Alle må søkja på nytt kvart barnehageår
- Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld for eit barnehageår om gongen.
- Vedtaket gjeld frå månaden etter at søknad og rett dokumentasjon er motteken.
- Du må søkja innan 1. juli for at ordninga skal gjelda frå barnehagestart.
- Dersom du søkjer utanom fristen, vil søknaden gjelda fra måneden etter at me har motteke fullstendig søknad.
Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Gratis kjernetid
- Alle 2 - 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.
- I 2025 gjeld dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 669 050 kroner.
- Du treng berre senda ein søknad. Oppfyller du krava til både redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.
Dokumentasjon og søknadsprosess
- Prisen vert rekna ut frå den samla inntekta før skatt til dei som bur på adressa der barnet er folkeregistrert (hushald).
- Som hushald vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.
- Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret.
- Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i hushaldet.
Inntektsopplysningar
- Sogndal kommune hentar ut inntektsopplysningar frå siste års skattemelding. Du treng difor ikkje legga ved siste skattemelding.
- Men: Er den noverande inntekta annleis enn det som kjem fram i skattemeldinga, må dette dokumenterast. Dokumentasjonen kan vera studensbevis, lønnsslipp eller utbetalingar frå NAV.
- Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris.
Meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar kan du finna på Utdanningsdirektoratet sine nettsider og i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.