Dette er Husbanken si ordning, men det er kommunen som tek imot og registrerer søknadane for Husbanken.

Slik søkjer du

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Du får eit svar frå oss innan 20. månaden etter at du har søkt.

Søknadsskjema for bustøtte på nettsida til Husbanken

Du kan velja eitt av to skjema:

  • Bruk det elektroniske søknadsskjemaet dersom du har elektronisk ID og alle i husstanden din er registrerte i folkeregisteret. Då får du berre spørsmål som er relevante for deg og din situasjon, og søknaden går digitalt til bustadkontoret i Sogndal kommune.
  • Alternativt kan du fylla ut papirskjemaet, skriva det ut og levera det på innbyggjartorget i Sogndal, Leikanger eller Balestrand, eller senda det med posten til adressa under. Søknaden din kan innehalda sensitive opplysningar. Det er difor viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Før du opnar skjemaet, leit fram følgjande opplysningar

  • personnummer til alle i husstanden din
  • opplysningar om bustaden og buutgiftene dine
  • opplysningar om inntekta di og eventuell formue

Send papirskjema til:

Bustadkontoret i Sogndal
Postboks 153
6851 Sogndal

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om bustøtte.

Kva får du?

Bustøtta heng saman med inntekta og formuen til deg og den eller dei du bur ilag med.

Skjer det vesentlege endringar i inntekta og/eller formuen til husstanden, må du melde ifrå til sakshandsamaren din i kommunen.

Husbanken sin bustøttekalkulator

Krav til søkjar

Alle over 18 år kan søka bustøtte.

Bustøtte er ikkje for studentar eller personar i førstegongsteneste. Men du kan likevel søka om du

  • er student med born
  • er student utan born og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er forelder til ein heimebuande student
  • er forelder til ein i førstegongstenesta som ikkje bur heime
  • er under 18 år og har eigne born

For å ha rett på bustøtte må du bu i ein eigen bustad med eigen inngang, eige bad og toalett, kjøkkenløysing og ein stad for kvile. Du kan likevel søka om du bur i eit kommunalt bufellesskap.

Klage på vedtak

Du kan klaga på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vera skriftleg.

På nettsidenen til Husbanken kan du lesa meir om korleis du kan klaga på eit bustøttevedtak

Slik melder du frå om endringar

Du har plikt til å melda frå dersom det skjer endringar i nokre av opplysningane du har gjeve i søknad om bustøtte.

På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om korleis du kan melda frå om endringar