Smittesituasjonen i kommunen

03.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 1, Sogndal: 5, totalt 6.

02.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 1, Leikanger: 0, Sogndal: 3, totalt 4.

01.12.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 1, totalt 1.

30.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 6, Leikanger: 1 og Sogndal: 2, totalt 9.

29.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 11, Sogndal: 4, totalt: 15.

28.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 3,  totalt 3. Til saman har det vorte påvist 67 smitta i kommunen frå 19. november. (Balestrand: 44, Leikanger: 4 og Sogndal 19).

27.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 5,  totalt 5.

26.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 3, Leikanger: 1, Sogndal 3, totalt 7.

25.11.2021: Nye smitta påvist: Balestrand: 5, Leikanger: 1, Sogndal 3, totalt 9.

24.11.2021: Onsdag er det påvist 8 nye smitta i Balestrand, 2 på Leikanger, 10 i Sogndal og 1 i Fjærland, og det er smitte i fleire kommunale institusjonar. Kommunen oppmodar no til ekstra innsats gjennom å koma med fleire tilrådingar.

23.11.2021: Tysdag har ytterlegare 5 personar i Balestrand testa positivt på korona.

22.11.2021: Me har utbrot av korona i Balestrand. Det er påvist 14 koronasmitta i Balestand, 6 av desse er born.

Sogndal kommune vil framover ikkje leggja ut faste oppdateringar om smittesituasjonen i kommunen. Skulle det bli eit utbrot av koronasmitte i kommunen, vil me informera om det. 

For dagleg oppdatering av smittesituasjonen:

Status 20.09.2021:
Det er ikkje påvist nye tilfelle av covid-smitte i Sogndal kommune sist veke.
Veke 37: Nye tilfelle: 0
Testa for covid: 130
Vaksinerte: 281
Totalt vaksinerte med 1 dose: 9103
Totalt vaksinerte med 2 dosar: 8012

Status 13.09.2021:
Me har ikkje utbrot i kommunen. Sogndal kommune er på risikonivå 1.
Veke 36:
Nye tilfelle: 3
Testa for covid: 202
Vaksinerte: 439
Totalt vaksinerte med 1 dose: 9012
Totalt vaksinerte med 2 dosar: 7817

Status 06.09.2021:
Me har ikkje utbrot i kommunen. Sogndal kommune er på risikonivå 1.
Smittesituasjonen med covid-19 i Sogndal kommune i veke 35:
Nye tilfelle: 6
Testa for covid: 205
Vaksinerte: 614
Totalt vaksinerte med 1 dose: 8725
Totalt vaksinerte med 2 dosar: 7655

Status 30.08.2021:
Det er påvist ein smitta student måndag. Smitten kjem frå Bergen. Kommunen driv smittesporing og planlegg testing av nærkontaktar.

Status 21.08.2021:
3 nye covid-positive laurdag. Alle har vore i karantene som nærkontaktar. Smittevegen er kjend. Ingen nye nærkontaktar utifrå desse nye tilfella i dag.

Status 18.08.2021:
Det vart påvist ein ny covidsmitta med hurtigtest onsdag. Personen, som er fullvaksinert, er tilsett i Sogndal kommune og var på arbeid på Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS) 16/8 og 17/8. Det er gjennomført testing av kollegaer og nokre pasientar onsdag kveld, og alle hurtigtestane var negative. Smittesporing er gjennomført, og nærkontaktar er sette i karantene. Smittevegen er kartlagd, og smitten kjem frå ein annan kommune. Det er innført besøkskontroll på SHOS fram til 24/8.

Status 17.08.2021 kl. 23:
Melding om 1 positiv prøve til seint tysdag kveld. Smitten kjem etter reise til utlandet. Ingen nærkontaktar i vår kommune. Smittesporinga er avslutta.

Status 17.08.2021 kl 21:
1 ny positiv prøve tysdag. Smitten er påvist ved innreise frå utlandet. 3 nærkontaktar er sette i karantene.

Status 17.08.2021:
1 ny positiv Covid-prøve måndag, prøve teke 13/8. Den smitta er ein nærkontakt som ikkje har symptom.  Smittesporinga er avslutta, ingen nye nærkontaktar. Me har per i dag 16 smitta som er isolerte i kommunen.

Status 14.08.2021 kl. 13:
Kommunen fekk melding om 1 ny smitta i går kveld. Smittevegen er kjend, og 3 nærkontaktar er sette i karantene. Den smitta arbeider i barnevernet, og det har vore utført hurtigtesting av omlag 20 personar i dag. Ingen av testane var positive.

Status 12.08.2021:
Kommunen har fått melding om 6 positive covidtestar i kveld. 5 av dei var på personar som vart registrerte som smitta i går etter positiv hurtigtest i kommunen. Den siste personen har vore i karantene som nærkontakt på grunn av smitte i familien. Smittevegen er kjend og smittesporinga er avslutta.

Status 12.08.2021:
Seint på kvelden i går fekk me melding frå Førde om 6 nye smitta. 3 av desse var nærkontaktar i ein familie med kjent smitteveg frå Bergen. Dei 3 andre var i ein annan familie med kjent smitteveg innad i kommunen. Smittesporinga er avslutta. Kommunen har no 26 smitta som er isolerte i kommunen.

Status 11.08.2021:
Kommunen har påvist 5 nye covidsmitta onsdag med hurtigtestar. Alle har vore definerte som nærkontaktar og er smitta innad i husstanden. Kommunen driv kartlegging, og det er usikkert om det blir nye nærkontaktar som må i karantene. Resultata av testinga viser at viruset smittar lett. Det er no god grunn til å halda på gode smittevernrutinar med nødvendig avstand og handvask.

Status 11.08.2021:
Kommunen fekk melding om ein ny smitta seint tysdag kveld. Smittesporing er starta, og 6 nærkontaktar er pålagt karantene og vert testa i dag. Smittevegen er kjend.

Status 10.08.2021:
Det vart ikkje påvist nye smitta i kommunen i prøvane som vart analyserte i går 9/8. Det var ein positiv prøve, men det var ein person som hadde positiv hurtigtest frå før.
Det tyder på at smittesituasjonen før helga er avgrensa i omfang, og det er gledeleg. Nokre av smittetiltaka frå før helga vart avvikla i går ettermiddag.

Status 08.08.2021

Sogndal kommune har fått melding om 2 nye smitta i kveld. Begge er kjente for kommunen frå før grunna positive hurtigtestar fredag og laurdag. Dei smitta er alt i isolasjon. Smittesporing og testing av nærkontaktar er gjennomført.
 

Status 06.08.2021

Det vart i kveld meldt om 4 nye smitta. Den eine av desse var positiv på hurtigtest i går med kjent smitteveg frå Bergen. Ingen relasjon til tidlegare utbrot i Sogndal. Den smitta er isolert. Smittesporing er gjennomført. Nærkontaktar er varsla og testa. To andre er nærkontaktar med kjent smitteveg.

Den fjerde er tilsett på SFO på Trudvang skule. Vedkommande var på jobb måndag, tysdag og onsdag denne veka. Me ynskjer å tilby test til barn og tilsette ved SFO laurdag frå kl. 11 ved Sogndal legesenter. Test må bestillast av kvar enkelt på c19.no for at me skal kunne få registrert alle. Sannsynleg smitteveg frå Oslo og smittesporing er sett i verk

 

Status 05.08.2021

Sogndal kommune har i dag 2 nye smitta. Den eine har kjent smitteveg frå Bergen. Ingen relasjon til tidlegare utbrot i Sogndal. Den smitta er isolert. Smittesporing er gjennomført. Nærkontaktar er varsla og blir testa i morgon. Den andre har vore i karantene som nærkontakt sidan forrige veke. Kjent smitteveg. Den smitta er isolert. Smittesporing er gjennomført. Det er ikkje nye nærkontaktar

Status 05.08.2021
Seint i går kveld vart det meldt om 2 nye smitta. Den eine er kjent nærkontakt av tidlegare smitta. Den andre har antatt kjent smitteveg.
Ny smittesporing pågår. Nærkontaktar blir testa i dag.

Status 04.08-2021
To av dei smitta frå i går har kjent smitteveg via nærkontaktar til Meat Point-utbrotet.
25 nærkontaktar testa og sett i karantene. Smittesporing førebels avslutta for desse.
For dei andre to er smittevegen ukjend og det er her ingen relasjon til utbrotet på Meat Point.
Det er i dag teke totalt ca. 70 PCR-testar og ca. 40 hurtigtestar. Alle hurtigtestane er negative.

Status 03.08.2021
4 nye smitta. Nærkontaktar vert testa og smittesporing er iverksett. Fleire i karantene.

Status 31.07.2021
2 nye positive prøvar. Den eine er ei stadfesting av hurtigtest, den andre har vore isolert i fleire dagar.

Status 30.07.2021
Sogndal kommune har i kveld fått melding om 1 ny smitta. Ingen nærkontaktar i Sogndal. 

Status 29.07.2021
Sogndal kommune har i kveld fått melding om 1 ny smitta. Smittetilfellet er ikkje direkte knytt til det pågåande utbrotet men mogleg samanheng blir undersøkt. Den smitta er sett i isolasjon og smittesporing er iverksett. Nærkontaktar blir testa i morgon

Status 28.07.2021
Det er meldt om 1 ny smitta. Dette smittetilfellet har ikkje relasjon til Meat Point-utbrotet.

Status 27.07.2021
Me har fått melding om 1 ny smitta med relasjon til Meat Point-utbrotet. Vedkommande var ikkje sjølv på Meat Point men er nærkontakt til ein person som vart smitta der. Den nye smitta er fullvaksinert og har difor vore friteken frå smittekarantene. Ny smittesporing er gjennomført. Det er 9 nye nærkontaktar.

Status 26.07.2021
​Alle prøvane som vart tekne søndag er negative. Dette var prøvar frå nærkontaktar.
Måndag kveld har me fått stadfesta at det i det pågåande utbrotet dreiar seg om Delta-varianten slik me har hatt mistanke om. 
Sogndal kommune har i dag fått melding om 1 ny smitta. Smittesporing er gjennomført. 

Status 25.07.2021:
Sogndal kommune har i kveld fått melding om 1 ny smitta. Vedkommande hadde status som nærkontakt og var alt i karantene.
Me er letta over svært mange negative prøvar og oppmodar igjen om låg terskel for å bestille test på c19.no dersom du har symptom eller av andre årsaker mistenkjer at du kan vere smitta.
Det kjem ikkje fleire prøvesvar i kveld. Neste planlagde informasjon frå kommunen blir i samband med nye prøvesvar som er venta mandag kveld.

Status 24.07.2021:
Me har i kveld fått 7 nye positive prøvar. Alle dei 7 smitta hadde status som nærkontaktar til personar som er antatt smitta ved Meat Point frå tidlegare og har vore i karantene. 1 av desse er vaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan, 6 er uvaksinerte. Me ser på dette som kontrollert smitte og forventa utvikling. Smittesporingsarbeid blir gjennomført no. Det er 12 nye nærkontaktar til dei som no er bekrefta smitta som vil få tilbod om test i morgon. Det er kommunisert frå mikrobiologen at det ikkje kjem fleire prøvesvar i kveld. Neste moglegheit for ordinær testing i Sogndal kommune blir mandag 26/7. Test kan bestillast på C19.no. Neste tidspunkt for informasjon frå kommunen vil vere i samband med prøvesvar søndag ettermiddag.

Status 23.07.2021:
Me har i kveld fått informasjon om 2 nye smitta. Begge var på Meatpoint laurdag 17/7 og vart testa i går. Smittesporing er igangsett.

Status 23.07.2021:
Det er no i alt bekrefta 9 smitta som oppheld seg i kommunen. Alle har relasjon til utbrotet på Meat Point. I tillegg er det bekrefta smitta 1 i Vik og 5 i Luster med relasjon til same utbrotet. Alle kommunane har god kapasitet på testing og smittesporing og me har så langt god oversikt.
Det er innført besøksforbod på sjukeheimane i Leikanger, Sogndal og i Prestahagen inntil vidare. 

Status 22.07.2021:
Smittesporinga er godt i gang. Me har førebels 5 nye positive testar i dag. 4 av desse bur i Sogndal og blir smittespora her. 1 bur i Luster og blir smittespora der. Dei 4 som er smittespora i Sogndal har til saman 69 nærkontaktar. Det blir arrangert testing for nærkontaktar ved Sogndal legesenter frå kl. 19 i kveld. Nærkontaktar bestiller test på c19.no.

Status 21.07.2021: 
Det har vore godt oppmøte til testing; totalt er det gjennomført 140 testar ved Sogndal legesenter i dag. Alle som var på utestaden laurdag 17. juli etter kl. 22 om kvelden vert oppmoda om å testa seg snarast.

Det er påvist koronasmitte hjå ein person som oppheldt seg i Sogndal 15. - 19. juli. Kjend smitteveg frå kommune på Austlandet og 20 nærkontakar er i karantene. 11 av dei 19 nærkontaktane til den smitta vart testa i dag. Dei resterande 8 har testa seg i andre kommunar. Alle nærkontaktane er framleis i karantene.
Det er 1 ny positiv hurtigtest og såleis 1 person i isolasjon.
Ny smittesporing er gjennomført og det er meldt om 2 nye nærkontaktar som er sette i karantene og testa i dag. Dei hadde negativ hurtigtest.

Status 18.07.2021: Alle nærkontaktane testa negativt på første PCR-test. Dei første 8 nærkontaktane tok test nr. 2 i går, laurdag, på dag 7 etter siste kontakt. Desse var også negative. 8 er dermed ute av karantene, medan 10 framleis er i karantene og får tilbod om test nr. 2 på tysdag.

Status 16.07.2021: Me har fått bekrefta smittetilfellet frå onsdag med ny test torsdag. Smittevegen er framleis ukjend. Me har førebels ikkje nye smittetilfelle. Alle nærkontaktane hadde negative hurtigtestar torsdag. Me ventar svar på PCR-testar fredag ettermiddag.

Status 15.07.2021: Ein positiv test teken tysdag 13.07. Smittevegen er førebels ukjend. Nærkontaktar vert testa i dag.

Status 21.05.2021: Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Smittevegen er kjend og smitten kjem frå Trondheim. Den smitta er sett i isolasjon. Det er ingen nærkontaktar her i kommunen knytt til dette tilfellet. Smittesporinga er avslutta.

Status 08.05.2021: Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Personen har vore i karantene som nærkontakt. Smittevegen er kjend, og smitten kjem frå Bergen. Den smitta er sett i isolasjon, og 3 nye nærkontaktar er pålagt karantene.

Status 01.05.2021 Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Smittevegen er kjent og er frå Bergen. Den smitta er sett i isolasjon og 3 nærkontaktar er i karantene. Kommunen driv med smittesporing og testing.

Status 29.04.2021 Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er i isolasjon. Smittevegen er kjent og er frå Bergen. Det er ingen nye nærkontaktar i kommunen vår knytta til dette tilfellet.

Status 23.04.2021: Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Personen er ein nærkontakt som har vore i karantene dei siste dagane. Smittevegen er kjend. Det er ingen nye nærkontaktar etter dette tilfellet.

Status 16.04.2021:  Det er påvist 1 ny covid-smitta i Sogndal kommune. Smitten kjem etter reise til Viken fylke. Den smitta er sett i isolasjon, og 5 nærkontaktar er sette i karantene.

Status 07.04.21: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Vedkomande er smitta som nærkontakt etter smittetilfellet ved Sogndal skisenter. Ingen nye personar er sette i karantene.

Status 04.04.2021 Smittevernlege Leiv Erik Husabø orienterer om at alle nærkontaktane frå i går hadde negative testar. Så langt me kjenner til er saka knytt til Hodlekve eit enkelttilfelle og ikkje eit utbrot. 12 nye personar er testa i dag. Me ventar svar på desse testane i morgon eller tysdag.

Status 03.04.2021 Det er påvist ein smitta av Covid-19 i Sogndal kommune. Smitten kjem frå Bergen. Me har teke 16 hurtigtestar av nærkontaktar, alle var negative. Om lag 20 personar er sett i karantene. Den smitta var på arbeid i Dalalåven 1. og 2. april. 

Status 01.04.2021 Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Smitten kjem frå Oslo, og personen har vore i karantene som nærkontakt siste dagane. Det er ikkje fare for smitte til andre.

Status 21.03.2021 Det er påvist 2 nye Covid-smitta i Sogndal kommune. Begge dei smitta er elevar ved Kaupanger skule og har vore i karantene som nærkontaktar. Begge familiane har vore i karantene.

Status 21.03.2021: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er elev ved Sogndal vidaregåande skule, på yrkessjåfør-linja ved avdeling Kaupanger. Smitten kjem frå ein annan kommune.

Status 20.03.2021: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er elev i 8. klasse ved Kaupanger skule og vart testa med hurtigtest laurdag etter at ein annan elev i klassen hadde testa positivt.

Status 20.03.2021: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommuen. Den smitta er elev i 8. klasse ved Kaupanger skule og har hatt kontakt med ein av dei tidlegare smitta.

Status 19.03.2021: Det er påvist ein ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er nærkontakt til ein tidlegare smitta og har vore i karantene. Vedkomande er elev i 3. klasse, og klassen blir sett i karantene og skal testast laurdag.

Status 18.03.2021: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er elev i 6. klasse ved Kaupanger skule.

Status 17.03.2021: Det er påvist 2 nye Covid-smitta i Sogndal kommune. Dei to er elevar ved Kaupanger skule. Skulen vert stengd torsdag og fredag, og det vert innført påbod om munnbind for pasientar ved Sogndal legesenter.

Status 17.03.2021: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Vedkomande testa positivt på hurtigtest. Dette er det andre tilfellet knytt til Kaupanger skule, og kommunen driv smittesporingsarbeid. 

Status 17.03.2021: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Smittekjelda er ukjend. 2 personar er definerte som nærkontaktar og sette i karantene. Det vert arbeidd vidare med smittesporing.

Status 06.03.2021: Det er påvist 1 ny smitta av Covid-19 i Sogndal kommune. Personen har vore i karantene etter kontakt med smitta i annan kommune. Smittekjelda er kjend og er i ikkje i Sogndal kommune. Ein annan person er sett i karantene som nærkontakt. Smittesporinga er avslutta.

Status 16.02.2021: 2 nye personar i Balestrand har testa positivt på korona. Det vil seia at totalt 5 personar har fått positive svar på koronatest tysdag. Alle har vore i karantene som nærkontaktar.

Status 16.02.2021: 3 nye personar i Balestrand har testa positivt på korona. Dei tre har vore i karantene over ei veke som nærkontaktar. Smittevegen er kjend, og det er ingen ny smitte ute i samfunnet. Det blir ikkje innført nye lokale tiltak som følgje av desse smittetilfella.

Status 15.02.2021: Ingen nye smitta i kommunen sidan 9/2. Alle testane har vore negative frå 10/2.

Status 12.02.2021: Dei 4 prøvane som vart tekne i Balestrand 10.2. var alle negative. Det har ikkje vorte registrert nye smitta i kommunen sidan 9.2. Det er no teke over 5000 koronatestar i Sogndal kommune frå mars 2020.

Status 9.2.2021: Det er påvist 5 nye smitta knytt til utbrotet i Balestrand. Alle har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta.

Status 7.2.2021: Det er søndag ikkje registrert nye smitta i samband med utbrotet i Balestrand.

Status 6.2.2021: Det er påvist 1 ny smitta knytta til utbrotet i Balestrand. Personen er nærkontakt av tidlegare smitta og har vore i karantene.

Status 5.2.2021:  Det er påvist 4 nye smitta knytta til utbrotet i Balestrand, og i alt 8 er no påvist smitta

Status 3.2.2021: Det er påvist 4 nye smitta av Covid-19 i Sogndal kommune. Dei fire er heimehøyrande i Balestrand, og me har no eit utbrot av koronasmitte i denne delen av kommunen.

Status 26.1.2021: Det er ikkje påvist fleire tilfelle i kommunen etter 10. januar, og smittesporinga er no avslutta.

Status 10.1. 2021: Det er påvist 1 ny smitta av Covid-19 i Sogndal kommune. Personen er no isolert og to nærkontaktar er sette i karantene. Det har vorte utført hurtigtesting på 10 personar der alle var negative. Smittekjelda er ikkje avklart og smittesporinga er ikkje avslutta.

Status 9.1. 2021: Det er påvist 1 ny smitta av Covid-19 i Sogndal kommune. Personen har vore på reise og har vorte smitta utanfor kommunen. Personen er no isolert og tre nærkontaktar er sette i karantene. Smittesporinga er avslutta.

Status 30.12.2020: Det er påvist 1 ny smitta av Covid-19. Personen har vore på reise i utlandet og er no i isolasjon. 2 nærkontaktar er sette i karantene. 

Status 27.11.2020:  Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Det er ein person som har vore i karantene som nærkontakt. Tilfellet fører ikkje til behov for ny smittesporing.

Status 21.11.2020: Det er påvist ein ny positiv prøve på Covid-19 i kommunen. Personen er isolert, og fire nærkontaktar er sette i karantene. Det vert framleis drive med smittesporing omkring tilfellet.

Status 13.11.2020: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta har vore i karantene som nærkontakt og smittekjelda er kjent. Det er ingen nye nærkontaktar etter dette tilfellet.

Status 9.11.2020: Det er i løpet av helga kome ein ny positiv prøve på Covid-19. Personen har vore i karantene nokre dagar etter kontakt med smitte på austlandet. Ingen andre har vore utsett for smittefare her i kommunen. Elles har det i løpet av helga kome mange negative prøvesvar, så dei som er i karantene etter kontakt med andre smitta i kommunen, har ikkje fått viruset.

Status 06.11.2020: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er tilsett i helsetenesta og har hatt kontakt med ein pasient. Det er sett i verk isolering og fleire nærkontaktar er i karantene. Alle nærkontaktane vert testa i dag. Ein reknar med at smitten kjem etter opphald i Bergen. 

Status 01.11.2020: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Personen er nyleg komen frå utlandet og er i innreisekarantene. Personen er isolert, og det er ikkje fare for smitte til andre. 

Status 30.10.20: Det er påvist tre nye Covid-smitta i Sogndal kommune. Alle tre er knytta til arbeidsinnvandring frå utlandet, og alle har vore ei tid i karantene som nærkontaktar. Personane er isolerte, og det er ikkje fare for smitte til andre. 

Alle dei 10 positive prøvane dei siste 10 dagane har kjent smitteveg, og me har ingen teikn som tyder på at det er generell smitte ute i lokalsamfunnet.

Status 25.10.20: Det er påvist 2 nye Covid-smitta i Sogndal kommune. Begge er nærkontaktar som er testa etter å ha vore i karantene ein periode. Sogndal kommune har hatt 7 positive testar siste veka.

Status 24.10.20. Det er påvist 2 nye Covid-smitta i Sogndal kommune. Den eine testa positivt ved innreise frå utlandet. Den andre er ein nærkontakt til ein kjent smitta som har testa positivt. Det vert utført smittesporing, og dei smitta er isolerte og nærkontaktar er sett i karantene.

Status 21.10.20: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Personen testa positivt etter innreise frå utlandet. Det er sett i verk isolering og smittesporing. Dei 4 nye tilfella siste veka har ingen kjent samanheng med kvarandre, og alt tyder på at smitten har skjedd utanfor kommunen. Det er heller ikkje påvist vidare smitte internt i kommunen.

Status 20.10.20: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Personen testa positivt etter innreise frå utlandet. Det er sett i verk isolering og smittesporing. Dei 3 nye tilfella siste veka har ingen samanheng med kvarandre, og alt tyder på at smitten har skjedd utanfor kommunen. Det er heller ikkje påvist vidare smitte internt i kommunen.

Status 19.10.20: Det er påvist 1 ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Tilfellet vart oppdaga under testing ved innreise til landet.  
Personen er isolert, og det er føreteke smitteoppsporing der nærkontaktar er sette i karantene.

Status 14.10.20: Ein person i Sogndal fekk 14. oktober påvist koronasmitte. Vedkomande er sett i isolasjon, og kommune har kontroll på smittesporinga.
Tre nærkontaktar er testa, og desse testa negativt.

Før 14.10 har Sogndal kommune hatt totalt 5 smitta i heile smitteperioden.

Koronatest

Du kan bestilla koronatesting i Sogndal og Leikanger på nett. Bestillinga gjer du på www.c19.no.

Legekontora deler no ut sjølvtestar til personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon som eit alternativ til PCR-testing. Ein tek då testen sjølv og får svar etter 15 minutt. Ved positiv svar må ein kontakta legekontoret eller legevakt 116117 for å få råd om tiltak mot smitte, og ein må då ta ein PCR-test for å stadfesta funnet. Ein PCR-test vert teken av helsepersonell og sendt til laboratorium, noko som gjer at det det tek nokre dagar å få svaret.

Les meir om Testing, symptomer og nærkontakter - helsenorge.no

Meir informasjon om kva du bør du gjera viss du får luftvegssymtom, finn du på nettsida til Folkehelseinstituttet.

Har du symptom eller spørsmål om testing, kan du ringa ditt lokale legekontor:

  • Sogndal legesenter: 57 62 97 00
  • Leikanger legekontor: 57 65 27 20
  • Balestrand legekontor: 57 65 13 00

Vaksinering mot korona

Oppmodar om å ta vaksine

Alle som er tilrådde å ta koronavaksinen, bør ta han. Vaksinen er gratis. Du kan framleis få vaksine sjølv om du har takka nei tidlegare. Ta kontakt med legekontoret ditt for å få vaksine. Meir informasjon om koronavaksine finn du her Koronavaksine - helsenorge.no.

Kor mange er vaksinerte i Sogndal kommune så langt?

Du finn oversikt over kor mange i kommunen som er vaksinerte på nettsidene til Folkehelseinsituttet. Hald musepeikaren over Sogndal kommune på karta.

Korleis får eg time til vaksinasjon?

Me sender tekstmelding (SMS) til dei som skal få tilbod om koronavaksine. Meir informasjon finn du her

Det er ikkje naudsynt å kontakta kommunen eller fastlege for å setta seg på venteliste. Me kallar inn dei ulike gruppene i samsvar med den nasjonale prioriteringa. Dersom du ikkje får melding om innkalling saman med andre i gruppa di, kan det vera ein feil og du må ta kontakt med fastlegen. 

Me har hatt dropp inn-vaksinering mot korona ved Sogndal helse- og omsorgssenter. Siste dagen med dropp inn-vaksinering var 14. oktober.

Tredje vaksinedose til alle over 65 år og personar med nedsett immunforsvar

Kommunane skal tilby tredje dose koronavaksine til personar med nedsett immunforsvar.

Oversikt frå Folkehelseinstituttet over kven som er aktuelle for tredje dose

Sjukehusa vil senda ut brev til dei pasientane som skal få tilbodet. I Sogndal kommune kan aktuelle personar kontakta fastlegekontoret sitt, og dei vil då få informasjon om tidspunkt for vaksinering. Det skal vera 28 dagar mellom 2. og 3. dose hjå denne pasientgruppa.

Kommunen skal no og tilby 3. vaksinedose til alle over 65 år. Denne tredje dosen skal settast minst 6 månader etter 2. dose. Kommunen starter med dei eldste først og vil kalla inn til 3. dose for alle over 65 år i løpet av november og desember.

Kva kostar vaksinen?

Sjølve vaksinen og vaksinasjonen er gratis.

Kven kan få koronavaksine og når forventar me å vaksinera ulike grupper?

Informasjon om korleis ulike grupper blir prioritert til vaksinasjon og forventa tidsperiodar for vaksinasjon av dei ulike gruppene finn du her på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Meir informasjon om koronavaksine

På nettsida helsenorge.no finn du god informasjon om mellom anna

  • kva vaksinar er godkjende i Noreg
  • kven får koronavaksine først
  • gjennomføring av koronavaksinasjon
  • vaksinasjon av enkeltgrupper
  • beskyttelse og immunitet
  • biverknader

Informasjon om pause i vaksineringa med med AstraZeneca-vaksinen 

Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon om du på vaksinasjonsdagen

  • har symptom på forkjøling, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom
  • er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • er isolert grunna covid-19 (du bør vente med vaksinen til 3 månader etterpå.)
  • har blitt vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar
  • er gravid utan å høyre til risikogruppe for alvorleg koronasjukdom

Dersom du er sjuk den dagen du skal vaksinerast, vil du få eit nytt tidspunkt for vaksinasjon når du er frisk att.

Tidlegare statusoppdateringar på vaksineringa i Sogndal kommune

Status 13.09.2021: Veke 36: Vaksinerte: 439, totalt vaksinerte med 1 dose: 9012, totalt vaksinerte med 2 dosar: 7817. Regjeringen har vedteke at 12-15-åringar skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet anbefaler. Aldersgruppa vil i første omgang få tilbod om ein vaksinedose. Sogndal kommune vaksinerer denne aldersgruppa i veke 37 og 38. 

Status 06.09.2021: Veke 35: Vaksinerte: 614, totalt vaksinerte med 1 dose: 8725, totalt vaksinerte med 2 dosar: 7655. Det vert dropp inn-vaksinering ved Sogndal helse og omsorgssenter torsdagar.

Status 11.08.2021: I løpet av sommaren var det ein del som ikkje tok i mot tilbodet om vaksine, dette var forventa grunna ferietida. Me er omtrent ferdige med å tilby 1. dose til alle over 18 år. Dersom nokon ikkje har fått tilbod eller har ombestemt seg kan dei kontakta legekontoret dei tilhøyrer og bli sett opp til time.

Kommunen har fått fleire vaksinedosar enn planlagt og arbeider no med å gje tidlegare 2. dose til dei som har venta lengst. I første omgang gjeld det personar over 45 år.

Det er planlagt eiga studentvaksinering på Campus i september, og studentane vil få informasjon om dette på studiestaden.

Status 30.06.21: Me er i gang med gruppa 18-45 der me startar samtidig med aldersgruppene 40-44 og 18-24, og så kjem gruppa 25-39 år aller sist. Me startar truleg på den siste gruppa siste veka i juli. 

Nesten alle over 40 år har no fått tilbod om vaksine. Dersom du bur i Sogndal kommune, er over 40 år og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du kontakta det lokale legekontoret eller koronatelefonen 57 65 28 00.

Til no er det totalt sett 8965 vaksinedosar i Sogndal kommune. Det er veldig få som ikkje tek imot tilbodet om vaksine.

Prognosen for vaksineleveransar i sommar syner at Sogndal kommune er venta å få tildelt

  • 364 dosar i veke 28
  • 628 dosar i veke 29
  • 860 dosar i veke 30
  • 728 dosar i veke 31
  • 812 dosar i veke 32
  • 90 dosar i veke 33
    (Tala frå veke 30 og utover er usikre)

Status 11.06.2021: Sogndal kommune har no starta å vaksinera personar i gruppa 45-54 år. Me får om lag 700 dosar kvar veke dei neste to vekene og nesten alt går til første dose til nye personar. På grunn av ulik fordeling av aldersgruppene ligg Balestrand litt etter i alder, men her ligg me framfor i prosentandel vaksinerte.

Dersom leveringa av vaksinane held fram som no, vil vil kunne starta med gruppa 18-24 år og 40-44 år i slutten av juni månad og frå midt i juli startar me så med siste aldersgruppa 25-39 år. 

Det er god oppslutnad om vaksineringa, og det er ingen problem med at folk ikkje møter opp til avtalar. 

Status 20.05.2021: I veke 20 og 21 får Sogndal kommune tilsendt ca. 600 dosar som skal gå til 2. dose for personar i risikogruppene og 2. dose til helsepersonell. Det er desse vekene berre om lag 30 dosar til nye som skal ha 1. dose. I veke 22 får me over 1000 dosar.  Dei vert fordelte på 560 til 2. dose og 450 dosar til 1. dose. Dosane vert fordelte etter folketalet til Sogndal, Leikanger og Balestrand. Det er gruppa friske mellom 55 og 64 som no skal vaksinerast. Personane får anten telefon eller SMS der det vert gjeve tilbod om vaksine. 

Status 28.04.2021: Sogndal kommune held no på med vaksinering av personar med auka risiko i alderen 18-54 år, det tilsvarer prioriteringsgruppe 6 og 7. I starten av mai startar me med alle i aldersgruppa 55-64 år. Det er etterkvart planlagt overgang til at det blir sendt ut melding på SMS med tilbod om vaksinasjon og så kan den enkelte bestilla time sjølv. Dette vil det koma meir informasjon om.

Status 07.04.2021: Sogndal kommune held på med vaksinering av aldersgruppa 65-74 år og personar med spesielt høg risiko 18-65 år, mellom anna dei som er organtransplanterte og nokre med alvorlege sjukdomar.

Status 25.03.2021: Sogndal kommune held på med vaksinering av aldersgruppa 75-84 år.

Status 15.03.2021: I Sogndal kommune er det no sett 1603 vaksinedosar, 578 har fått 2 dosar, 1025 har fått 1 dose. No driv me med vaksinering av aldersgruppa 75-84 år. 

Status 01.03.2021: Sogndal kommune har no passert 1000 sette vaksinar, og ca. 350 personar har fått 2 dosar.

Status 15.02.2021: Sogndal kommune har vaksinert 594 personar, 140 har fått 2 dosar, 454 har fått 1 dose. Me er ferdige med alle bebuarar på sjukeheimane og er også ferdige med dei over 85 år. No driv me med vaksinering av årsklassane 80-85 år. I tillegg har ca. 90 prioritert helsepersonell fått vaksine.

Status 07.01.21: Sogndal kommune starta med vaksinering på sjukeheimane 7. januar.

Smitteverntiltak

Sogndal kommune følgjer dei nasjonale smittevernreglane og -anbefalingane. Dei nasjonale tiltaka finn du på helsenorge.no

Sjå også pressemelding frå regjeringa 2. desember om nye nasjonale tiltak: Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak - regjeringen.no

Det er viktig å følgja dei generelle smittvernråda om å vaska hender, halda deg heime om du er sjuk og testa deg.

Spørsmål knytt til korona

Har du generelle spørsmål til dømes om karantene, isolering eller anna regelverk, ring koronatelefonen til Sogndal kommune: 57 65 28 00
Koronatelefonen er open måndag, tysdag og fredag klokka 09.00-14.00.

Smittesporingsteamet har telefon 91 76 27 15.

E-post med spørsmål om korona til kommunen sender du til: korona@sogndal.kommune.no

Sogndal kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene.

Du finn mykje informasjon om koronavirus på dei nasjonale informasjonssidene:

Koronasertifikat

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet viss du har negativ koronatest.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no

Risikovurdering Sogndal kommune

Kommuneoverlegen skal gjera ei vurdering av risikonivået i kommunen. Formålet er å vurdera sannsynlegheita for vidare spreiing av Covid-19 og konsekvensane av dette.

Per 22.11.21: Sogndal kommune er på risikonivå 2.

Dei fem risikonivåa er:

Nivå 1: Kontroll - Ingen eller få påviste tilfelle, men moglegheit for oppblussing.

Nivå 2: Kontroll med klynger - Lokale og regionale utbrot som vert kontrollerte. Insidensen er gjerne noko varierande som følge av utbrot. Tilfella kan vera avgrensa til visse grupper, og berre ein liten del (under 10 %) har ukjend smittesituasjon. Testing og smittesporing vert handtert greitt.

Nivå 3: Aukande spreiing

Nivå 4: Utbreidd spreiing

Nivå 5: Ukontrollert spreiing

Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak 2. desember

02.12.2021: Regjeringen innfører fleire nasjonale tiltak for å forsinka spreiing av omikron-varianten. Det vert blant anna anbefalt å halde avstand og å unngå handhelsing og klemming.

Les meir på regjeringen.no: Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak - regjeringen.no

Regjeringen innfører regionale tiltak i Oslo og flere kommuner i Viken og Innlandet for å forseinka og begrensa spreiing av den nye virusvarianten omikron: Regjeringen innfører regionale smitteverntiltak i flere kommuner - regjeringen.no

Oppmodar om å følgja nasjonale råd

02.12.2021: Sogndal kommune vil ikkje lenger ha generelle lokale råd til befolkninga, men oppmodar alle om å følgja dei nye nasjonale tiltaka som vart innførte denne veka: Oppmodar om å følgja nasjonale råd - SOGNDAL KOMMUNE

Les meir på regjeringen.no: Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak - regjeringen.no

Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak 30. november

30.11.2021: Regjeringen innfører flere nasjonale tiltak for å ha kontroll på pandemien. Les meir: Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak - regjeringen.no

Aukande smitte i kommunen

24.11.2021: Onsdag er det påvist 8 nye smitta i Balestrand, 2 på Leikanger, 10 i Sogndal og 1 i Fjærland, og det er smitte i fleire kommunale institusjonar. Kommunen oppmodar no til ekstra innsats gjennom å koma med fleire tilrådingar.

Nye nasjonale tiltak

12.11.2021: Regjeringa innfører flere nasjonale tiltak for å få ned smitten:

  • Uvaksinerte nærkontakter får plikt til å testa seg
  • Uvaksinert helsepersonell bør testast og bruka munnbind
  • Legg til rette for meir bruk av koronasertifikat

Les meir: Lokale tiltak er mest treffsikkert - regjeringen.no

 

Blir stående på trinn tre / Norway to remain at Step 3

02.09.2021: Smittesituasjonen og stort press på kommunane gjer at regjeringa har vedteke å bli ståande på trinn tre i gjenopningsplanen til fleire er fullvaksinerte.

Meir informasjon på regjeringen.no

Norway to remain at Step 3

12- til 15-åringer får tilbod om koronavaksine / Vaccination offered to 12 and 15-year-olds

02.09.2021: Regjeringen har vedteke at 12-15-åringar skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet anbefaler. Aldersgruppa vil i første omgang få tilbod om ein vaksinedose.

Sogndal kommune vaksinerer denne aldersgruppa i veke 37 og 38. 

Meir informasjon på regjeringen.no

Vaccination offered to 12 and 15-year-olds

Koronavaksine til 16- og 17-åringar

(18.08.2021) Regjeringa har etter anbefaling fra Folkehelseinstituttet vedteke at 16- og 17-åringar skal få tilbod om koronavaksine.

Innfører trinn 4 når alle vaksne er beskytta

(13.08.2021) Regjeringa har vedteke at trinn 4 i gjenopninga vert sett i verk tre veker etter at alle over 18 år har fått tilbod om første vaksinedose.

Meir informasjon om planen for gjenopning av samfunnet finn du på regjeringen.no.

Utset trinn 4 i gjenopningsplanen / Step 4 is being delayed

(05.07.2021) Etter råd fra Helsedirektoratet og FHI har regjeringa vedteke å utsetja innføringa av trinn 4 i gjenopningsplanen. Overgangen til trinn 4 kan tidlegast skje i slutten av juli eller byrjinga av august. Regjeringa gjer nokre justeringar i trinn 3. 

Meir informasjon finn du på regjeringen.no

Step 4 is being delayed – adjustments to Step 3 of the reopening plan

Legane i Sogndal kommune skriv ikkje ut Janssen-vaksine

(15.06.2021) Regjeringa har vedteke at Janssen-vaksinen skal bli tilbydd i avgrensa omfang. Janssen-vaksinen er ikkje en del av koronavaksinasjonsprogrammet, men personar som ønskjer å ta vaksinen, kan be lege vurdera om dei kan få han.

Det er ikkje eit krav til legar at dei skal tilby vaksinen. Ingen av legane i Sogndal kommune vil koma til å skriva ut Jansen-vaksinen. Dette fordi helsedirektoratet og legeforeningen ikkje tilrår bruk av vaksinen fordi nytten er mindre enn risikoen.

Innbyggjarane i Sogndal kommune vil få tilbod om vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet. Alle over 18 år i Noreg vil etter dagens planar få tilbod om første dose innan byrjinga av august. Meir informasjon om Janssen-vaksinen finn du her på nettsida helsenorge.no.

Neste trinn i gjenopninga 27. mai

(21.05.2021) Regjeringen går til andre trinn i gjenopningsplanen frå midnatt, natt til torsdag 27. mai.

Geografisk omfordeling av vaksinar

(19.05.2021) Regjeringa har vedteke ei sterkare geografisk omfordeling av vaksinar. 24 kommunar som har hatt høgt smittetrykk over tid, får om lag 60 % auke i andel dosar fram til alle over 18 år har fått tilbod om vaksine.

Les meir på regjeringen.no

Søknadar om støtte frå kommunalt næringsfond er under handsaming

(15.05.21) Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd nye midlar til kommunale næringsfond som tiltak mot koronakrisa. Sogndal kommune fekk tildelt 2.743.000 kroner i denne runden.

Formannskapet i Sogndal kommune vedtok i møte 28. april å lysa ut midlane. Søknadsfristen gjekk ut 15. mai 2021, og søknadane er no under handsaming. 

Retningslinjer for fondet.

Les meir på nettsidene til Sogn Næring

Meir informasjon om finansiering finn du her hjå Sogn Næring

AstraZeneca-vaksinen blir teken ut av koronavaksinasjons-programmet / The AstraZeneca vaccine will be removed from the COVID-19 vaccination programme

(12.05.2021) Regjeringa følgjer tilrådinga til Folkehelseinstituttet og Vorland-utvalget, og tek AstraZeneca ut av det norske vaksinasjonsprogrammet.

Tilbyr unge vaksine tidlegare / Young people offered vaccination sooner

(12.05.2021) Regjeringa endrar vaksinestrategien slik at unge over 18 år blir tilbydde vaksine etter at alle over 45 år er vaksinerte.

Les meir på regjeringen.no

Information in other languages

Aukar intervallet mellom første og andre vaksinedose / Interval extended between the first and second dose of the vaccine

(30.04.2021) Intervallet mellom første og andre dose av Pfizer-BioNTech og Moderna vert auka til inntil 12 veker for alle aldersgrupper under 65 år etter tilråding frå Folkehelseinstituttet. Dette gjeld berre personer uten underliggande sjukdommar.

Tilrådinga trer i kraft frå og med måndag 3. mai, og vil ikkje ha tilbakevirkande kraft. Det betyr at dei som har fått første dose og har fått time til andre dose, beheld timen.

Når intervallet blir auka, får langt flere vaksine tidligare.

Les meir på regjeringen.no

Information in other languages

Nasjonale tiltakene som gjeld frå og med 16. april

Etter råd fra Helsedirektoratet og FHI gjennomfører regjeringa det første trinnet i gjenopningsplanen fra midnatt, natt til fredag 16. april.

Tiltaka som gjeld frå denne datoen, finn du på regjeringen.no.

Smittevernrettleiar for landbruket

(07.04.21) I samband med koronasituasjonen har Mattilsynet saman med Arbeidstilsynet, Stiftelsen Matmerk og Fylkesmannen i Vestland og andre, laga ein rettleiar som tek føre seg smittevern, innkvartering og arbeidsmiljø for arbeidskraft i landbruket

 

Informasjon til føresette i barnehage og skule

(22.03.2021) Sogndal kommune har sendt brev med informasjon til alle føresette i barnehage og skule. Brevet og vedlegget med gode råd om eiga og barna si psykiske helse, kan du sjå her:

Informasjon til føresette i Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen i samband med covid19-utbrot

Råd til føresette med fokus på eiga og barna si psykiske helse

Matpakke i den kommunale barnehagane

(16.03.21) Tiltaket med matpakke i barnehagane vil bli vidareført, men frå april vil borna få servert frukt og drikke i barnehagen.

Frå april månad og ut barnehageåret vert det lagt inn kr 100 i matpeng for å dekka frukt og drikke. Føresette vil ikkje måtte betala full pris for kost i barnehagane før ordinær matservering er i gang att.

Barnehagane, skulane og SFO er på gult nivå etter trafikklysmodellen for smitteverntiltak. Gult nivå inneber nokre fleire praktiske utfordringar for personalet. Tiltaket med matpakke er ikkje av omsyn til smittevern, men når borna har med matpakke heimanfrå, frigir det tid for personalet til å vera mest mogleg i lag med borna.

Ber folk som har vore på reise om å syna særleg omsyn

Den første tida etter heimkomst frå område med høgt smittepress har du høgare risiko for å vera smitta, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytta dei rundt deg. Kommuneoverlegane i regionen vår oppmodar difor alle om: 

  • Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta.
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre.
  • Ikkje oppsøk stadar der folk samlast.
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit.
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber.

Meir om oppmodinga frå kommuneoverlegane kan du lesa her på nettsida til Sogndal kommune

Nasjonale reiseråd finn du på helsenorge.no:

 

 

Viktig at du tek telefonen

Vert du oppringt frå eit ukjent telefonnummer, kan det vera smittesporingsteamet i kommunen som ringer.

Om du til dømes er nærkontakt til ein som har fått påvist smitte, vil du bli kontakta av helsetenesta. Nummeret dei ringer frå, vil truleg vera eit ukjent nummer for deg, men det er viktig at du svarar.

Bestilling av korona-test på nett

(10.10.20) Du kan no bestilla koronatesting i Sogndal og Leikanger på nett.

Bestillinga gjer du på www.c19.no. Du må logga på med bankID.

Før du bestiller time, kan du sjekka på nettsida helsenorge.no om du bør testast for korona.

Har du ikkje moglegheit til å bestilla tid for testing digitalt, kan du ringa tlf. 57 62 97 00 (Sogndal legesenter) eller tlf. 57 65 27 20 (Leikanger legekontor).

Ved Balestrand legekontor har me ikkje bestilling av korona-test på nett. For testing i Balestrand, ringjer du tlf. 57 65 13 00.

Du kan logga deg på med MIn helse på Helsenorge.no for å sjå svaret etter at prøven er ferdig analysert.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no

Få ein telefonven frå Røde Kors

(30.03.20) Røde Kors Omsorg i Sogndal, Leikanger og Balestrand tilbyr ein telefonven til deg som treng nokon å snakka med. Tilbodet går til alle som sit heime aleine.

Du kan ringa eit av desse nummera dersom du ønskjer å få ein telefonven:

Sogndal: 932 02 490, Balestrand: 412 34 039 Leikanger: 905 01 614.

Les meir om tilbodet i denne nyhendeartikkelen på nettsidene til kommunen

Informasjon på ulike språk om karantene og isolasjon

På nettsida til Folkehelseinstitutet finn du informasjon om heimekarantene og isolasjon på mange ulike språk.

Videoar

(30.03.2021) Ordførar Arnstein Menes og smittevernlege Leiv Erik Husabø informerer videoen under om situasjonen rundt korona i Sogndal kommune.
Les òg: Har teke nær 1000 koronatestar dei siste to vekene

(20.03.21) Varaordførar Vibeke Johnsen og smittevernlege Leiv Erik Husabø informerer om smittesituasjon og tiltak i Sogndal kommune:

(18.03.21) Informasjon om utbrotet av korona på Kaupanger ved ordførar Arnstein Menes og smittevernlege Leiv Erik Husabø:

 (11.02.21) Informasjon om kronautbrotet i Balestrand ved ordførar Arnstein Menes og smittevernlege Leiv Erik Husabø:

 

Arkiv

Desse har fått støtte frå kommunalt næringsfond

(29.04.21) På nettsidene til Sogn Næring finn du oversikt over prosjekta som har fått støtte frå kommunalt næringsfond.

Forlenger strenge nasjonale tiltak

(04.04.2021) Regjeringa innførte, etter råd fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, strengare nasjonale tiltak frå torsdag 25. mars. Desse er no forlenga fram til 14. april.

Tiltaka finn du her på regjeringen.no og på helsenorge.no.

Anbefalingar for påsken

(23.03.2021) Regjeringa har kome med oppdaterte anbefalingar for korleis påskeferien kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Anbefalingane finn du på regjeringen.no.

The government’s recommendations for Easter in English and other languages

Har fått svar på virusvarianten

(22.03.2021) Sogndal kommune har eit avgrensa lokalt utbrot av korona med kjend smitteveg, knytt til Kaupanger skule. Kommunen fekk måndag tilbakemelding på at dette er mutert britisk virusvariant. 

- Tiltaka kommunen har sett i verk har heile vegen vore ut i frå at dette kunne vera ein mutert variant, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø. Folkehelseinstituttet (FHI) har måndag gitt tilbakemelding på at tiltaka er i samsvar med smittesituasjonen.

Meir informasjon finn du her

Digital heimeundervisning på Kaupanger skule – øvrige skular på gult nivå

(20.03.2021) Det vert digital heimeundervisning på Kaupanger skule frå måndag 22. til fredag 26. mars.

Meir informasjon finn du her

Varslar at nye tiltak kan koma raskt

(09.03.2021) Den nye virusvarianten spreier seg fort og smittetala i Noreg aukar. Dersom smitten ikkje går ned, vil regjeringa raskt innføra nye nasjonale tiltak.

Les meir på regjeringen.no

Lettar på tiltaka for born, unge og studentar

(19.02.2021) Regjeringa vidarefører i hovudsak dei nasjonale smitteverntiltaka, men lettar på tiltaka for born, unge og studentar.

Les meir på regjeringen.no

Information about the outbreak of corona virus in Balestrand in different languages

Information about the outbreak of corona virus in Balestrand in English

Informacija apie koronos uzsikretima Balestrande lietuviu kalba

معلومات حول تفشي كورونا في باليستراند الى اللغة العربية. 

Informasjon om utbrotet av korona i Balestrand på norsk

For more information in English, please visit the NIPH website (Norwegian Institute of Public Health).

For general information about the corona virus in different languages, please visit the NIPH website (Norwegian Institute of Public Health).

Går bort frå forsterka lokale smitteverntiltak frå 15. februar

(12.02.2021) Smittesituasjonen i kommunen er no slik at det frå neste veke er vurdert å ikkje vera naudsynt med lokale smitteverntiltak utover dei nasjonale.

Frå denne datoen er anbefalingane og reglane for Sogndal kommunen dei same som dei nasjonale. Dei nasjonale reglane og anbefalingane finn her på regjeringen.no eller helsenorge.no.

Ikkje mutert virus i Balestrand

(08.02.2021) Ubrotet av koronasmitte i Balestrand skuldast ikkje mutert virus.

Måndag kom svaret på nokre av prøvane som var sende til Haukeland universitetssjukehus. Prøvane viser at koronasmitten i Balestrand siste veka ikkje skuldast ein av dei meir smittsame variantane av viruset.

Oppmodar om å vera varsam ved reise

(07.02.2021) - Me oppmodar no folk om å vera ekstra varsame ved reise inn og ut av kommunen, seier ordførar Arnstein Menes.

9 personar har fått påvist koronasmitte i Balestrand siste veka, og søndag vart det innført innført kraftige tiltak i Bergen og kommunane rundt for å hindra spreiing av dei meir smittsame variantane av viruset.

Ordføraren ber folk som eventuelt kjem frå område med høgt smittepress, om å vurdera sjølvpålagd karantene.

Matpakke i dei kommunale barnehagane

(04.02.2021) Tiltaket med matpakke i barnehagane vil bli vidareført også i mars. Det vil bli gjort ei ny vurdering frå april.

Barnehagane, skulane og SFO er på gult nivå etter trafikklysmodellen for smitteverntiltak. Gult nivå inneber nokre fleire praktiske utfordringar for personalet. Tiltaket med matpakke er ikkje av omsyn til smittevern, men når borna har med matpakke heimanfrå, frigir det tid for personalet til å vera mest mogleg i lag med borna.

Føresette vil ikkje måtte betala kostpengar for barnehage og SFO før matserveringa er i gang att.

Strengare innreisereglar til Noreg

(27.01.2021) For å avgrensa risikoen for importsmitte, strammar regjeringa ytterlegare inn på adgangen til innreise for utlendingar til Norge fra 29. januar kl. 00.01. I utgangspunktet vil berre utlendingar som er busette i Noreg få anledning til å reisa inn i Noreg.

Meir informasjon finn du på regjeringen.no.

Opphevar skjenkeforbodet

(21.01.2021) Frå midnatt natt til fredag 22. januar er den nasjonale skjenkestoppen oppheva.

Kommuner med høgt smittetrykk kan fatta vedtak om framleis skjenkestopp eller strengare reglar enn dei nasjonale reglane.

Sogndal kommune har for tida lite koronasmitte. Kommunen følgjer nasjonale råd, og har ikkje lokale reglar for skjenking.

Stortingsfleirtalet bad 19. januar regjeringa om å sikra at kommunar med lågt smittetrykk skal kunne tillata alkoholservering i samband med matservering, og dermed oppheva skjenkestoppen.

Det blir innføra same tiltak som var gjeldande nasjonalt før skjenkestoppen vart innført 4. januar. Det vil seia at det blir skjenkestopp ved midnatt, og gjester kan ikkje sleppast inn etter kl. 22.00. Alkoholservering kan berre skje i samanheng med matservering.

Meir informasjon finn du på regjeringen.no.

Vidarefører smitteverntiltak, men lettar på tiltak for born og unge

(18.01.21) Regjeringa vidarefører i hovedsak dei strenge smitteverntiltaka for å stoppa ei ny smittebølge, men lettar noko på tiltaka for barn og unge.

På regjeringen.no kan du lesa meir om kva reglar og anbefalingar som gjeld. Oppdatert: Forbodet mot skjenking av alkohol på serveringsstader vert oppheva frå midnatt natt til fredag 22. januar.

Sogndal kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane.

Støtte frå kommunalt næringsfond

(13.10.20) I samband med koronakrisa, har Sogndal kommune fått tilført omlag 2,4 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune til kommunalt næringsfond. Målgruppa er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar.

Søknadsportalen er no stengd.

På nettsida til Sogn Næring finn du oversyn over tildelingar frå det kommunale næringsfondet

Forsterka nasjonale smitteverntiltak, førebels fram til 19. januar

(04.01.21) Regjeringa har innført forsterka smitterverntiltak som førebels skal vara ei veke til. Kommunar som Sogndal er råda til å driva tilnærma som normalt, innanfor gjeldande smittervernreglar.

Smitterverntiltak i jula

(02.12.2020) Det er naudsynt med smitteverntiltak også i jula, men regjeringa lempar på nokre tiltak for at folk skal kunne feira jul og nyttår litt meir som normalt.

Les meir på regjeringen.no

Tiltak frå 25. november

(25.11.20) Dei nasjonale smitteverntiltaka er forlenga i minst tre veker frå 25. november. Regjeringa kjem med tiltak for jul og nyttår i veke 49.

Les meir på regjeringen.no.

Tiltak frå 5. november

(06.11.20) Her finn du oversikt over dei nasjonale smitteverntiltaka fra 5. november.

Det er per no ikkje innført lokale tiltak som tillegg til dei nasjonale tiltaka i Sogndal kommune. Kommunen vurderer situasjonen fortløpande ut frå nasjonale retningslinjer og den lokale smittesituasjonen.

Fleire nasjonale smitteverntiltak vert erstatta av lokale tiltak ved smitteutbrot

(30.09.2020) Regjeringa lettar på enkelte av dei nasjonale smitteverntiltaka. Samstundes må kommunane vurdera strengara tiltakt lokalt der smittepresset er høgt.

På nettsida til regjeringa finn du informasjon om kva det blir opna for frå 12. oktober.

Svar på koronatestar

(02.07.20) Dei som har teke kronatest, treng ikkje å ringa legen for å få prøvasvaret. Frå 2. juli kan ein logga seg på med MIn helse på Helsenorge.no for å sjå svaret etter at prøven er ferdig analysert.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no

Bremsar vidare gjenopning

(07.08.20) Regjeringa bremsar gjenopning av samfunnet og strammar til for å halda kontrollen på smittespreiinga.

Les meir på nettsidene til regjeringa

Melding til støttekontaktar

(14.05.20) Frå 14. mai 2020 kan støttekontaktar, som har oppdrag knytt til bebuarane på Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS), Leikanger sjukeheim, helsetunet i Balestrand og miljøtenesta møta dei ute. Me ber om at støttekontaktane tek direkte kontakt med avdelinga der brukaren bur, slik at dei kan klargjera og møta støttekontakt etter avtale utanfor.

Frå 14. mai kan støttekontaktar gå inn i private heimar. Det er viktig å følgja dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale føringane, som handvask, avstand (1, helst 2 meter) med meir. Støttekontaktar må vera friske og må ikkje utføra oppdrag om dei føler seg småsjuke. 

Tilbod om fysio- og ergoterapi

(20.04.20) Frå 20. april startar me gradvis opp att tilbod om individuelle timar hjå fysio- og ergoterapeut i kommunen (gjeld også private fysioterapeutar).

Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

Les meir under aktuelt på nettsida til kommunen

Informasjon frå helsestasjon- og jordmortenesta

(20.04.20) Frå måndag 20.04.20 vert det tilnærma normal drift i helsestasjon- og jordmortenesta.

Det vert framleis ikkje tilbydd gruppekonsultasjonar, og heimebesøk vert framleis utført på helsestasjon. Generelle smitteverntiltak gjeld.

Det er fortsatt ikkje høve til å ta med søsken til helsestasjon, eller barn på svangerskapskontroll. 

Individuelle konsultasjonar går som normalt.

Helsestasjon- og jordmortenesta i Sogndal kommune ynskjer å beskytta dei mest sårbare brukarane våre mot koronasmitte.

Me ynskjer difor ikkje at du/de skal koma på helsestasjon, om ein har

  • feber
  • hoste
  • sår hals
  • influensasymptom
  • tung pust

Ring  57 65 27 70 så avtalar me ny tid.

Meir om helsestasjon- og jordmortenesta kan du lesa her på nettsidene til Sogndal kommune

Helsestasjon for ungdom og unge vaksne

(20.04.20) Frå 20. april er helsestasjon for ungdom og unge vaksne open for timebestilling.

Det gjeld for

  • prevensjon
  • symptom på seksuelt overførbar kjønnssjukdom
  • innsetjing/uttak p-stav
  • innsetjing/uttak spiral
  • samtale

Drop in og sjølvtesting vil framleis vera stengt.

Timebestilling kan gjerast på tlf: 57 65 27 70

Generelle smittevernreglar i tråd med tilrådingar frå Folkehelseinstituttet gjeld.

Høg arbeidsløyse – ver tilgjengeleg for arbeidsmarknaden

(08.04.20) Mange bedrifter har blitt nøydde til å stenge dørene som følgje av koronakrisa.

Offisiell statistikk per 3. april viser at vi no har 622 ledige i Sogndal kommune. Dette utgjer 9,6 % av arbeidsstyrken. Talet arbeidsledige på same tid i fjor var 92.

Dette er ein tøff periode for både små og store bedrifter – og det er ein tøff periode for mange av dei som ikkje veit heilt sikkert kva tid dei kan komme tilbake på jobb. Eit godt tips til alle arbeidsledige er å gjere seg tilgjengeleg for arbeidsmarknaden. I helse- og omsorgssektoren kan det raskt bli behov for fleire folk – og det er venta at det kan oppstå behov i andre næringar og kritiske tenester både lokalt og nasjonalt.

Du finn meir informasjon her på nettsidene til kommunen

Viktig å avsløra falske nyhende

(07.04.20) Å læra seg å avsløra falske nyhende er ein effektiv vaksine mot å bli lurt. Det er særleg viktig i ei slik krise som me er inne i no.

Ei falsk nyhende er ei nyhendeliknande sak som ser ut som ho er ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn eller der viktig informasjon er utelaten.

Falske nyhende kan i verste fall forsterka ei pågåande krise og føra til at folk handlar i strid i viktige tryggleiksråd – utan å vilja det. Falske nyhende kan over tid svekka tilliten til styresmaktene, media og vitskapen.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter».

Informasjon frå Sogn barnevern

(03.04.20) Alle er no inne i ei spesiell tid, der familiar gjer seg ulike erfaringar. Nokre familiar opplever kvardagen som ekstra utfordrande. Dersom du som foreldre/ungdom/barn treng støtte i ei krevjande tid, er det til ei kvar tid tilsette ved Sogn barnevern som kan møte deg via telefon/skype.

Meir informasjon og telefonnummer finn du i denne artikkelen på nettsida til Sogndal kommune

Hjelpetelefonar og nettsider

(26.03.20) Dersom du treng nokon å snakka med om bekymringar eller vanskelege opplevingar, er det mange telefontenester og nettsider der du kan få råd, rettleiing og nokon å snakka med.

Psykiskhelse.no har oversikt over ei rekkje ulike hjelpetelefonar, chattetenester og nettsider både for barn og vaksne.

Ordningar for landbruket

(20.03.20) Landbruksdirektoratet har kome med informasjon om mellom anna tolking av regelverket knytt til tilskot til sjukdomsavløysing grunna koronasmitte.

Oppdatert informasjon om dette finn du på nettsidenen til Landbruksdirektoratet

Informasjon til arbeidsgivarar om permitteringar/oppseiingar

(19.03.20) Dei neste dagane og vekene forventar Nav stor pågang frå arbeidsgivarar som treng bistand og rettleiing for å sikra at varsel om permitteringar eller oppseiingar blir gjort på ein god måte.

I denne artikkelen kan du få nokre råd, tips og anbefalingar som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgivar og dei tilsette dette vil gjelda for. 

Tips for å dempe uro og bekymring omkring korona

(18.03.20) Mange reagerer med uro og bekymring på koronapandemien.
Her finn du råd frå kommunepsykolog i Sogndal kommune og gode lenker til barn og vaksne.

Opne dagsturhytter

(26.06.20) Dagsturhyttene i Sogndal kommune er opna att. Du finn meir informasjon i denne artikkelen på nettsida til kommunen.

Gradvis gjenopning

(15.06.20) Norske myndigheter har lagt opp til ein kontrollert og trinnvis gjenopning av samfunnet og ein plan for justering av koronatiltaka.

Dette kan du lesa meir om på nettsidene helsenorge.no.

Testing ved symptom på koronavirussjukdom

(05.05.2020) Kriteria for testing vert stadig utvida. No kan alle i befolkninga der lege mistenker kronavirussjukdom, bli testa. Men framleis er det slik at innlagde i institusjonar og tilsette i helsetenesta skal prioriterast. I tillegg skal ein ta omsyn til kapasiteten for testinga lokalt.

I Sogndal kommune føregår testinga på legekontora. Ved spørsmål om testing skal du kontakta det lokale legekontoret. Vanlegvis vert det ikkje teke testar på kveldstid og i helg.

Meir informasjon finn du i denne artikkelen på nettsidene til Sogndal kommunen

Foreldrebetaling i barnehage

(30.04.20) Siste informasjon om foreldrebetaling var at faktura for mars skal betalast. Det blir betalingsfri for april. Faktura blir send for mai månad, den skal alle betala. Den har fråtrekk for kostpeng. Eventuelt avvik i foreldrebetaling grunna den usikre situasjonen, vil bli retta opp i junifakturaen.

For behandling av fritak for foreldrebetaling ved at barna ikkje nyttar barnehagen, gjeld vedtektene for barnehagane.

Husstandar som har fått vesentleg og varig endring i inntektsgrunnlaget, kan søkja om redusert foreldrebetaling. Dokumentasjon på ny skattepliktig inntekt skal ligga ved søknaden. Søknadsskjema og meir informasjon finn de under Barnehage på kommune si heimeside.

Kulturskulen opnar litt

(30.04.20) Kulturskulen vil ta til måndag, 4. mai, med redusert tilbod.

Sogndal kulturhus og Sagatun skule vert fysisk undervisningsstad i fyrste omgang. Elevane som ikkje har undervisninga der, vil få fjernundersvisning, så langt det let seg gjera.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Sogn kulturskule

Politikarane handsama innspel frå næringslivet

(30.03.20) Sogndal kommune har motteke ei rekke innspel til tiltak for å betra situasjonen for næringslivet i kommunen. Desse innspela vart tysdag presenterte for formannskapet, og dei støtta dei vurderingane administrasjonen har gjort.

Oppsummering etter politisk handsaming av innspel frå næringslivet finn du i denne nyhendeartikkelen på nettsida til kommunen

Biblioteka i Sogndal og Balestrand opnar att

(22.05.20) I veke 22 opnar biblioteka i Sogndal og Balestrand att.

Opningstidene frå veke 22 blir:

Sogndal: tysdag og onsdag 10-15, torsdag 12-18, måndag, fredag og laurdag stengt.

Balestrand: måndag og onsdag 16-18, torsdag 11-15.

Biblioteket på Leikanger held stengt inntil vidare.

Les meir på nettsida til biblioteket

Besøk på sjukeheimane

(14.05.20) Sjukeheimane i Sogndal kommune har no forsiktig opna for at bebuarar og pårørande kan få treffast att.

Det er laga oppdaterte retningslinjer for besøk på sjukeheimane og omsorgssenter med heildøgnstilsyn (Prestahagen).

For å kunne gjennomføra besøk, må både bebuaren og besøkande forstå og følgja dei oppdaterte retningslinjene som du finn her på nettsidene til kommunen.

Opning av skulane i Sogndal kommune​

(08.05.20) No gler me oss til å ta imot alle elevane i Sogndalsskulen i løpet av veke 20. Dette gjeld også det meste av aktiviteten til Sogndal opplæringssenter.

Meir informasjon finn du i denne artikkelen på nettsida til Sogndal kommune.

Vidarefører opningstid i barehage og SFO

(08.05.20) Sogndal kommune vidarefører dagens opningstid i barnehage og SFO dei kommande to vekene. Det blir 7 timar opningstid i barnehage og mellom klokka 08.00 og 15.30 i SFO for veke 20 og 21. 

Reglar for arrangement og samlingar

(06.05.20) Frå 7. mai blir det tillate med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar. Kva reglar arrangørar må følgja, finn du informasjon om på på nettsidene til Folkehelseinstiutttet.

Foreldrebetaling i SFO

(30.04.20) Fakturering for SFO er utsett denne månad, og det vil koma meir informasjon så snart me har ei løysing.

Opning av skular (1.–4. trinn) og SFO

(24.04.20) Det er bestemt at skulane i Sogndal opnar igjen måndag 27. april for 1.–4. trinn og SFO.

Nasjonale myndigheiter er tydelege på at det er trygt for barn å koma tilbake til skulen.

Me skal gjera det me kan for at dette skal gå fint, sjølv om ting ikkje er heilt tilbake i normale forhold. 

Meir informasjon finn du her på nettsidene til Sogndal kommune

Kan gå tur med støttekontakt

(23.04.20) Frå 16. mars har støttekontaktane i Sogndal kommune ikkje kunna besøka brukarane sine.

Me er no inne i ein anna fase av koronautbrotet, og i samband med det vil det frå fredag 24. april vera opning for at støttekontaktar kan møta sine brukarar, for å gå ein tur i lag.

Meir informasjon finn du i denne saka på nettsida til kommunen

Opning av barnehagane i Sogndal kommune

(16.04.20) Sogndal kommune har bestemt at alle barnehagane i Sogndal opnar måndag 20.04.

For å sikra forsvarleg drift, og kunne best mogleg halda oss til rettleiar om smittevern i barnehagar under covid-19 utbrotet i 2020, vil me første veka ha ei opningstid på 7 timar.

Les meir her på nettsidene til Sogndal kommune

Webinar om krisepakkar for næringslivet

(16.04.20) Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage og Visit Sognefjord inviterer, saman med Lærdal Næringsutvikling, Aurland kommune, Vik kommune og Luster kommune, til

webinar om krisepakkar for næringslivet, med vekt på kontantstøtteordning og statsgaranterte lån.

Webinaret finn stad onsdag 22. april klokka 10.

Du møter:

  • Anne Britt Hjelmeseter, Deloitte
  • Oddstein Haugen, Gunnar Ruud og Helga Kalhagen, Luster Sparebank
  • Agnar Holen, styreleiar Sogn Næring og andre representantar frå næringslivet

Informasjon om påmelding finn du på nettsidene til Sogn Næring

Miljøstasjonane opnar med restriksjonar på antal bilar

(14.04.20) Frå tysdag 14. april opnar miljøstasjonane med vanlege opningstider. Det er restriksjonar på antal bilar som kan vera på anlegget samstundes.
Har du moglegheit til å oppbevara avfallet heime litt til, oppmodar SIMAS om å gjera det.
Les meir på SIMAS sine nettsider

Sogndal kommune bur seg på gradvis opning av barnehagar og skular

(08.04.20) Sidan 13.mars har barnehagar og skular vore stengde, og det er blitt gjeve alternative opplegg. No har regjeringa bestemt at vi skal opne barnehagar i løpet av tidsrommet 20.–27. april og 1.–4. klasse på skulane (inkl. SFO), vil opne frå 27. april. 

Føresetnaden er at dette skal kunne skje på ein forsvarleg måte.

Sogndal kommune vil vurdere om det er forsvarleg å opne barnehagane frå 20. april, eller om dette må utsetjast noko. Ein konklusjon om dette vil føreligge seinast torsdag 16. april.

Les meir i på nettsidenen til Sogndal kommune her

Krisepakka til idrett, kultur og frivilligheit

(08.04.20) 14. april kan frivillige lag og organisasjonar og arrangørar i kultursektoren søka om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkarane kan bruka tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Meir informasjon finn du her på nettsidene til Sogndal kommune

Kan framleis bestilla bøker frå biblioteket

(14.04.20) Biblioteka i Sogndal kommune held framleis stengt, men «take away»-ordninga frå før påske vert vidareført.

Du kan bestilla bøker gjennom Bibliofil, på e-post eller telefon, så kan du henta bøkene ved biblioteket. No kan du også levera inn bøker du har lånt.

Meir informasjon om kva dei enkelte biblioteka i kommunen kan tilby og korleis du går fram, finn du på nettsidene til Sogndal bibliotek. 

Vil opna samfunnet gradvis og kontrollert

(07.04.20) Regjeringa heldt tysdag ettermiddag pressekonferanse om koronatiltak etter påske.

Barnehagane, 1.-4. trinn i grunnskulen og SFO vil bli gjenopna, og regjeringa vil i slutten av april oppheva forbodet mot å overnatta på hytta. Frisørar og andre verksemder med ein-til-ein-kontakt vil få gjenoppta verksemda viss dei følger krav om smitteverntiltak. Endringane vil skje gradvis i løpet av april.

I tillegg vil regjeringa gjenopna vidaregåande skule for elever på VG3 som følgjer yrkesfagleg løp i skule og yrkesfagelevar på VG2, dersom det kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

– Kampen mot viruset er ikkje vunnen, sjølv om me no ser ut til å ha nådd målet om at kvar person i gjennomsnitt ikkje smittar flere enn ein. Me må framleis belaga oss på strenge smitteverntiltak i lang tid. Gjenopningen av samfunnet skal skje over tid og kontrollert. Dette skal me klara saman, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

På pressekonferansen vart det lagt fram ei liste over tiltaka framover

Informasjon til russen frå politiet

(06.04.20) "Vi forstår at de er skuffa over at russetida ikkje blir slik den skulle. Men vi trur de alle skjønar kor alvorleg situasjonen er og kvifor myndigheitene har teke grep", heiter det i brevet Vest politidistrikt har sendt til årets russ i vest.

I brevet blir russen oppmoda om å vera kreative og ta i bruk digitale plattformer framfor fyskiske samlingar og treff.

Heile brevet kan du lesa i denne nyhendeartikkelen på nettsida til kommunen

Informasjonsannonse frå Sogndal kommune

(06.04.20) Laurdag 04. april hadde Sogndal kommune ein annonse om situasjonen knytt til koronaviruset på trykk i papirutgåva av Sogn Avis.

Annonsen kan du sjå her

Serviceskyss-ruter startar opp att

(31.03.20) Kringom sine serviceskyss-ruter vert starta opp att frå tysdag 31. mars

Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen gjer Kringom nokre tilpassingar for å leggja til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponerte for smitterisiko.

Det er laga eigne retningslinjer som vil gjelda inntil vidare.

Informasjon om gjeldande retningslinjer for serviceskyss-rutene, samt ruter og tinging i dei enkelte kommunane, finn du på Kringom.no

Kontroll på branntryggleiken i ein endra kvardag

(31.03.20) I samband med at fleire er heime frå jobb og skule, publikumsbygg stenger heilt eller delvis ned og at me endrar åtferd, vil branntryggleiken kunne bli endra. For å unngå utrykningar i denne tida oppmodar Sogn brann og redning kvar og ein til å ha eit brannførebyggande blikk på dei daglege rutinane.

Les meir på nettsidene til Sogn brann og redning

No kan du låna bøker til påske

(31.03.20) Biblioteka i Sogndal kommune held stengt på grunn av fare for koronasmitte. Dei vil likevel tilby deg å låna bøker før påske. Bøkene vert leverte til deg på utsida av biblioteket. 

Tilbodet er sett i gang i samråd med smittevernlege i Sogndal kommune. 

Meir informasjon om tilbodet finn du på nettsidene til Sogndal bibliotek

Foreldrebetaling barnehage og SFO

(13.03.20, oppdatert med presisering 20.03.19) Ingen skal betala for barnehage eller SFO i den perioden skular, barnehagar og SFO er stengde grunna koronaviruset. Det betyr at sjølv om du har brukt tilbodet i perioden, vil du sleppa å betala.

Faktura for mars er send ut og skal betalast. Fråtrekk for stengde dagar vil skje på neste faktura. Ny faktura kjem når barnehage og SFO opnar igjen.

Kommunen held hjula i gang

(31.03.20) Sjølv om koronaviruset har gjeve oss nye spelereglar forsøkjer vi å halde kommunen i drift på beste måte, mellom anna gjennom videomøte.

Arne Abrahamsen, kommunalsjef plan og samfunn, rosar dei tilsette for korleis dei har snudd seg rundt og strek seg i situasjonen me er i.  

Les meir i denne nyhendeartikkelen på nettsidene til Sogndal kommune

SIMAS utset vårryddeaksjonen

(27.03.20) SIMAS melder at vårryddeaksjonen i april, mai og juni er utsett inntil vidare.

Etter planan skulle dei ha vore i Fjærland, på Veitastrond og på Høyanger sørside for å gje folk moglegheita til å levera restavfall og farleg avfall.

Barnehagane og skulane i Sogndal kommune ynskjer å bidra i kvardagen

(24.03.20) Med ein brå overgang stengde barnehagar og skular frå 12.–13. mars, basert på nasjonale vedtak. Dette har ført til ein endra kvardag for både tilsette, barn/elevar og føresette. For å halde banda mellom barnehage/skule og heim vil barnehage- og skuletilsette halde jamleg kontakt med heimane.

Les meir (informasjon på fleire spåk) om kontakten mellom skule/barnehage og heimane på denne artikkelen på nettsida til kommunen

Vidarefører tiltak mot koronasmitte

(24.03.20) På ein pressekonferanse tysdag ettermiddag vart det opplyst at tiltaka som skal hindra korona-smitte, vert vidareførte til 13. april. Statsminister Erna Solberg opplyser at det vil bli gjort ei ny vurdering av situasjonen i løpet av påskeveka.

Les pressemeldinga frå regjeringa her

Lokalt karantenevedtak oppheva

(22.03.20) Lokale karantenevedtak i kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke vert oppheva søndag 22. mars.

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ei rekke andre regionar i Noreg, måtte vera i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen. Vedtaka vert oppheva frå søndag 22. mars.

Les meir i felles pressemelding frå kommunelegane i Sogn og Fjordane

Innfører hytteforbod

(20.03.20) Regjeringa innfører forbod mot å overnatta på fritidseigedom utanfor eigen kommune. 

Det vert gjeve unntak for personar som er i karantene fordi dei delar husstand med ein som er påvist smitta av koronaviruset.

Les meir på nettsidene til regjeringa

Friskmelde etter koronasmitte

(19.03.20) Dei to påviste tilfella av koronasmitte i kommunen er no friskmelde.

Den ein er ute av isolasjon og den andre har byrja på dei siste sju dagane av isolasjon etter friskmelding, opplyser Jan Ove Tryti, tenesteleiar for legetenester og legevakt i Sogndal kommune.

Brot på karantene og besøksforbod

(19.03.20) Sogndal kommune registrerer mange spørsmål knytt til brot på karantene og besøksforbod.

Kommunen har ingen myndigheit til å gripa inn i slike saker. Politiet har gått ut og sagt at dei vil prioritera brot på smittevernlova i den ekstraordinære situasjonen samfunnet er inne i. Dei oppmodar vidare om at dei som er vitne til openbare regelbrot, rettar seg til politiet.

Les meir i denne artikkelen på nettsida til kommunen

Dagsturhyttene er stengde

(18.03.20) På grunn av den noverande situasjonen rundt koronaviruset har Sogndal kommune valt å stengja dagsturhyttene i kommunen på ubestemt tid.

Meir informasjon finn du i denne nyhendeartikkelen på nettsidene til kommunen

Ber næringslivet om å ta kontakt

(18.03.20) Sogn Næring, som kommunen sin forlengja arm ut mot næringslivet, har rigga seg med eit godt fagteam for å handtera spørsmål frå bedriftene i kommunen.

Det er viktig at bedriftene spelar inn behov, ynskjer og tiltak dei ser som naudsynte. Sogn Næring har alt spelt inn tiltak til kommuneleiinga på vegner av næringslivet, som er til behandling no.

Dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prata i ein vanskeleg situasjon, ta kontakt med oss på post@sognnaring.no / 975 87 931.

Les meir her på nettsida til Sogn Næring

Serviceskyss-rutene innstilte

(17.03.20) Alle Kringom sine serviceskyss-ruter vert innstilte inntil vidare. Innstillingane blir gjort for å avgrensa spreiing av koronaviruset.

Informasjon om innstillingane vert publisert på Kringom.no, samt på skjermar på terminalar og på Kringom si Facebook-side.

Kringom kjem tilbake med informasjon når dei veit kva tid rutene vil starta opp att.

Besøksforbod på sjukeheimar og omsorgsbustadar

(17.03.20) Frå 16. mars er det besøksforbod for alle pårørande på sjukeheimane og omsorgsbustadane i Sogndal kommune.

Dette er i tråd med rettningslinene frå Helsedirektoratet som seier at det no er naudsynt med adgangskontroll og besøksstogg i alle landets offentlege og private helse- og omsorgsinstitusjonar, samt i fellesareal i omsorgsboligar med vidare for å beskytta sårbare pasientar og brukarar mot smitte av koronavirus.

Les meir i denne nyhendesaka på nettsidene til kommunen i denne saka

NAV Sogndal og flyktningtenesta stengt for besøk

(17.03.20) NAV-kontoret er eit offentleg kontor med besøk av mange med kroniske sjukdomar. For å beskytte desse, og generelt hindre smittespreiing, vil du få hjelp på andre måtar enn fysisk oppmøte. Me hjelper deg på telefon eller på nett. 
Dette gjeld også flyktningtenesta.
Her finn du informasjon om korleis du kjem i kontakt med NAV og flyktningtenesta inntil vidare.

SIMAS stengjer alle miljøstasjonane, men avfallet frå husstandar vert henta

(16.03.20) Alle miljøstasjonane blir stengde frå og med måndag 16. mars.

Dette vart vedteke på beredskapsmøte hjå SIMAS søndag. SIMAS har risikovurdert drift av miljøstasjonane og bestemt å avgrensa smittekjelder for coronavirus/Covid-19. 

SIMAS vil per no henta avfall frå alle husstandar som vanleg. Følg med på simas.no for oppdatert informasjon.

SIMAS ber at alle vaska seg godt på hendene både før og etter dei har trilla fram dunken for tømming.  Dei oppmodar også folk om å vaska både handtak og lok på dunkane.

Les meir på nettsidene til SIMAS

Hald deg heime ved akutt luftvegsinfeksjon

(16.03.20) Dersom du har symptom på akutt luftvegsinfeksjon, bør du halde deg hjemme, melder Folkehelseinstituttet på nettsidene sine. Det gjeld også dersom du har lette symptom som til dømes forkjøling eller vondt i halsen.

Dei fleste som har symptom på akutt luftvegsinfeksjon, treng ikkje testast for det nye koronaviruset (covid-19). Testane bør brukast på sårbare grupper og helsepersonellet som behandlar dei. Det er laga kriterier for hven som bør testas.

Husstandsmedlemmar kan leva som vanleg og treng ikkje å vera i karantene, men dei bør vera ekstra merksame på eigne symptom. Dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon, bør dei sjølve halda seg heime til eitt døgn etter at dei er frie for symptom. Dette gjeld også helsepersonell.

Stengjer fleire verksemder

(15.03.20) Helsedirektoratet har vedteke stenging av ei rekke verksemder for å stogga spreiing av korona-virussjukdom (covid-19).

Vedtaket gjeld følgjande verksemder i offentleg og privat regi utanfor spesialisthelsetenesta, med mindre verksemda kan ivareta  pålegg om smittevern frå helsemyndigheitene:

a) Fysioterapeutar, herunder manuellterapeutar

b) Kiropraktorar

c) Optikarar

d) Fotterapeutar

e) Logopedar

f) Psykologar

g) Verksemder som utfører komplementær og alternativ medisin

h) Verksemder som utfører alternativ behandling

i) Andre verksemder utanfor spesialisthelsetenesta som tilbyr tenester som ikkje vert ansett som nødvendig helsehjelp der tenesta involverer fysisk personkontakt med mindre enn to meters avstand som varer over 15 minuttar, herunder aktivitørar, tannpleiarar mv.

Det vert forutsett at kommunane sikrar at pasientar framleis får dekka behova for heilt nødvendig helsehjelp, heiter det på nettsidene til Helsedirektoratet.

Vedtaket gjeld frå kl 00.00 måndag 16. mars 2020.

Forskrift om karantene, isolasjon og heimel til forbod mot opphald på fritidseigedomar

(15.03.20) I ekstraordinært statsråd 15. mars 2020 vedtok regjeringen ei ny forskrift om karantene, isolasjon og heimel til forbod mot opphald på fritidseigedomar. Med unntak av forbodet mot opphald på fritidseigedomar trer forskrifta i kraft straks, og gjeld fram til 1. april, men kan bli forlenga. Bakgrunnen er behovet for ei tydeleg nasjonal regulering, heiter det på regjeringen.no.

Les Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer på Lovdata

Vedtak om karantene for Sogndal kommune

Vedtaket vert oppheva frå søndag 22. mars. Les meir i felles pressemelding frå kommunelegane i Sogn og Fjordane

(15.03.20) Alle som kjem til Sogndal kommune etter reiser i fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, og dei geografiske områda som tilsvarer tidlegare Sør-Trøndelag og Hordaland, vert pålagde heimekarantene i 14 dagar etter ankomst. Det har kommuneoverlegen i Sogndal kommune vedteke søndag 15.03.20.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars.

Vedtaket finn du her

Dette karantenekravet er innført i alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane.

Her finn du meir informasjon om karantene og isolasjon

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp. Meir informasjon finn du på nettsida til Sogndal legesenter

På nettsidene til Folkehelseinstituttet finn du informasjon om heimekarantene og isolasjon på engelsk, arabisk, dari, farsi, fransk, italiensk, kurmanji, litauisk, pashto, polsk, punjabi, russisk, somali, samisk (nord- og sørsamisk), sorani, spansk, tegalog, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, urdu og vietnamesisk.

Må ha avtalt møte med kommunalt tilsette på førehand

(15.03.20) Dersom du ynskjer møte med kommunalt tilsette, må du avtala dette på telefon eller e-post på førehand. Tiltaket vert sett i verk for å unngå ytterlegare spreiing av koronaviruset.

Det vil, i tida framover, ikkje vera mogeleg å møta opp på kommunehusa og få snakka med sakshandsamarar eller andre utan at dette er avtalt. Me vil, så langt det let seg gjera, freista å løysa naudsyte møte på andre måtar enn med fysisk frammøte.

Innbyggartorga vil framleis halda ope, men også her ber me om at du ringer på førehand og gjer avtale. Telefonnummeret til innbyggartorga er 57 65 25 00.

Me ber dei som må koma innom kommunehusa framover, om å retta seg etter oppslaga å kommunehusa.

Det er innført strenge restriksjonar frå nasjonale myndigheiter, og me ber alle innbyggjarane i Sogndal kommune om å retta seg etter desse.

Personar i karantene vil ikkje lenger bli testa

(13.03.20) Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakta helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp.

Treng du å ta kontakt med legekontoret, må du gjera det på telefon. Ved Sogndal legesenter er det oppretta ulike ventesoner for pasientar som har time.

Les meir på nettsidene til Sogndal legesenter

Sosial kontakt og leik

(13.023.20) Helsedirektoratet ber alle om å vera mest mogeleg heime. Born kan omgåast søsken som normalt.

Hovudmålsettinga med tiltaka som er innførte, er å redusera talet  på kontaktar til eit så lågt nivå som mogleg.

Helsedirektoratet sine råd om sosial kontakt og leik med andre born kan du lesa her

Avlyser alle politiske møte

(13.03.20) Sogndal kommune stoggar all politisk møteverksemd ut månaden. Det vil bli gjort ei ny vurdering når me ser korleis situasjonen utviklar seg.

Tilgjengeleg for næringslivet

(13.03.20) I næringslivet vil det vera svært tøffe tider framover. Sogndal kommune og Sogn Næring vonar å kunne hjelpa bedriftene i kommunen vår med god støtte, og me vil fortløpande vurdera tiltak som kommunen kan bidra med.

Les meir på nettsidene til Sogn Næring

Informasjon om Sogn barnevern

(13.03.20) Sogn barnevern er som ei omsorgsteneste vurdert av Sogndal kommune som ein av dei 15 funksjonane som skal vere operative.

Kontoret er stengt for publikum. Møteverksemd skjer etter avtale.

Sogn barnevern kan nåast på tlf. 975 06 095 i ordinær arbeidstid.

Utanom ordinær arbeidstid kan akutte henvendingar rettast til Sogn barnevernsvakt, på tlf. 400 22 988.

Reiser til utlandet

(12.03.20) Alt helsepersonell har forbod mot å reise utanlands frå 12. mars, og førebels ut april 2020. Dette gjeld både tenestereiser og privatreiser.

Andre tilsette i Sogndal kommune vert oppmoda om å unngå fritidsreiser.

Alle som kjem frå reiser utanom Norden, skal i karantene, uavhengig om dei har symptom eller ikkje. Tiltaket har tilbakeverkande kraft frå 27. februar.

Reglar for sjukmelding, omsorgspengar, heimekarantene finn du på nav.no.

Stenger alle skular og barnehagar

(12.03.20) For å stoppa spreiing av koronaviruset, Covid-19, og bidra til å oppretthalda naudsynte helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet vedteke ei rekkje tiltak torsdag. Mellom anna blir alle barnehagar og skular stengde.

Les meir på nettsidene til Helsedirektoratet

Les meir frå Sogndal kommune

Oppmodar til heimekontor

(12.03.20) Dei nasjonale råda er at dei som kan, har heimekontor. Denne tilrådinga gjeld også for dei tilsette i Sogndal kommune.

Stengjer vidaregåande skular

(12.03.20) Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars. Dette gjeld i første omgang for to veker. Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden, melder fylkeskommunen på sine nettsider.

Også den private vidaregåande skulen i Balestrand, Sygna vidaregåande skule, stengjer. I første omgang vert skulen stengd i to veker frå fredag 13. mars. Også her vert det nettbasert undervising i denne perioden.

Høgskulen på Vestlandet avlyser all undervising, melder høgskulen på sine nettsider. Alle campus vert stengde for studentaktivitet frå og med fredag 13. mars til tirsdag 14. april. Studenter skal ikke opphalda seg på høgskulen sine campus i denne perioden. Alle tilsette ved høgskulen vert oppmoda om å jobba heimefrå, dersom det er mogeleg.

Restriksjonar for besøkande på sjukeheimane

(12.03.20) Det vert innført tilgangskontroll for besøkande til helseinstitusjonane, frå torsdag 12.3 klokka 18. 

Pasientar og bebuarar på sjukeheimane vil, grunna høg alder, ha auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp ved smitte av koronaviruset. Me ber difor om at personar som oppfyller eitt eller fleire av kriteria under, ikkje besøkjer sjukeheimane i kommunen:

  • Personar som har vore i område med vedvarande spreiing av koronainfeksjon (COVID-19) dei siste 14 dagane.
  • Personar som dei siste 14 dagane har vort i nærkontakt med nokon som er påvist smitta med koronainfeksjon (COVID-19).
  • Personar som dei siste 14 dagane har hatt teikn til luftvegsinfeksjon. Dette gjeld også heilt milde symptom som ved forkjøling.

Dersom besøk ikkje kan unngåast, må avdelinga der pasienten/bebuaren er, først kontaktast på telefon, slik at naudsynte smitteverntiltak kan setjast i verk.

I tillegg oppfordrar Sogndal kommune sterkt til at pårørande avgrensar talet på besøkande per bebuar til maks 2 faste personar. Bakgrunnen for dette er at me ynskjer å beskytta bebuarane og tilsette med tanke på smitte, då ein pandemi kan ramma sjukeheimane hardt. Me forstår at dette er utfordrande, men håpar på forståing og godt samarbeid.

God hoste- og handhygiene reduserer risikoen for smitte av koronavirus, og besøkande skal følgja grunnleggande smittevernrutinar. Me ber difor om at alle besøkande er ekstra nøye med handhygienen.

Ta gjerne kontakt med sjukeheimen om du har spørsmål.

Du kan lesa meir om sjukeheimar og smittevern mot koronasjukdom her på nettsidene til Folkehelseinsituttet

Avlyser større arrangement

(11.03.20) Det er innført forbod mot arrangement med meir enn 500 deltakarar. Vedtaket gjeld frå 11. mars og førebels ut april månad.
Les meir på nettsidene til Helsedirektoratet
For alle offentlege arrangement med meir enn 100 deltakarar vert det tilrådd risikovurdering før gjennomføring. Arrangøren gjennomfører risikovurdering som så skal godkjennast av kommunen.

For kurs, seminar og andre arrangement som involverer helsesektoren eller deltakarar med andre samfunnskritiske funksjonar bør det utvisast særleg varsemd. Les meir på nettsidene til Folkehelseinsituttet

Utvida tilråding om karantene

(08.03.11) Personer som har vore i område med vedvarande smitte skal halda seg heime i 14 dagar etter heimkomst, uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Ta kontakt med arbeidsgivar og - ved symptom på sjukdom - lege dersom du har vore i desse områda

Les meir om karantene og isolasjon her