Kvifor er dette nyttig for deg?
Me varslar deg ved hendingar du treng å vita om. Det kan vera ved tilsyn, stenging av vatn, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre omstende som krev rask informasjon.
Korleis finn me deg?
ServiceAlert brukar tre register for å nå ut med informasjon til deg.
For privatpersonar: Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi). Me anbefalar deg å leggja inn mobiltelefonnummer ditt og e-postadressa di i kontaktregisteret. Dei fleste førespurnadar frå det offentlege hentar kontaktinformasjonen herifrå, for eksempel til skattemeldinga.
Oppdater kontaktinformasjonen din her (Norge.no)
Tilleggsregister: Tilleggsregister kan du bruke om du ønskjer å få varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. Tilleggsregisteret nyttast kun av kommunen. Det er derfor viktig at du oppdatera informasjonen i tilleggsregisteret om du flytta til ein anna kommune.
Gå til tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)
Sårbare verksemder: Sårbare verksemder er for eksempel bedrifter som er avhengig av vatn for å driva si verksemd. Dette kan væra sjukehus og medisinske sentre, alders- og sjukeheimar, lege og tannlegar, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusentar og bønder/husdyrhold.
Tilleggsregisteret gjer at kontaktpersonar for verksemder kan knytast til verksemda, med sitt telefonnummer. Kontaktpersonen vil då få varsel frå kommunen samtidig med verksemda.
Registrer deg i tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)
Får du ikkje varslar?
- Er du folkeregistrert på adressa di? Sjekk adresse i Folkeregisteret her
- Har du oppdatert den elektroniske kontaktinformasjonen din?
Oppdater kontaktinformasjon her. - Hugs å melda flytting om du byter adresse.
Hemmeleg telefonnummer: Har du hemmeleg nummer og ønskjer varsling, må du registrera deg i tilleggsregisteret. Kryss av for hemmeleg nummer når du registrerer deg.