Saman samtidig

Saman samtidig for barn og unge i Sogndal kommune har tre prioriterte satsingsområde

  • Støtte til føresette
  • Motverke utanforskap
  • Førebygge vald og seksuelle overgrep

Eit overordna mål for det førebyggande arbeidet  er at det skal vera trygt og godt å veksa opp i  kommunen vår, og at alle barn og unge skal få den hjelpa dei treng. For å lukkast i det førebyggjande arbeidet, må samarbeidet og samhandlinga mellom sektorar som har ei rolle og eit ansvar styrkast. 

Førebygging forankring

Barn og unge skal få oppleva tryggleik, tilhøyrsle, trivsel og meistring både i barnehage, skule og på fritida. 

Denne tiltaksplanen vil ta for seg området «Førebygge vald og seksuelle overgrep».

Saman samtidig mot vald og seksuelle overgrep:

 «Våg å sjå, våg å spørje, kunnskap til å handle» 

1.1 Mål

Mål : Ingen barn og unge i Sogndal kommune skal utsettast for vald og seksuelle overgrep

Prioriterte strategiar for å nå målet er:

▪ Tilsette skal gi barn og unge tilpassa kunnskap og kompetanse om kropp og grenser for å gi dei tryggleik og føresetnadar for å sei frå om vanskelege forhold. 

▪ Tilsette i Sogndal kommune skal kjenne att teikn og signal, og vite korleis dei skal handle tidleg ved avdekking av vald og seksuelle overgrep.

2.1 Innleiing

God førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. I tillegg vil god førebygging spare einskild individ og samfunnet for store kostnadar, både menneskelege og økonomiske (209755-jd-frihetfravold-web.pdf). Barnevernsreforma, som tredde i kraft 1. januar 2022, skal bidra til å styrke arbeid med førebygging og tidleg innsats, og gir kommunen meir ansvar på barnevernområdet. For å styrke oppfølginga av utsette born, unge og deira familiar, vart det frå 1. august 2022 vedteke nye bestemmelsar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Den nasjonale rettleiaren «Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier» skildrar kva plikter velferdstenestene og kommunen har.

Sogndal kommune har nulltoleranse for alle typar vald. (Kommunestyrevedtak frå 2022). 

Tiltaksplanen har barn og unge i fokus, og gjeld for perioden 2025–2028, og skal vere eit av Sogndal kommune sine verktøy for eit meir heilskapleg arbeid mot vald og overgrep. Ansvaret for gjennomføring ligg til tenesteleiarane i dei enkelte tenesteområda. Det overordna ansvaret er lagt til kommunalsjefane for oppvekst og helse.

Å førebyggje vald og overgrep er ei nasjonal satsing og innsatsen mot vald og overgrep er mellom anna nedfelt i Opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028) Trygget for alle. Planen skal bidra til betre førebygging og vern, at fleire saker vert avdekka og at utsette vert ivaretekne på ein meir omsorgsfull måte. Vald og overgrep er eit omfattande samfunnsproblem, eit menneskerettsproblem, eit demokratisk problem, eit likestillingsproblem, eit kriminalitetsproblem og eit folkehelseproblem.

 Effektiv førebygging av vald og overgrep krev tidleg innsats frå eit breitt sett av aktørar på fleire nivå. For å få dette til må arbeidet vere forankra på alle nivå i Sogndal kommune gjennom samhandling og samordning mellom tenester. 

Førebygging

Vald og seksuelle overgrep er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. I regjeringa sin proposisjon som handlar om regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og seksuelle overgrep mot barn og vald i nære relasjonar gir denne ein oversikt over hovudutfordringar og tiltak for å førebygge og bekjempe valden.

Kommunen har ei viktig rolle i å førebygge, avdekke og avverje vald og overgrep. Retten til å leva eit liv utan vald og overgrep er ein grunnleggjande menneskerett. Kommunen har ei viktig rolle i å førebyggja, avdekkja og hindra vald og overgrep. Dei helsemessige konsekvensane kan vera omfattande, langvarige og potensielt livstruande. Det er øydeleggjande for det enkelte utsette barn, etterlèt seg barn i stor fare for å utvikla fysisk og psykisk uhelse og gir auka risiko for rusproblem, utanforskap og læringstap. Barn som blir utsatt for vald aukar og risiko for å bli utsett for vald seinare i livet, samt for å sjølve bli valdsutøvar som voksen. 

Verdshelseorganisasjonen karakteriserer vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt som eit problem for folkehelsa. Å veksa opp med vald, eller leva med vald, kan gi alvorlege følgjer. Satsing på førebyggjande tiltak vil bidra til redusera dei menneskelege og samfunnsøkonomiske kostandane ved vald og overgrep. Dei helsemessige konsekvensane kan vere omfattande, langvarige og potensielt livstruande.  Mange som vert utsett for vald melder ikkje frå til politiet eller andre hjelpeinstansar. Det å oppdage vald kan vere vanskeleg. Det er difor avgjerande at kommunen har tilsette som kjenner til teikn og signal på vald og veit kva dei skal gjere når dei mistenker vald og overgrep. 

Kostnad vald i nære relasjonar

Å førebygge vald og overgrep handlar også om å førebygge risiko fråfall frå skule, arbeidsliv og utanforskap.

3.1 Kommunen sitt ansvar

Å vere utsett for eller vitne til vald kan føre til negative konsekvensar, og vald kan utgjere ei alvorleg utfordring for samfunnsdeltaking og folkehelse. Derfor er arbeidet med å førebygge vald, avdekke vald og gi god hjelp til utsette og utøvarar ei sentral oppgåve for offentlege myndigheiter. Kommunen er pliktig til å førebygge, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep. 

I Helsedirektoratet si nasjonale faglege retningslinje «Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge» er det presisert kva kommunen har ansvar for når det gjeld å tidleg identifisere utsette barn og unge. Her vert det lagt vekt på å sikre at tilsette som jobbar med barn og unge har kunnskap om beskyttande faktorar, risikofaktorar, teikn og signal som kan gi grunnlag for å oppdage utsette. I tillegg vert det lagt til at kommunen bør sørge for at verksemdene har rutinar for korleis tilsette kan handle på bakgrunn av uro . 

Tilsette som arbeidar med barn og unge bør ha god kunnskap om samtalemetoder og god kompetanse på å snakke med barn og unge dei har uro for. Det er utvikla fleire verktøy for korleis ein kan auke kompetanse og tryggleik i å snakke med barn og unge. Det er viktig med ein systematisk innsats for å sikre at tilsette har den naudsynt kompetanse og tryggleik.

Nasjonal retningslinje viser til kommunen sitt ansvar for tidleg oppdaging av utsatte barn og unge (Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge - Helsedirektoratet).

  • Førebygginga må sikre at tilsette som arbeider med barn og unge har kunnskap om beskyttelse- og risikofaktorar og teikn og signal som kan gi grunnlag for å oppdage utsatte barn og unge
  • Sørge for at relevante tenester har rutinar for korleis tilsette kan handla på bakgrunn av ei bekymring for barn og unge.
  • Tilsette som arbeider med barn og unge bør ha kompetanse i å snakke med barn og unge dei har bekymringar for og bør vera merksame på teikn og signal som gir grunn til bekymring. 
  • Tilsette som arbeider med barn og unge bør handla på bakgrunn av bekymring for barn og unge.
  • Tilsette som arbeider med barn og unge bør ha god kunnskap om opplysningsplikta til barnevernstenesta og avvergelsesplikta, og vita korleis dei skal handla for å overhalda desse.

3.2 Førebygging og tidleg innsats

Å førebyggje handlar om å styrkje beskyttande faktorar og redusere risikofaktorar rundt barnet og i samfunnet.Tidleg oppdaging, rask innsats og god oppfølging av utsette barn, unge og føresette er ein nøkkel for å fremje helse og trivsel i kommunen. Kommunen har eit overordna ansvar for å sikre dette.

For å jobbe førebyggjande må tilsette ha kunnskap om risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar, og kompetanse til å handle føremålstenleg når det er naudsynt. Dei ulike tenesteområda i kommunen som arbeider med barn og unge har ansvar for tidleg oppdaging og oppfølging – og dette ansvaret ligg òg på kvar enkelt tilsett.

Kunnskap om risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar er avgjerande når ein skal planleggje førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Det er viktig å kjenne til kva slags teikn og symptom sårbare barn og unge kan vise – men det må også vere klart at mange barn ikkje viser synlege teikn, eller at teikna kjem først etter lang tid

(Helsedirektoratet, 2019; Imenes, A.K., 2023; Reinar et al., 2018).

3.3 Beskyttelsesfaktorar

  1. At barn får hjelp til å fungere som jamgamle barn både kognitivt, språkleg, emosjonelt, sosialt og motorisk 
  1. At barn får hjelp til vennskap og kjenne seg som del av eit sosialt felleskap 
  1. At barn frå 8-års alderen har ein hobby eller fritidsinteresse som barnet kan oppleve meistring med 
  1. At barnet får hjelp til å tilpasse seg godt til barnehage og skule, innordnar seg rutinar, godtek grensesetjing, er sosialt inkludert og har aldersadekvate skulefaglege prestasjonar  
  1. At føresette har god omsorgsutøving 
  1. At føresette er godt integrert i samfunnet, er i jobb eller utdanning, og har eit sosialt nettverk  

3.4 Risikofaktorar

 

  1. At barn vert utsett for skadeleg omsorg 
  1. At barn opplev alvorlege krenkingar 
  1. At føresette er emosjonelt utilgjengeleg for barnet 
  1. At føresette misbruk rusmidlar 
  1. At barn og føresette har store utfordringar med psykisk helse 
  1. At barn har utviklingsvanskar som ikkje vert forstått av dei vaksne, slik at dei kan få riktig hjelp 
  1. At barn oppheld seg i skadeleg psykososialt miljø i barnehage og skule  
  1. Utfordringar med levekår (manglar i bustadforhold, relativ fattigdom, multistressande miljø) 

3.6 Felles forståing – utvikle ein kollektiv praksis og eit tankesett som støttar tidleg innsats og rett hjelp til rett tid.

For å lukkast med førebyggjande arbeid, er det avgjerande at vi har ei felles og kunnskapsbasert forståing. Dette handlar om å utvikle ein kollektiv praksis og eit tankesett som støttar tidleg innsats og rett hjelp til rett tid.

Det viktigaste grepet er å gå:

  • Frå tenestefokus til behovsfokus
  • Frå observasjon av teikn og signal til ei meir målretta forståing av risikofaktorar
  • Frå sein intervensjon til tidleg innsats
  • Frå tilfeldige tiltak til ein heilskapleg tilnærming som reduserer risiko og styrkjer beskyttelsesfaktorar

3.7 Alle barn har rett til ein trygg barndom.

Valdsfri oppvekst

FNs barnekonvensjon seier at alle barn har rett på ein trygg heim.

Noreg signerte i 1990 FNs barnekonvensjon saman med 193 andre land. Barnekonvensjonen er ein avtale om grunnleggande rettar for alle under 18 år. Her står det korleis alle barn i verda skal ha det, og sidan Noreg har skrive under på barnekonvensjonen er han også norsk lov. Barnekonvensjonen seier blant anna at alle barn har rett til ein trygg oppvekst, ytringsfridom og privatliv.

FNs konvensjon om barn sine rettar (barnekonvensjonen)

Barnekonvensjonen vart ratifisert (gjort rettsleg bindande) av Norge i 1991, og vart ein del av norsk lov i 2003. Barnekonvensjonen gjeld difor som norsk lov og ved ein eventuell motstrid mellom konvensjonen og norsk lov skal konvensjonen gå foran, jf. menneskerettslova §§2 og 3. Barnekonvensjonen har difor fått ei sterk stilling i norsk rett. Barn sin rett til ikkje å bli utsett for vald er verna av barnekonvensjonen. Beskyttelse mot vald framgår og av generelle menneskerettar som Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), men barnevernkonvensjonen går lenger i å gi barn rettar for vern mot vald. Barnevernkonvensjonen artikkel 19 handlar om barna sin rett til ikkje å bli utsett for vald og overgrep frå foreldre og andre omsorgspersonar.

Barnekonvensjonen § 19: Beskyttelse mot misbruk

Barnekonvensjonen sine artiklar 19 og 34 fastslår at alle barn har rett til beskyttelse mot alle former for vald, mishandling og omsorgssvikt, og at staten har ei plikt til å førebygge, hjelpe og gi støtte til barn og unge som er utsett for vald og seksuelle overgrep. I praksis inneber dette at kommunar har ei plikt til å utvikle tiltak og arbeid for å førebygge vald og overgrep, til å ha rutinar for å følgje opp bekymring for eit barn, og til å vere pådrivar for at barn og unge skal få den hjelpa og beskyttelsen dei har krav på. 

 I lov om barn og foreldre § 30,3 ledd står det følgjande;

«Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld og når valden kan brukast som ledd i oppsedinga av barnet, Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åferd overfor barnet er forbode».

 

4.1 Kva barn må ha kunnskap om

God førebygging handlar om å gi barn frå tidleg alder kompetanse om eigen og kropp, seksualitet og grenser. Det må gjevast alders og modningstilpassa opplæring både i barnehagen og skule.

Det er eit mål at barn og unge tidleg lærer kva som er lov og ikkje, når det gjeld grenser rundt eigen kropp og seksualitet. Barn som får læra om vald seier i større grad i frå om at dei opplever dette. Dette kjem fram i ein studie gjort av Folkehelseinstituttet(kjelde). 

Me skal ta i bruk systematiske samtalar om utvalde tema slik at barn og unge utviklar språk og handlingskompetanse til å seia i frå om stort og smått, og det som er vanskeleg. Alle barn skal gjerast kompetente til å kunna seia frå, og til å kunna be om hjelp, dersom dei blir utsette for vald og overgrep. Ved å lykkast med å vera trygge vaksne og legge til rette for at t barn og unge har føresetnadar til å fortelja. Her kan me gjere ein forskjell for nokon som verkeleg treng det, og på denne måten kan vi også bidra til å redusere dagens statistikk der ein i gjennomsnitt ventar 17,2 år før ein fortel om seksuelle overgrep.

Studie frå FHI (2021

4.2 Kva meiner barn og unge er viktig?

I arbeidet med “Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle” har regjeringa innhenta innspel frå Stine Sofies ekspertgruppe som består av barn som sjølv har opplevd vald eller overgrep.

Her er nokre av dei:

  • Ekspertgruppa understrekar at det er viktig å skapa meir openheit om vald og overgrep mot barn, for å kunna hindra at det skjer. 
  • Vaksne må ta barn meir seriøst, høyra på kva barn seier og tru på det dei fortel
  • Barn treng å merka at dei blir tekne på alvor og blir høyrt. 
  • Mange barn veit ikkje sjølv at det dei blir utsette for er vald. Det er derfor viktig at barn lærer meir om vald og at lærarane oftare snakkar om temaet på skulen.
  • Ekspertgruppa meiner at lærarane som er tettast på barna, til dømes kontaktlærarane bør gjennomføre/ vere med i denne undervisninga. 

Kilde: Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle

4.3 Kvifor barn ikkje fortel

Omtrent halvparten av barn som har opplevd vald har aldri fortalt om det til nokon. I rapportar frå Barneombodet‌ og frå Forandringsfabrikken er det desse grunnane som kjem fram: 

 Grunnar til at barn ikkje fortel om vald og seksuelle overgrep:

  • ikkje veit kva vald er, eller at det er ulovleg å utøva vald mot barn
  • trur det er vanleg å bli utsett for vald
  • kjenner ansvar og skuld
  • veit ikkje korleis eller kvar dei kan få hjelp
  • trur ikkje dei vil få hjelp viss dei seier frå
  • er redd for “systemet” og redd for barnevernet
  • stoler ikkje på vaksne
  • er glad i den som har utøvd vald mot dei
  • blir trua til å ikkje seia noko, eller opplever tvang
  • prøver å fortelja, men blir ikkje teke på alvor eller lytta til

5.1 Ulike typar vald

Vald er; einkvar handling retta mot ein anna person, som gjennom denne, skadar, smerter, skremmer eller krenker, får den andre personen til å gjere noko mot sin vilje eller sluttar å gjere noko den vil. Vald mot barn er alle former for fysisk, psykisk eller seksuell mishandling, forsømming eller utnytting. Det blir rekna som vald når barn er vitne til vald.

Vald i nære relasjonar er eit standardisert omgrep kor overgripar og offer er knytta til kvarandre ved nære familieband eller på anna måte betyr mykje for kvarandre i kvardagen. Vald og seksuelle overgrep vert og knytta til andre relasjonar enn nære familiemedlemmar. Vald i nære relasjonar er straffbart, uavhengig av kven som utøver valden og kvar den finn stad. Det følgjer av straffelova § 283 at mishandling i nære relasjonar er forbodet i Norge. Vidare er ei rekke seksuelle handlingar straffbare i medhald av straffelova §§ 291-318. § 282.Utøving av straffbare seksuelle handlingar er fastslått i Straffelova § 291-§318. 

Det er grunn til å bekymre seg over at mange som vert utsett for vald og seksuelle overgrep ikkje oppsøker politi og hjelpeapparatet og at politi og hjelpeapparatet ikkje alltid klarar å fange opp dei som treng hjelp. Vald og seksuelle overgrep skjer i alle samfunnslag, uavhengig av utdanning og jobb.

Fysisk vald; All vald som inneber fysisk kontakt- spark, slag, lugging, biting, kloring, fasthalding, risting, dytting og kvelartak. Innesperring og isolasjon er også former for fysisk vald.

Psykisk vald; Bruk av ord og stemme som trugar, skadar, krenker eller kontrollerer andre. Å nedvurdere, vere likegyldig til og audmjuke andre er også former for psykisk vald.

Indirekte vald; Vitne til vald og/eller konsekvensane av valdshandlingar.

Materiell vald; Knusing, øydelegging og kasting av gjenstandar, slag i veggar og dørar og liknande.

Økonomisk vald; Kontroll over andre sin økonomi; den eine parten vert nekta kontroll over eigen eller felles økonomi.

Latent vald; Valden «ligg i lufta». Dei som vert utsett for vald fryktar ofte at valden skal gjenta seg og gjer det dei kan for å unngå ny vald.

Digital vald; Trugslar og trakassering via meldingar, overvaking og kontroll via mobil eller sosiale medier, eller stygge meldingar posta på nett. Også trugslar, trakassering og seksuelle overgrep som fylgje av kontakt etablert på nett.

Seksuelle overgrep og vald; Alle former for seksualiserte handlingar som ein vert pressa, tvinga eller truga til, eller forsøkt pressa til mot sin vilje.

Æresrelatert vald; Vald som vert utløyst av familiens behov for å ivareta eller rette opp ære og omdømme.

Negativ sosial kontroll; Kan vere når ulike formar for press, trugslar, oppsyn og tvang vert utøvd for å sikre at einskildpersonar lever i tråd med familien eller gruppa sine normer.

Tvangsekteskap; Er ekteskapsinngåing der ein eller begge ektefellane ikkje har mogelegheit til å velje å vere ugift utan å bli utsett for vald, fridomsinnskrenking og urimeleg press.

Oppdragarvald; Fysisk og psykisk avstraffing som ledd i oppdraginga av barn og unge.

Omsorgssvikt; Mangel på handlingar eller feilaktige handlingar ved omsorg for barn og unge samt pleietrengande vaksne. Fysiske behov og behov for stimulering, oppfølging og beskyttelse blir då ikkje ivareteke.

Kjønnslemlesting; Er ei fellesnemning på ulike typar inngrep på jenter og kvinner sine ytre kjønnsdelar, som blir utført av kulturelle årsaker og utan medisinsk grunn.

 

5.2 Vald mot barn

Alle barn har rett til ein trygg barndom. I lov om barn og foreldre § 30,3 ledd står det følgjande; «Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld og når valden kan brukast som ledd i oppsedinga av barnet, Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åferd overfor barnet er forbode».

Forsking viser at barn som utsettast for langvarig traumatisk stress kan påføre fysiologiske endringar i hjernen, som følgje av vedvarande og forhøga kortisolnivå (stresshormon). Valds – og overgrepsutsette barn har forhøga kvilepuls, dei får ofte problem med merksemd, uro og impulskontroll som kan føre til dårlege skuleprestasjonar og dårleg sosial meistring. 

Det er dokumentert at det er like skadeleg for barn si utvikling å vere vitne til vald, som det er sjølv å bli utsett for vald. Barn som ser mor bli slått lever med den same redselen som om valden skulle amme dei sjølv. Situasjonen påfører barnet eit liv med angst, skam og hemmeleghald.

Allereie i mors liv risikerer barnet å bli påverka negativt av valden (Øverlien 2012). Omlag 40% av dei barna som veks opp som vitne til vald utviklar hjelpetrengande psykiske problem i løpet av livet, medan 20% av barna sjølv blir valdsutøvarar som vaksne. Ein reknar med at dei fleste valdsutøvarar sjølv har opplevd vald og overgrep i oppveksten sin, (NOVA- rapport2007, Vald og overgrep mot barn og unge).

 

5.3 Symptom og teikn

Ingen av symptoma eller teikna som er lista opp nedanfor er eintydige bevis på vald eller overgrep – dei kan òg ha andre moglege forklaringar. I nokre tilfelle viser barnet ingen symptom i det heile tatt. 

Dei vanlegaste symptoma er:

1. Atferdsvanskar

  • Aggressiv eller utagerande åtferd
  • Uvanleg stille eller tilbaketrekt
  • Løgn, steling eller annan risikofylt åtferd
  • Problemar med reglar og grenser
  • Konsentrasjonsvanskar og uro (kan bli forveksla med ADHD)

2. Emosjonelle problem

  • Angst og uro
  • Depresjon og nedstemtheit
  • Låg sjølvkjensle og skuldkjensle
  • Humørsvingingar
  • Vanskar med å knyte seg til andre (tilknytingsvanskar)

3. Fysiske plager

  • Uforklarlege blåmerke, sår eller skadar
  • Søvnproblem, som mareritt eller søvnløyse
  • Eteproblem (overspising, svelting eller oppkast)
  • Tilbakevendande smerter utan kjend årsak

4. Psykosomatiske plager

Psykosomatiske plager er kroppslige symptom som ikkje kan forklarast med medisinske funn. Desse kan vere:

  • Hovudpine
  • Magesmerter
  • Muskel- og leddsmerter
  • Kvalme og svimmelheit

Viktig å hugse:

  • Nokre barn viser ingen synlege symptom.
  • Symptom kan kome med ein gong, eller først lang tid etter overgrepa har skjedd.
  • Ved mistanke om vald eller overgrep bør ein alltid vurdere å kontakte helsepersonell, barnevern eller andre relevante instansar.

Atferdsvanskar og emosjonelle problem

Barn som har vore utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt, kan streve med utfordringar knytte til kjensler og åtferd. Desse barna er ofte urolige og ukonsentrerte, har vanskeleg for å følgje med på skulen og utviklar lærevanskar.

Barn som er utagerande, aggressive og sinte, kan vise teikn på dårleg impulskontroll. Dette kan vere eit resultat av ei skjevutvikling i hjernen, som igjen kan ha samanheng med opplevingar av vald og overgrep.

Sosiale utfordringar

Barn som har det vanskeleg sosialt og slit med å knyte stabile relasjonar, kan vere deprimerte og triste, og streve med å få vener. Dei kan også lettare bli involverte i mobbing – både som utøvarar og som offer.

Skam og dårleg sjølvkjensle

Dårleg sjølvkjensle kan vere ein konsekvens av overgrep. Barn som har opplevd vald og overgrep, kjenner ofte på skuld og skam. Dei kan oppleve at dei sjølve har skulda for det dei har blitt utsette for.

Ved emosjonelle overgrep kan barnet bli utsett for vedvarande verbal trakassering – som å bli fortalt at det er udugeleg og uønskt.

Fysiske og psykosomatiske plager

Vald, overgrep og omsorgssvikt kan også føre til fysiske symptom som:

  • Magesmerter, hovudverk og muskulære smerter i rygg og bryst. Særleg magesmerter er eit vanleg helseproblem hos barn, ofte saman med avføringsvanskar som forstopping og bæsjeuhell.
  • Vanskar med vannlating – til dømes at eit barn som tidlegare har vore tørt, byrjar å tisse på seg om dagen og/eller natta.
  • Smerter i kjønnsorganet som kjem og går, særleg smerter ved vannlating. Dette kan sjølvsagt også skuldast vanleg urinveisinfeksjon, noko ein enkelt kan finne ut ved urinprøve.
  • Ernæringsproblem, både over- og underernæring.
  • Tannråte og dårleg tannhygiene. Tennene kan seie mykje om barnets ernæringstilstand og hygiene.
  • Skadar utan god forklaring, oftast hudskadar som blåmerke og sår, men også brot og hovudskadar.

5.4 Konsekvensar av vald og overgrep

Vald og seksuelle overgrep kan ha alvorlege fysiske og psykiske konsekvensar, fysiske skadar, psykiske og somatiske helseplager og sjukdom, åtferdsvanskar og utviklingsavvik.

Dei fleste som blir utsette for valdshandlingar, reagerer omgåande med frykt, uro, sinne, eller aggresjon, kjensle av hjelpeløyse, handlingslamming eller tungsinn. Skam, einsemd, tap av håp og tillit til seg sjølv og samfunnet er også vanleg. Mange strevar med søvnvanskar og smerter.Skadeverknadene for barn, som anten sjølv blir utsette for vald eller opplever vald mellom vaksne i familien, er store. Ein vanskeleg omsorgssituasjon i barndommen gir risiko for utryggleik, redusert helse og livskvalitet også i vaksen alder, og kan auka risikoen for sjølv å bli valdsutøvar eller valdsutsett som voksen. Skadeverknadene for barn, som anten sjølv blir utsette for vald eller opplever vald mellom vaksne i familien, er store. 

Barnemishandling og vald frå andre vaksne eller jamaldra aukar faren for fall i skuleprestasjonar, fråfall frå skule, utdanningsløp og arbeidsliv (Strøm, 2013a; 2013b). Vold aukar risikoen for utanforskap, eller marginalisering i samfunnet. 

Forsking viser at barn som blir utsatt for langvarig traumatisk stress kan føre til fysiologiske endringar i hjernen, som følgje av vedvarande og forhøga kortisolnivå (stresshormonar). Allereie i mors liv risikerer barnet å bli påverka negativt av valden (Øverlien 2012). Det er dokumentert at det er like skadeleg for barn si utvikling å vere vitne til vald, som det er sjølv å bli utsatt for vald. Barn som ser mor bli slått lever med den same redselen som om valden skulle ramme dei sjølv. Situasjonen påfører barnet eit liv med angst, skam og hemmeleghald. 

Omlag 40% av dei barna som veks opp som vitne til vald utviklar hjelpetrengande psykiske problem i løpet av livet, medan 20% av barna sjølv blir valdsutøvarar som vaksne. Ein reknar med at dei fleste valdsutøvarar sjølv har opplevd vald og overgrep i oppveksten sin, (NOVA- rapport2007, Vald og overgrep mot barn og unge).

Valds – og overgrepsutsette barn har forhøga kvilepuls, dei får ofte problem med merksemd, uro og impulskontroll som kan føre til dårlege skuleprestasjonar og dårleg sosial meistring.

 Les meir Konsekvenser av vold og overgrep – NKVTS – En veileder om vold i nære relasjoner

5.5 Risikofaktorar for vald

Vald mot barn og unge finst i alle samfunnslag og i alle typar familiar. Det er sjeldan ein risikofaktor åleine som forklarer kvifor eit barn blir utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt. Det vanlegaste er at fleire risikofaktorar verkar saman. Ofte kan bakeforliggjande faktorar vera skjulte, og det er auka risiko for at vald ikkje blir oppdaga i tilsynelatande velfungerande familiar.

Barnemishandling blir oftast utøvd av foreldra, og risikofaktorane blir hovudsakleg dermed å finna hos omsorgsgivarane. Forhold som gjer at den vaksne har vanskar med å takla utfordringane i dagleglivet, utgjer ein risiko for barnemishandling. Det kan også vera forhold ved barnet som gjer det ekstra utfordrande å gi tilstrekkeleg omsorg. Vanskar hos barnet kan gjera at den omsorga barnet har behov for, overskrid meistringsevna til foreldra, eller at forhold ved barnet gjer at foreldra ikkje klarer å møta barnet på ein god måte.

Kjelde: Risikofaktorer – NKVTS – En veileder om vold i nære relasjoner

Risikofaktorar for vald blant barn og unge

Rusproblemer og psykiske problem hos foreldre aukar risikoen for at barna opplever vald og seksuelle overgrep (Mossige & Dyb, 2009). Fysisk vald og seksuelle overgrep mot barn finst hyppigare i familiar med dårleg økonomi, det gjeld spesielt den alvorlege valden (Mossige & Stefansen, 2007; 2016; Myhre, 2015).

Risikoen for å bli utsett for alvorleg fysisk vald frå eigne foreldre heng saman med levekåra til familien. Innvandrarungdom, ungdom frå familiar med dårleg råd og ungdom frå familiar der føresette  har rusproblem syner høgare risiko for å bli utsett for fysisk vald frå foreldra samanlikna med andre ungdommar (Mossige & Stefansen, 2016).

Det finst mange og samansette årsaker til at barn og unge blir utsette for vald og overgrep. Ein fellesnemnar er dysfunksjon i familien.

Ved utgreiing finn ein ofte sårbarheitsfaktorar hos foreldra, som til dømes:

Rusproblem

  • Psykisk sjukdom
  • Eigne erfaringar med vald og overgrep

I tillegg finst det faktorar som kan auke stressbelastninga på familien, som:

  • Arbeidsløyse
  • Fattigdom

I nokre situasjonar kan også faktorar ved barnet gjere det meir sårbart for vald. Til dømes er barn som er mykje sjuke, og som græt mykje, oftare utsette for vald.

Tidlegare vald

Ein av dei sterkaste risikofaktorane er å ha vore utsette for vald tidlegare. Til dømes har menneske som har opplevd éin type vald, ofte også opplevd andre typar vald (Thoresen, 2015; Mossige & Stefansen, 2016). Barn som har vore utsette for vald, har høgare risiko for å oppleva vald også seinare i livet; i ungdomstida og vaksen alder (Thoresen, 2015; Strøm, 2017). Dette gjeld både seksuelle overgrep og andre former for vald 

Kjelde: Vold og seksuelle overgrep - FHI)

Individuelle forhold ved barnet

  • åtferdsavvik: låg frustrasjonsterskel, aggressiv åtferd eller problem med konsentrasjon
  • alvorleg psykisk liding
  • psykisk utviklingshemning
  • nedsett fysisk funksjonsevne
  • låg fødselsvekt

Forhold ved familie/omsorgsperson

  • rusmiddelproblem
  • involvert i andre kriminelle aktivitetar
  • psykisk liding
  • eiga erfaring med vald, overgrep og omsorgssvikt i oppveksten
  • problem med å fylla rolla som omsorgspeson (fysisk, emosjonelt eller kognitivt)
  • høgt stress hos omsorgsperson
  • separasjon/skilsmisse
  • låg sjølvkjensle
  • einsleg omsorgsperson
  • låg utdanning
  • streng oppdragarstil 
  • negativ sosial kontroll

Sosiale faktorar

  • låg sosioøkonomisk status
  • omsorgsperson er arbeidsledig
  • sosial isolasjon
  • stor familie
  • tronge og dårlege buforhold
  • mangel på tilgang til sosial støtte, som sosiale tenester, avlasting og helsehjelp til barnet
  • stressande hendingar i livet
  • sårbarheit for diskriminering
  • ikkje-biologisk omsorgsperson i heimen

5.6 Psykisk utviklingshemming og/eller nedsatt funksjonsevne

Personar med utviklingshemming har forhøga risiko for å bli utsatt for vald og overgrep, det vil sei fysisk og psykisk vald, seksuelle overgrep, negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, nettovergrep, omsorgssvikt og forsømmelse (Grøvdal, 2013).

 Personar med utviklingshemming kan og vere utsatt forøkonomiske overgrep (Elvegård m. fl., 2020). mange utviklingshemmede eravhengig av assistanse i kvardagen.

Omsorgssituasjonen kan utgjere ein risiko for vald og overgrep. Overgriper kan vere ein tenesteytar eller annan hjelpar, eit familiemedlem, ei i det sosiale nettverket eller ein framand. Overgripar kan og vere ein person med utviklingshemming. Mange kan oppleve å ikkje bli forstått, trudd eller tatt på alvor når dei forsøker å fortlje om urett dei er blitt utsatt for. Der er difor viktig å legge til rette for at mennesker med utviklingshemming kan tileigne seg informasjon og kunnskap om vald og overgrep.

Førebyggande tiltak:

  • Tilrettelagt informasjon om, og tydelege haldningar til, kva som er lov og ikkje lov
  • Kunnskap om retten til ikkje å bli utsatt for uønska seksuelle handlingar frå ein anna person
  • Tilpassa undervisning om kropp og identitet, venner og kjærester, seksualitet og samliv
  • Opplæring i å attkjenne og kunne sei frå om overgrep
  • Sikre at personar som brukar ASK kan formidle sine grenser

Personar med psykisk utviklingshemming som vert mistenkt å ha vore utsatt for vald eller overgrep vil bli avhøyrde ved Statens barnehus, gjerne ha med ein følgjeperson dei har eit trygt forhold til. Koordinatorar i Sogndal kommune kan gi råd og støtte til personar med utviklingshemming, familiane deira eller tilsette.

Vert tilfelle av vald mot personar med utviklingshemming og/eller personar med nedsatt funksjonsevne skal dette handterast i tråd med prosedyrar i kvalitetssystemet.

5.7 Førekomst og statistikk

Hovudpunkt (kjelde: FHI, Folkehelserapporten 2020 Vold og seksuelle overgrep - FHI)

  • Om lag 1 av 20 barn og unge veks opp under forhold prega av vald (barnemishandling).
  • seksuelle overgrep: 1 av 5 jenter og 1 av 14 gutar seier at dei har opplevd dette i barne- og ungdomsåra
  • Mindre alvorleg vald: Om lag 1 av 5 unge har opplevd mindre alvorleg vald, til dømes å bli lugga, klypt eller slått med flat hand. Det er vesentleg fleire gutar enn jenter som blir utsette for dei mindre alvorlege formene for fysisk vald (Thoresen, 2014; Mossige & Stefansen, 2016).

Når omsorgsgivarar utøver fysisk vald, skjer dette ofte i samanheng med psykisk vald og omsorgssvikt. Fysisk vald frå foreldre startar ofte tidleg i barneåra (Myhre, 2015)

6.1 Teieplikt

Teieplikt kan definerast som at nokon har plikt til å hindre at bestemte opplysningar kjem til andre enn dei som skal ha opplysningane. Teieplikt inneber både ei plikt til å la vere å dele opplysningar, og til å handsame opplysningane på  ein forsvarleg måte slik at ein hindrar uvedkomande å få tilgang til desse. Det har ingen betydning kva form opplysningane har, eller om ein har fått desse munnleg eller skriftleg. På ein del område er det fastsett avvikande reglar, til dømes barnevernet, politi og helse- og omsorgstenestene. Ulike forvaltningsorgan kan difor ha ulike reglar om teieplikt, noko som kan få betydning når dei skal samarbeide. 

Det må skiljast mellom forvaltningsmessige og profesjonsbasert teieplikt. Den forvaltningsmessige teieplikta trer inn når nokon har ei tilknyting til eit forvaltningsorgan. Etter forvaltningslova § 13 gjeld teieplikta for alle som» utfører teneste eller arbeid» for eit forvaltningsorgan. 

Den profesjonsbaserte teieplikta er derimot knytta til det yrket eller den bestemte rolla ein person har. Slik teieplikt kan gjelde ved sidan av den forvaltningsmessige.

 (Tekst er henta frå veileder om Taushetsplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltningen –Justis og beredskapsdepartementet PDF).

Adgang til å gje opplysningar utan hinder av teieplikt

Teieplikta er ikkje til hinder for å utveksle opplysningar som er underlagt teieplikta til dømes til barnehagen dersom det føreligg samtykke frå foreldra. Reglesett som opnar for samarbeid blir påverka rettsleg i hovudsk av fem ulke regelsett om teieplikt. dette gjeld reglane om

  • tilgang til anonymt å formidle opplysningar
  • samtykke til å formidle opplysningar
  • retten til å meddele opplysningar uavhengig av samtykke
  • plikta til å gje opplysningar uavhengig av samtykke
  • plikt til på eige initiativ å gje opplysningar uavhengig av samtykke

Les meir om opplysnings- og varslingsplikter som gjelder uten hensyn til taushetsplikten her, PDF.

 

6.2 Samtykke

Lovbestemt teieplikt kan bli oppheva ved samtykke frå den som har krav på taushet, jf.forvaltningslova ! 13 a nr. 1 og pasient – og brukarrettigheitslova § 5.1. eit slikt samtykkebør vere skriftleg og nedfelt i ei samtykkeerklæring. Teieplikta vert oppheva når det føreligg eit informert samtykke. Med informert samtykke meiner ein eit samtykke gitt med forståing for kven som skal få opplysningar og kva opplysningar skal bli brukt til. Eit slikt samtykke opphev teieplikta så langt som samtykket rekk. Eit samtykke kan heilt eller delvis bli trekt tilbake når som helst.

6.3 Meldeplikt/opplysningsplikt

Melde- og opplysningsplikta blir utløyst når «det er grunn til å tru» at eit barn blir utsett for mishandling i heimen eller det befinne seg i ein av dei alvorlege situasjonane som barnevernlova sine §§ 3-7,3-8, 5-1 bokstav a til d, 6-2 og 8-4 første ledd skildrar. Den som vurdera å melde frå til barneverntenesta om eit barn sin situasjon, må ikkje ha sikker viten om barnet finn seg i ein slik alvorleg situasjon. Det er nok at mistanken er sopass underbygga at «det er grunn til å tru». I praksis vil det ofte vere bekymring for barnet sin omsorgssituasjon eller barnet sine alvorlege åtferdsproblem som aktualiserer melde-/opplysningsplikta. Meldeplikta er eit sjølvstendig og individuelt ansvar på kviler på den enkelte tilsette. Kvar og ein må føreta ei konkret og skjønnsmessig vurdering av situasjonen. Det er ikkje tilstrekkeleg å melde til ein overordna.

Barneverntenesta har adgang til å pålegge offentlege myndigheiter å gje opplysningar til barnevernstenesta, jf. Barnevernslova § 13-4. Opplysningsplikt etter pålegg er og begrensa til forhold som fell inn under skildringane i §§ 3-7, 3-8, 5-1 bokstav a til d, 6-2 og 8-4 første ledd

6.4 Opplysningsrett

I visse situasjonar har ein tilgang til å gje opplysningar til andre instansar. For barneverntenesta følgjer denne av barnevernlova §§ 13-1 og 13-5 første ledd. Den seier at opplysningane til andre forvaltningsorgan berre kan gjevast når det er nødvendig for å fremje barneverntenesta sine oppgåver, eller for å førebygge vesentleg fare for liv eller alvorleg skade for nokon si helse. Barneverntenesta har og tilgang til å gje opplysningar til andre når opplysningane blir brukt til det føremålet dei blir innhenta for. Det følgjer av forvaltningslova § 13 nr, 2. 

Helsepersonellova § 23, nr. 4 seier at teieplikta ikkje er til hinder for at opplysningar blir gitt vidare når tungtvegande private eller offentlege interesser gjer det rettmessig å gje opplysningar vidare. 

 

6.6 Avvergingsplikt

Avvergingsplikta er i likheit med meldeplikta ei sjølvstendig og individuell plikt til å handle ev eige tiltak (Straffelova § 196). Kvar enkelt må sjølv føreta ei skjønnsmessig vurdering av faren for overgrep. Den som forsetteleg unnlèt å oppfylle avvergingsplikta, kan bli straffa med bøter eller fengsel. Dei avvegingane ein gjer, bør difor bli nedteikna skriftleg. Avvergingsplikta er ei plikt for å hindre straffbare handlingar og skal alltid meldast til politiet. Nokre gonger vil det vere nødvendig å melde til barnevernet i tillegg til politiet. 

6.7 Kjønnslemlesting og avvergingsplikta

Denne lova vart oppheva i 2015 og erstatta med Straffelova §§284 og 285. Lova påbyr ei rekke offentlege og private tilsette å forsøke å avverge at kjønnslemlesting får skje, omtalt som avvergeplikta. Når desse får kunnskap om at nokon kan blir kjønnslemlesta, har offentlege instansar ei lovbestemt plikt til å avverge at lemlestinga blir gjennomført, til dømes ved å melde frå til barneverntenesta eller politi. Brot på denne plikta kan straffast med bøter eller fengsel i eitt år.

Ved fare for at kjønnslemlesting vil kunne skje i umiddelbar framtid, vil melding til barnevernet ikkje vere tilstrekkeleg. Då må saka meldast til politiet, som kan iversetje tiltak for å beskytte jenta. Døme på aktuelle tiltak frå politiet si side er vedtak om reiseforbud og fråtaking av pass og anna reisedokumentasjon.

7.3 Handtering av saker - skadeleg seksuell åtferd (SSA)

Søk opp “Handtering av saker - skadeleg seksuell åtferd" i kvalitetssystemet TQM eller trykk på lenka under. 

Handtering av saker - skadeleg seksuell atferd”. 

7.4 Drøfting med Sogn barnevern

Er du som tilsett/eining uroa for eit barn er det fleire instansar som kan bistå.

Ressursteam i barnehagar og skular er etablert og det er naturleg å drøfte saka anonymt der for råd og vidare handsaming. 

Saker som omhandlar bekymring for korleis barn har det heime, kan drøftast anonymt med barnevernstenesta. 

  • Når ein tilsett/eining er usikker på om ein har meldeplikt, tek ein kontakt med barnevernstenesta anonymt, for så at barnevernstenesta kan rettleie instansen
  • For at Sogn barnevern skal kunnegi tydeleg og god rettleiing, er det ein føresetnad at eininga /den tilsette gir korrekt og fullstendig informasjon om forholda.
  • Sogn barnevern rettleiar alltid den som kontaktar tenesta om å bruke nettressurs, malar, ressursteam og BTI-team.

Bekymringsmelding til Sogn barnevern

  • Sogn barnevern skal gi tydelege tilbakemeldingar på om ein har meldeplikt og/eller om det krev samtykke frå foreldre for å melde.
  • Sogn barnevern skal rettleie i høve meldingsinnhald.
  • Sogn barnevern skal gi klare råd, men det er instansen som avgjer om det blir sendt melding eller ikkje.

 I dei tilfelle der instansen drøfter ein sak med namn, må barnevernstenesta vurdere om det likevel skal opnast undersøking dersom instansen vel å ikkje melde. 

8.1 Saman samtidig mot vald og overgrep i Sogndal kommune

Kommunen skal styrke sitt arbeid med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep. 

Mål : Ingen barn og unge i Sogndal kommune skal utsettast for vald og seksuelle overgrep

Prioriterte strategiar for å nå målet er:

  • Tilsette skal gi barn og unge tilpassa kunnskap og kompetanse om kropp og grenser for å gi dei tryggleik og føresetnadar for å sei frå om vanskelege forhold. 
  •  
  • Tilsette i Sogndal kommune skal kjenne att teikn og signal, og vite korleis dei skal handle tidleg ved avdekking av vald og seksuelle overgrep.

Som tilsette skal me arbeide systematisk og strukturert for å førebyggje vald og seksuelle overgrep mot barn og unge i Sogndal kommune. Informasjon til barn og unge om vald og overgrep må vere systematisk og integrert i opplæring i barnehage og i skule. Det er og behov for kompetanseheving til dei tilsette, behov for eit jamleg fokus på vald og overgrep og rutinar knytt til dette arbeidet i internundervisning og opplæring av nytilsette. 

Saman samtidig – mot vald og overgrep kan sjåast på som eit folkehelseløft der fokuset i stor grad er på den viktige grunnleggande universalførebygginga.Me har fokus på å bygge trygge, gode og sterke relasjonar mellom barn og vaksne i barnehagen og skulen. Barn treng sensitive og omsorgsfulle vaksne rundt seg og tryggheit er ein føresetnad for at barna skal utforske, leike og lære. Barn si tilknyting til foreldra dannar den viktigaste ramma rundt deira utvikling, men vi som jobbar i barnehage og skule er ein klar nummer to for veldig mange.Det første mange tenker på ved tilknyting, er at barn kjenner nærheit og tryggheit til dei vaksne rundt seg, men det handlar like mykje om å hjelpe barn med vanskelege følelsar og å støtte dei i utforsking og leik.

Det me legg inn av omsorg, trøyst, ømheit, glede og latter, kjem ut igjen som god psykisk helse og meistring hos dei barna vi jobbar med. Hos oss skal barnet bli rusta for å meistre resten av livet gjennom å møte omsorgsfulle, positive og grensesettande vaksne med god relasjonskompetanse. Dei skal leike og oppleve magiske augneblikk saman med gode vener. Dei skal oppleve å høyre til og tryggheit, som gir dei eventyrlyst og trong til å utforske. Når barna begynner på skulen skal dei være kompetente, leikne og livsglade barn med ei sterk tru på seg sjølv og ein følelse av at dei kan noko og at dei betyr noko. Me skal arbeide for å utjamne sosial ulikskap og ruste barnet for å meistre og glede seg til resten av livet.

God foreldrestøtte er ein viktig innsats for å førebygge vald og overgrep. I samarbeid med foreldra skal me bidra til at dei blir trygge og gode omsorgspersonar og slik førebygge vald, overgrep og omsorgssvikt. 

Det  er to strategiar direkte retta mot skule- og barnehagesektoren:

Trygge vaksne – opplæring av tilsette om vald og seksuelle overgrep. 

Opplæring av tilsette skal styrke skule- og barnehagetilsette i møte med barn, unge og familiar som opplever vald og seksuelle overgrep, slik at fleire vert oppdaga tidleg og får rett hjelp til riktig tid.Førebygging av vald og seksuelle overgrep – skule og barnehageåret 2025-2026: 

Undervisning, kompetanseheving, årshjul- tilsette i barnehage og skule.docx Målet er å sikre grunnleggande kunnskap i tenestene på ein praktisk og gjennomførbar måte.  

Den nasjonalfaglege retningslinja Tidlig-oppdagelse av utsatte barn og ungeunderstrekar at tilsette som arbeider med barn og unge så tidleg som mogleg bør identifisera barn og unge som lever i ein risikosituasjon. Merksemd på teikn og signal som gir grunn til bekymring, kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar og kompetanse i å snakke med barn og unge er viktig i arbeidet med førebygging og oppdaging av utsette barn og unge. 

Universell førebyggande undervisning og læringsprosessar om vald og seksuelle overgrep 

Førebygging av vald og seksuelle overgrep – skule og barnehageåret 2025-2026 Undervisning, kompetanseheving, årshjul- tilsette i barnehage og skule.docx

 Barn og unge tilpassa kunnskap og kompetanse om kropp og grenser for å gi dei tryggleik og føresetnadar for å sei frå om vanskelege forhold. Barn og unge skal vere med å samskape i tema og innhaldet i eigen undervisning/læringsprosessar frå barnehage til ut ungdomsskulen. Tema som blir jobba med er dei tema barn og unge aldersadekvat er opptekne av. 

Samskaping er innovasjon i læringsprossar om vald og overgrep. Det skal vere undervisning med trygge vaksne nær barn og unge om vanskelege tema barn og unge er opptekne av og har behov for å lære meir om. Dei vaksne skal vere opptekne av det barn og unge er opptekne av. 

Hensikten med samskapinga er et det er ein del av undervisninga som skal auke kompetansen hos barn og unge når det gjeld kva vald og overgrep er. Gjennom vidare undervisning i fordjupingstema dei er opptekne av, aukar kompetansen, dei vil vite meir om kvar dei kan få hjelp og bidra førebyggande til at dei ikkje utfører vald og overgrep mot andre. Det er folkehelse og ha reell medverknad i eige liv og heilt i tråd med den nye opplæringslova som trådde i kraft 01.08.2024. I læreplanen for skulen og i rammeplanen for barnehagen skal barn og unge medverke til eiga læring.

8.2 Tiltak- oversikt i tabell

 
 

Tiltak  Mål  Ansvar   Status  Tidsramme  Forventa resultat 
Opplæringspakke/informasjon til til tilsette om ressursar i arbeidet for å førebygge, avdekke og handtere vald og overgrep Tidleg identifisere dei som er i ein risikosituasjon har tilsette kunnskap om risiko- og beskyttande faktora Leiargruppa i oppvekst  Oppstart 2505  

 Tilsette har god kjennskap til relevante ressursar, rutinar og lovverk for å førebygge, avdekke og handtere vald og overgrep.

 Tilsette veit kven dei kan kontakte og kva steg dei skal ta ved bekymring.

 Tilsette kan tidleg identifisere personar i risikosituasjonar gjennom kunnskap om både risikofaktorar og beskyttande faktorar.

Gjere oversikt over tiltak og tenester for barn og unge kjent. 

Utarbeide informasjon på kommunen si nettsida om vald og overgrep

Innbyggjarane kan lett søke hjelp og melde frå når ein får mistanke om eller kjennskap til at nokon er utsette for vald og overgrep Leiargruppa i oppvekst  2025   Styrka openheit og bevisstheit om vald og overgrep i lokalsamfunnet.

Samarbeid mellom SMISO og barnehagane i Sogndal

Tiltak: Hjartesamling

Etablere eit strukturert samarbeid mellom SMISO og barnehagane, tilsvarande det samarbeidet som allereie finst med skulane.

 

 

 

Barnehagemynde/barnehageeigar og helsestasjonen Påbegynt   Auka kompetanse hos barnehagepersonalet om førebygging, avdekking og handtering av vald og overgrep.

Implementere og ta i bruk undervisningsprogram i barnehage og skule om vald og overgrep

 

Undervisning,kompetanseheving, årshjul- tilsette i barnehage og skule.docx

 

Barn og unge aukar sin kompetanse gjennom læringsprosessar om kva vald og overgrep er.

Barn og unge i barnehage og skule skal sjølv få medverke i læringsprossen.

 

Styrar,rektor, 

helsestasjon og skulehelseteneste. 

 

Etablert

Vidare implemente

ring i i skular 

barnehagar 2025/2026:

 

 

Barn og unge får  

tilpassa kunnskap og

 kompetanse om kropp og grenserfor å gi dei tryggleik og føresetnadar for å sei frå om vanskelege forhold.

 

Verktøyet snakkemedbarn.no vert nytta av tilsette i tenester som møter barn og unge. 

 

Verktøyet er årleg tema på personalmøte 

 

Tilsette i barnehagar, skular og hjelpetenester trenar på samtalar med barn

Å snakke med barn, ungdom, føresette om det som er vanskeleg

Tilsette har kunnskap om samtalemetoder og kompetanse på å snakke med personar dei har uro for

Styrar og rektor

Leiar skule 

Leiar barnehage 

Påbegynt 

 

Tilsette bruker verktøyet snakkemedbarn.no aktivt i arbeid med barn og unge.

 

Årlege personalmøte sikrar kontinuerleg fokus på samtaletrening og tema knytt til barn sine rettar og behov.

 

 Tilsette har auka tryggleik og kompetanse i å gjennomføre samtalar med barn om vanskelege tema

 

Opplæring i teikn og signal  Tilsette i Sogndal kommune skal kjenne att teikn og signal, og vite korleis dei skal handle tidleg ved avdekking av vald og seksuelle overgrep

Leiar skule

Leiar barnehage 

Rektor 

Styrar 

 

 

Tilsette har auka kompetanse i å kjenne att teikn og signal på vald, overgrep og omsorgssvikt.

 

 Tidleg oppdaging av barn og unge i risikosituasjonar gjennom betre observasjonsevne.

 

  Auka tryggleik og evne til å handle raskt og korrekt ved mistanke om vald eller overgrep

 

Utarbeiding av rutinar for korleis tilsette i SFO og skule skal handtere situasjonar der barn og unge melder om digital vald.

 

Handtering av digital vald i skule og SFO

Rektor,skuleeigar

 

Ikkje etablert

 

 Klare og konkrete rutinar er på plass for korleis tilsette i SFO og skule skal handtere meldingar om digital vald.

 

Tilsette veit korleis dei skal respondere trygt og rettsikker ved rapportering av digital vald.

 

Rutinane sikrar at barn og unge blir tatt på alvor og får nødvendig støtte og hjelp

 

Etablere årlege strukturert kompetanseheving om tema vold og overgrep til tilsette i oppvekst.

Årshjul 

Strukturert kompetanseheving om tema vald og overgrep til tilsette i oppvekst

Ha kontinuerleg kompetanseheving. Tilgjengeleg fagleg støtte til basistenestene i kvardagen der bekymring kan oppstå.

Auke kompetanse til tilsette om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge gjennom årleg planlegging av kompetanseheving, strukturert og systematisk opplæring.

Leiargruppe oppvekst, planlegge og gjennomføre kompetanseheving for tilsette

  • Evt konsultasjonsteam/ førebyggande team
Ikkje etablert 

 

Tilsette har kunnskap til å kunna prata om vald og seksuelle overgrep tilpassa målgruppa sin mognad, alder, språkferdigheiter og moglegheit til å forstå

 

 

 

Handtering av uro knyttet til vold, seksuelle overgrep og skadelig seksuell atferd 

 

Opplæring i risiko og beskyttelsesfaktorar 

Tilsette har kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar/teikn og signal

 

 Leiarane 

Påbegynt

 

Tilsette har auka kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar 

 

Betre evne til tidleg å identifisere barn og unge i risikosituasjonar

 

Auke kompetansen hos tilsette i skular og barnehagar i Sogndal kommune om å snakke med føresette om vanskelige tema.

Tilsette skal øve på ferdigheiter – den nødvendige samtalen. Den nødvendige samtalen | KORUS

 

Tilsette har gode ferdigheitar i å snakke med førsette 

 Leiarar

 

Påbegynt

 

Tilsette i skular og barnehagar i Sogndal kommune har auka kompetanse i å ta opp vanskelege tema med føresette på ein trygg og respektfull måte.

 

Betre kommunikasjon og samarbeid mellom tilsette og føresette som styrkar omsorga og oppfølginga av barn og unge.

Alle tilsette i barnehage, SFO og skular skal vere godt kjent med handlingsrettleiar ved mistanke om vald og seksuelle overgrep mot barn. Handlingsplan - rettleiar

 

God handtering ved mistanke av vald og seksuelle overgrep 

 Styrar og rektor

 

 

 

Eksisterande tiltak

 

Alle tilsette i barnehage, SFO og skular er godt kjent med handlingsrettleiaren ved mistanke om vald og seksuelle overgrep mot barn.
Prosedyrane/rutinane blir gjennomgått årleg og ligg tilgjengelege i kommunen sitt kvalitetssystemet 

Prosedyrar/rutinar ved mistanke om vald skal vere kjende og tilgjengelege for alle tilsette

 

Leiar for den enkelte teneste

 

Årleg aktivitet

 

Prosedyrar og rutinane for handtering av vald og seksuelle overgrep blir gjennomgått årleg for å sikre oppdatert kunnskap blant tilsette.
Tilsette får opplæring i avvergngsplikta og ressursen plikt.no Tilsette er kjent med avvergingsplikt og ressursen plikt.no

Oppvekstadministrasjonen

Styrar og rektor 

Ikkje etablert

 

Tilsette har auka kunnskap om avvergingsplikta og veit korleis dei skal bruke ressursen plikt.no.

 

 Tilsette handterer bekymringar og mistankar om vald og overgrep i tråd med lovpålagte krav.

 

Tilsette i barnehagar stiller rutinemessig spørsmål om vald i nære relasjonar 

 

Startsamtalar ved oppstart

Leiar barnehage

Styrar

Delvis etablert

 

Tilsette i barnehagar stiller rutinemessig og trygt spørsmål om vald i nære relasjonar  
Jobbe med undring og bekymring – nivå 0 i BTI modellen Skapa eit miljø der tilsette har låg terskel for å drøfta saker tverrfagleg (det kan gjerast anonymt om det er naudsynt)

Styrar og rektor

 

Påbegynt

 

Tilsette har auka forståing for og evne til å handtere undring og bekymring på nivå 0 i BTI-modellen
Sjå på eksisterande strukturar og korleis dette bør organiserast framover for å ivareta behovet knytt til vald og overgrep

Tverrfaglege drøftingsteam/BTI team/ konsultasjonsteam:

Tverrfagleg rettleiings- og konsultasjonsteam som kan nyttast av tilsette i barnehage, skule og andre kommunale tenester der ein kan drøfte ei problemstilling anonymt eller med samtykke.

 Hensikta med eit BTI-team er å hjelpe til med å sjå familiens totale behov på den måten sikre rett hjelp tidlegast mogleg.

Oppvekstadministrasjonen 

Delvis etabelert 

 

Sikre rett hjelp

 

Forslag til ny eller vidareutvikla organisering som betre ivaretek behovet for førebygging, avdekking og handtering av vald og overgrep.

Kometanseheving knytt til opplysningsplikt og avvergelsesplikta

Tilsette som arbeider med barn og unge ha rgod kunnskap om opplysningsplikta til barnevernstenesta og avvergelsesplikta, og vita korleis dei skal handla for å overhalda desse.

 

Oppvekstadministrasjonen

Rektor  

Styrar  

Delvis etablert

 

Tilsette har auka kunnskap og forståing av opplysningsplikt og avvergingsplikt.

 

Tilsette kjenner til korleis og når dei skal melde frå om bekymringar om vald, overgrep eller omsorgssvikt

 

Implementering av trafikklysmodellen og seksuelladferd.no 

 

Tilsette nyttar trafikklysmodellen i arbeidet og kjenner til nettsida seksuelladferd.no

Oppvekstadministrasjonen

Ikkje etabelert 

 

Betre tidleg innsats og tilpassa støtte til barn og unge basert på trygg og systematisk bruk av modellen.

 

Tilsette har auka kunnskap og forståing av trafikklysmodellen som verktøy for å avdekke og handtere seksuell åtferd hos barn og unge.

Vald og overgrep er fast tema i samtale med foreldre i svangerskapet og etter fødsel og med barn på 1. trinn, 3.trinn og 8. trinn

  • Stine Sofie Foreeldrepakke vert nytta i svangerskapet og etter fødsel 

Filmen i «Trygge hender» vert vist til alle foreldre av helsesjukepleiar 7-10 dagar etter fødsel

 

 

Helsestasjonen

 

Jordmor /helsesjukepleiar 

 

Skulehelsetenesta 

Kontinuerlig

 

 Foreldre får tidleg og god informasjon om førebygging av vald og overgrep gjennom bruk av Stine Sofie Foreldrepakke og filmen i «Trygge hender».

 

  Auka bevisstheit hos foreldre om barns rettar og teikn på vald og overgrep.

 

 Foreldre opplever å bli trygt og godt ivaretekne i sensitive samtalar av helsesjukepleiarar.

 

 Styrka førebygging gjennom tidleg dialog som kan bidra til tryggare oppvekstmiljø for barna.

 

Andre tiltak  

 

 

 

 

Barne-, ungdoms- og familiestøtte

 

Psykisk helsetilbod for barn og unge 0-20 år, inkludert foreldre. Hjelp il førebygging av psykiske vanskar, byrjande rusproblematikk og oppfølging ved belastande livshendingar. Samtalar og rettleiing til foreldre. Samtalar/behandling av barn og ungdom som slit med bekymringar

Oppvekst

Etablert

 

Sikre rett hjelp til rett tid. 

 

Tidleg hjelp til førebygging av psykiske vanskar, byrjande rusproblem og oppfølging ved belastande livshendingar.

 

Redusert belastning og betre psykisk helse hos barn, unge og familiar gjennom heilskapleg oppfølging

Kommunen  tilbyr foreldrerettleiingstilbod på ulike nivå.

 

Føresette til born og unge i Sogndal kommune skal få den støtta dei treng til å vere trygge og gode omsorgsutøvarar

 

Helsestasjonen/skulehelsetenesta, 

Barne-, ungdoms- og familiestøtte

Sogn barnevern

Påbegynt

 

Føresette til born og unge i Sogndal kommune oppleve å få den støtta dei treng til å vere trygge og gode omsorgsutøvarar

Heim–skule-samarbeid med fokus på relasjonar

Foreldrenettverk

 

Å etablere og styrke eit godt og tillitsfullt samarbeid mellom heim og skule, med særleg fokus på å bygge positive relasjonar som fremjar barns trivsel, tryggleik og læring.

 

Å utvikle og støtte foreldrenettverk som gir foreldra ein arena for informasjon, dialog og erfaringsdeling

Leiar skule

Leiar barnehage

Styrar 

Rektor 

Påbegynt 

 

Føresette som treng hjelp, støtte og rettleiing skal oppleve “open dør” i tenestene i Sogndal kommune 

Sogndal kommune har universellførebyggande tiltak som virkar og gjev føresette best mogleg føresetnader for å meistre foreldrerolla.

 

Utarbeide informasjonsmateriell om vald og seksuelle overgrep på kommunen sine heimesider, etablere ei «startside» der det kjem tydeleg fram korleis innbyggarane kan gå fram for å få nformasjon om kva ein kan gjere og kvar  ein kan ta kontakt. ​ Oppdatert informasjonsmateriell om vald og seksuelle overgrep på kommunen sine heimesider

Oppvekst og helse og omsorg 

Ikkje etablert

 

 Kommunen sine nettsider inneheld oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om vald og seksuelle overgrep.

Ei tydeleg «startside» er etablert som gir innbyggjarane rask oversikt over korleis ein kan få hjelp og kva steg ein kan ta.

  Auka bevisstheit og tryggleik i lokalsamfunnet gjennom enkel tilgang til relevant informasjon.

Innbyggjarar veit kvar dei kan kontakte for støtte, hjelp og melding ved mistanke om vald og overgrep.

 

Svangerskapsomsorga, helsestasjonen og skulehelsetensta

 

Sjå informasjon under tabellen

Sjå informasjon under tabellen

Etablert

 

Sjå informasjon under tabellen

Tiltak: Svangerskapsomsorga, helsestasjon og skulehelseteneste 

Avdekking av vald og overgrep hos gravide: 
Jordmor stiller spørsmål om vald til alle gravide som får oppfølging i svangerskapsomsorga. 

Heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar etter fødsel og ved faste konsultasjonar på helsestasjonen: 
Vald blir tematisert, og barnet blir kledd av under helseundersøkinga for å avdekkje teikn på vald og overgrep. Alle foreldre får utdelt brosjyre om vald. Det blir rutinemessig stilt spørsmål om vald i nære relasjonar av både jordmor og helsesjukepleiar. 

2–4 vekers gruppe: 
Vald blir tematisert, og det blir vist film som mellom anna tek for seg risting av spedbarn. 

Konsultasjonar på helsestasjonen: 
Barn blir observerte utan klede under vekstmåling og somatiske undersøkingar. 

Skulestartssamtale på 1. trinn: 
Vald og overgrep blir tematisert. Barnet bør vere lett avkledd ved somatisk undersøking og kontroll av vekt. 

Samtale på 8. trinn: 
Vald og overgrep blir tematisert individuelt eller i gruppe. Ungdom blir informert om kva vald og overgrep er, inkludert vald i kjærasteforhold. 

Avdekking av kjønnslemlesting: 
Helsesjukepleiar er særleg merksam på barn frå land der omskjering blir praktisert, både ved heimebesøk og på helsestasjonen. 

I skular og barnehagar: 

Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta har undervisning i klassane heile grunnskulen. Her er tema om kropp, grenser, private områder, gode/vonde hemmelegheiter sentralt. Samt det å ha trygge vaksne å snakke med viss noko er vanskeleg. Helsesjukepleiarane som jobbar med barn 0-5 år deltek i ressursteam ute i barnehagane. Dette gjer at dei er lettare tilgjengeleg for dei tilsette i barnehagane og ein kan saman drøfte anonyme problemstillingar og saman bli tryggare i det å oppdage signal frå borna, samt å gjere noko med det. Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta har undervisning i klassane heile grunnskulen. Her er tema om kropp, grenser, private områder, gode/vonde hemmelegheiter sentralt. Samt det å ha trygge vaksne å snakke med viss noko er vanskeleg. Frå 6. klasse blir sprl først nytta som undervisning klassane.Helsesjukepleiarane i skulehelsetenesta deltek i ressursteam på skulane, har faste kontordagar på skulen og deltek i samarbeidsmøter med skuleadministrasjon om felles planlegging av førebygging av vald og overgrep. Dette inneber at dei tilsette på skulen veit kva undervisning elevane får av helsesjukepleiar i løpet av året. Dei tilsette på skulen veit at dei er viktige for elevane og alltid er tilstades når helsesjukepleiar har undervisning i deira klasse. Dette for å kunne byggje vidare på undervisninga seinare, men også for å vise elevane at dei vaksne jobbar saman for at dei skal ha det bra. At både lærar, miljørettleiar og helsesjukepleiar er trygge vaksne som dei kan gå til om noko er vanskeleg. 

8.3 Arbeidsgruppa tilrår at ein arbeidar vidare med desse tiltakspunkta:

Vurdering av nye tiltak: 

  • Ta i bruk Stine Sofie Barnehagepakke i barnehagane Stine Sofie Barnehagepakke - Stine Sofies Stiftelse
  • Vurdere oppretting av konsultasjonsteam som skal følgje opp saker
  •  Det bør opprettas barneansvarleg i teneste for psykisk helse, rus, heimeteneste, bu- og avslastingsteneste for å sjå til at barn som pårørande får nødvendig informasjon og oppfølging.