Oppdraget
Norturaveggen skal bidra til å skape ein stadsidentitet der alle føler seg velkomne, og kunsten skal inspirere til refleksjon over korleis vi ønskjer at samfunnet vårt skal vere. Vi ønskjer oss eit verk som:
- skapar gjenkjenning og nysgjerrigheit
- er relevant for samfunnet vi lever i
- byggjer identitet og rom for refleksjon
Veggen som skal utsmykkast er i betong og målar om lag 4 meter i breidda og 8 meter i høgda. Både materiale og teknikk må vere robuste og godt eigna for langvarig eksponering for vêr og vind. Kunstverket må ikkje påverke tilkomst eller dagleg bruk av området.
Kunstbygda Balestrand AS vil stå for praktisk tilrettelegging i gjennomføringsfasen.
Området rundt veggen er eit naturleg knutepunkt for både kvardagsliv og ettertanke. Verka står nært til Osenbrui som vert opna i 2021, og minnesmerket til Arve Beheim Karlsen som blei avduka i 2024. Området er ein fin plass for gåturer og rekreasjon, men brukast òg i undervisningssamanheng.
Kven kan søkje?
Vi inviterer profesjonelle kunstnarar, nyetablerte kunstnarar eller kunstnargrupper frå heile landet til å melde sin interesse. Erfaring med offentlege kunstprosjekt er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er ei tydeleg kunstnarisk stemme og ein gjennomførbar idé.
Dette må søknaden innehalde
- Omtale av deg som kunstnar
- beskriving av kunstnarleg praksis, virke og foretrukken teknikk
- skisse eller kort omtale av idéen til verket - Budsjett og framgang
- førebels estimat for kunstnarhonorar (opp til 100 000 kr)
- eventuelle andre kostnader knytt til materiale, produksjon og reise
Slik søkjer du
Send søknaden til post@kunstbygda.no
Emnefelt: Søknad Norturaveggen 2026
Har du spørsmål, kan du òg ta kontakt på same e‑postadresse.
Utveljingsprosess
Inntil ti søkjarar vert inviterte vidare til å utvikle eller ferdigstille skissa si. Frist for dette er 8. april 2026, og desse får eit honorar på 2 500 kroner.
Sogndal kommune har eit eige kunstråd som, i samråd med Kunstbygda Balestrand AS, vil vurdere søknadene basert på kunstnarleg kvalitet, tematikk og gjennomføringsevne innanfor prosjektrammene.
Oppdragsgivarar
Sogndal kommune
Kunstbygda Balestrand AS
Kunstverka frå 2024 og 2025 finn du her
