Sogndal kommune har hatt ein førjulskonkurranse på nettsida. Det var fire oppgåver, ei kvar fredag i advent, og me har trekt ein premie for kvar oppgåve mellom dei som har sendt inn rett svar. Premiane er Sogndal kommune-drikkeflasker frå Sogndal ressurssenter.

Svaret på den fjerde oppgåva var Sogndal (fleire svaralternativ er godkjende). 

Vinnaren vart Kristine Erfjord.

Svaret på den tredje oppgåva var Norane (fleire svarvariantar er godkjende), og i bakgrunnen på biletet kunne ein sjå ungdomshuset Nortun.

Vinnaren vart Kari Ann Norum.

Svaret på den andre oppgåva var Dragsvik, men me har godkjent fleire lokale namn i området som rette svar.

Vinnaren vart Tove Slinde.

Svaret på den første oppgåva var Leikanger, og biletet de fekk sjå, var teke ved busskuret ved tinghuset.
Vinnaren vart Astrid Hove.

Me gratulerer!