Sp - Ordførar Arnstein Menes - gitt samtykke Lite.jpgOrdførar Arnstein Menes

41 67 27 33
arnstein.menes@sogndal.kommune.no

Arnstein Menes (Sp) er ordførar i Sogndal kommune. Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet.
Menes er vald til ordførar for perioden 2019–2023.

I fireårsperioden før dette var han medlem av formannskapet og kommunestyret i Balestrand, der han og var varaordførar i perioden 2013-2017.

Menes har og vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i perioden 2007-2019, der han i alle desse åra var medlem av hovudutval for samferdsle. I perioden 2010-2015 leia han dette utvalet.

Han har i tillegg til fleire folkevalde verv vore sentralstyremedlem i Senterungdommen og styremedlem i Nordiska Centerungdommens Forbund.

Menes er utdanna adjunkt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og har tidlegare arbeidd i Vaksenopplæringa i Forsvaret, som rektor ved Nesse oppvekstsenter og som opptaksleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane/Høgskulen på Vestlandet.

Menes er gift, bur på Menes i Balestrand og har 6 born.

På fritida er han glad i jakt og friluftsliv, i tillegg til interesse for fotballklubbane Sogndal og Leeds, bridge og sjakk.

 

Sv - varaordførar Vibeke Johnsen Lite.jpgVaraordførar Vibeke Johnsen

95 89 90 22
vibeke.j@online.no

Vibeke Johnsen (SV) er varaordførar i Sogndal kommune. Ho var vara i kommunestyret i gamle Sogndal i perioden 2007-2011, fast medlem frå 2011 og medlem i formannskapet frå 2014-2019.

Johnsen har vore leiar i Sogn og Fjordane SV, landsstyremedlem og nestleiar i Kvinnepolitisk utval i SV. Ho er kvinnepolitisk ansvarleg og styremedlem i Vestland SV. Ho har vore nestleiar i Distriktshøgskulestudentenes landsforbund, leiar i SAIH (studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond), oppteken av internasjonal solidaritet og er styremedlem i Stiftinga krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Johnsen er oppvaksen i Trondheim, bur i Sogndal, er gift og har to vaksne barn. Ho har mastergrad i kunnskapsleiing og jobbar i NAV Kontaktsenter Nord-Vestlandet. Ho er leseglad, heilårsbadar og likar friluftsliv. Ho har årskort på Fosshaugane, og ser gjerne handballmeisterskap på TV.