I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 og § 17-4 vert det varsla oppstart av arbeid med detaljregulering for Grytnes. Arbeidet vil bli utført av Flataker Landskap ved plankonsulent Kari Johanne Flataker på vegne av etterkomarane til grunneigar av gbnr. 333/1, Sogndal kommune.

Planinitiativ og oppstartsmøtereferat

Planinitiativet er ei enkel og førebels forklaring på kva framleggsstillar ønskjer å legge til rette for i detaljreguleringa. I oppstartsmøtereferatet ser de korleis planinitiativet er vurdert av planavdelinga i kommunen og kva kommunen vil vurdere når utkastet til reguleringsplanen vert sendt inn til politisk handsaming. s

Vedlegg:

Planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utvikling av områda på Grytnes i Vetlefjorden som er sett av til fritidsbustader og naust i arealdelen til kommuneplanen for Balestrand 2010-2020.

For fleire detaljar og informasjon om kva som skal undersøkast i planarbeidet, sjå planinitiativ datert 06.05.2025 og referat frå oppstartmøte med administrasjonen 12.05.2025.

Forhold til gjeldande planar

Planområdet er avsett til fritidsbustadar og naust i arealdelen til kommuneplanen for Balestrand 2010-2020, som er gjeldande plan. Planinitiativet samsvarer med overordna plan og fyller kriteria som er førande for omfang.

Konsekvensutgreiing:

Det er vurdert at planinitiativet ikkje fell inn under pbl. § 4-1 eller verkeområde for forskrift om konsekvensutgreiing. Planforslaget løyser ikkje ut krav til planprogram eller konsekvensutgreiing.

Vidare prosess:

Etter at merknadar er mottekne frå innbyggarar, myndigheiter, organisasjonar med meir skal plankonsulent vurdere merknadane. Deretter vil det bli utarbeida eit konkret forslag til korleis planområdet kan nyttast og byggast ut. Planforslaget vil bli politisk handsama i utval for plan og samfunn, og deretter lagt ut på høyring. Alle som er del av planområdet eller nabo til planområdet vil få brev når planforslaget er på høyring. Det er viktig at alle som har merknadar til planarbeidet sender inn desse så tidleg som mogleg. Om de har tankar om kva som skal takast omsyn til bør det sendast inn som merknad allereie no.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

Plankonsulent: Flataker Landskap v/ Kari Johanne Flataker
Tlf.: 97 06 14 88
E-post: flataker.landskap@online.no

eller

sakshandsamar og arealplanleggar i Sogndal kommune: Maria Judith Aaberge
Tlf.: 47 60 02 07

E-post: maria.judith.aaberge@sogndal.kommune.no  

Innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til:

E-post: flataker.landskap@online.no

Adresse: Flataker Landskap v/ Kari Johanne Flataker, Gåseidmarka 52, 6015 Ålesund

Frist for å gje innspel til varselet om oppstart er 08.08.2025.