Kartet syner dei tre punkta på vegen det vert stengd.

Vegen vil vere heilt stengd utan høve for passering i perioden. Stenginga er naudsynt for å utføre masseutskifting i veggrunnen. Vegbreidda er smal på alle aktuelle punkt, og arbeidet kan difor ikkje gjennomførast utan full stenging av vegen.

Det kan også bli behov for stenging på om lag 1 time onsdag på dagtid. Tidspunkt for dette er ikkje endeleg avklart. Vi ber dykk halde dykk oppdaterte via www.175.no for løpande informasjon og eventuelle endringar.

Vi beklagar at varselet kjem noko seint, men håpar på forståing for at arbeidet er naudsynt og må gjennomførast.

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller behov for ytterlegare avklaringar. 

Med helsing
Heidi Strandos
Byggeleiar DK 9305 Sunnfjord

Statens vegvesen Drift og vedlikehold
Drift og vedlikehold vest, Drift vest 2
Kontoradresse: Sanderplassen 6, Førde
epost: heidi.strandos@vegvesen.no
www.vegvesen.no epost: firmapost@vegvesen.no