Trygg Trafikk var kurshaldar, og dei la vekt på bruken av nærmiljøet for å gi barna erfaringar og gjera dei tryggare i trafikken gjennom
- Pedagogiske metodar i trafikken
- Trafikk i Rammeplanen for barnehagen
- Barn sine føresetnadar i trafikken
- Helse Miljø Tryggleik
- Sikring i bil og buss
- Rutinar på tur
- Samarbeid med føresette
- Barnas Trafikklubb
- Trafikksikker barnehage
36 tilsette frå barnehagane i Sogndal og Luster deltok på kurset, der alle våre Trafikksikre barnehagar var representert. Kurset er ein aktivitet i det å vere trafikksikker barnehage i ein trafikksikker kommune.
Kurset var lagt opp med førelesing, filmar, individuelt- og gruppearbeid.
Barnehagane våre er mykje ute i nærmiljøet og trafikken, og då må alt vere på stell, slik at ein kan ferdast trygt.
Eit veldig nyttig og godt kurs, som både gir lærdom og inspirasjon for vidare arbeid med vere trafikksikker kommune.