• Bemanningssentralen finn aktuell bemanningsressurs og vidareformidlar kontaktinfo til tenesteleiar.
     
  • Tenesteleiar tek direkte kontakt med aktuell bemanningsressurs og avklarar oppstart 

Tenesteleiar sitt ansvar i samband med tilsetjing

  • Arbeidsavtale (pers.avd. utarb. denne etter opplysn. frå tenesteleiar)
  • Teiepliktskjema
  • MRSA-skjema
  • Politiattest (ved behov)
  • Kvalitetssikrar at vedkomande har nødvendig kompetanse/er personleg skikka.
Personalavdelinga har laga standard mal som blir tilsendt tenesteleiar.
Når bemanningsressurs kjem til opplæringsvakter skriv vedkommande namnet sitt på avtalen, fyller ut nødvendige opplysningar,  signerer avtale og teiepliktskjema. Viser legitimasjon som blir notert i avtalen.  

Tenesteleiar sitt ansvar i samband med oppfølging

  • Tenesteleiar har ansvar for at tilsett får nødvendig introduksjon og  opplæring
     
  • Tenesteleiar (eller aktuell merkantil/avd.leiar) har ansvar for at timar blir ført, registrert, attestert og tilvist. For eksterne tilsette kan det vere ok å nytte manuelle timelister som dei leverer til leiar. Dei som vert lagt inn i turnusprogram, fylgjer turnussystemet på ordinær måte
     
  • Pers.avd. tilrår at einingane legg inn timelistene elektronisk via Visma timeliste. Då vil kontering, attestering og tilvising kome i oppgåveflyten (Visma) hjå leiarane og lønnsmelding elektronisk henta inn på lønnsavdelinga
     
  • Tenesteleiar gir tilbakemelding til bemanningssentral når dei treng ytterlegare bemanningsressursar 

NB! Hugs mrk. Korona-kontering (jf. skriv frå øk.avd.)

Personalavdelinga registrerer opplysningar

Personalavdelinga  registrerer opplysningar digitalt i personalskjema «Ny ansatt» i Visma: 
(Her er ein avhengig av at nødvendige opplysningar om personen er på plass.  Pers.avd. set opp oversikt over kva som er «nødvendige opplysningar»)
 
  • Lønsfastseting – må gjerast i dialog mellom tenesteleiar/pers.avd. for eksternt tilsette som er permittert!
     
  • For interne tilsette som blir omdisponerte til andre oppgåver:
    Sogndal kommune omdisponerer desse med noverande årsløn som utg.punkt. Ingen går ned i løn. Tillegg for ubekvem arbeidstid ihht hovudtariffavtalen
     
  • For eksterne tilsette gjev ein tariffløn. Tillegg for ubekvem arbeidstid ihht hovudtariffavtalen
      
  • Tilvisinga går vidare elektronisk i saksgang til attesterar og tilvisar (tenesteleiar), og lønningskontoret hentar inn opplysningane elektronisk i HRM.

Personalavdelinga sikrar arbeidsavtalar

Personalavdelinga sikrar også fylgjande:
Kva type arbeidsavtalar som er nødvendige til dei ulike oppdrag.
  • Eksterne: Skal ha arbeidsavtale
     
  • Interne i helse/omsorg som får utvida stilling (dekke hol i turnus) i samband med koronasituasjonen:
    ​2-delt: 
  1. Tilsette i pleie/omsorg som tek ekstravakter melder dette inn etter standardprosedyre i turnussystem = treng ikkje ekstra arbeidsavtale. 
  2. Tilsette som får vesentleg utvida stillings%  skal ha mellombels avtale.
  • ​Konstituert i anna type stilling (eks. leiarstilling) skal ha mellombels arbeidsavtale
 
Interne (omplassert frå anna eining i kort oppdrag/div.oppgåver)
  • Treng ikkje ny arbeidsavtale, men fylgjande skriv: «Eks.:….med bakgrunn i koronasituasjonen har du mellombels fått andre oppgåver i Sogndal kommune. Eventuelle ubekvemstillegg blir utbetalt i hht. Tariffavtale etter registrert arbeideistid/timeliste».