Informasjon om barnehagetilbodet 2023-2024
Sogndal kommune arbeider med å ha tilstrekkeleg med barnehageplassar for å møte auka barnetal og er i prosess for å ha dette klart.
Kyrkjebakken barnehage har ordinært opptak barnehageåret 2023-24
Søknad og opptak
Les meir om dei enkelte barnehagane
Informasjon om søknadsportalen
Les vedtektene for meir informasjon.
Rett til barnehageplass
- Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars.
- Barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet er født.
- Vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen.
Prioritering
Enkelte barn har rett til prioritet. Søkjer du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. Vedlegg kan lastast opp i søknadsportalen eller sendast per post til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.
Tildeling av barnehageplass i hovudopptaket
Tilbod om plass vert sendt på e-post. Dei fyrste svarbreva vert utsende i midten av mars.
Du svarar på tilbodet via søknadsportalen innan svarfristen.
Hovudopptaket pågår fortløpande til alle med rett til plass har fått svar på søknad. Det kan difor gå noko tid før du mottek tilbod om plass.
Søker de før barnet har rett til plass vert de først kontakta når barnehagen har ledig kapasitet. Det kan dermed vere lang ventetid før de får svar.
Redusert betaling
Etter at du har fått tildelt barnehageplass, er det høve til å søkja om redusert betaling dersom du har låg inntekt og kjem inn under ordninga om redusert foreldrebetaling.
Hugs at du må søkja på nytt kvart barnehageår. Meir informasjon om redusert foreldrebetaling.
For at søknad om redusert foreldrebetaling skal kunne gjelde frå nytt barnehageår, er fristen 15. juni
For søknader som kjem i løpet av året, vil vedtak gjelde frå månaden etter søknaden er motteken.
Oppseiing og endring av barnehageplass
Gjensidig oppseiingstid er ein månad, frå den 1. eller den 15. i månaden. Oppseiinga skal vere skriftleg. Bruk helst søknadsportalen.
Dersom du ynskjer å bytta til annan barnehage eller endra opphaldstid i noverande barnehage må du óg nytta søknadsportalen.
Tildeling av plass i ny barnehage fører automatisk til at tidlegare barnehageplass vert sagt opp.