Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
11. juni:

Oppdatering: Kokevarsel for drikkevatn gjeld framleis

Det er påvist bakteriar (intestinale enterokokkar) ved ein rutineprøve av drikkevatnet i delar av So... Les mer

Generelle verktøy og tips

Brettboka.no

Visste du at brettboka.no no tilbyr gratis tilgang for norske skular til heile sitt bibliotek? Om du har elevar som manglar tilgang til lærebøker heime, om du treng supplerande tekstar til opplegga dine, om du har elevar som kunne hatt god bruk for lydstøtte til fagleg innhald eller ei ekstra lettlestbok til lesetrening - då bør du teste ut dette! Her finn du også ein instruksjonsvideo om korleis du kan ta i bruk Brettboka sin app for Windows.

Logo brettboka

Facebook

Digitale lærarar frå heile landet deler innlegg om tips, nyttige ressursar og undervisningsopplegg, og diskuterer retningslinjer og fagleg innhald i heimeundervisninga i ulike dugnadsgrupper. Det kan vera nyttig å melde seg inn, for her dukkar det opp ny informasjon og nye tips mykje raskare enn via andre kanalar. Klikk på overskrifta for å finne lenker til dei ulike gruppene.

Facebook logo