Siktemålet med planen er å leggje til rette for næringsareal samstundes som ein legg til rette for ei mogleg utviding av drifta ved hjelp av høgare utnytting av eigedom gbnr 224/182. Planen legg og til rette for grøntstruktur langs Henjavelvi, kantvegetasjon blir sikra i eit belte mellom køyreveg /gangveg og elv. Merknader til reguleringsarbeidet må rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal, seinast 07.03.2024.

Om innhaldet i reguleringsplanen  
Reguleringsplan for Øyane næringsområde består hovudsakeleg av føremåla veg, næring, friområde, friluftsområde i sjø og vassdrag.

Illustrasjon Øyane

Vedtak i plan- og samfunnsutvalet 08.11.2023
«Vedtak 
Utval for plan- og samfunn legg framlegg til detaljreguleringsplan for Øyane næringsområde til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova (pbl.) § 12-10 med fylgjande dokument: - Plankart dagsett 02.06.2023 - Føresegn dagsett 02.06.2023 

1. Byggegrense i næringsområdet skal vere 6 meter mot nordvest. Som føresetnad for det vidare planarbeidet tilrår me at følgjande punkt vert greia ut: 

2. Vurdere tydelegare tilpassing til omsynssone kulturmiljø søraust for planområdet 

3. Vurdere betre sikring av tre og vegetasjon langs Øyane og Henjaelvi 

4. Vurdere bearbeiding av tilkomst og trafikktilhøve 5. Før slutthandsaming skal VA og overvassplan vere revidert og godkjent av eining for VA i Sogndal kommune. 

Grunngjeving for vedtaket: 
Det vert konkludert med at reguleringsplanen er tilstrekkeleg utgreidd for å sendast på høyring med enkelte premiss for vidare arbeid. Endring av byggegrense frå 4 til 6 meter er tilrådd grunna at dette etter vår vurdering sikrar eit viktig grøntbelte som naturleg avgrensing av næringsområde. Med tanke på lokasjon med store brukarinteresser knytt til friluftsliv ser me dette som viktig for å sikre eit godt område for rekreasjon. Eksisterande trekrekke har høg verdi, noko som me ser som viktig å sikre i planen. Utnyttingsgraden er også auka vesentleg, noko som gjer at det bør vere nok areal til utviding av dagens næringsbygg samstundes som byggegrense tek i vare areal ved Henjaelvi betre. Me vurdera at tilhøve for tilpassing til omsynssona for kulturmiljø, sikring av tre og vegetasjon langs Henjaelvi og Øyane, tilkomst og trafikktilhøve må bearbeidast meir. Me tilrår difor at det vert vedteke som føringar for vidare arbeid med planen. VA- og overvassplan må arbeidast med vidare og godkjennast av kommunen før slutthandsaming. Samla sett er reguleringsplanen i tråd med gjeldande arealdel til kommuneplanen. Me støttar arealbruk og hovudgrepa i planen.»

Innsyn i dokumenta til reguleringsplanen  
Vedtaket kravde revidering av plankartet før høyring. Last ned Plankart i tråd med vedtaket. Alle andre dokument finn du i den politiske saka PS 3/2023, vel vedlegg og vidare til dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lese kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.  

Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17 (Opningstid 10:00-14:00). Dersom du ønskjer kopi eller utskrifter, ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 62 96 00. 

Merknad til reguleringsplanen 
Merknader til reguleringsarbeidet må rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal, innan 07.03.2024. Alle merknader vil følgja saka vidare og vert svart ut i vedlegg neste gong politikarane skal handsama reguleringsplanen. Etter høyringsperioden vil me vurdera merknadene, eventuelt revidera planen og deretter leggja han fram til vedtak i kommunestyret.