1. Område

Ordninga om fleksibel arbeidstid gjeld for tilsette i administrative merkantile stillingar inklusiv tenesteleiarar i Sogndal kommune (ikkje turnus- /skiftordningar).
 

2. Vilkår

  1. Den enkelte avdeling har ansvar for å yta best mogleg service.

  2. Alle arbeidstakarar som har høve til å nytte fleksibel arbeidstid skal vere underlagt det vedtekne registreringssystemet for avrekning og kontroll med arbeidstida.

  3. Personalet innan dei ulike avdelingane er solidarisk ansvarleg for at vedkomande kontor er betjent i normaltida, jfr. pkt. 3

3. Arbeidstida

  1. Normaltid.
    Normaltida er kl.08.00-15.00 om sommaren (01.05.-14.09.) og kl. 08.00-15.45 om vinteren (15.09.-30.04.)
     
  2. Kjernetid
    Kjernetida er kl. 09.00-14.30 (vintertid) og kl. 09.00-14.00 (sommartid). I romjula er kjernetida kl. 10.00-14.00.
     
  3. Ytre arbeidstid
    Den ytre ramma for opparbeiding av fleksitid er måndag - fredag i tidsrommet er kl. 07.00-21.00.

 

4 Registrering

  1. Registrering av kvar enkelt si arbeidstid skal skje ved bruk av til ei kvar tid gjeldane tidsregistreringssystem.
    Leiar har ansvar for at lønnsavdelinga får melding om tal minustimar utover 15 t ved slutten av kvar avrekningsperiode.
     
  2. For arbeidstakarar som får store ulemper med å nytte automatisk registrering kan det nyttast manuelle registreringsskjema godkjent av leiar. Leiar har ansvar for kontroll av lista og for melding om overskytande minustimar til lønsavdelinga.

  3. For arbeid utført laurdag og søndagar mellom kl.07.00-22.00 vert dette rekna inn i fleksitida på lik line med måndag til fredag. Det vert ikkje gitt helgetillegg for jobb på helg dersom dette ikkje er pålagt og avklara med næraste leiar i kvart enkelt tilfelle.

5 Avrekning

  1. Avrekningsperioden skal vere kvartalsvis.
     
  2. Det kan overførast inntil 60 plusstimar eller inntil 15 minustimar i avrekningsperioden.
     
  3. Ved slutten av kvar avrekningsperiode skal det etter avtale mellom leiar og arbeidstakar føretakast oppgjer med eventuelle trekk i løn/overføringar av tid til neste avrekningsperiode.
     
  4. Etter avtale med leiar er det mogleg, dersom tenesta tillet det, å avspasere inntil 5 dagar samanhengande.
     
  5. Når ein arbeidstakar sluttar skal tidssaldoen vere 0. Eventuell minustid i tidssaldoen ved sluttdato blir trekt i løn og eventuell plusstid vert utbetalt.