Tilsynsgebyr

Det er du som anleggseigar som betalar for tilsynsjobben kommunen gjer. Dette gjeld om tilsynet gjennomførast frå kontoret eller om me kjem på besøk til deg. 

For å finansiere tilsynsarbeidet er det vedteke eit gebyr for tilsyn og opprydding av privat avlaup. Alle eigedomar som har innlagt vatn, skal ha eit utsleppsløyve og får då dette gebyret. 

Tilsynsgebyret er uavhengig av kva oppgåver som vert utført inneverande år og finansiera pågåande arbeidet for å hindra forureining frå private avlaupsanlegg. 

Plan for tilsynsarbeidet

Sogndal kommune har tilsyn av private avlaupsanlegg i medhald av forureiningsforskrifta § 12-2 og vedteken tilsynsplan. 

Gjennom EU sitt rammedirektiv, vassdirektivet, som er teke inn i norsk lov gjennom forskrift om rammer for vassforvaltning (vassforskrifta), er kommunen som forureiningsmyndigheit forplikta til å overvaka miljøtilstand og om setja i verk tiltak i vassdrag som ikkje har god eller betre tilstand. 

I tillegg til plikta kommunen som lokal forureiningsmyndigheit har jamfør miljømåla i EU sitt rammedirektiv, har kommunen plikt å føra tilsyn med at utsleppsløyve som gjeld for private avlaupsanlegg vert helde og at ingen forureina meir enn det som er gjeve løyve til. 

Hovudmålet med tilsynsarbeidet er å oppnå god kjemisk- og økologisk tilstand i alle vassførekomstar og å sørgje for at alle avlaupsanlegg er lovlege og held dagens krav til standard. 

Hensikta med oppryddingsarbeidet i spreidde avlaupsanlegg er difor å hindra og stansa forureining frå anlegg som er defekte, utslepp som mangla utsleppsløyve og/eller ikkje held dagens krav til standard. Dagens krav til standard er heimla i forureiningsforskrifta kap. 12. 

Utgangspunktet er at ingen må ha, gjera eller setja i verk forureining utan at det er lovleg eller gjeve løyve til. Tilsynet skal resultera i at utsleppet vert godkjent, eller det vert avklara kva tiltak som må til for å sikra at utsleppet tilfredsstilla gjeldande lovverk. Eit godkjent utslepp tek i vare brukarinteresser (drikkevatn, jordvatning, bading/rekreasjon og fiske), biologisk mangfald og gode miljøforhald i vassførekomstane. 

Sonevis opprydding

Sogndal kommune har i vedteken plan for spreidde avlaup, delt kommunen inn i soner for tilsyn. Tilsyn vert utført årleg og sonevis slik at det vert lik handsaming i kva sone og det vert moglegheit for eigarar å samarbeide. 

Oppfølging etter tilsyn

Når tilsynet er ferdig vil eigar få tilsendt ein rapport om avlaupsanlegget sin status. 

Eit avlaupsanlegg som har feil og manglar og som krev oppfølging, vil i tillegg få eit varsel med eit aktuelt tiltak med ein tidsfrist for å komme med eigen dokumentasjon eller motføresegner til våre opplysningar og vurderingar. Dette varselet vil normalt verte sendt ut når tilsynsarbeidet for området er ferdig. 

Om vilkåra deretter er til stades vil det verte sendt ut eit vedtak med pålegg om aktuelt tiltak for det aktuelle avlaupsanlegget. De vil samstundes verte gjeve ein frist for å etterkomma pålegget. 

Tidsfrist for å etterkomma eit pålegg kan variere frå sak til sak. Slik at om du og naboen begge har fått pålegg, så er det ikkje sikkert at tidsfristen som er sett for utføringa vert lik. Dette kjem an på fleire faktorar. 

Feil og manglar som er påpeika i rapporten/pålegget må vurderast av ein nøytral fagkyndig. Utbetringar som vert gjort utan tilstrekkeleg dokumentasjon vert ikkje godkjende. Ta difor kontakt med ein nøytral fagkyndig før arbeidet vert iverksett. 

Dine plikter når du har fått vedtak om pålegg

Når du mottek eit brev om kva som må gjerast for å eit godkjent utslepp, må du gjere følgjande:

  1. Om noko er uklårt vedkommande varselet/vedtaket, ta kontakt med Sogndal kommune for rettleiing. 
  2. Om det er klårt kva varselet/vedtaket gjeld, ta kontakt med ein fagkyndig som kan rettleie deg og hjelpe deg til å få eit godkjent utslepp. 

Det er den fagkyndige som skal vurdera kva løysing som passa best for den enkelte eigedom.