Kommunestyre for nye Sogndal kommune har vedteke politisk reglement i møte 03.10.2019, sak 6/2019. I samband med det skal det veljast ungdomsråd for perioden 2019 - 2021.
 

Ungdomsråd

Val og samansetting 
Ungdomsrådet har 13 medlemmer, og representerer ungdom i heile Sogndal. Det skal veljast 3 representantar frå Balestrand, 4 representantar frå Leikanger og 5 representantar frå Sogndal. Valperioden for ungdommane i rådet er to år. Ungdomsrådet vel sjølv leiar og nestleiar. 1 representant frå komité for levekår er medlem i rådet. 
 
Mynde og ansvarsområde 
Rådet skal få seie si meining om alt som er viktig for barn og unge i Sogndal kommune. Ungdomsrådet møtest 5-6 gonger i året. Leiar og nestleiar skal ha faste halvårige møter med ordførar og varaordførar. 
 
Kommunestyret set i årsbudsjett av midlar til ungdomsrådet, som rådet disponerer fritt. 
Ungdomsrådet legg årleg fram rapport om arbeidet til rådet i kommunestyret. 
 
Kommunestyret skal ha rutinar som sikrar at rådet tek i mot saker på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaming, at slik at det er mogleg for rådet til å påverke utfallet av saka.
Rådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem ungdom i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka. 
Rådet skal ikkje behandle saker som gjelder avgjer for enkeltpersoner. 
Rådene skal kvart år utarbeide årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret.
 
Vi ynskjer i samband med dette innspel på medlemmar til Ungdomsrådet for nye Sogndal kommune for perioden 2019 – 2021.
Kommuneloven seier at personane som veljast skal representerer ungdom i kommunen, og de kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.
 
Innspel skal sendast til:
Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal 
eller på e-post: postmottak@sogndal.kommune.no.