Planinitiativ og oppstartsmøtereferat
Planinitiativet er ein enkel og førebels forklaring på kva framleggsstillar ønskjer å leggja til rette for i detaljreguleringsplanen. I oppstartsmøtereferatet ser du korleis planinitiativet er vurdert av planavdelinga i kommunen. Her står det óg kva kommunen vil vurdera når utkastet til reguleringsplanen vert sendt inn til politisk handsaming
Planarbeidet
Føremålet med planforslaget er å leggja til rette for ein ny, framtidsretta skysstasjon og å utvida sentrum i Sogndal med nye bustadar og lokale for næring. I tråd med ambisjonane i områdeplanen vert det lagt til rette for ei utviding av sentrumsstrukturen med ein meir intensiv bruk av området. Det vert planlagt for 6 bygningsvolum på 3-7 etasjar, med næringslokale på gateplan mot Gravensteinsgata, Dalavegen og skysstasjonen. I dei øvre etasjane skal det etablerast bustadar. I planinitiativet vert det føreslege at den nye skysstasjonen vert plassert sentralt, ope og godt synleg på bakkeplan med tilkomst frå Dalavegen. Den nye skysstasjonen, publikumsretta verksemd på gateplan og eit tilgang til nye byrom og møteplassar vil aktivisera planområdet og bli ei naturleg utviding av sentrumskjerna i Sogndal.
Planen skal og etablera nye offentlege byrom, løysingar for samferdsle internt i kvartalet og i gatenettet kring kvartalet. Løysingar for tilkomst, skysstasjonen, privatbiltrafikk, gåande, syklande, høgder på bygg og utnyttingsgrad skal utgreiast som del av planarbeidet. Syner til oppstartsmøtereferatet for fleire detaljar om kva som skal undersøkast i planarbeidet.
Forhold til gjeldande planar
Planområdet er avsett til sentrumsføremål i gjeldande arealdel til kommuneplanen. Planområdet er også omfatta av Områdereguleringsplan for Campus Sogndal vedteke 25.04.2019. Planinitiativet er hovudsakleg i tråd med overordna plan.Planområdet er avsett til sentrumsføremål i gjeldande arealdel til kommuneplanen. Planområdet er også omfatta av Områdereguleringsplan for Campus Sogndal vedteke 25.04.2019. Planinitiativet er hovudsakleg i tråd med overordna plan.Planområdet er avsett til sentrumsføremål i gjeldande arealdel til kommuneplanen. Planområdet er også omfatta av Områdereguleringsplan for Campus Sogndal vedteke 25.04.2019. Planinitiativet er hovudsakleg i tråd med overordna plan.
Planområdet er avsett til sentrumsføremål i gjeldande arealdel til kommuneplanen. Planområdet er også omfatta av Områdereguleringsplan for Campus Sogndal vedteke 25.04.2019. Planinitiativet er hovudsakleg i tråd med overordna plan. Utval for plan og samfunn vedtok 21.05.2025 at følgjande fråvol frå områdereguleringsplanen for Campus Sogndal vert lagt til grunn for planarbeidet:
- Gjennom Billagskvartalet skal det leggast til rette for eit gatetun der opphald og gåande har prioritet, og der sykling skjer på gåandes premiss. Konkrete løysingar for denne gata, og løysingar for syklande i andre tilgrensande gater, må utgreiast og sikrast i planarbeidet.
- Auka byggjehøgder kan greiast ut og vurderast.
Du finn vedtaket her og du kan sjå heile den politiske saka med vedlegg i sak 15/2025.
Konsekvensutgreiing:
Det er vurdert at planinitiativet ikkje fell inn under pbl. § 4-1 eller verkeområde for forskrift om konsekvensutgreiing. Planforslaget løyser ikkje ut krav til planprogram eller konsekvensutgreiing.
Vidare prosess:
Etter at merknadar er mottatt frå innbyggarar, myndigheiter, organisasjonar med meir skal plankonsulent vurdera merknadane. Deretter vil det bli utarbeida eit konkret forslag til korleis planområdet kan nyttast og byggast ut. Planforslaget vil bli politisk handsama i utval for plan og samfunn, og deretter lagt ut på høyring. Alle som er del av planområdet eller nabo til planområdet vil få brev når planforslaget er på høyring. Det er viktig at alle som har merknadar til planarbeidet sender desse så tidleg som mogleg. Om du har tankar om kva som skal takast omsyn til bør du sende det som merknad allereie no.
Innspel til planarbeidet
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:
Fagkyndig regulering: LOF Arkitekter AS v/ Ingvild Stokke
Tlf.: 41 57 06 60
E-post: iss@lof.no
Framleggsstillar: Sogndalsporten utvikling AS v/ Christian Riege Støer
Tlf.: 98 40 61 49
E-post: christian.stoer@allstad.no
Sakshandsamar og arealplanleggjar i Sogndal kommune: Linnea Hellstrøm
Tlf.: 468 82 975
E-post: linnea.hellstrom@sogndal.kommune.no
Innspel til planarbeidet kan sendast til:
LOF Arkitekter AS v/ Ingvild Stokke
Adresse: Rosenborggata 19C, 0356 Oslo
E-post: iss@lof.no
Frist for å gje innspel til varsel om oppstart er 24.06.2025.