- Det er viktig for oss at Leikanger også blir prioritert, og ikkje blir sett bak Sogndal, var den klare meldinga frå elevrådet etter at dei hadde lagt fram ønskje for skulen og bygda.

Fire representantar frå elevrådet lista opp kva ungdommane tykkjer er bra med skulen, kva dei ønskjer seg ved skulen, kva dei tykkjer er bra med Leikanger som bygd og kva dei tykkjer kan bli betre på Leikanger.

Basseng og brygger

Ungdommane ønskjer seg basseng, trampoline i parken, opprusting av gamle brygger og fleire tilbod til ungdommane. På skulen ønskjer dei seg mellom anna betre nett rundt bana og betre kantine – og ei avklaring på om bassenget som står tomt skal restaurerast eller om arealet kan brukast til andre tiltak, til dømes kantine.

Elevane på ungdomsskulen på Leikanger tykkjer at skulen har god plassering, at det er bra at det er lagt til rette for at dei kan få vera inne i friminutta og at dei har eiga sandvolleyballbane. Dei trekte også fram at dei har gode lærarar.

Elevane tykkjer det er positivt at Leikanger har to skular - ein barneskule og ein ungdomsskule, at det er eit godt tilbod om idretts- og fritidsaktivitetar og at det er eit godt miljø.

Godt arbeidsmiljø

Rektor Åse Julusmoen gav politikarane ein grundig gjennomgang av stoda ved Leikanger ungdomsskule, som har 92 elevar frå 8.-10. klasse. Rektor trekte fram at skulen har gode faglærarar,  og eit personale med god kjønnsbalanse og god aldersspreiing. Ho la også vekt på at dei har eit svært godt arbeidsmiljø.

- Me er som ein familie, og gjer mykje sosialt saman, fortalde ho og trekte mellom anna fram volleyballaget ved skulen som deltek i bedriftsturneringar.

Gjenbruk som varemerke

Skulebygget frå 1967 er under stadig oppussing. Rektor kunne fortelja politikarane at klasserommet der dei hadde møte, er noko av det som er pussa opp sist. Men det betyr ikkje at alt er nyinnkjøpt.

- Møblane er gjenbruk. Det har vorte vårt varemerke. Me har fått flotte kontormøblar, fortalde ho.

Vidare fortalde ho om satsingsområde ved skulen og skulemiljøtiltak. På Leikanger ungdomsskule har dei mellom anna midttime med ulike fysiske aktivitetar.

- Nokre gonger er me også ute i kajakk, fortalde Julusmoen, som er rektor ved ein skule som har fjorden som næraste nabo.

Julusmoen trekte også fram partnarskapsavtalane som skulen har med bedrifter i bygda, og samarbeid med mellom andre mobbeombod og politi om foreldremøte. Ho understreka også at det er viktig for skulen å ha eit godt samarbeid med føresette.

I tillegg til presentasjonane frå elevrådet og rektor, fekk politikarane vera med på ei omvising på skulen.

Formannskapet og finansutvalet hadde lagt møta 14. mars til Leikanger ungdomsskule. Du kan sjå møta i opptak på nett-TV