høyrt og forstått

Barn treng trygge og kompetente vaksne

«Barn treng stabile relasjonar til kompetente, støttande og omsorgsfulle tilsette som ser behova deira, og gir respons på signala deira.»
(Meld. St. 15 (2022–2023))

Barn og unge tilbringer store delar av livet sitt i barnehage, skule og SFO. For å kunna trivast, læra og utvikla seg, må dei oppleva tryggleik, glede og meistring i kvardagen. Mange nok og godt kvalifiserte vaksne gir trygge rammer for læring og utvikling. Den viktigaste ressursen i barnehage og skule er dei vaksne, den trygge vaksne. Det er difor avgjerande med god relasjonell kompetanse hos dei tilsette i barnehage, skule og SFO. Gode haldningar og relevant kompetanse, både pedagogisk og relasjonell legg grunnlaget for at barn kan utvikla seg til trygge og robuste menneske. Rette haldningar og rett kompetanse, både pedagogisk og relasjonell, legg grunnlaget for at barn skal utvikla seg til trygge menneske. Dei vaksne som møter barn og unge gjennom store delar av dagen, har stor påverknad på trivselen og utviklinga deira. Trygge vaksne er større, sterkare, klokare og gode. Dei møter barna med eit ekte smil og ei open haldning. Barn og unge ønskjer vaksne som er interesserte i dei, som har lyst til å læra dei ting, og som forstår dei. Barn og unge er aktørar i eigne liv, men treng trygge vaksne som både set grenser og viser forståing.

 

Førebygging bilde 1

Eit inkluderande og helsefremjande miljø

Barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen har ei sentral rolle i livet til barn og unge, og eit ansvar for å fremja både fagleg og psykososial utvikling. God psykisk helse startar i miljø der barna trivst, opplever meistring og utviklar seg.

Samtidig veit vi at dårlege oppvekstvilkår og negativt skulemiljø kan ha alvorlege konsekvensar. Stress, mobbing og utfrysing er risikofaktorar for psykiske helseutfordringar, og kan føre til fråfall frå skulen. Mobbing er ein særleg alvorleg risikofaktor for psykiske plager og lidingar.

Difor er det viktig at dei vaksne skaper eit inkluderande fellesskap, der alle barn og unge kjenner seg verdifulle. Ved å forklara på ein måte som barna forstår, og tilby variasjon i aktivitetar og tilnærmingar, viser vaksne vegen til engasjement og deltaking. Høg kvalitet på opplæringa der alle finn sin plass i leiken og i eit læringsfellesskap som byggjer vennskap, samhald og forståing for kvarandre.

 

Tryggleik i overgangar og kvardagsmeistring

Mange barn og unge treng særleg støtte og tryggleik i overgangar, som frå barnehage til skule, eller mellom ulike skulesteg. Desse overgangane er viktige punkt for trivsel og utvikling, og det er viktig at det vert lagt godt til rette for at barn opplever kontinuitet og tryggleik. Einsemd og utryggleik aukar risikoen for fråfall, og det er difor viktig at barn og unge opplever kvardagar der dei vert sett, høyrde og forstått,

Meistring og positiv sjølvkjensle er heilt sentralt for læring, motivasjon og psykisk helse. Utvikling handlar om å meistra noko ein ikkje klarte i går, uavhengig av kva andre får til. Alle barn må få kjenna at dei er gode på noko kvar einaste dag.

Tidleg innsats og systematisk oppfølging

Tidleg innsats betyr både tidleg i livet, og rask respons når det oppstår vanskar. Barnehagar og skular skal fanga opp teikn på utfordringar og setja inn tiltak før vanskane får utvikla seg.

Sogndal kommune gir samanhengande tilbod frå helsestasjon til opplæring i barnehage og grunnskule. Kommunen følgjer kvart barn si utvikling tett, og set inn ekstra innsats raskt når det trengst. Relevante kartleggingsverktøy blir brukt der det er aktuelt.

Barnehagar og skular skal ta tak i læringsutfordringar tidleg. For elevar med særskilde behov skal det over kortare periodar leggjast til rette for intensiv opplæring, særleg i barnehage og 1.–4. trinn. Målet er at flest mogleg skal kunne følgja læringsarbeidet innanfor klassen sine rammer eller gjennom tilpassa opplæring.

Gjennom systematisk tverrfagleg samarbeid mellom opplæringsnivåa og med faginstansar, sikrar me tilgang til samla kompetanse og gode tenester. Kommunen har eit overordna ansvar for å sikra at alle barn og unge får den hjelpa og tilrettelegginga dei treng.

Like moglegheiter og livsmeistring for alle  

 

Førebygging bilde 2

Barnehagar og skular skal vera sentrale arenaer for å byggja like moglegheiter – uavhengig av foreldra sin bakgrunn. Me veit at vanskelege levekår kan påverka skulegang og deltaking. Difor skal barnehagar og skular i Sogndal ha ein sterk kultur for inkludering og tidleg innsats.

Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen skal sikra inkluderande fellesskap der ulike menneske og kulturelle ytringar vert møtt med respekt. Me skal arbeida for at alle barn og unge får moglegheit til god helse, god livskvalitet og livsmeistring.

Gjennom arbeidet i barnehage, skule og SFO vil dei tilsette også styrka samarbeid med foreldre og lokalsamfunnet slik at fleire barn får betre føresetnader for utvikling og læring.

Rolla til dei vaksne

Rolla til dei vaksne er å hjelpa barn til å meistra. Med god relasjonell kompetanse, tidleg innsats og eit inkluderande læringsmiljø legg me grunnlaget for at alle barn og unge skal få moglegheit til å trivast, læra og utvikla seg i ein trygg og støttande kvardag – der dei blir sette, høyrde og forståtte.

«Kids do well if they can»

4.1.1 Me har barnehagar og skular av høg kvalitet

Barnehagar og skular har eit stort potensial som førebyggjande og helsefremjande arenaer. Dette føreset at barnehagane og skulane er av høg kvalitet. Om barnehagane og skulane derimot har låg kvalitet, er dette ofte assosiert med større negativ effekt for barn i risikogrupper. Mellom anna er mobbing og manglande trivsel på skulen blant dei mest alvorlege risikofaktorane for utvikling av psykiske vanskar. Å sikre barnehagar og skular av høg kvalitet vert difor eitt av dei viktigaste helsefremjande og universelt førebyggjande grepa kommunen kan ta.

Forsking viser at måten me møter barn på og at me viser at me vil dei vel, er av avgjerande betyding. Sogndalsbarnehagen innfører Tryggheitssirkelen som eit pedagogisk verktøy for alle tilsette frå hausten 2025. Sogndalsskulen vil halda fram arbeidet med den autoritative vaksenrolla.

 

4.1.2 Me har høg kvalitet i Sogndalsbarnehagen

«Barnehagar med høg kvalitet verkar ofte som ein buffer mot risikofaktorar som sosial utstøyting og segregering. Det skjer ved at gapet i seinare skuleprestasjonar mellom barn frå ressurssvake og ressurssterke familiar vert mindre når barn frå ressurssvake heimar har gått i barnehage av god kvalitet.»
rapport-2011: Bedre føre var – psykisk helse, helsefremjande og førebyggjande tiltak og anbefalingar (lenkje)

Følgjande er kjenneteikn på barnehagar av høg kvalitet:

Pedagogisk innhald

  • Varierte aktivitetar og leikemateriale. Uteleik, naturopplevingar og erfaringar i nærmiljøet vert trekt fram.
  • Fokus på interaksjon og språk.
  • God balanse mellom frileik og vaksenstyrte aktivitetar.

Dei tilsette

  • Tilstrekkeleg utdanna, personleg eigna og stabilt personale.
  • God relasjon mellom barna og dei vaksne i barnehagen.
  • Dei tilsette i barnehagen har lett tilgang til rettleiing.
  • Godt samarbeid mellom dei tilsette, og mellom tilsette og foreldre.
  • Tilsette som er opptekne av barna sin trivsel og medverknad, og som kan ta barna sitt perspektiv

Organisering

  • Klar leiing og struktur på dagen.
  • Felles mål og retning for det pedagogiske arbeidet.
  • Høve til å ha mindre grupper, både for leik og aktivitet.
  • For dei minste barna i barnehagen (1-åringane) er det særleg viktig med stabile vaksne og ei tilvenning tilpassa barna sine behov

– rapport-2011: Bedre føre var – psykisk helse, helsefremjande og førebyggjande tiltak og anbefalingar (pdf)

4.1.3 Slik skal me få det til

Me  arbeider vidare arbeider med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis «Laget rundt barnet».

Målet er at alle barn skal oppleva eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehagen. Kompetanseløftet skal vera eit varig løft på det spesialpedagogiske feltet og bidra til at alle kommunar har tilstrekkeleg kompetanse tett på barna. Dette er viktig for å kunna førebyggja, fanga opp og gje eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle – inkludert barn med behov for særskilt tilrettelegging.

Me skal arbeida for gode overgangar  

(Sjå kvalitetssystemet for dokument)

Me har støttetenester tett på Sogndalsbarnehagen
At kompetansen som finst i støttetenestene er tett på barnehagane og skulane, er avgjerande for tidleg innsats og for at barn raskt skal få hjelp ved behov.

Tiltak og strukturar i arbeidet:

  • Ressursteam i barnehage og skule
  • Kompetanseløftet
  • Oversikt over kontaktpersonar for dei ulike tenestene til kvar einskild barnehage 

Aktuelle planar:

Plan for trygt og godt barnehagemiljø

 

4.1.4 Me skal ha høg kvalitet i Sogndalsskulen

Kvalitet i skulen handlar om fleire former for kvalitet. Fyrst og fremst tenkjer ein kanskje på den faglege kvaliteten i opplæringa, men det handlar òg om trivsel på skulen, tidleg hjelp og støtte – og sjølvsagt innlæring av fagkunnskap.

Utdanningsdirektoratet viser til sektormåla når dei snakkar om kvalitet i grunnskulen. Helsedirektoratet og Djupedalutvalet peikar på kor viktig miljøet er for å ha ein skule av høg kvalitet. Samanfattar ein desse perspektiva, kan ein peika på nokre sentrale kjenneteikn som fremjar kvalitet i grunnopplæringa:

 

Følgjande kjenneteiknar ein skule av høg kvalitet: (St.meld. nr. 6 (2019–2020): Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, udir.no )

Elevane

  • Elevane kjenner seg trygge og er del av eit positivt sosialt fellesskap med jamaldrande.
  • Elevane får høve til å utfalda seg og meistrar utfordringane dei møter.
  • Elevane opplever at foreldre og lærarar gjev dei hjelp ved behov.
  • Elevane kjenner fagleg meistring knytt til eige skulearbeid.

Dei tilsette

  • Dei tilsette har høg fagleg kompetanse.
  • Skulen har ei tydeleg leiing og struktur som gir retning.
  • Dei tilsette har ei felles forståing av mål og oppgåver.
  • Det er gode relasjonar mellom dei tilsette, mellom tilsette og elevar, og mellom tilsette og heimen.
  • Det er eit effektivt samarbeid mellom tilsette – og mellom tilsette og andre hjelpeinstansar utanfor skulen.

Aktuelle planar:

  • Plan for trygt og godt skulemiljø

Plan for grunnleggande fagleg oppfølging av elevar i Sogndalsskulen

https://tqm2.tqmenterprise.no/sogndal-kommune/Publishing/Document/LoadDocumentContent/64997?version=4&printMode=Original&forOL1=sogndal-kommune

 

4.1.5 Kva kan du som tilsett gjere?

Å sikre at barn og unge blir sett, høyrt og forstått, er avgjerande for deira trivsel, utvikling og medverknad i samfunnet. Her er nokre sentrale tiltak og prinsipp som kan bidra:

Relasjonsbygging

  • Trygge vaksne: Barn treng vaksne som er tilgjengelege, varme og interesserte. Skap eit miljø der barn kjenner seg trygge – både fysisk og emosjonelt.
  • Respekt og varme: Barn og unge skal bli møtt med respekt og varme.
  • Tid og nærvær: Å bruke tid saman og vise ekte interesse for barnet sin kvardag er grunnleggjande. Vis respekt og interesse for barna som enkeltindivid, lær namnet deira, still spørsmål og ver til stades i samtalar.
  • “Stille” stemmene: Sørg for at også dei "stille" stemmene får plass 

Aktiv lytting

  • Lytt utan å avbryte: Gje barnet rom til å uttrykke seg ferdig.
  • Anerkjenn opplevingane deira
  • Bekreft kjensler: Vis at du forstår og tek barnet sine kjensler på alvor, sjølv om du ikkje alltid er einig. "Eg ser at du blei lei deg. Det gir meining at du føler det slik."

Styrk barn og unges sjølvkjensle og sjølvbilete

  • Gje ros for innsats, ikkje berre for resultat.
  • Vis at meininga deira betyr noko, gjer det tydeleg for dei at du bryr deg om det dei seier.
  • Ver ein trygg vaksen som toler sterke kjensler utan å bli skremt eller avvisande.

Observer det uskrivne

  • Mange barn viser følelsar gjennom åtferd heller enn ord. Ver oppmerksam på kroppsspråk, endringar i åtferd eller humør.
  • Ta signal på alvor, eit stille barn kan ha mykje å formidle.

4.1.6 Slik skal me få det til :

Me skal arbeida for ein trygg skulekvardag. Ein trygg skulekvardag for alle elevar kan fremja helse og førebyggja negativ utvikling. Dette har vore, og skal framleis vera eit viktig fokusområde i Sogndalsskulen. 

Følgjande er felles for Sogndalsskulen:

  • Systematisk arbeid med klasseleiing
  • Bruk av program som Zippy’s venner, Eple og Passport
  • Bruk av pedagogiske verktøy frå nettsida Robuste barn
  • Bruk av fadderordningar, trivselsleiarar og anna organisering som skaper trivsel og aktivitetar i friminutta

Me skal fremja skulenærvær

Oppstart av arbeidet: Våren 2025

Me skal sikra gode overgangar mellom utdanningstrinna

Støttetenester tett på barnehage og skule

At kompetansen i støttetenestene er tett på barnehagane og skulane, er avgjerande for tidleg innsats og for at barn raskt skal få hjelp ved behov.

Tiltak som vert vidareførte:

  • Ressursteam
  • Kompetanseløftet
  • Oversikt over kontaktpersonar for dei ulike tenestene til kvar einskild skule

Me forsett arbeidet med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis – «Laget rundt barnet»

Målet er at alle elevar skal oppleva eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i skulen. Kompetanseløftet skal vera eit varig løft på det spesialpedagogiske feltet og bidra til at alle kommunar har tilstrekkeleg kompetanse tett på elevane. Dette skal sikre tidleg innsats og tilpassa pedagogisk støtte – også for elevar med særskilte behov.

Me fortsett arbeidet med elev- og læringssyn, vaksenrolla og kultur

Trygg vaksen = autoritativ vaksen

Forsking viser at måten me møter barn på, og at me viser dei at vi vil dei vel har avgjerande betydning. Sogndalsskulen vil halda fram arbeidet med den autoritative vaksenrolla.

Me har kompetente tilsette – “det støttande stillaset”

Dei tilsette er barn og unge sitt "støttande stillas". Gjennom gode relasjonar og trygge vaksne får barn og unge tilgang til tenester av høg kvalitet. Det er i samarbeid med desse vaksne at førebygging og tidleg innsats skjer. Før eller seinare møter barn og unge ei utfordring dei ikkje greier å løyse åleine. Då treng dei kognitiv og emosjonell støtte frå vaksne, slik at dei kan finne løysingar sjølve. Denne støtta skal fremja sjølvstendigheit, og etter kvart bli overflødig – fordi barnet har lært å meistre situasjonen.

Det er dette Jerome S. Bruner omtalar som det støttande stillaset.

Askland, L. & Sataøen, S. O. (2013). Utviklingspsykologiske perspektiv på barns oppvekst (3. utg.). Oslo: Gyldendal Akademisk.

 

4.1.6 Tiltak- oversikt i tabell

 

Tiltak  Mål  Ansvar   Status  Tidsramme  Forventa resultat 

Etablere faste møtetidspunkt for ressursteamet 

 

Barn som treng ekstra oppfølging får tidleg og god hjelp  Ressursteam i samarbeid med kontaktperson i PPT og helsesjukepleiar.  Etablert   Vår   Strukturert samarbeid og rask respons 
Utarbeide informasjon til tilsette og føresette om ressursteamet si rolle,  kontaktinformasjon   Gjera det enklare å ta kontakt for støtte,  råd og rettleiing  Ressursteamet i samarbeid med leiing  Barnehage og skuleåret 2025 -2026  Auka kjennskap og lågare terskel for kontakt 
Innføre rutinar for systematisk observasjon  

Tidleg identifisering av barn med behov 

 

Pedagogisk personale  Kontinuerleg   Tidlegare innsats og betre tilpassa tiltak 
Invitere til utvida ressursteam   

Gjera hjelpetenestene meir synlege 

 

Ressursteamet  Haust 2025 – Sogn barnevern fast med  Vert gjennomført kvar månad  Betre samhandling og heilskapleg hjelp 
Bruke styrkekartlegging og løysingsfokusert tilnærming i møte og tiltak  Arbeide styrkebasert i møte med barn og familiar 

Tilsette i barnehage og skule  

Ressursteam 

Kontinuerleg  Auka meistring og positiv utvikling hos barnet 
Nytta BTI-rettleiar og stafettlogg i alle aktuelle saker  Sikre god samhandling og dokumentasjon 

Ressursteam 

Tilsette i Sogndal kommune 

Ved behov og i pågåande saker  Strukturert og koordinert innsats rundt barnet 
Planleggje og gjennomføre opplæring i BTI og stafettlogg for tilsette i oppvekst, helse og kultur  Setje av tid og ressursar til opplæring og implementering av BTI og stafettlogg  Leiarar i dei ulike sektorane  Til dømes nytilsett dag  Felles forståing og rett bruk av verktøya 
Gjennomgå og oppdatere nettsider jamleg, og sikre at verktøy som stafettlogg er lett tilgjengelege 

Sikre oppdaterte nettsider og tilgjengelege verktøy 

 

Oppvekstadministrasjonen   Kvart kvartal  Brukarar og samarbeidspartnarar finn relevant og oppdatert informasjon 
Skape kultur for samarbeid gjennom forventningar, møteplassar og støtte til tverrfagleg arbeid 

Leiarar skal legge til rette for tverrfagleg samarbeid 

 

Leiarar i oppvekst, helse og kultur  Kontinuerleg  Styrka samhandling og betre koordinering av hjelpetiltak 
 Tilsette skal få opplæring i samtalemetodar som er tilpassa barn, unge og føresette. Tilsette har kunnskap om samtalemetoder og kompetanse på å snakke med barn, unge og føresette 

 

Rektor og styrar

I oppstart   Sikre at ansatte har nødvendig kunnskap og ferdigheter for å gjennomføre gode og trygge samtaler med barn, unge og deres foresatte.
 Gjennomføre opplæring i samtalemetodar rettet mot vanskelege tema og krevjande samtalesituasjonar

Å snakke med barn, ungdom, føresette om det som er vanskeleg 

 

 Rektor og styrar  Tilsette har auka kompetanse i å gjennomføre sensitive samtalar med barn, ungdom og føresette

 Arrangere opplæring og workshops om risiko- og beskyttelsesfaktorar, samt observasjon av teikn og signal.

 

Implementere praktiske øvingar og case-gjennomgangar for å trene på å gjenkjenne og vurdere teikn

Kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar/teikn og signal   Oppvekst  Tilsette har styrka kompetanse på å identifisere risiko- og beskyttelsesfaktorar hos barn og unge.

 Gi systematisk opplæring til tilsette i skular og barnehagar om beskyttelses- og risikofaktorar.

 

Tilby praksisnære kurs med fokus på observasjon og identifisering av desse faktorane.

Tilsette i skular og barnehagar skal ha kunnskap om og kunne identifisere beskyttelsesfaktorar og risikofaktorar som påverkar barns trivsel, utvikling og læring, for å kunne arbeide førebyggjande og fremje eit trygt og inkluderande miljø. 

 Oppvekst

Styrar 

Rektor 

 Tilsette i skular og barnehagar har god kunnskap om beskyttelses- og risikofaktorar som påverkar barns trivsel, utvikling og læring.

 

 Dei kan tidleg identifisere faktorar som kan påverke barna negativt, og setje inn tiltak for å støtte barna på rett tid.

 Tilby opplæring og kompetanseheving om beskyttelses- og risikofaktorar innan helse, tryggleik og meistring.

 

Gjennomføre praksisnære øvingar for å styrke evna til å identifisere og reagere på relevante faktorar.

Tilsette skal ha kunnskap om og kunne identifisere relevante beskyttelsesfaktorar og risikofaktorar for å fremje god helse, tryggleik og meistring i kvardagen. 

 Oppvekst

Styrar  

Rektor

 Tilsette har auka kunnskap om relevante beskyttelses- og risikofaktorar som påverkar helse, tryggleik og meistring.

 

 Dei kan identifisere desse faktorane tidleg og setje i verk tiltak for å støtte barn og unge i kvardagen.

 

Dette bidrar til betre helse, tryggare miljø og auka meistring for barn og unge.

 Informere og gi opplæring til tilsette om dei ulike tenestene for barn, unge, føresette og gravide i Sogndal kommune

Tiltak og tenester for barn og unge, føresette og gravide i Sogndal kommune. 

Kjenne til dei ulike tenestene i Sogndal kommune 

 Oppvekst

Styrar 

Rektor

 Tilsette har auka kunnskap om og tryggleik i bruk av kommunale tenester for målgruppa.

 

Tidlegare og meir målretta innsats ved behov for støtte og oppfølging til barn, unge og føresette

 Gjere Handlingsrettleiar og tilhøyrande verktøy lett tilgjengeleg for alle tilsette.

 

Gi opplæring i korleis rettleiar og verktøy skal brukast i praksis.

 

Integrere bruken av rettleiar og verktøy i dagleg arbeid for å sikre felles praksis

Handlingsrettleiar og tilhøyrande verktøy 

 Oppvekst

Styrar  

Rektor

Tilsette kjenner innhaldet i Handlingsrettleiar og kan bruke tilhøyrande verktøy målretta.

 

Lik praksis og tydelegare rutinar på tvers av tenester.

 

Tidlegare og meir samordna innsats i møte med barn, unge, føresette og gravide.

 

Auka kvalitet og effektivitet i arbeidet gjennom bruk av felles retningslinjer og arbeidsmetodar.

 Gi opplæring til tilsette om reglar og praksis rundt teieplikt og personvern.

 

Informere om korleis innhente og dokumentere samtykke frå barn, unge og føresette.

Teieplikt, samtykke og samhandling 

 Oppvekst

Styrar 

Rektor

 Tilsette har auka tryggleik i å handtere sensitive opplysningar i tråd med gjeldande lovverk.

 

 Raskare og tryggare samhandling mellom ulike instansar som arbeider med barn, unge og føresette.

 Gi opplæring til tilsette i bruk av den digitale stafettloggen (Visma Flyt Samspill). Ha kunnskap om stafettlogg og kjenne rolla som stafetthaldar og det som har betydning for gode prosessar i arbeidet (medverking). Opplæring i digital stafettlogg (Visma Flyt Samspill). 

Oppvekst

Styrar 

Rektor

 Tilsette har auka tryggleik og kompetanse i å bruke digital stafettlogg effektivt.

 

Klare ansvarsfordelingar og betre samhandling gjennom rolla som stafetthaldar.

Innføring av Tryggheitssirkelen i Sogndalsbarnehagen 

Vidareføring av fokus på den autorative vaksenrolla i Sogndalsskulen 

 

Å fremje positiv sosial utvikling og førebyggje negative handlingar og mobbing   Kommunepsykolog, leiar barnehage, styrar i kvar barnehage   Oppstart  Haust 2025  Auka trivsel og tryggleik blant barn og unge

Utarbeide felles retningslinjer som beskriv den autoritative vaksne si rolle og kva som forventast av alle vaksne i skule og barnehage. 

Skape ein kultur der varme, respekt og klare grenser er norm for all åtferd. 

Autoritative vaksenrolla 

Leiar skule

Leiar barnehage 

Tydlege forventningar og felles verdiar.

 

Tilsette fremjar eit trygt og forutsigbart miljø gjennom tydelige og omsorgsfulle relasjonar med barn og unge.

 

 Barn og unge opplever tryggleik og støtte, samtidig som dei lærer å forstå grenser og ansvar.

 Gjennomføre systematisk kompetanseheving for tilsette innan spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis – «Laget rundt barnet». 

 Oppvekst

Styrar  

Rektor 

 Tilsette har auka kompetanse i spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

 

 Barn får meir målretta og tilpassa oppfølging gjennom godt samansett tverrfagleg samarbeid.

 

Forbetra samhandling mellom ulike aktørar, som gir eit heilskapleg og trygt miljø rundt barnet.

 Informere alle tilsette om funksjon, mandat og rutinar for ressursteam på si eining og det kommunale BTI-teamet. Tilsette skal kjenne til rutinane til ressursteam på si eining, og det kommunale BTI-team 

Oppvekst

Styrar 

Rektor 

 Tilsette har god kjennskap til ressursteam og BTI-team, inkludert rutinar for samarbeid og bruk av tenestene.

 

Tidlegare og meir målretta oppfølging av barn og unge gjennom effektiv bruk av ressursteam og BTI-team.

 Gjennomføre opplæring for tilsette i BTI-rutinane som er dokumenterte i Sogndal kommune sitt kvalitetssystem (TQM). Kjenne til rutinane som er knytt til BTI arbeidet som ligg i kvalitetssystemet (TQM) til Sogndal kommune  

 Styrar  

Rektor

 Tilsette har god kjennskap til og forståing av BTI-rutinane i TQM-systemet.

 

 Einheitleg praksis og auka kvalitet i gjennomføringa av BTI-tiltak.

 

 Effektiv bruk av BTI-metodikken for tidleg innsats og samordna hjelp til barn, unge og familiar.

Vidareføre ressursteam som eit tverrfagleg tiltak  Sikre tidleg innsats og koordinert hjelp til barn med behov  Leiarar i oppvekst, helse og skule  Pågåande  Tidleg identifisering, betre samhandling og heilskapleg hjelp 

 

4.2 Strategi 2: Alle barn og unge har tilbod om ein organisert aktivitet på fritida si

Fritid og fritidstilbod

Ein viktig vernande faktor er at barn deltek i minst éin meiningsfull aktivitet frå om lag 8-årsalder. Deltaking i meiningsfulle aktivitetar bidreg til meistring, fellesskap og venskap. I tillegg veit me at fritidsaktivitetar og andre trygge arenaer kan vera ein fristad og eit pusterom for barn og unge som lever i ein utrygg heim, eller som er sårbare av andre årsaker.

Barn som ikkje deltek i fritidsaktivitetar har auka risiko for å utvikla psykiske helseplager, lågare skuletrivsel, færre vener og dei er meir utsette for mobbing (Meld. St. 13 (2018–2019), s. 143).

Frivillige lag og foreiningar – ein viktig samarbeidspartnar

Frivillige lag og foreiningar gjer ein stor innsats for å skapa og halda oppe eit variert fritidstilbod for barn og unge. Her får barn og unge prøva ut ulike aktivitetar, verta kjende med andre barn og unge, og med vaksne som deltek i fritidsmiljøet. 

Eit breitt og variert fritidstilbod

Eit breitt fritidstilbod inviterer til mangfald og rommar ulike interesser og ambisjonsnivå. Nokre barn og ungdommar ønskjer å satsa mot eit høgt nivå innan idrett eller kultur, medan andre saknar lågterskeltilbod utan forventingar om prestasjon eller fast oppmøte – der det viktigaste er å møtast og vera saman. Å delta i organiserte fritidsaktivitetar fremjar tilhøyrsle og samhald. Særleg fysisk aktivitet skapar fellesskap, trivsel og sosial kontakt.

Likeverdige moglegheiter for deltaking

Nokre barn og unge har det vanskelegare enn andre med å finna sin plass i fritidslivet. Nokre grupper treng særleg tilrettelegging og forståing for å kunne delta på den sosiale arenaen som organiserte aktivitetar tilbyr. Eit godt samarbeid mellom kommunen og frivillige lag og foreiningar må ha som mål å skapa likeverdige moglegheiter for deltaking – uavhengig av bakgrunn, funksjonsnivå eller livssituasjon.

Kommunens ansvar

I fritida deltek barn og unge i eit mangfald av aktivitetar – som fritidsklubbar, idrettslag, kulturaktivitetar og andre frivillige organisasjonar. Varierte fritidstilbod gir barn og ungdom høve til å utfalda seg og delta på eigne premissar. Kommunen har ansvar for å leggja til rette for gode fritidsarenaer og møteplassar, men dette krev òg samarbeid med frivillige og private aktørar.

Verdien av deltaking

Deltaking i både organiserte og uorganiserte aktivitetar bidreg til:

  • sosiale fellesskap og tilhøyrsle
  • meistring og utvikling
  • uformell læring
  • identitet og sosial tryggleik

Fritidsarenaer er derfor viktige for å førebyggja utanforskap og fremja inkludering.

Uorganisert fritid – eit viktig supplement

Sidan mange barn og unge ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, må det òg leggjast til rette for uorganiserte aktivitetar – som opne møteplassar og gode uteområde der barn og unge sjølve kan ta initiativ til leik, utforsking og sosialt samvær. Oppleving av meistring, tilhøyrsle og sosial støtte er med på å fremja psykisk helse og livskvalitet og er vernande mot risikofaktorar.

4.2.2 Kva kan du som tilsett gjere?

Oppdage behov

  • Ver merksam på barn og unge som ikkje deltek i aktivitetar.
  • Snakk med barn og føresette om interesser og moglegheiter.
  • Bruk samtalar, observasjon og tverrfaglege møte til å fange opp behov.

Informere og motivere

  • Informer familiar om tilgjengelege aktivitetar og støtteordningar.
  • Hjelp til med påmelding og kontakt med lag og organisasjonar.
  • Oppmuntre barn og unge til å prøve nye aktivitetar.

Samarbeid

  • Samarbeid med fritidskoordinator, frivilligsentral, ungdomsavdelinga og idrettslag.
  • Delta i tverrfaglege møte for å finne gode løysingar.
  • Del informasjon med kollegaer og andre tenester.

Tilrettelegging

  • Foreslå aktivitetar som passar barnet sine interesser og behov.
  • Bidra til å finne praktiske løysingar – t.d. transport, utstyr eller følgje.
  • Ver ein trygg vaksen som kan følgje barnet til første aktivitet.

 

4.2.3 Korleis sikre at barn og unge deltek i fritidsaktivitetar?

Lokal fritidserklæring 

Fritidserklæringa og inkluderande fritid

Sogndal kommune er i gang med å utarbeide ein lokal fritidserklæring, og me er del av nettverket AlleMed, som skal støtta kommunane sitt arbeid for ein meir inkluderande fritid. Fritidserklæringa byggjer på FN sin barnekonvensjon, som slår fast barn sine rettar til leik og fritidsaktivitetar. Erklæringa legg særleg vekt på å hindre at sosiale skilnader fører til ulike moglegheiter for ei aktiv fritid. Det må etablerast eit formalisert samarbeid kring Fritidserklæringa for å sikre at alle barn og unge i Sogndal får eit likeverdig tilbod.

Eit sentralt mål i Fritidserklæringa er:

«Alle barn og unge må inkluderast på lik linje, uavhengig av til dømes kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, bustad og foreldra si sosiale og økonomiske situasjon.»
(Regjeringa, 2022)

Alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. (Regjeringa, 2022)

Ein lokal fritidserklæring er ei politisk og administrativ forplikting i ein kommune, der målet er å sikre at alle barn og unge skal kunne delta i minst éin fritidsaktivitet – uavhengig av familiens økonomi. Den bygger på den nasjonale Fritidserklæringa som blei inngått i 2016 mellom staten, KS (Kommunesektorens organisasjon) og frivillig sektor.

Formål med ein lokal fritidserklæring å løfte barns rett til deltaking i fritidsaktivitetar, å skape eit meir inkluderande fritidsliv der ingen blir ståande utanfor og å formalisere samarbeidet mellom kommunen og frivillig sektor om barne- og ungdomsfritid.

For kommunen inneberer utarbeidinga av ein lokal fritidserklæring politisk forankring, samhandling med frivillig sektor, utarbeiding av handlingsplan med tiltak og involvering av barn og unge. 

Den lokale fritidserklæringa heng tett saman med ALLEMED. ALLEMED er eit verktøy som kan brukast til å følgje opp og operasjonalisere målsetjingane i den lokale fritidserklæringa. 

ALLEMED kommune 

ALLEMED er eit verktøy og ein nasjonal dugnad som har som mål å bidra til at alle barn og unge får moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomi og bakgrunn. Det er utvikla av Nasjonal dugnad mot barnefattigdom (NDFB) og vert brukt av kommunar, frivillige lag og organisasjonar, og andre lokale aktørar. Sogndal kommune er registrert deltakar i denne ordninga. 
Dette inneberer blant anna at:

  • Kommunen tek ansvar for å skape inkluderande fritidstilbod: Kommunen samarbeider med frivillige lag og organisasjonar, skular og andre aktørar for å sikre at ingen barn fell utanfor på grunn av økonomiske eller sosiale barrierar.
  • Brukar ALLEMED verktøyet: Dette er eit samtale- og planleggingsverktøy som vert brukt i lokale møte for å identifisere utfordringar og finne konkrete løysingar for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar.
  • Bidreg til samordning og samarbeid: Kommunen legg til rette for tverrsektorielt samarbeid – mellom til dømes kultur, oppvekst, helse og frivillig sektor – for å samordne innsatsen.

Fritidskoordinator 

Sogndal kommune har fått midlar frå Bufdir for perioden 2024–2026 til å tilsetje ein fritidskoordinator som skal koordinere fritidsaktivitetar i kommunen. Formålet for fritidskoordinatoren er å auka inkludering av barn og unge frå låginntektsfamiliar, minoritetsfamiliar og andre i risiko for utanforskap gjennom betre deltaking i fritidsaktivitetar. 
Prosjektet rettar seg mot å etablere ei overordna koordineringsrolle som skal forenkle og styrke samarbeidet:

  • Mellom kommunale tenester (t.d. NAV, skular, barnevern, flyktningtenesta)
  • Mellom kommunen og frivillige/private aktørar

Hovudmålet er å fjerne barrierar for deltaking, t.d. økonomi, språk og mangel på informasjon, ved hjelp av betre struktur, kommunikasjon og samhandling.

Tilrettelagt informasjon 

For å sikre at alle innbyggjarane får tilgang til relevant informasjon, er det viktig at informasjonen frå kommunen er tilrettelagd på ein inkluderande og forståeleg måte. 
Dette omfattar: 

  • Informasjon på fleire språk: kommunen skal tilby viktig informasjon på dei mest brukte språka i lokalsamfunnet, i tillegg til norsk. 
  • Universelt utforming av digitale tenester: nettsider og digitale skjema skal vera universelt utforma slik at dei er tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsettingar. 
  • Informasjon i fleire format: viktig informasjon skal vera tilgjengeleg både digitalt og i fysisk format. 
  • Tydeleg informasjon: informasjonen om kommunale tenester, tiltak og tilbod skal vera enkel å finne og forstå. 
  • Vidareutvikle nettsida «ViFritid» med oversikt over aktivitetstilbod i kommunen. 

    Oppfølging av frivilligheita

Team for frivillig engasjement har eit særleg ansvar inn mot det kommunale samarbeidet med frivilligheita. Mange kommunale einingar og aktørar samarbeider med frivilligheita på ulike måter i dag. Teamet, og særleg fritidskoordinatoren, har fleire oppgåver som går på samhandling, oppfølging og tilrettelegging av samarbeidet mellom frivilligheita og kommunen. 

Vidareutvikle Aktivitetsguide 

Sogndal kommune har fått innvilga tilskotsmidlar gjennom ordninga «Inkludering av barn og unge 2025». Aktivitetsguide er eit av fire prioriterte tiltak som kommunen skal iverksette i perioden 2025-27. Ein aktivitetsguide skal arbeida for å få barn og ungdom som står utanfor, med i fritidsaktivitet. Den skal fungera som ein formidlar av informasjon og støttespelar, og bidra til å senka terskelen for å delta i fritidsaktivitetar.

Etablering av kommunale team 

Jamfør kartleggingsarbeidet internt i kommunen er det behov for å etablere fleire ulike team for å møte behovet for å engasjere seg i aktivitetar og fritidstilbod.

Det er tilrådd å starte fleire ulike team, blant anna:

  • Team for tilrettelagt fritid
  • Team for innbyggjarmobilitet
  • Team for å motverke utanforskap blant ungdom og unge vaksne

I tillegg er det oppstart av:

  • Team for frivillig engasjement
  • Team for aktiv livsstil

Desse teama skal arbeide med:

  • Å vidareføre det gode arbeidet som allereie skjer i eininga for samfunnsutvikling
  • Å styrke satsingar som er særleg viktige for innbyggjarane
  • Å sikre betre samhandling på tvers av sektorane

Desse to teama er eit resultat av innsikter frå verkstaden, der det kom fram eit behov for betre samhandling internt, ei betre tilnærming til frivilligheita, og meir strukturert arbeid i samarbeidet med frivillige aktørar.

Team for frivillig engasjement

Formålet med teamet er å støtte opp om frivillig engasjement og legge til rette for samarbeid mellom kommunen og frivilligheita. Teamet skal òg drifte kommunen sine frivilligsentralar i tråd med forskrifta om tilskot til frivilligsentralar.
Teamet består av ressursar frå hjelpetenestene, samfunnsutvikling, idrett og friluftsliv, folkehelse, helse, frivilligsentralar, ungdom og kultur.

Team for aktiv livsstil

Teamet for aktiv livsstil starta opp etter nyttår 2025. Fleire av deltakarane frå teamet for frivillig engasjement er òg med her. Teamet skal følgje opp satsingsområdet «Skapt for aktiv livsstil» i samfunnsplanen til kommunen (lenkje til planen).

Teamet består av samfunnsutviklarar, rådgjevarar for idrett og friluftsliv, rådgjevar for helse, folkehelsekoordinator, fysioterapeut og aktivitetsguide

4.2.4 Tiltaksoversikt

Tiltak Mål Ansvar  Status Tidsramme Forventa resultat
Fritidskasse Få fleire barn og unge som til å delta i fritidsaktivitetar  Oppvekstadministrasjon, fritidskoordinator Aktiv Tilskot 2025-2027  
Aktivitetsguide Få ungdom som står utanfor med i fritidsaktivitet Team aktiv livsstil Oppstart haust 2025 Tilskot 2025-2027 Fleire ungdom som deltek i fritidsaktivitetar 
Ferieaktiviteter Tilby gratis ferieaktiviteter for barn og unge i sommar, haust og vinterferie.  Ungdomsavdelinga, team aktiv livsstil. Oppstart 2025 Tilskot 2025-2027  
Lokal transportordning for ungdom Bidra til at fleire kan delta på fritidsaktivitetar   Ungdomsavdelinga, politisk sekretær for ungdomsrådet Aktiv Årleg tilskot frå Vestland fylkeskommune   Fleire barn og unge som deltek i fritidsaktivitetar 
Utstyrssentralane i Sogndal, Leikanger og Balestrand Gje fleire barn og unge moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar  Frivilligsentralane i Sogndal, Leikanger og Balestrand Aktiv  Kontinuerleg   
Sogn kulturskule

Gje barn og unge moglegheit til å delta i kulturelle aktivitetar 

 

Rektor Sogn kulturskule Aktiv Kontinuerleg   
Aktivitetsoversikt  Synleggjere aktivitetstilbodet for barn og unge   Team frivillig engasjement, fritidskoordinator Aktiv Kontinuerleg   
Utekontakten Fange opp ungdom i fare for utanforskap  Ungdomsavdelinga  Aktiv Tilskot fram til 2028  
Møteplassar for ungdom Leggje til rette for lågterskel fritidstilbod for ungdom.  Ungdomsavdelinga  Aktiv Kontinuerleg  
Lokal fritidserklæring Sikre barns rett til deltaking i fritidsaktivitetar  Team frivillig engasjement, team aktiv livsstil, administrativt og politisk nivå.  Arbeid i gong vår  2025.  Mål om ferdigstilling i løpet av 2025  
Følgje opp frivilligheita  Sikre godt samarbeid mellom kommunen og frivilligheita Fritidskoordinator og team frivillig engasjement  Aktiv, fritids- koordinator tilsett frå haust 2025  Kontinuerleg   
Team aktiv livsstil Følgje opp satsingsområde «Skapt for aktiv livsstil». Skal jobbe for bredde i aktivitetstilbod og fjerne barrierar for fysisk aktivitet for utsette grupper.  Team aktiv livsstil Aktiv Kontinuerleg   
Team frivillig engasjement Støtte opp om frivillig engasjement og leggje til rette for samarbeid mellom kommunen og frivilligheita Team frivillig engasjement Aktiv Kontinuerleg  
Ungdomslos  Hjelpe ungdom med å auke skolenærvær, betre skuleprestasjon og til å fullføre skuleløpet.  Barne-, ungdom- og familiestøtte team Haust 2025 Tilskot 2025-2027  

4.3 Strategi 3: Sogndal kommune har innsikt til å systematisk styrkje beskyttelsesfaktorar mot utanforskap i utsette grupper: fleirkulturelle, flyktningar, arbeidsledige og låginntektsfamiliar.

Bakgrunn:

Sosialt utanforskap er ei utfordring som påverkar både individ og samfunn negativt. Risikoen for utanforskap er særleg høg blant fleirkulturelle, flyktningar, arbeidsledige og familiar med låg inntekt. Sogndal kommune har som mål å vere ein inkluderande kommune med låg terskel for deltaking i samfunnsliv, arbeid og fritid.

På denne bakgrunnen er det utarbeidd ein strategi for å styrkje beskyttelsesfaktorar som kan redusere risikoen for utanforskap i desse gruppene. Strategien tek utgangspunkt i førebygging, tidleg innsats og heilskapleg samarbeid.


Målsetjing:

Sogndal kommune skal ha innsikt og handlekraft til å systematisk styrke beskyttelsesfaktorar mot utanforskap for:

Fleirkulturelle og minoritetsspråklege

Flyktningar og asylsøkjarar

Arbeidsledige

Familiar med låg inntekt


Tiltak og grep:

Kartlegging og kunnskapsgrunnlag:
Etablere eit solid faktagrunnlag for å forstå utfordringar og barrierar i dei aktuelle gruppene.

Språkopplæring og kvalifisering:
Styrke tilbod om språk, arbeidstrening og samfunnsforståing, med mål om å betre integrering og sysselsetting.

Fritid og deltaking:
Sikre tilgang til fritidsaktivitetar for barn og unge frå låginntektsfamiliar gjennom støtteordningar og samarbeid med frivillige aktørar.

Inkluderande møteplassar:
Leggje til rette for sosiale møteplassar og arenaer der folk frå ulike bakgrunnar kan møtast og byggje relasjonar.

Tverrfagleg innsats:
Styrke samarbeidet på tvers av sektorar (t.d. helse, skule, NAV, kultur) for å sikre tidleg oppfølging av familiar med samansette utfordringar.

5.1 Samhandlingsmodell som viser arbeidet på kommunenivå, tenestenivå og individnivå

For at innbyggjarar og tilsette i Sogndal kommune skal ha tilgjengeleg informasjon om korleis kommunen jobbar heilskapleg med tenester for born og unge er det utarbeidd ein samhandlingsmodell som viser arbeidet på kommunenivå, tenestenivå og individnivå 

Her finne du meir informasjon om https://sogndal.samhandlingsmodell.no/

5.2 Samordna innsats- gode kommunale tenester og system- BTI modellen

Gode kommunale tenester skal bidra til at innbyggjarane får overskot og rom til å leva gode liv. Godt førebyggjande arbeid har som mål å sikra gode oppvekstvilkår og å hindra problemutvikling.Samtidig veit vi at ikkje all motgang og alle vanskar kan førebyggjast. Difor må kommunen ha gode system for å fanga opp når nokon ikkje har det bra. Då skal det vera lett å få hjelp – og hjelpa skal komma tidleg og med god oppfølging. 

 Kompetente tilsette – eit lag rundt barn og deira familie 

Førebygginga skal starte allereie i mors liv og vare livet ut, og er alle dei kommunale tenestene sitt ansvar. Det betyr at helsestasjons- og skulehelsetenesta, barnehagane, skulane, PP-tenesta og resten av det kommunale støtteapparatet må danne eit lag rundt barnet, ha gode rutinar for samhandling og samarbeid, vere rusta til å fange opp sårbare barn og setje inn tiltak tidleg. 

Tverrfagleg samarbeid, kunnskap om kvarandre sine tenester, tillit på tvers av sektorane, og ein kultur og vilje til å finna gode løysingar i den enkelte situasjonen – dette er avgjerande faktorar for at kommunen byggjer eit sterkt og støttande lag rundt barnet og familiane.

 Ressursteam

Målet med ressursteam er å bidra til at barn som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging, stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp. Ressursteama skal gjere det enklare å ta kontakt for råd og rettleiing før vanskane vert for store, og gjere hjelpetenestene meir synlege for samarbeidspartnarar og brukarar.

Frå kunnskap til handling hos tilsette som arbeider med barn og unge - Tidleg innsats og identifisering – tiltak og oppfølging

Tidleg innsats handlar om å arbeide systematisk for å førebyggje utfordringar hos enkeltpersonar eller grupper, og å setje inn tiltak straks utfordringar vert avdekte.

Tidleg innsats må basera seg på (Imenes, A-K., 2023):

  • Kjennskap til risiko- og beskyttelsesfaktorar
  • Kunnskap om barns utvikling og milepålar
  • Vurdering av føresette si fungering
  • Vurdering av kvaliteten i samspel mellom føresette

.  Samarbeidsstruktur – BTI= Betre tverrfagleg innsats.  Samarbeidsstruktur – BTI= Betre tverrfagleg innsatsSamarbeidsstruktur – BTI= Betre tverrfagleg innsats

5.3 BTI – Betre tverrfagleg innsats i Sogndal kommune

Sogndal kommune har innført BTI-modellen for arbeid med gravide, familiar, barn og unge. Modellen omfattar utfordringar av ulik art og alvorlegheitsgrad, og legg til rette for god oppfølging – der det er tenleg også tverrfagleg samarbeid.

Felles kjenneteikn for all oppfølging:

  • Tydelig systematikk i utvikling, utprøving og evaluering av tiltak
  • Brukarmedverknad – barnet, ungdommen og føresette skal alltid involverast
  • Samarbeid på tvers av tenester – utan brot i oppfølginga

BTI-modellen skal bidra til:

  • Tidleg innsats
  • God koordinering mellom tenester
  • Kvalitetssikra samhandling
  • Felles forståing og kompetanseløft for tilsette

BTI stiller krav om at alle tilsette som møter gravide, barn, unge og føresette, kjenner til og nyttar dei felles rutinane for å gå frå bekymring til handling. Dette blir støtta av handlingsrettleiaren i BTI. For å sikre at barn og unge blir sett, høyrt og får rett hjelp til rett tid, er det avgjerande med god organisering og tydeleg rolle- og ansvarsfordeling mellom aktørane.I Sogndal kommune følgjer vi prinsippa i BTI-modellen –  som legg til rette for systematisk og koordinert samarbeid mellom tenestene rundt barnet. BTI-modellen viser steg for steg korleis tilsette skal gå fram når det oppstår bekymring for eit barn, ein ungdom, ein føresett eller ein familie.

BTI i praksis

BTI-rettleiar gir ein felles metodikk for tidleg identifisering, oppfølging og samordna innsats for barn og unge med behov for ekstra støtte. Gjennom BTI sikrar vi trygg og effektiv informasjonsflyt mellom barnehage, skule, helsestasjon, PPT, barnevern og andre relevante tenester. Alle partar har eit ansvar for å handle raskt og målretta, slik at utfordringar blir fanga opp før dei utviklar seg vidare.

Rolle- og ansvarsfordeling:

  • Barnehage og skule: Observerer og fangar opp behov, og tek kontakt med aktuelle støttetenester via BTI.
  • Støttetenester: Yter spesialisert bistand og gir råd til barnehage, skule og familiar.
  • Føresette: Skal involverast aktivt i oppfølginga og vere samarbeidspartnarar i tiltaksarbeidet.
  • Leiarar: Har ansvar for opplæring i BTI, å sikre tid og ressursar til tverrfagleg arbeid, og at rettleiar vert brukt.
  •  

🔗 Handlingsrettleiaren i BTI-modellen: sogndal.betreinnsats.no

Handlingsrettleiaren fungerer som ei felles oppskrift for korleis ein går fram ved bekymring, og korleis ein sikrar koordinert samarbeid utan brot. Symbolet for BTI – puslespelbrikka – illustrerer koordineringsansvaret, også kalla stafetthaldaren, som bind saman dei fire nivåa i modellen og sikrar kontinuitet i oppfølginga.

Samhandlingstrappa

For å lukkast med BTI og stafettloggen må følgjande vera på plass:

5.4 Tiltak og tenester for barn og unge i Sogndal kommune - ei oversikt

Oversikt over andre tiltak finne du her på BTI nettsida. 

Tenester og kontaktpersonar: 

  • Oversikt over kontaktpersonar finn du her.
  • Oversikt over tiltak og tenester for ungdom i kommunen finn du her

6.1 Helsestasjon

Fokusområde for helsestasjons- og skulehelsetenesta

  • Fremja god psykisk og fysisk helse
  • Fremja gode sosiale og miljømessige forhold
  • Førebyggja sjukdom og skadar
  • Utjamna sosiale helseforskjellar
  • Førebyggja, avdekka og avverga vald, overgrep og omsorgssvikt

Mål med helsestasjons- og skulehelsetenesta

  • Førebyggje alvorlege komplikasjonar og sjukdom hjå mor og barn i samband med svangerskap, fødsel og barseltid
  • Gje støtte slik at foreldre og føresette opplever meistring i foreldrerolla
  • Bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • Fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hjå sped- og småbarn
  • Tidleg oppdaging av fysiske og psykiske utviklingsavvik
  • Førebyggja, avdekka og avverga vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Bidra til vidare oppfølging og tilvising ved behov
  • Fremja barn og unge si helse, trivsel og læring
  • Gje hjelp til å meistra kvardagsutfordringar
  • Auke helsekompetanse, til dømes innan seksuell helse
  • Helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom – brukarmedverknad og førebygging

Helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom skal sikre at barn, ungdom og deira føresette blir lytta til og tekne på alvor. Tenestene skal aktivt leggje til rette for at barn og unge får reell medverknad i saker som vedkjem dei.


(Kjelde: Helsedirektoratet – Brukermedvirkning i helsestasjons- og skulehelsetenesta

6.3 Sogndalsbarnehagen

Barnehagen si rolle er å vere ein trygg og inkluderande arena der alle barn blir sett, høyrt og forstått. Tilsette møter barna med varme, nysgjerrigheit og respekt, og legg til rette for gode relasjonar som grunnlag for leik, læring og utvikling. Gjennom nærleik i kvardagslege situasjonar, aktiv lytting og observasjon fangar dei opp både ord og kroppsspråk, slik at kvart barn får uttrykkje seg og bli tatt på alvor. Barnehagen gir rom for meistringsopplevingar, styrkjer sosial kompetanse og fremjar inkludering.

 I samarbeid med føresette og andre tenester kan tilsette oppdage behov tidleg og setje inn rett støtte. Slik blir barnehagen ein stad der barna får oppleve at dei har verdi, høyrer til og er trygge.

6.2 Sogndalsskulen

Skulen sitt ansvar

Skulen har eit særleg ansvar for å førebyggje utanforskap og fremje deltaking, meistring og tilhøyrsle for alle elevar. Dette inneber:

  • Eit inkluderande læringsmiljø: Skulen skal arbeide systematisk for å skape eit trygt og inkluderande miljø der alle elevar opplever å høyre til og bli verdsette – både fagleg og sosialt.
  • Tidleg oppdaging og oppfølging: Skulen skal ha rutinar for å oppdage og følgje opp elevar som står i fare for å falle utanfor fagleg, sosialt eller psykisk. Det skal setjast inn tidlege og tilpassa tiltak i samarbeid med føresette og andre tenester.
  • Relasjonsbygging: Lærarar og andre tilsette har eit ansvar for å byggje gode og trygge relasjonar til elevane og mellom elevane. Relasjonskompetanse er ein nøkkelfaktor for læring og tilhøyrsle.
  • Tverrfagleg samarbeid: Skulen er aktiv i det tverrfaglege arbeidet rundt barn og unge, og samarbeide tett med mellom anna barnevern, helsestasjon, PPT og andre tenester ved behov. 
  • Førebygging av mobbing og psykososialt arbeid: Skulen skal ha nulltoleranse for mobbing og arbeide kontinuerleg med klassemiljø, psykososial tryggleik og elevmedverknad.
  • Tilpassa opplæring og fleksible løysingar: Skulen skal tilby opplæring som er tilpassa elevane sine evner, interesser og behov – også for dei som treng alternative opplæringsarenaer eller meir praktisk retta tilbod.
  • Overgangar: Skulen har eit ansvar for å sikre gode overgangar mellom barnehage og skule, mellom skulenivå og vidare til vidaregåande opplæring, slik at elevane opplever kontinuitet og tryggleik.

6.4 PPT si rolle i arbeidet for førebygging og tidleg innsats

Mandatet til PPT ligg i barnehagelova og i opplæringslova. PPT si rolle er å samarbeide og støtte barnehagane og skulane i det førebyggande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. PPT er også sakkunnig instans der lova krev det. PPT sitt arbeid skal ha fokus på den tida barna er i barnehagen eller på skulen og tilretteleggingar barnet eller eleven har behov for for å få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. PPT har fokus på dei barna som har eit særleg behov for det.  

PPT har både system- og individretta oppgåver. Oppgåvene skal sjåast i samanheng. PPT er  ute i dei ulike barnehagane og skulane for å observera og rettleia. PPT skal vera tilgjengeleg og medverka til heilskap og samanheng i samarbeidet med einingane.

 

For å arbeide førebyggjande, skal PPT vere med barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne vera å betra gruppe- eller klassemiljø, gruppe eller klasseleiing, som å setja inn individuelle tiltak knytt til barnet eller eleven åleine. 

PPT skal ta med  barn, elevar og føresette på råd, slik at dei kan medverka til kva slags tilbod dei får. Dei skal ha fokus på behovet til barn og unge for god sosial og fagleg utvikling i barnehage og skule. 

Opplæringslov 2024 er det vi tidlegare kjente som omgrepet «spesialundervisning» delt i tre individuelle rettar: 

  •  Personleg assistanse (§ 11-4) 
  •  Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel (§ 11-5) 
  •  Individuelt tilrettelagt opplæring (§ 11-6)

I Sogndal kommune har PPT i dag dette fokuset på det førebyggande arbeidet og tidleg innsats: 

  • PPT har «reisedagar» i alle barnehagar og skular der PPT er tilstade i bhg/skule etter ein oppsett plan. Bhg og skule lagar plan for tidsbruken på reisedagen saman med PPT. Desse dagane blir brukt til:  Observasjonar både på individ og gruppenivå, drøfting/kurs i ulike tema, samarbeidsmøte med føresette, barn, personale, pedagogisk analyse som metode i retteleiingssituasjon, med fokus på å finne oppretthaldande faktorar og effektive tiltak, tilpassing av det allmennpedagogiske tilbodet, støtte bhg og skule i å vurdere utbytte av opplæringa, drøfte og finne tiltak etter kartleggingsresultat både på individ, men også på gruppenivå, nærversarbeid, vere tett på i overgangar, samarbeid med BUP, barnevern og helsestasjon, samarbeid med barnehabilitering, spesialisthelsetenesta og Statped. 
  • PPT deltek «laget rundt barnet» på kommunalt nivå gjennom å ha fokus på barn med særlege behov i plan- og strategiprosessar. 
  • Utviklingsarbeid internt på PPT med fokus på rettleiingskompetanse gjennom kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Her har me også eit samarbeid med bhg og skule for å saman finne strategiar for ein inkluderande praksis. 
  • Kompetanseheving i samarbeid med bhg og skule på spesialpedagogiske tema gjennom kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis (åtferdsutfordringar, lese- og skriveutfordringar, skulefråvær, språkvanskar, fleirspråklegheit osv) 
  • PPT deltek i kommunen sitt fokus på heilskaplege tenester med felles fokus på tverrfagleg arbeid for å betre tenestetilbodet til innbyggarane ved å gi tidlegare og betre hjelp. 
  • Arbeid med eit godt samarbeid mellom PPT og bhg/skuleleiing slik at barn si utvikling og tilrettelegging på eit tidleg og allmennpedagogisk nivå har større fokus enn tilvising til PPT (samhandlingmodellen). 
  • PPT er inne i grupper og klassar med rettleiing og drøftingar i høve trygt og godt miljø, klasseleiing 
  • PPT driv kompetanseheving og rettleiing av barn, føresette og bhg/skule i forhold til læringsutfordringar som td. lese- skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferd, nevroutviklingforstyrringar 
  • PPT har fokus på godt språkmiljø i barnehage og skule gjennom å tilby kurs og rettleiing. 
  • PPT deltek i aktuelle nettverk i regionen. Tilsette i PPT driftar i dag to nettverk – Nettverk for Logos og nettverk for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK): På denne måten kan kunnskap opparbeidast og delast i eit profesjonelt fellesskap. Målet er at kompetansen skal komme borna til gode. 
  • PPT deltek i jamlege ressursteam i alle barnehagar og skular i kommunen. Her kan ein drøfte eventuell uro, og saman finne gode tidlege tiltak, evaluere og finne vegen vidare. 

6.5 Ungdomsavdelinga

Ungdomsavdelinga arbeider for å etablere og drifte sosiale møteplassar for ungdom 13-19 år i heile kommunen. Ungdomsklubbane er eit gratis og føreseieleg lågterskel fritidstilbod med faste opningstider, som ikkje stiller krav verken til utstyr, kunnskap eller interesser. Tilbodet er spesielt godt eigna til å fange opp ungdom som ikkje, eller i liten grad deltek i andre fritidstilbod/fellesskap eller som står i fare for å falle utanfor. Ungdomsavdelinga samarbeider med barnevern, politi, skulehelseteneste, miljøkoordinatorar på vidaregåande skulen, flyktningtenesta og norskundervisninga. Tilbodet ser ut til å treffe best ungdomsskuleelevar. Avdelinga låner også ut ungdomslokala i Kulturhuset i Sogndal til organisasjonar med overlappande målgruppe, som norskundervisninga, NFU og 4H, samt til miljøfremjande tiltak for enkeltklassar i regi av ungdomsskulane/elevråd/FAU. Ungdomsavdelinga fungerer som praksisstad for studentar frå m.a. barnevern, sosialt arbeid og sosiologiutdanning, samt elevar på språkpraksis, eller i arbeidspraksis (NAV).   

 Ungdomsklubbane er eit semi-organisert fritidstilbod; ungdomane styrer sjølv om dei vil delta i aktivitetar, eller om dei berre vil sitje for seg sjølve i sofakroken. Klubbane har m.a. biljard, bordtennis, airhockey, musikkinstrument, karaokehøgtalar, Playstation/Nintendo Switch, samt «skaparhjørne», brettspel og bøker/teikneseriar. Samtidig er det trygge vaksne til stades, som gjennom aktivitetar, matlaging og kommunikasjon/interaksjon med ungdomane bygger relasjonar og tillit, både med ungdomane, samt ungdomane i mellom.

 Sjølv om faste møteplassar er hovudfokus for ungdomsavdelinga, har det også blitt arrangert enkeltståande arrangement som tur til trampolineparken, klatreveggen, båltur og graffiti-verkstad og kunst-verkstad. Ungdomsavdelinga testa også ut eigne jentekveldar.

 Tilboda i bygdene hausten 2025 ser slik ut:

Sogndal, Ungdomskjellaren:

  • Ope måndagar og torsdagar 15-20.30. Enkeltståande arrangement
  • Matservering frå 15-15.30. Biljard, bordtennis, airhockey, fotballspel, Playstation 5, Nintendo Switch, “skaparhjørne”, snekkarkrok, piano, gitar, brettspel, lesestoff.

 Kaupanger:

  • Ungdomskveldar på ViteMeir kl. 20-21.30 dei tre siste onsdagane i kvar månad f.o.m. v. 42 t.o.m. v.9. Quiz, brettspel, kveldsmat.
  • Ungdomskveldar i «Padelhuset»: kl.20-22. 2 padelbaner inkl. ustyr tilgjengeleg, kjøken og kaféområde, kveldsmat.

 Leikanger:

  • Onsdagar frå kl.15-19.30
  • Utbygging av Saften er i gang, ungdomslokala planlagd ferdig innan hausten 2025.
  • Pingpong, brettspel, karaokehøgtalar, varmmat.

 Balestrand:

  • Belehalli, tysdagar kl.15-19.30 (oppstart 19. august). Mat, Playstation 5, brettspel, pingpong, karaokehøgtalar, innimellom tilgang til open hall.
  • Biblioteket på Holmatunet: onsdagar ope til kl.19.00 (for alle).

 Fjærland:

  • Ikkje faste dagar, men enkeltståande arrangement/ungdomsklubb, samarbeider med ungdomslaget og 4H. 

7.1 Frå plan til praksis – starten på eit langsiktig arbeid

«Alt heng saman med alt» – det gjeld også innsatsen for barn og unge i Sogndal kommune. I møte med barn og unge må vi sjå heilskapen: Barn lever ikkje liv i sektorar. Dei flyttar seg ikkje mellom barnehage, skule, fritid og heim med eigne “kapittel”. For dei er alt del av ein og same kvardag. Difor må også vår innsats vere samanhengande og koordinert – uavhengig av kven som har ansvar for tiltaka og oppfølginga. 

Tre innsatsområde – eitt felles mål

Satsingsområda våre – førebygging av utanforskap, foreldrestøtte og arbeidet mot vald og overgrep –  er tre sider av og mot same mål: Å sikre ein trygg og god oppvekst for alle barn og unge i Sogndal. Tiltaksplanane  er ikkje ei ferdig oppskrift, men kan sjåast på som eit startpunkt og rettesnor for det vidare arbeidet. Dei seier noko om kvar vi står, kva vi ønskjer å oppnå – og korleis vi kan kome dit. 

Men ein plan i seg sjølv skaper ikkje endring, det er no det viktige arbeidet tek til. 

Vi står ved starten på eit langsiktig arbeid med implementering og utvikling. Skal planane verke i praksis, må dei levandegjerast i kvardagen:

  • i barnehagen, klasserommet og på fritidsarenaene
  • i leiing, samarbeid og strukturar
  • i haldningar, fagleg refleksjon og i møtet med barn, unge og føresette

Det krev forpliktelse, kontinuitet og ein felles innsats – på tvers av tenester, nivå og fagmiljø. Vi må arbeide systematisk, evaluere undervegs og justere kursen når det trengst.

Samarbeid er nøkkelen

Innsatsområda handlar ikkje berre om kva kvar eining skal gjere, men også om korleis vi jobbar saman:

  • Skulen må vite kva helsestasjonen gjer – og omvendt
  • Kultur og frivillige lag må vere medspelarar, ikkje berre komme i tillegg
  • Barnevern, barnehagar, SFO, PPT og NAV må stå på same grunnmur: barnets beste
  • Føresette må bli involvert – ikkje berre informert

Når vi jobbar saman – samtidig – får vi betre forståing, meir presise tiltak og færre barn som «fell mellom stolane».

Vi må gjere det saman – for barn og unge

Å arbeide saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune er grunnlaget for alt førebyggande arbeid i kommunen vår. Vi må gjere meir av det vi veit verkar – og vi må gjere det saman, samtidig til beste for barn og unge.