Sogn kommunalt oppgåvefellesskap ser eit felles behov for ein veteranplan for å sette veteranarbeidet i system. Sogn er eit felles bu- og arbeidsområde, og ein felles plan vil difor kunne bidra til eit betre samla arbeid for veteranane i regionen.

På slutten av 2024 vart det sett eit prosjekt, som no har levert utkast til veteranplan for Sognaregionen.

Styret i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap gjorde 9. desember 2025 vedtak om å sende veteranplanen til kommunane og at kommunane legg den ut til offentleg høyring.
Etter høyringa skal eventuelle innspel handsamast og leggast fram for styret i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap.
Etter endeleg vedtak i Sogn KO, går planen til handsaming i kommunestyra.

Bakggrunn

Ein veteran er alle som har gjort teneste i Forsvaret – både i internasjonal og nasjonal teneste – inkludert førstegongsteneste, anten militær eller sivil.

Ein veteranplan er eit politisk vedteke styringsdokument som skal sikre at kommunen eller regionen har ein tydeleg, forutsigbar og samordna måte å følgje opp veteranar og deira familiar på. Planen klargjer roller, ansvar, tilbod og rutinar, og skal bidra til at veteranar får god oppfølging uavhengig av kvar dei bur eller kva dei har behov for.

Ein veteranplan styrkjer samarbeidet mellom kommunar, Forsvaret, helsetenester, NAV og frivillige organisasjonar, og fungerer som eit verktøy for både tenesteytarar, politisk leiing og veteranar sjølve.

Sjå dokumentet

Veteranplan for Sognaregionen (pdf)

Frist for uttale

Planen vert med dette lagt ut til offentleg høyring.
Uttale må vere skriftleg og skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no.  
Frist for uttale er sett til 30. april 2026.

For spørsmål ta gjerne kontakt med Halvard Gjerde på telefon 41 43 35 34 eller halvard.gjerde@sogndal.kommune.no