Med det er me eitt steg nærare målet om å leggja til rette for desentraliserte arbeidsfellesskap.

- Bidreg til å fylla utviklingsrolla

Paal Fosdal, avdelingsdirektør for strategisk utvikling og digitalisering i Vestland fylkeskommune, er glad for at dei meldte seg på tidleg som ein del av prosjektet for å få til eit vitensenter på Kaupanger.  

- ViteMeir bidreg til å fylla utviklingsrolla vår etter den nye regionreforma, og særskilt berekraftsmål nr. 17 som er samarbeid for å nå måla. Me må jobba saman for å løysa framtidas utfordringar i det private og i det offentlege, seier han.  

Det nye signalbygget på Kaupanger har kome i stand på rekordtid, sjølv om primus motor Tor Arne Ness, meiner at dei fem åra som har gått frå idé til opning av bygget har vore lenge nok. Han meiner styrken til Kaupanger og ViteMeir er den geografiske plasseringa og alt det spennande det nye bygget har å by på. Idéen har vore å få til sambruk, samarbeid og samhandling.  

Har alt fått leigetakarar

Sjølv om den offisielle opninga av FUS Kaupanger var i dag har dei alt fått leigetakarar. Digdir, som til vanleg held til på Leikanger, hadde signert leigeavtale omtrent før bygget var vedteke bygd. Torgeir Strypet i Digdir trur det kan vera nyttig å koma seg ut av huset og inn i eit spennande og stimulerande miljø. Ikkje minst den uformelle praten med andre som nyttar FUS eller vitjar ViteMeir, som kan gje positive impulsar og gje grunnlag for vidare utvikling av dei viktige tenestene Digdir utviklar. Han peikar også på nærleiken til flyplassen, då dei ofte har kundebesøk frå andre stader. 

Heidi Fossnes Helle driv Rørsla, og ho har også sikra seg plass på FUS. Rørsla er ei rådgjevingsbedrift som ynskjer å bidra til at berekraftsarbeidet vert motiverande og lettare å ta tak i. Bedrifta hennar passar som hand i hanske med ViteMeir-bygget, som er eit av dei mest klima- og miljøvennlege bygga i fylket.  

Då ViteMeir hadde si offisielle opning i førre veke, nytta fylkesordføraren flammer for å kutta snora. Det vart litt mindre dramatisk i dag då ordførar Arnstein Menes nytta saks, men saksa gjorde nytten den også.  

Les òg: Opna dørene til ViteMeir

Les òg: Klipte snora for nytt arbeidsfellesskap på Leikanger