Nydyrking

Nydyrking er fulldyrking eller overflatedyrking av jord, eller gjennoppdyrking av jordbruksareal som har ikkje vore nytt i over 30 år. Opparbeiding frå overflatedyrka jord til fulldyrka jord vert ikkje rekna som nydyrking. Om du skal nydyrke, må du søke kommunen om godkjenning før du byrjar arbeidet. Du sender søknadsskjema med kart og plan for grøfting til kommunen. 

Alle søknader og nydyrkning blir sendt på høyring til både Statsforvaltar og Fylkeskommunen, for å få ein kraftigare forankning av tiltaket. 

Kontaktperson 

 Olav Øyrehagen 

Planering av terreng

Planering eller arrondering kan vera eit søknadspliktig tiltak. Ta kontakt med kommunen for å få avklaringar for ditt tiltak.  

Korleis søke? 

Om du skal planere, må du søkje kommunen om godkjenning . Før du set i gang, må du sende forenkla søknad til kommunen. Den forenkla søknaden skal innehalde kart som viser områda som vert påvirka av planeringen. Viktige natur/terrenginngreo, bekkelukking mv. skal avmerkast på kartet. 

Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenkla søknaden, om planeringen krev tillating etter ureiningsforskrifta. 

Rettleiing og praktisk gjennomføring  

Kontaktperson

Olav Øyrehagen 

Søknadspliktig etter anna regelverk? 

Avhengig av omfanget av planeringa, kan tiltaket verte søknadspliktig etter anna regelverk. Tiltakshaver har ansvar for at tiltaket blir utført i samsvar med reglar gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova, og at det ikkje kjem i strid med anna regelverk. Arbeidet kan ikkje setjast i gang før du har søkt om, og det er gitt naudsynt dispensasjon, tillating eller samtykke fra evnetuelle berørte mynde. 

Lokale forskrifter om spreiiefristar

Det er lokale forskrifter om spreiing av gjødsel av organisk opphav som styrer kor lenge ein kan spreie gjødsel utan nedmolding. 

  • Gamle Sogndal kommune, frist for spreiing er 20. september. Utsett spreiefrist kan søkast om fram til 30. september. 
  • Gamle Leikanger kommune, frist for spreiing er 30. September. 
  • Gamle Balestrand kommune, frist for spreiing er 30. September.   

Med nedmoldning 

  • Endeleg spreiefrist er 1. november. Nedmolding vil seie pløying, fresing eller nedfelling av gjødsel slik at det vert tildekt av mold.