No har vi lyst ut konkurransen om kjøp av nøkkelklare omsorgsbustader, og vi ser fram til å høyra frå potensielle tilbydarar.
Kva gjer vi innkjøp av?
Kommunen ønskjer å kjøpe mellom 16 og 20 nøkkelferdige bueiningar, fordelte på to konsept. Eitt konsept skal ha tilgang på sentrumsfunksjonar i Sogndal, medan det andre har opning for fleire moglege plasseringar. Begge konsepta skal ha fellesareal og personalbase, og vi ønskjer løysingar som er heimelege, robuste og universelt utforma – med god kvalitet og tilrettelagde for gode driftsløysingar.
Det er ikkje eit krav at same leverandør leverer begge konsepta – dei vil bli vurderte kvar for seg.
Slik fungerer konkurransen
Vi gjennomfører anskaffinga som ein konkurranseprega dialog. Det betyr at vi startar med å invitera leverandørar til å melda interesse, og så går vi i dialog med dei som blir kvalifiserte – før vi ber om endelege tilbod.
Prosessen skjer i tre steg:
- Kven vil vera med? Leverandørar melder interesse, og kommunen vel ut dei som oppfyller krava til å delta vidare.
- Dialog om løysingane: Vi har møte med leverandørane der vi snakkar gjennom behov, moglegheiter og alternative løysingar. Målet er at både kommunen og leverandørane skal få eit best mogleg grunnlag før endelege tilbod.
- Endelege tilbod: Når vi har fått avklart løysingane gjennom dialogen, ber vi leverandørane levera endelege og bindande tilbod.
Les meir om anskaffinga
Utlysinga ligg på Doffin. Der finn du all informasjon om konkurransen, fristar og korleis du går fram for å delta om du er tilbydar: (doffin.no)
