Du kan no klage på vedtaket om planendringa seinast 16.10.2025 eller krevje erstatning. Det er berre det som er endra som kan klagast på. Føremålet med planen er framleis å legge til rette for nye bustader.

Administrativt vedtak 15.08.2025

«1. Detaljreguleringsplan for gbnr. 105/41 Porsmyrvegen 8 bustader vert vedteke endra etter enklare prosess med plankart dagsett 26.06.2025 og føresegn dagsett 26.06.2025.

Grunngjeving for vedtaket:

Planendringa følgjer opp vedtakspunkt 2 i kommunestyret sitt vedtak ved 2. gongs handsaming 30.03.2023. Me vurderer at endringa av detaljreguleringsplanen kan handsamast etter enklare prosess, då endringane ikkje påverkar gjennomføring, hovudrammer eller omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Reguleringsplanen er framleis i tråd med overordna plan.»

Kort om planen og planendringa

Arkitektkontoret 4B har, på vegne av framleggsstillar Skogen Eigedom AS, sendt inn framlegg til endring av detaljreguleringsplan for gbnr. 105/41 Porsmyrvegen 8 bustader. Siktemålet med planen er framleis å leggje til rette for utbygging av konsentrert småhusbusetnad på Porsmyrvegen 8. Endringa er ei oppfølging av kommunestyret sitt vedtakspunkt 2 frå 30.03.2023, som kravde oppmåling av usikre eigedomsgrenser og gav kommunedirektøren mynde til å handsame ei planendring administrativt.

Endringa gjeld løysingar i planen kring eigedomsgrensa mellom Porsmyrvegen 6 og 8, og arealet som er regulert til annan veggrunn langs Porsmyrvegen. I hovuddokumentet (saksutgreiing) er det meir informasjon om endringa og kommunen si vurdering i saka. Dei som er råka av endringane fekk brev om dette 15.08.2025.

 

Illustrasjon 1: Utsnitt av plankart på høyring 16.12.2024 – 16.01.2025.

 

                Illustrasjon 2: Utsnitt av plankart vedteke 30.03.2023.

Innsyn i plandokumenta

I vedlegg til saka finn du m.a.:

  • Saksframlegg og vedtak
  • Plankart
  • Føresegner
  • Planomtale, m.m.

Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjonplanen er eit eksempel på korleis ein kan utvikle området. 

Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17. Opningstida 10:00-14:00. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.

Klage og erstatning

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 3 veker og er sett til 16.10.2025. Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.  

Alle klager og krav om erstatning skal sendast skriftleg til postmottak@sogndal.kommune.no eller med brev til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal.

Klagen skal vere grunngjeven og klagar må spesifisere kva det klagast over og kva endringar klagar ynskjer. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklårt om klagefristen er utgått, ber vi om at du gjev opp når vedtaket kom fram. Sakshandsamar kan gi rettleiing om framgangsmåten ved klagen.