Laurdag 5. august samla dei eit 20-tals gjester ved turposten på utsida av Stedjeberget i Sogndal.

Faste har vore student i Sogndal, og sjølv om dei no er busette i Mo i Rana, var dei heilt klare på at Sogndal var rette staden for eit JA.

- Me tek hjarteleg imot alle som vil koma til den flotte kommunen vår for eit giftarmål, seier ordførar Arnstein Menes, som ynskjer paret lukke til med livet vidare.

Ansvaret for borgarleg vigsel er lagt til kommunane, og så langt i år er det ni par som har gifta seg borgarleg i Sogndal kommune. Fem av desse gifta seg i Sogndal, to i Leikanger og to i Balestrand. Seks av para er busette i kommunen, medan tre par valde å gifta seg her, sjølv om dei bur ein annan stad.

Ynskjer de å gifta dykk borgarleg i Sogndal kommune? Meir informasjon finn de på nettsida til kommunen: Borgarleg vigsel - SOGNDAL KOMMUNE