Du sender inn søknad digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.

Gå til søknadsskjema 

Du kan søkja på tiltak som nemnt i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Søknadane blir prioriterte etter tiltaksstrategien for Sogndal kommune 2021-2024.

Tiltaket det vert søkt om, må vera på ein landbrukseigedom.

Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine nettsider: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Har du spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret.

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar i Sogndal kommune 2012-2014

Bakgrunn føremål og verdiar

Strategien er utforma på bakgrunn av «Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket». Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur– og kulturminneverdiane i kulturlandskapet til jordbruket og redusere ureining frå jordbruket, utover det som kan ventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut frå lokale målsettingar og strategiar.

Sogndal kommune ynskjer eit aktivt og levande jordbruk med god lønsemd for den einskilde brukar. Dette gir eit ope og veldrive landskap og skapar arbeidsplassar i kommunen.

Kven kan søkje?

Tilskot kan gjevast til føretak som driv ein tilskotsberettiga produksjon (jf. Forskrift om produksjonstilskudd mv.) og til grunneigarar som har ein landbrukseigedom der det går føre seg ein tilskotsberettiga produksjon.

Kva kan det søkjast tilskot til?

Landbruket sitt kulturlandskap er svært viktig både for utøving av friluftsliv og for landskapsbiletet. Den største utfordringa er at kulturlandskapet gror att. SMIL – midlane er det viktigaste kommunale verkemiddelet for å hindre attgroing.

Å hindra utslepp og ureining frå jordbruket er viktig for omdømme til jordbruket samt for å sikra eit framtidig næringsgrunnlag. Endra klima med auka fare for styrtregn, flaum, erosjon og vatn på avvegar medfører at det er viktig å ha god handtering av vatn.

Kommunen vil prioritera tilskot til tiltak som gir mindre forureining samt tiltak som gjev ein positiv effekt på avrenning og erosjon.

Gjerde mot utmark kan medverke til å oppretthalde beitebruken. Støtte til hjortegjerde kan vera viktig for å sikra drift av jordbruksareal. Ved tilskot til bygningar bør det prioriterast bygg som kan nyttast i næring samt bygg med særskilt stor kulturminneverdi som ikkje kan få tilskot frå andre ordningar.

Det kan søkjast om alle tiltak som til ei kvar tid er nemnt i «forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket».

Prioritering

1. Skjøtsel av kulturlandskap med tiltak knytt til opning og stell av landskap. Dette særleg i område som er kartlagt som viktige naturtypar i gamal kulturmark. Tilskot blir også gitt til oppsetting av husdyrgjerde og hjortegjerde der det er naudsynt for å oppretthalde kulturlandskap. Tilskot inntil 70 % av godkjent kalkyle.

2. Tiltak som minkar utslepp og forureining frå jordbruket. T.d. fangdammar og anna som kan hindra avrenning, tak på gjødsellager, omlegging til silo m.m. Inntil 70 % av godkjend kalkyle.

3. Tilskot til hydrotekniske tiltak som avskjeringsgrøfter, kanalar, sikring av elve- og bekkekantar m.m. som hindrar erosjon. Tilskot inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag.

4. Restaurering av bygningar og andre kulturminne av spesiell verdi. Inntil 20 % av godkjent kostnadsoverslag. Tiltak som gjev mindre enn kr. 5.000,- i tilskot skal ikkje utløyse løyving. Det skal leggast ved søknaden planar med detaljerte kostnadsoverslag, naudsynt dimensjonering av tiltaket, naudsynte avtalar, naudsynte løyve, kart og bilete. Tilskot til hydrotekniske tiltak samt til kulturminne kan krevje uttale frå andre offentlege instansar enn kommunen. Det blir ikkje gitt tilskot gjennom SMIL-søknad til tiltak som kan få tilskot direkte frå «tilskot til drenering av jordbruksjord».

Sakene vert handsama av Landbrukskontoret i kommunen.