Ei digital utgåve av av læreboka inneheld mykje funksjonalitet som støttar elevane si leseforståing. Fleire unibøker har innlest tekst, i tillegg til syntetisk tekst-til-tale-funksjon og funksjonalitet for notat og markering av tekst. Forskning viser at leseforståinga aukar når ein jobbar med lesestoffet undervegs, og at dette er spesielt viktig ved lesing av informative tekstar på skjerm.

Unibok har også integrert ordbok i alle sine læreverk. Marker ordet du vil slå opp i teksten, og velg "ordbok". Oppslaget skjer i lesevindauget. Les meir her og prøv. Ordbøkene er på engelsk, tysk og norsk bokmål. Nynorsk ordbok er på veg.

For å bruke unibok loggar elevane og lærarane seg inn her med Feidekontoen sin. Ein kjem då rett inn til "mine bøker", der første bok i bokhylla er ein brukarrettleiing for korleis ein kan utnytte funksjonaliteten som bøkene tilbyr. Alle andre tilgjengelege bøker ligg også automatisk i bohylla frå start. Klikk på skysymbolet øvst til høgre på kvar bok for å laste ned boka slik at den også er tilgjengeleg offline - merk at du må velje mellom nynorsk og bokmål utgåve øvst på sida før du lastar ned. 

Unibok illustrasjon