I starten av medverknadsfasen 15. november - 31. desember inviterer me til bygdelabar i alle tettstadene, ei veke i kvar tettstad.

Først ut er Balestrand måndag 15. november – laurdag 20. november!

Alle innbyggjarar er velkomne til å bruke bygdelaben for å jobbe fram innspel for si hjartesak, åleine eller saman med andre som vil det same.
I bygdelaben brukar me innspelssida på utfordrarbygda.no, og legg i tillegg til rette med teknisk utstyr, kart, tavler og anna materiell.

Me held til i kafeen ved Joker, i 2. etasje i Holmatunet.

Opningstid med bemanning:
måndag-onsdag og fredag: 12-15
torsdag: 12-18

Opningstid utan bemanning:
måndag 15-21
tysdag-fredag 07-21
laurdag 08-20
Viss de vil bruke laben utan bemanning må de booke tid hjå sigrid.olmheim@sogndal.kommune.no.
Nøkkel får de hjå Joker Balestrand.

Sjå elles utfordrarbygda.no frå 15. november for meir informasjon om bygdelaben og medverknadsfasen elles.

Vel møtt!