Vedtak
- Detaljreguleringsplan for Amla bustadfelt, planid. arealplan-ID 4640-2022006, 19.03.2025 vert med heimel i plan og bygningslova §12-12 vedteken slik den ligg føre.
Vedtaket vart grunngjeve med at planen er i samsvar med gjeldande kommuneplan, arealdelen, og at planen opnar for eit samfunnsmessig viktig tiltak med tilrettelegging av ni nye bustadtomter. Planframlegget føreset oppgradering av Øvre Amlaveg som i dag er ein kommunal veg med dårleg standard, og sikrar betre trafikktryggleik med fortau langs rv. 5. Området for nye bustader ligg i eit område som dels er utbygd frå tidlegare og vil fortette dette. Det er avgrensa negative konsekvensar til landbruksjord og naturverdiar. Samla er ulempene vurdert å vere akseptable sett i høve til samfunnsnytten og dei positive effektane av planen.
Saksutgreiing og alle plandokument er å finne på nettsida under politiske møte - møte i kommunestyret 10.04.2025 i sak PS 24/2025: «Detaljregulering for Amla bustadfelt – vedtak av plan». Den vedtekne reguleringsplanen er med det bindande for arealbruken innfor planområdet.
Rett til innløysing og erstatning
For reguleringsplanar er det etter Plan og bygningsloven §§15-2 og 15-3 reglar der grunneigar har rett til å krevje innløysing og erstatning. Frist for å fremme krav etter desse paragrafane er seinast 3 år etter at planen er vedteken og gjort kjent.
Klageadgang
For reguleringsplanar er det klagerett for dei med partsinteresse i saka. Du kan då klage på dette vedtaket etter Plan og bygningslova §§1-9, 12—4 og Forvaltningslova § 28. Klagefristen er tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klage skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no
Dersom det er noko som er uklårt, ein ynskjer å få nærare informasjon eller ta opp ulike sider av saka er det berre å ta kontakt med
Arne Abrahamsen
Epost: arne.abrahamsen@sogndal.koomune.no
Tlf: 95824895
eller
Sigrid Ølmheim
Epost: sigrid.olmheim@sogndal.kommune.no
Tlf: 97534382