Vedtak

  1. Detaljreguleringsplan for Festningdalsvegen, planid 4640.2022001, sist revidert 17.03.2025 vert med heimel i Plan og bygningsloven §12-12 vedteken slik den ligg føre.

Vedtaket vart grunngjeve med at planen som utgangspunkt bygger på gjeldande kommuneplan, arealdelen, og at planen legg til rette for eit samfunnsmessig viktig tiltak med oppgradert veg til miljø- og avfallsanlegget i Festningdalen. 

Planlagt veg stettar, i motsetning til dagens veg, krav til stigning og utforming for store køyretøy og gjev med det sikker transport, trygg drift og god beredskap for avfallsanlegget. Vegen har også ei innkorting av transportavstand på 1,3 km, og med YDT på 205 der 33 % er store køyretøy, gjev dette ei årleg reduksjon i klimagassutslepp på 42 % i høve dagens vegtrasé. Vegen vil også vere positiv for transport av skogsvirke. Bygging av ny vegtrase på 700 meter gjev inngrep i terreng og påverkar med det naturverdiane for dette arealet. Det vert også nokre negative konsekvensar knytt til bruk av området til friluftsliv då i første rekke stisykling og orientering. 

Planen søker løysingar som kan redusere og avbøte ulempene gjennom vegen si lineføring i terrenget som minimerer skjering/fyllingar, bruk av stadeigne massar/vegetasjon til re-vegetering, etablering av undergang for stisykling og tilrettelegging av parkering til allmenn bruk. Samla er ulempene vurdert å vere akseptable sett i høve til samfunnsnytten og dei positive effektane av planen.

Saksutgreiing og alle plandokument er å finne på kommunen si nettside under politiske møte - møte i kommunestyret 10.04.2025 i sak PS 25/2025: «Detaljregulering for Festningdalsvegen – vedtak av plan». Den vedtekne reguleringsplanen er med det bindande for arealbruken innfor planområdet. 

Planområde


Rett til innløysing og erstatning

For reguleringsplanar er det etter Plan og bygningsloven §§15-2 og 15-3 reglar der grunneigar har rett til å krevje innløysing og erstatning. Frist for å fremme krav etter desse paragrafane er seinast 3 år etter at planen er vedteken og gjort kjent. 

Klageadgang

For reguleringsplanar er det klagerett for dei med partsinteresse i saka. Du kan då klage på dette vedtaket etter Plan og bygningslova §§1-9, 12—4 og Forvaltningslova § 28. Klagefristen er tre veker frå kunngjering av vedtaket. 
Klage skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no

Dersom det er noko som er uklårt, ein ynskjer å få nærare informasjon eller ta opp ulike sider av saka er det berre å ta kontakt med 

Arne Abrahamsen
Epost: arne.abrahamsen@sogndal.koomune.no 
Tlf: 95824895

eller 

Sigrid Ølmheim
Epost: sigrid.olmheim@sogndal.kommune.no
Tlf: 97534382