- Politikarane understreka alle at kommunen er i ein krevjande situasjon, men var i stor grad samla om kva som var dei rette grepa å ta, fortel ordførar Arnstein Menes.

Utfordringar

Inntektene frå staten er noko usikre og korona-pandemien gjev ekstra utfordringar. Det er likevel slik at staten har sagt dei skal kompensera for alle ekstrautgifter og tap av inntekter knytt til pandemien.

Det ser ut til at Sogndal kjem ganske bra ut på frie inntekter til kommunen som følgje av statsbudsjettet. Likevel er det store utfordringar knytt til det å etablera ein ny kommune, og nokre av inntektene går òg til å dekka nye krav frå regjeringa.

Nye investeringar

- Når det gjeld nye investeringar i 2021 og utover i økonomiplanperioden samla finansutvalet seg om å satsa på bustadutvikling i Balestrand gjennom etablering av Hittun bustadområde, og dei ynskte nærmare informasjon om Henjabakkane bustadområde i Leikanger for å kunne vurdera ei utbygging her. Fleirbruks- og basishall i Sogndal vart lagd inn med investeringar i 2022-2024. Finansutvalet ynskte òg å vurdera investeringar i Sogndal kulturhus, administrasjonsbygg på Leikanger og badebasseng på Leikanger gjennom eigne saker til kommunestyret der framtidige løysingar vert vurderte, fortel Menes.

Dette, og mykje meir, er no vurdert i eit nytt arbeidsdokument frå rådmannen.

Sikra involvering

Finansutvalet er sett saman av formannskapet og gruppeleiarane i partia som ikkje er representerte der, Miljøpartiet dei grøne og Framstegspartiet. Hovudmålet med bruk av finansutvalsmodellen er å sikra politisk involvering og medverka til at den politiske leiinga får eigarskap til budsjettet som styringsverktøy.

Opnare prosess

Gjennom dette sikrar ein grunnlag for prioriteringane som må gjerast for å få samsvar mellom kommunal aktivitet og økonomiske rammer. Det vert òg ein opnare prosess der alle vil ha lik tilgang på informasjon undervegs, og der alle vil kunne koma med innspel og delta aktivt.

Gjev signal

Prosessvedtaka som vert gjort i finansutvalet tek budsjettprosessen vidare. Dei gjev naudsynte signal til rådmannen, og gjeld fram til finansutvalet sjølv endrar dei. Vedtaka vert først bindande når formannskapet gjer vedtak om å legga framlegget sitt til budsjett og økonomiplan fram for politisk slutthandsaming i november.

Nytt møte i finansutvalet blir måndag 16. november.

Møtet i finansutvalet 5. november kan du sjå i opptak på nett-TV her

Møteboka frå møtet finn du her i møtekalenderen på nettsida til kommunen