See this information in English

Personen som testa positivt laurdag, er nærkontakt av tidlegare smitta og har vore i karantene. Dei fire som fekk påvist smitte rette før helga er nærkontaktar av dei som alt var påvist smitta. Det er no 23 personar i karantene og 9 personar i isolasjon i kommunen.

Kommunen følgjer situasjonen tett og held fram smittesporinga. Det kom fredag svar på 12 koronatestar som var tekne i samband med utbrotet, og alle desse var negative. Laurdag kom det svar på 15 testar tekne fredag, også desse var negative. 6 testar frå søndag var også negative.

Måndag kom svaret på nokre av prøvane som var sende til Haukeland universitetssjukehus. Prøvane viser at koronasmitten i Balestrand siste veka ikkje skuldast ein av dei meir smittsame variantane av viruset.

Sogndal kommune har tett dialog med sentrale helsemyndigheiter om kva tiltak som bør setjast inn. Sidan ingen born er påvist smitta, vil ikkje skule og barnehage blir stengde, men det vart frå fredag sett i verk forsterka tiltak.

Kriseleiinga kom i møte fredag morgon fram til følgjande:

  • Set i verk ekstra tiltak på Sagatun skule og Sagatun barnehage, men held fram på gult nivå og legg vekt på å ta vare på born og unge. Det er ikkje påvist smitte i skule og barnehage.
  • Skjerpa besøkskontroll på omsorgssentera i heile kommunen.
  • Idrettslaget i Balestrand stenger idrettshallen mellombels for aktivitet i regi av idrettslaget, kommunen har stengt Belehalli for fritidsaktivitet.
  • Stengt for fysisk oppmøte på innbyggartorga til kommunen. Du kan nå innbyggartorga på tlf. 57 65 25 00.
  • Sogndal kommune oppmodar alle som kan - i heile kommunen - om å ha heimekontor. Utset møte som kan utsetjast, eller hald dei digitalt. Me vil minna om å halda avstand for dei som må vera på arbeidsplassane.
  • Alle politiske møte neste veke vert haldne digitalt.
  • Sogndal kommune oppmodar folk om å halda smittevernreglane. Ikkje reis på unødvendige reiser, ikkje gå på unødvendige besøk.

På grunn av situasjonen vil kommunen tilrå at folk har låg terskel for ta test ved symptom på sjukdom. Kontakt då lokalt legekontor for å avtale testing. Det vert lagt til rette for testing også i helga.

Sist oppdatert 08.02.2021 klokka 12.48