Vilkår og rammer for bruk av meirarbeid/overtid

Vilkåra for meirarbeid og overtid er dei same, jf. arbeidsmiljølova § 10-6. 
Dersom det ligg føre eit "særlig og tidsavgrenset behov", kan arbeidsgjevar i utgangspunktet påleggje arbeidstakar å arbeide utover avtalt og alminneleg arbeidstid. 
Dette kan vere på grunn av fråvær av andre arbeidstakarar ved til dømes karantene og at det ikkje er mogleg å få tak i ein vikar eller avløysar. 
Koronasmitte/-karantene kan etter dette medføre lovleg bruk av overtid, på lik linje med andre upårekna hendingar.

Koronautbruddet kan føre til behov for ytterlegare overtidsarbeid. Arbeidsgivar kan vurdere om det er behov for å inngå avtalar med tillitsvalte om å utvide overtidsrammene eller søke om dispensasjon til arbeidstilsynet.

Unntak frå reglane om arbeidstid ved behov for ekstraordinært arbeid
Arbeidsmiljølova § 10-12 (3) opnar opp for at arbeidsgivar kan avgjere å fråvike arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid for arbeid som på grunn av blant anna upårekna hendingar er naudsynte for å avverje fare for eller skade på liv. I slikt tilfelle skal arbeidstakar vere sikra tilsvarande kompenserande periodar for kvile, eller der det ikkje er mogleg, anna passande vern.
 
Ekstraordinært arbeid som blir naudsynt som følgje av eit utbrot av koronavirus, kan kvalifisere til bruk av regelen. Truleg må det same gjelde for ekstraordinært arbeid for å få på plass naudsynt beredskap i vekene som kjem. Regelen vil derfor kunne bli gjeldande for både helsepersonell og andre tilsette.

Arbeidsgivar kan og pålegge helsepersonell å bli i teneste ut over ordinær arbeidstid, jf. helseberedskapslova § 4-1 (1), 1. punktum og Kongelig resolusjon av 06.03.2020. Dette beredskapstiltaket gjeld (foreløpig) i inntil 30 dager fra nevnte dato.

Andre arbeidsoppgåver

Det ligg implisitt i arbeidsavtalen at arbeidstakaren si arbeidsplikt og dermed arbeidsgjevar sin styringsrett blir utvida i ekstraordinære situasjonar som til dømes alvorleg sjukdom og epidemiar. Dette gjeld sjølv om det ikkje er fatta statleg avgjerd i medhald av helseberedskapslova.
 
Utvida arbeidsplikt vil gjelde sjølv om det ikkje er konkret heimla i arbeidsavtale, tariffavtale eller lov. Det følgjer implisitt av arbeidstilhøvet ei plikt til å slutte lojalt opp om arbeidsgivar sine interesser og behov, og å følgje arbeidsgivar sine ordre. I ekstraordinære situasjonar blir denne lydigheitsplikta og arbeidsplikta utvida. Konkret kor langt plikta går, vil sjølvsagt avhenge av kor ekstraordinær og akutt situasjonen er. Tilsvarande vil det også avhenge av kva slags type tilsette det er tale om, kva slags fare som er knytt til det ekstraordinære arbeidet og kva slags arbeidsoppgåver som ein blir sett til samanlikna med dei oppgåvene ein normalt har.
 
I samband med utbrot av koronaviruset, vil ein på generelt grunnlag leggje til grunn at plikta til å følgje arbeidsgivar sine reglar om arbeidsoppgåver blir ganske vidt utvida når det gjeld helsepersonell. I dette ligg det at helsepersonell truleg må finne seg i å arbeide innan andre delar av den kommunale helsetenesta enn dei normalt sett gjer. Både når det gjeld arbeidsoppgåver og oppmøtestad må den enkelte etter omstenda finne seg i betydelege endringar. So lenge kommunen si avgjerd er innanfor rimelege grenser vil det vere ordrenekt og gi grunnlag for arbeidsrettsleg sanksjon om ein nektar å følgje avgjerda.
  
Når det gjeld andre grupper tilsette i kommunen enn helsepersonell og administrativt tilsette i kommunehelsetenesta, vil det kunne vere at ein har grunnlag for endring av oppgåver og tenestestad i ekstraordinære situasjonar som følge av smitteutbrot. Handlingsrommet er likevel noko mindre for andre grupper enn for helsepersonell. 

HTA sine reglar om betaling vil ikkje bli sett til side, og er gjeldande, ved turnusendring på kort varsel.

Helseberedskapslova

Lova er ein del av beredskapslovgivinga som gir svært vid adgang til å fråvike dei reglane som regulerer rettar for individ i det daglege.
 
Tilnærma ubegrensa kompetanse til beordring 
Lova gir, med bakgrunn i den ekstraordinære situasjonen den kommer til nytte for, ei svært vid, og etter ordlyden, tilnærma ubegrensa kompetanse til beordring. Regelen set til side reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova. 

Reglane om beordring gjeld ikkje for personell i sektorar som ikkje er omfatta av lova, f.eks. personell som er tilsett i barnevernet. Dette gjeld sjølv om desse tenestene i den enkelte kommune er organisert som integrerte einingar saman med helse- og/eller sosialtenesta.  

Helsepersonell – å bli i teneste utover ordinær arbeidstid 

Arbeidsgivar kan påleggje helsepersonell å forbli i teneste ut over ordinær arbeidstid, jf. helseberedskapslova § 4-1 (1), 1. punktum og Kongelig resolusjon av 06.03.2020. Dette beredskapstiltaket gjeld (foreløpig) i inntil 30 dagar fra nemnde dato.
Det blir presisert at denne regelen truleg ikkje utvider arbeidsgivar sitt handlingsrom utover det som føl av arbeidsmiljølova § 10-12 (3).

Beordring 

Pandemien, gjer at Helseberedskapslova skal gjelda i tillegg til arbeidsmiljølova sine reglar. Dette følg av lova § 1–1 «å verne befolknings liv og helse og bidra til nødvendig helsehjelp, helse- og omsorgstjenester og sosiale tjenester kan tilbys befolkningen …. ved kriser og katastrofer i fredstid».

Tilretteleggingsplikt

Arbeidsgiver si plikt til å tilpasse arbeidet for arbeidstakarar med særskilte behov eller utfordringar vil stå ved lag. Dette kan til dømes vere aktuelt for helsepersonell som sjølv er i risikogrupper eller (meir aktuelt) som har risikogrupper i sin husstand. Likevel vil desse omsyna i stor grad måtte vike dersom arbeidsgivar vurderer at det ikkje er mogleg å foreta slik tilpassing. 

Dersom arbeidsgivar har tid og høve til å foreta ei kartlegging av særskilt sårbare grupper, eller om opplysningane om særskilt sårbarheit er lett tilgjengeleg, har arbeidsgivar har ei plikt til å leggje til rette arbeidet for denne delen av arbeidstakarane.

Midlertidig tilsetjing ved koronaepidemi

Tilsetjing av vikarar arbeidsmiljøloven § 14-9 (2) bokstav b) 
Dersom ordinært tilsett helsepersonell blir omdisponert midlertidig som følgje av smitteutbrot, og sjølvsagt ved sjukdom hjå dei tilsette, vil det vere lovleg grunnlag for midlertidig tilsetjing av vikarar, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2) bokstav b).   

Arbeid av midlertidig karakter arbeidsmiljøloven § 14-9 (2) bokstav a) 
Eit auka behov for beredskap som følgje av fare for smitte eller et smitteutbrot og vil kunne grunngje lovleg midlertidig tilsetjing uavhengig av vikarsituasjonen, med heimel i arbeidsmiljølova § 14-9 (2) bokstav a) «om arbeidets karakter og arbeidsoppgaver som skiller seg fra ordinære oppgaver». 

Krav til den enkelte midlertidige arbeidsavtalen 
Uansett må ein i den enkelte midlertidige arbeidsavtalen angi klart kva som er grunnlaget for midlertidigheiten, og ein må angi varigheiten med tidspunkt eller at den blir knytt til varigheiten av den aktuelle situasjonen

Permittering

Permittering av kommunalt tilsette har ikkje tidlegare vore brukt som verkemiddel for å kutte kostnadar i kommunal sektor. 
I den krevjande situasjonen som er no, har kommunane ein utvida styringsrett som gir moglegheit til å omplassere midlertidig ledige personalressursar for å avlaste andre områder som ikkje har krav til fagprofesjon. 
Permittering i offentleg sektor vil i tillegg gi ekstra press på NAV- tilsette både i stat og kommune, som no har ansvaret for å handtere eit stort omfang av permitteringsvarsel i næringslivet.

  • Kommunane sitt samfunnsansvar tilseier at permittering er eit særs lite ønska tiltak som ein må prøve å unngå. 

Når regjeringa sørger for at kommunane ikkje blir tvungne til å gjere det av økonomiske årsaker, har KS stor tiltru til at dette heller ikkje blir gjort. (Uttalt av styreleiar i KS)

Er det permitteringsadgang i kommunal sektor i noverande situasjon med omfattande smitte av koronaviruset?
Det er Hovudavtalen § 8-1 b) som regulerer spørsmålet; 
«Når det er inntruffet slike uforutsette hendelser som er nevnt i arbeidsmiljøloven § 15-3 (10)». Dette gjeld ulykker, naturhendingar eller andre upårekna hendingar som gjer det naudsynt å innstille drifta heilt eller delvis.

Spreiinga av koronaviruset blir sett for å vere ei slik upårekna hending som gjer det naudsynt å delvis innstille drifta for ein kommune. Det er per i dag noko usikkerheit i om alle organisasjonane er einige i denne tolkinga.
På generelt grunnlag er korona definert av myndigheitene som ei upårekna hending, men det må gjerast ei konkret vurdering frå sak til sak om vilkåra er oppfylt i den enkelte verksemd.
HTV har uttalt at dei har ei klar forventning til at offentlege verksemder om at verksemda skal styre unna permittering.

Har KS nokre generelle råd om kommunale arbeidsgivarar bør permittere?
Kommunal sektor har eit samfunnsansvar i den situasjonen landet no er i. 
Mange kommunar vil nok velje å ikkje permittere sine tilsette, blant anna fordi det kun vil vere å flytte ei betalingsplikt frå kommunal sektor til staten. 
KS meiner arbeidsgivarar bør gjere så mykje som mogleg for å omplassere sine tilsette innafor styringsretten, som i ein slik situasjonen vil vere vidare enn vanleg.
Det er viktig å finne løysingar som tryggar og i størst mogleg grad sikrar innbyggarane, og som tek vare på arbeidsgivaren og arbeidstakaren sine behov. Gode prosessar for dialog og medverknad mellom arbeidsgivar og tillitsvalte er særs viktig no

Med krav om politiattest

I samband med koronaviruset kan det oppstå situasjonar der kommunen har behov for å tilsetje ein vikar eller omplassere tilsette frå stillingar utan krav til politiattest, til stillingar eller oppgåver som krev politiattest.

KS skriv på sine nettsider at politiet si eining for vandelskontroll og politiattester vil prioritere handsaming av søknader om politiattester for personell innafor: 

  • Helse og omsorg, barnevern, apotek og legemidler, sivilforsvaret, politiet. 
  • Ein kan tilsetje og starte opplæring i påvente av politiattest.  

Personvern, GDPR og opplysningar om tilsette som er koronasmitta

Informasjon internt i organisasjonen 
Opplysning om at ein tilsett er smitta med koronavirus er å rekne som helseopplysning/sensitiv opplysning. Personvernregelverket har strenge reglar for handsaming av slike sensitive opplysningar. Arbeidsgivar kan ikkje opplyse om at ein tilsett er koronasmitta utan den tilsette sitt samtykke eller at det ligg føre anna særskilt grunnlag som er regulert i personvernregelverket.  
Eit anna særskilt grunnlag er at slik informasjon er naudsynt for at arbeidsgivar skal kunne ivareta sine arbeidsrettslege, trygderettslege og sosialrettslege plikter.  

Datatilsynet har vurdert at arbeidsgivar har eit særskilt grunnlag for å opplyse internt i organisasjonen om koronasmitta tilfelle. 
I den grad det er naudsynt for å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø, kan arbeidsgivar gi informasjon internt i verksemda om at ein tilsett er smitta eller er i karantene. I dei tilfelle arbeidsgivar gir slik informasjon er det viktig at den tilsette blir informert. 
 
Informasjon til utanforståande 
Arbeidsgivar skal ikkje informere utanforståande om tilsette sin smitte- eller karantenesituasjon utan at det ligg føre eit særskilt grunnlag etter personvernregelverket.

Eit særskilt grunnlag i desse tilfella vil normalt kun vere samtykke frå den tilsette. 
Beskjeden til utanforståande som ønskjer å få kontakt med den tilsette kan til dømes vere at vedkommande er fråværande eller ikkje tilgjengeleg.

Avlysing av ekstravakter

Avtalte vakter med tilkallingsvikar eller med deltidsansatt som arbeider utover arbeidsavtale, som blir avlyst av arbeidsgivar fører i utgangspunktet til lønsplikt for arbeidsgivar. Arbeidsgivar bør tilby anna arbeid i det avtalte tidsrom. 
Arbeidstakar har iht Hovedtariffavtalen plikt til å stille si arbeidskraft til disposisjon.  

Dersom arbeidsgivar ved inngåing av avtalen har sett som føresetnad at behovet for ekstraarbeidet fortsatt er til stades når det skal bli utført, må arbeidsgivar vurdere om føresetnadene ikkje lengre er til stades, slik at avtalen ikkje er gjeldande.

Har arbeidsgivar ikkje med slikt atterhald, er arbeidsgivar si lønsplikt som utganspunkt gjeldande.  Dersom arbeidsgivar og arbeidstakar, etter at det er klart at behovet for ekstraarbeid ikkje lenger er til stades, blir einige om at arbeidstakar ikkje skal utføre anna arbeid enn det avtalte, fell arbeidsgivar si lønsplikt bort. 

Har arbeidstakar møtt opp på arbeidsplassen eller påbegynt arbeidet før det er avklart at arbeidskraftsbehovet ikkje er til stades, har vedkommande krav på løn for høvesvis to eller fire timars arbeid, jfr. Hovedtariffavtalen kapittel 1 § 12 punkt 12.3 tredje ledd. Dette gjeld uavhengig av om arbeidstakar og arbeidsgivar deretter blir einige om at ikkje anna arbeid skal bli utført. 

Endring av pålagt merarbeid, overtid, vikaravtaler, vakter

Endring av pålagt meirarbeid og overtid 
Dersom arbeidsgivar trekkjer tilbake pålegg om meirarbeid og overtid medfører dette ikkje lønsplikt for arbeidsgivar, tolka ut frå arbeidsmiljølova § 10-6, 1.ledd.
 
Endring av vakter pga sjukdom hos arbeidstakar 
Arbeidsgivar har betalingsplikt for avtalte og godkjente vakter/oppsett turnusplan.

Vikar
For vikar som har ei tilsigingsordning/jamnlege vakter vil det vere betalingsplikt for oppsette vakter.

Reise og endring av fastsatt ferie

Alt helsepersonell har forbod mot å reise utanlands frå 12. mars, og førebels ut april 2020. Dette gjeld både tenestereiser og privatreiser. Andre tilsette i Sogndal kommune vert oppmoda om å unngå fritidsreiser.
Alle som kjem frå reiser utanom Norden, skal i karantene, uavhengig om dei har symptom eller ikkje. Tiltaket har tilbakeverkande kraft frå 27. februar.

Endring av fastsatt ferie
Endring av fastsatt ferie kan berre skje når dette er naudsynt på grunn av utforutsette hendingar, som medfører vesentlege problem med drifta og det ikkje er mogleg å skaffe vikar, jf. ferielova § 6 nr. 3 (1). Arbeidsgivar skal vidare drøfte ei eventuell endring av ferien. Arbeidstakar kan krevje erstatning for dokumenterte meirutgifter som følgjer av ei omlegging av ferien. Vilkåra for endring av allereie fastsatt ferie er strenge, og det må bli gjort ei konkret vurdering av om vilkåra er oppfylt. 

Det er derimot ikkje noko i vegen for at arbeidstakar og arbeidsgivar inngår avtale om å utsette ferien. Ein oppmodar den enkelte som står i ein slik situasjon til å drøfte dette med næraste leiar.

Avbestilling av reiser på grunn av reiseforbod/oppmoding frå regjeringa
Ein må kontakte sitt forsikringsselskap for å få sjekke om ein har rett til dekning av tap på grunn av kansellert reise. 
Europeiske reiseforsikring skriv på sine sider: «Det er viktig at du tar kontakt med flyselskapet eller reisearrangøren din først. Det er først når du har fått oversikt over hva du ikke får refundert etter vanlige avbestillingsvilkår hos dem, at du kan søke om erstatning for tapte utgifter. Vi dekker avbestilling av alle utenlandsreiser som er avbestilt 12. mars eller senere, uavhengig av avreisedato. Reisen må være kjøpt før 12. mars.».

Styringsrett, lojalitetsplikt- og omsorgsplikt 
Når det oppstår nye situasjonar, slik som ved korona viruset, vil det og dukke opp nye juridiske spørsmål som det ikkje kan gis heilt klare svar på.

Eit generelt utgangspunkt vil alltid vere at arbeidsavtalen, som andre avtaler, føreset ei gjensidig lojalitetsplikt. 

I mange situasjonar kan arbeidsgivar bruke sin styringsrett, men arbeidsgivar har og ei omsorgsplikt for arbeidstakarane. 
I den situasjonen vi no er inne i, blir arbeidsgivar si lojalitetsplikt- og omsorgsplikt særleg viktig, og styringsretten må bli brukt særskilt gjennomtenkt og skånsam. 

Dei vanlege reglane og forventningane i arbeidstilhøve blir sett litt til side. 
Alle tilsette vil til dømes ikkje ha dei same moglegheitene som før til å arbeide overtid. Meir enn elles krev situasjonen godt samarbeid mellom arbeidslivet sine partar og denne forventninga vil prege den rettslege vurderinga av dei mange nye og rettslege spørsmål som vi oppstå i dei kommande vekene og månadene framover. 

Lenke til avtalen om arbeidstid 

Lenke til helseberedskapsloven

Ta vare på kvarandre og hjelp kvarandre!