Prøvingsattest

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, sjå kapittel 1 i ekteskapslova.
Behandlingstida er fem-seks veker, så ver ute i god tid før bryllaupet. 

Overikt over skjema som må fyllast ut:

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidligare
  4. Melding om endring av namn, dersom du skal byte namn.

Om alt er i orden, skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Denne skal de leggje ved i skjemaet som de sender til oss for å bestille vigsel. Attesten er gyldig i fire månader.

Bestille tid for vigsel
Fyll ut skjemaet Vigsel - bestilling
Dersom de har spørsmål, ta kontakt på telefon 57 65 25 00.

Tid og stad for vigsel
Tilbodet om borgarleg vigsel vert gjeve i kommunen si opningstid og i kommunale bygg. Lokalet vert innreia slik at det gir eit verdig og høgtideleg preg. 
Brudepar som ynskjer vigsle på andre tidspunkt eller andre stader i kommunen, må gjere avtale om det med vigslar og betale for meirkostnader.

Pris 
Vigsla er gratis for alle i ordinær kontortid, sjølv om brudeparet er busett i andre kommunar.  
Ønskjer de å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Korleis blir seremonien?
I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp.

Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. 

Vigselsattest
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret fyrste virkedag etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Kopien fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Oversikt over lover og forskrifter
Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Ekteskapslova

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om kommunale vigsler