Vedtak
1. Følgjande kriterium skal leggast til grunn for at ein veg skal vera kommunal:
- Vegen skal vera open for allmenn ferdsel (jf. veglova §1 første ledd).
- Vegen skal ha stor nok snuplass for køyretøy som vegen har bruksklasse for.
I tillegg skal minst eitt av desse kriteria vera oppfylt:
- Vegen skal betena minst 3 bustadhus i bruk som heilårs bustad.
- Det ligg formalitetar føre som tilseier at vegen skal vera kommunal.
- Vegen er tilkomst til merka turveg eller friområde med biloppstillingsplass.
- Vegen er viktig for kollektivtrafikk og/eller tener som omkøyringsveg.
Vegar som ikkje stettar kriteria for kommunal veg skal vera privat veg.
2. Framlegg til kriterium for at ein veg skal kunna definerast som kommunal, Sogndal kommune, Vestland, vert lagt ut på høyring i minimum seks veker.
3. Etter høyring skal administrasjonen kome attende med ny sak til utval for plan og samfunn.
Saka skal innehalde kriterium som skal leggast til grunn for avhending av veg. Kriteria skal bygge på innspel av høyringsrunden.
Det skal òg leggast ved ei liste av aktuelle vegar som kan avhendigast, som byggjer på dei aktuelle kriteria etter høyringsrunden.
Saksutgreiing og framlegg til Avhending av kommunal veg til private finn du under politiske møte – møte i formannskapet i sak PS 84/2025 den 20.11.2025.
Uttale må vere skriftleg anten på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller som brev til postboks 153, 6851 Sogndal. Frist for uttale er sett til 07.01.2026.
Dersom det er noko som er uklårt, ein ynskjer å få nærare informasjon eller ta opp ulike sider av saka er det berre å ta kontakt med
Torgeir Bang
E-post: torgeir.bang@sogndal.kommune.no
Telefon 90021120